Prosa #6 2020: Krigen etter krigen
Gjennomgangstema i årets siste Prosa er korleis biletet av krig endrar seg med tida. Men nummeret byr også på ei tolking av Ari Behn som offentleg figur og ei ny spalte av det lettbeinte slaget: Blomar i bruksprosa, der første studieobjekt er menns formuleringskunst på Tinder.
I år er det 75 år sidan Noreg vart frigjort frå den tyske okkupasjonsmakta. Når Prosa #6 2020 har fått temaet «Krigen etter krigen», viser det til korleis etterkrigsoppgjeret og den følgjande kampen om historieskrivinga står i direkte forlenging av krigshendingane, samtidig som biletet vi har av krig, både generelt og av andre verdskrig spesielt, endrar seg etter kvart som nye kjelder blir presentert. Guri Hjeltnes har gått gjennom krigsbøkene som er publisert i høve 75-årsjubileet og framhevar både drivande gode historier og nye referanseverk.
I forlenginga av Æresrettsdebatten reflekterer Jørn Øyrehagen Sunde over arbeidet han har vore med på i Æresrettsutvalet. Etter avtale vart innlegget hans sendt til Tore Rem som representant for motparten i debatten, og svaret hans kan også lesast i dette nummeret. I tillegg har Prosa bede Hans Petter Graver om å gi ei nylesing av Johs. Andenæs’ bok frå 1979: Det vanskelige oppgjøret: rettsoppgjøret etter okkupasjonen. Til saman belyser dei tre tekstane ulike prinsipielle sider ved å døme om hendingar som ligg langt tilbake i tid.
Prosa #6 2020 inneheld også andre perspektiv på krig. Bjørn Tore Rosendahl gir Elisabeth Solvang Koren særs godt skussmål for boka Hedret og glemt. Krigsseilerne fra første verdenskrig og det norske samfunnet, medan Aasne Jordheim roser ei bok som også er sterkt opprørande: Christina Lambs Voldtekt som våpen. De usynlige krigsofrene, omsett av Lene Stokseth. Anders Romarheim har meldt Hans Jacob Orning og Øyvind Østeruds Krig uten stat. Hva har de nye krigene og middelalderkrigene til felles? Johanne Elster Hanson skriv om Nicholas Shakespeare: Seks minutter i mai, omsett av Christian Rugstad.
I den nye intervjuspalta Nøtta og kjelda fortel debutant Ida Marie Andenæs Galtung om arbeidet med boka Med høyeste befaling. Om internasjonale militæroperasjoner og Grunnloven § 26.
Nummeret byr også på tekstar om andre typar kamp enn open krig: Håvard Friis Nilsen gir ei sosiologisk lesing av den utsette posisjonen Ari Behn fekk mellom folket, kongehuset og litteraturen.
I kritikkseksjonen melder Sunnev Gran Roar Løken: De dansk-norske tropekoloniene. Sukker, krydder, slaver og misjon, Lars Holm-Hansen les Arne Johan Vetlesen: Smerte i vår tid og Sissel Furuset vurderer Christine Myrvang: Tause kilders tale. Var Dea Sigrid Undsets store, uforløste kjærlighet? I tillegg avsluttar Henrik Keyser-Pedersen kritikksatsinga Folkelesnad med ein skarp omtale av magasinet Motor.
I spalta Sakprosa i verda reiser Øyvind Strømmen spørsmålet om profesjonell faktasjekk i forlagsredaksjonane. I den nye, lettbeinte spalta Blomar i bruksprosa, signert pseudonymet Merrabitt, blir norske menns formuleringskunst på Tinder granska.
I debattseksjonen svarar forfattar Vibeke Heidenreich på kritikk frå Kristian Bjørkdahl, medan kritikar Eivind Torgersen responderer på Erik Martiniussens innlegg i førre Prosa.
Forsideillustrasjonen er denne gongen teikna av John Arne Sæterøy, betre kjend som Jason.
Nummeret er i sal i utvalde bokhandlar, og kan bestillast direkte her.
God lesing – og god advent!