Prosa 3 2021 m gjengedal
Oppslag i arrestasjonsprotokoll på Bredtvedt 26. oktober 1942. Fra Berit Reisels bok Hvor ble det av alt sammen? (Press)

Godt nok?

15.06.2021

Er forlaga sine rutinar for kvalitetssikring av sakprosabøker tilstrekkelege? Svaret ser ut til å vere eit rungande «det kjem an på».

Debatten om Marte Michelets bok Hva visste hjemmefronten? har til tider slukt nærast alt tilgjengeleg oksygen i det norske offentlege ordskiftet. Boka er blitt skulda for faktafeil, ærekrenkingar og tvilsame tolkingar av grunnlagsmaterialet, i den grad at ho har fått si eiga «motbok» (Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten?, av historikarane Elise B. Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen). Men boka har også fått lovord for å bringe til torgs ny kunnskap om, og eit nytt blikk på, det norske holocaust. I Prosa #6 2020 spør Øyvind Strømmen om dei feila som er blitt påpeika, kunne ha vore unngått dersom forlaget hadde hatt rutinar for faktasjekk, etter modell av særleg amerikansk magasinjournalistikk. I leiaren i same nummer luftar Merete Røsvik ein ide om ei offentleg støtteordning for faktasjekk av sakprosabøker.

Michelet-debatten skal vi la rulle vidare for eiga maskin, men i mellomtida: Alle er samde om at sakprosabøker bør ha sine fakta i orden. Men kan kvalitet i sakprosa reduserast til korrekte årstal og kjeldetilvisingar? Kva kan faktasjekking tilføre, som fagkonsulentar ikkje kan? Og kven sitt ansvar er dei ulike sidene ved kvalitetssikringsarbeidet?

– Kan gå under radaren

– Ein blir jo litt misunneleg når ein høyrer om amerikanske stjernejournalistar som har fleire assistentar til å gjere faktasjekk og research for seg. Det er ein luksus norske sakprosaforfattarar i liten grad har og nok aldri vil få, seier Kristoffer Egeberg, redaktør i Faktisk.no.

– Men likevel trur eg at forlaga, i tett samarbeid med forfattarane, godt kunne ha lagt meir vekt på faktasjekk i redaktørarbeidet.

Faktisk.no er ein uavhengig redaksjon som sjekkar faktapåstandar i det offentlege ordskiftet, som helst vil seie nyhendemedia. Redaksjonen faktasjekkar ikkje sakprosabøker.

Egeberg kristoffer
Kristoffer Egeberg, redaktør i Faktisk.no. Foto: Kagge/Sturlason

– Det har vi ikkje ressursar til, men det er samstundes litt urettvist, for det er jo bøker som blir referanseverk, og som har lang levetid. Det er viktig at dei stemmer når dei går i trykken, for det er vanskelegare å rette på dei i etterkant enn det er å korrigere ei nyhendesak på nett.

Med ei fortid som nyhendejournalist har Egeberg gjort seg tankar om skilnaden mellom journalistikk og sakprosa.

– Dette er synsing, altså, men eg trur at når du er nyhendejournalist, spesielt om du har eit stort publikum, så kjem du berre ikkje unna med faktafeil. Du er tilgjengeleg på e-post, du blir diskutert i kommentarfelta, og du kan ikkje gøyme deg. Sakprosa har oftast eit mindre publikum samtidig som stoffet er meir overveldande. Då er det større risiko for at faktafeil kan gå under radaren, og difor bør forfattarar kanskje invitere meir til den typen faktasjekk som det er større tradisjon for i utlandet, seier han.

Perspektiv, ikkje fakta

Men kva då med fagkonsulentane, som det jo er tradisjon hos forlaga for å bruke?

– Eg diskuterte dette med redaktøren min sist eg kom med bok, for eg var usikker på om fagkonsulenten var ekspert på akkurat dei tinga eg skreiv om, seier Astrid S. Dypvik, forfattar, journalist og fersk redaktør i Syn og Segn.

– Det vart ei påminning om at fagkonsulenten si oppgåve ikkje var å google alle saksopplysingar, men å sjå om eg hadde utelate viktige perspektiv, bomma på forskingsfronten eller gitt ei skeiv framstilling av fagfelt eller problemstilling.

Dypvik astrid sverresdotter c mariann tvete 2016
Astrid S. Dypvik. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Dypvik har mellom anna skrive to bøker om DDR-staten, og kom nyleg med ei bok om høgreekstremisme og polarisering i dagens Tyskland. Ho har også vore fagkonsulent sjølv.

Hennar meining er at når ein brukar fagkonsulentar, er det fordi ein forlagsredaktør arbeider med mange ulike ting og ikkje kan vere ekspert på alt det som forfattaren skriv om.

– Redaktøren si oppgåve er å dra stoffet ut av forfattaren på ein måte som gjer det relevant for offentlegheita og gjer det til ei lesaroppleving. Det ein sikrar seg ved å bruke fagkonsulentar, er at stoffet er rett plassert, at ein har forstått saksfeltet på same måten som andre forstår det.

Men ein systematisk gjennomgang tilsvarande «motboka» i Michelet-debatten ligg langt utanfor rammene for det gjengse fagkonsulentoppdraget, ifølgje Dypvik.

– Faktasjekk er ei anna oppgåve. Men dersom fagkonsulenten ser mange faktafeil i si lesing, bør jo forlaget lukte lunta og sjekke resten, for då framstår ikkje forfattaren som særleg truverdig, meiner ho.

Då ho gav ut den første boka si, Det var DDR (2012), fekk ho tilbakemelding frå fagkonsulentane om at teksten hadde for sterkt preg av ei anti-DDR-haldning.

– Som forskingsfelt er jo DDR veldig politisert, det inngår i ein type kald krig-framstilling der det er lett å bli ekstremt oppteken av alt det negative, slik at ein ikkje greier å reflektere over at mange ønskte å bu der og hadde gode minne derfrå. Tilbakemeldingane gjekk ikkje på at eg hadde plassert eit bygg på feil stad eller noko slikt, det handla om perspektiv, seier ho.

– Treng fleire tolkingar

– Alt kjem an på kva slags avtale fagkonsulenten har med forlag eller forfattar. Ein fagkonsulent kan ikkje svare for anna enn det som er skriftleggjort i fråsegna ein gjev om den aktuelle boka, seier Thomas V.H. Hagen, leiar i Den norske historiske forening (HIFO).

Kvalitet i sakprosa, hevdar han, er først og fremst forlaget sitt ansvar, medan forfattaren har det endelege ansvaret for innhaldet.

– Eitt problem er at sakprosaforfattarar som ikkje er yrkeshistorikarar, kan velje å sjå vekk frå etiske retningsliner for forsking, som forskarar må underleggje seg. Eg trur nokre diskusjonar om sakprosa nettopp peikar mot problemet med at det ikkje finst retningsliner som er klare nok for å vurdere både etikk og kvalitet, seier han.

Også Hagen er tydeleg på at faktasjekk er noko anna enn å gje ei fagleg tilbakemelding på eit arbeid.

– Historiske forklaringar er jo kjenneteikna av at dei er samansette. Historikarar brukar ulike typar forklaringar for å framstille noko. Sjølv skulle eg gjerne sett at resepsjonsdebattane i større grad hadde handla om korleis ein skrur i hop forklaringane sine. Eg tykkjer det er eit moment som ofte blir borte.

Reidar Mide Solberg, forlagssjef for sakprosa i Michelets forlag Gyldendal, fortel at når dei no arbeider med ei ny og oppdatert utgåve av Hva visste hjemmefronten?, har dei mellom anna hyra ein person til å ta ein full gjennomgang av heile noteapparatet i boka. I den nye utgåva skal påviste faktafeil rettast, og boka skal inkorporere den faglege debatten som har gått sidan ho først kom ut.

– Faktafeil vil vi jo ikkje ha i bøkene våre. Når det er sagt, meiner vi at det finst mykje meir usemje om tolking enn kritikarane av Hva visste hjemmefronten? skal ha det til. Og slik usemje er det ikkje noko mål å unngå. Det vi kan gjere, er å prøve å vere tydelege på kva som er fakta, og kva som er tolking. Det gjer ein med språk, ved å gje signalord og setningar som gjer det klart at her er vi i tolkingsverda, seier han.

Solberg meiner det er viktig å halde historiefaget ope for tolking.

– Det er sunt at forfattarar kjem med tolkingar som kanskje utfordrar etablerte narrativ. Det er ikkje alltid gitt at det finst ein fasit, og då har det eigenverdi at ein stadig vrir og vender på nye tolkingar.

Kven har skulda?

Så korleis skjer rollefordelinga mellom forlag, forfattar og fagkonsulentar? Møtest dei, alle, ein tidleg morgon på eit rom med whiteboard og kaffimaskin og teiknar eit flytskjema over arbeidsprosessen i fellesskap som dei alle signerer og tek med seg kvar sin kopi av?

For femten år sidan, i kjølvatnet av Alnæs-debatten – som handla om kjeldebruken i Karsten Alnæs’ publikumssuksess Historien om Norge – oppnemnde dei store aktørane i sakprosaverda eit utval som skulle greie ut om kjeldebruk i allmenne historiske framstillingar. Arbeidet munna ut i ein rapport med tittelen God skikk. Utvalet kartla også rollefordeling og praksis hos forlaga. Dei som vart intervjua, meinte stort sett at ansvar for faktasjekking og korrekt sitering ligg hos forfattaren, men sidan forfattarar har svært ulik bakgrunn og kompetanse, er det forlaget sitt ansvar å skaffe den kompetansen forfattaren ikkje har.

Samstundes var dei fleste smerteleg klare over at korrekt kjeldebruk er eit sårbart punkt fordi det kviler sterkt på tillitsforholdet mellom forfattar og forlag, medan forlaga ikkje har ressursar til å ettergå alle detaljar systematisk.

– For vår del skriv vi ingenting ned fordi så mykje avheng av den enkelte utgjevinga, og eg trur heller ikkje på tanken om å etablere ein mekanisk prosedyre for sakprosautgjevingar, seier sakprosaredaktør i forlaget Press, Trygve Riiser Gundersen.

Gundersen, trygve riiser 2
Trygve Riiser Gundersen. Foto: Siv Dolmen

Kvar bok krev si individuelle tilnærming til sjanger, fagtradisjon, tematikk, kven som blir omtala, kva felt ho kommuniserer med, og ei rad andre vurderingar som ikkje kan standardiserast.

– Og desse vurderingane kan ikkje forlaget delegere til fagekspertar eller nokon annan ekstern instans, seier han.

Ulike sjangrar, ulike krav

Press gav nyleg ut Berit Reisels bok Hvor ble det av alt sammen?, som handlar om den økonomiske likvidasjonen av norske jødars eigedom under krigen og oppgjeret fleire tiår seinare. Boka kan illustrere nokre av dei vurderingane som er nemnde. Gundersen og forlagssjef Håkon Harket var redaktørar.

I Aftenposten leverte forfattar og kritikar Erle Marie Sørheim ei positiv melding, der ho likevel tok atterhald om at visse opplysingar om kva som skjedde i Skarpnes-utvalet, som skulle granske erstatningsoppgjeret etter krigen, berre hadde forfattarens eigne samtidige notat som kjelde, noko ho meinte var utilstrekkeleg.

Gundersen skildrar vurderingane bakom slik:

– Forteljarmessig er boka todelt: Framstillinga av prosessen kring den økonomiske delen av holocaust i Noreg er basert på rapporten som vart utarbeidd av mindretalet i Skarpnes-utvalet, og kan lesast som ein historiefagleg tekst. Men så er det eit anna plan, nemleg Berits historie som medlem av utvalet. Den biten er ein memoartekst, men samtidig historia om arbeidet til eit offentleg utval. Der måtte vi avvege korleis framstillinga skulle vere. Berit har sine personlege notat frå arbeidet, det finst også avisartiklar, referat frå møta i utvalet, og ho har sine eigne minne.

Fordi dei visste at stoffet var kontroversielt, vart det tidleg avgjort at minst mogleg av det som kvilte på forfattarens minne, kunne brukast. Fleire scener vart forkasta på det grunnlaget.

– Men vi stod att med nokre scener som kviler på Berits notat, som anten vart førte medan møta gjekk føre seg, eller rett etterpå. Skal ein kritisere framstillinga, må ein då gå ut frå at desse notata er fabrikkerte av forfattaren. Ingenting ved prosessen med boka eller samarbeidet med Reisel tilsa at det var slik, seier Gundersen.

«Det kjem an på»

Han meiner verdien i historia ligg nettopp i at det er Berit Reisel som skriv ho, og då korkje som journalist eller som historikar, men som aktør.

– Sjølvsagt er førstepersons- og einkjeldeframstillingar krevjande og medfører ei mengd faglege og etiske problemstillingar, men løysinga er ikkje å slutte å skrive dei. Og samanlikna med andre memoarbøker, til dømes dei fleste norske politikarmemoarar, vil eg hevde at Berits bok er betre kjeldebelagd enn dei fleste.

Sørheim fekk svar på kritikken sin i debattspaltene frå forlagssjef Håkon Harket, som la vekt på at ein ikkje kan utsetje ein memoartekst frå ein aktør for same type kvalitetskrav som journalistiske eller faghistoriske verk.

Sorheim erle c sturlason
Erle Marie Sørheim. Foto: Kagge/Sturlason

– Men boka er ikkje marknadsført som memoarbok, ho er marknadsført som ei historisk framstilling, og Reisel har sjølv poengtert at ho sit med mykje dokumentasjon. Eg fekk inntrykk av at Harket forstod innvendinga mi, men valde å tolke det på ein måte som gjorde at han kunne tilpasse svaret sitt, seier Sørheim.

Ho tykkjer også spørsmålet om rollefordeling mellom forlag og forfattar er interessant.

– For eg stussa over korleis Harket tok heile debatten, eg tykte han gjekk langt i å snakke for forfattaren, og at det hadde ein smak av umyndiggjering.
Sven Egil Omdal, som melde boka i Stavanger Aftenblad, hevda på si side at boka var grunnleggjande etisk problematisk fordi viktige aktørar i prosessen ikkje hadde fått tilbod om samtidig imøtegåing av påstandar i boka.

– Men då meiner eg han totaliserer krava til ei journalistisk framstilling over på ein sjanger der dei ikkje gjeld. Vi veit at allereie då innstillingane frå Skarpnes-utvalet kom, var det enormt sterk usemje mellom representantane i utvalet om kva som hadde skjedd. Men det er jo ikkje noko ideal at slike utval skal vere samde, eller at mottakinga skal vere ukontroversiell, seier Gundersen.

Sjølvstende som kvalitetskrav

Så finst det også tilfelle der alt det formelle kan vere på stell og kvar fotnote og kjeldetilvising er gjord etter boka, men utgjevinga likevel kan møte kritikk om for dårleg kvalitetssikring. I «God skikk»-rapporten er det eit poeng at sjølvstende er eit krav i sakprosa: Når ein sakprosaforfattar brukar andre sine arbeid som kjelder, skal det skje på ein måte som tilfører noko nytt.

Dette vart tema for eit par år sidan då bokansvarleg i Morgenbladet, Bernhard Ellefsen, skulda journalist og forfattar Hugo Lauritz Jenssen for «kunnskapstjuveri» med boka En samisk verdenshistorie (2019). Kunnskapstjuveriet bestod ifølgje Ellefsen i at Jenssens tekst lente seg tungt på sekundærkjelder utan å klargjere for lesaren i kor stort omfang dei var brukte. Problemet, meinte han, var ikkje mangelfulle kjeldetilvisingar, men manglande sjølvstende i bruken av kjeldene.

Spørsmålet dukka nyleg opp att i Sunnev Grans melding av Roar Løkens bok De dansk-norske tropekoloniene i Prosa #6 2020. Boka fekk fleire gode meldingar som ei samla framstilling av ein lite kjend del av noregshistoria. Men Gran meinte boka gjorde bruk av sekundærkjelder utan å vise tilstrekkeleg distanse og sjølvstende i omgangen med dei.

– Eg er oppteken av at bokmeldarar må vere merksame på korleis forteljarstemma oppfører seg i teksten, seier Gran.

Etter å ha lagt merke til korleis denne stemma endra seg frå avsnitt til avsnitt, sette ho seg ned og samanlikna delar av boka med dei viktigaste kjeldene og konkluderte med at mykje var avskrift. Samstundes fann ho knapt feil i noteapparatet. I ein diskusjon på sin eigen Facebook-vegg peika ho på at hennar innvendingar ikkje er noko som utan vidare kan løysast av faktasjekkarar og fagkonsulentar.

– Eg meiner dette skulle ha vore fanga opp i kontakten mellom redaktør og forfattar. Sjølv fekk eg mistanke då det brått dukka opp ein heilt annan skrivemåte i teksten. For ein skarp, profesjonell lesar vil noko slikt vere tydeleg, og det meiner eg ein må forvente at eit forlag stiller spørsmål ved, seier ho.

Ja til støtteordning

Forlagssjef i Solum Bokvennen, Gunnar Totland, var redaktør for boka. Han fortel at boka no kjem i ei nytt opplag som er revidert på bakgrunn av meldinga i Prosa.

Totland
Gunnar R. Totland. Foto: Solum/Bokvennen

– Med bøker som dette brukar vi fagkonsulentar som peikar på styrkar og svakheiter i manuset. I tillegg gjekk vi fleire rundar med alt som hadde å gjere med historisk dokumentasjon, altså faktaopplysingar som alltid må sjekkast: geografi, rett namnebruk, årstal og alt slikt. Og vi sjekkar at referansane stemmer. Dette gjer vi alltid, og det er tidkrevjande, seier han.

Samstundes er ryddig kjeldebruk forfattarens ansvar, peikar han på. Forlaget kan ikkje reise rundt til alle arkiva forfattaren har besøkt, for å etterspore kjeldene.

– Vi sjekkar ting ut frå kva som er teknisk gjennomførbart, men vi må også lite på at forfattarane er ryddige.

I dette tilfellet fekk forlaget ei fyldig fråsegn frå fagkonsulenten, men forfattarstemma var ikkje problematisert.

– Kjeldebruk kan fargeleggje språket, og når forfattaren er ny for oss, kjenner vi ikkje nødvendigvis stemma godt. I ein utgjevingsprosess prioriterer vi først å få saksopplysingar rett. At formidlinga er gjennomført, og at stoffet blir formidla med éi stemme, er viktig, men ikkje alltid det lettaste å gjennomføre i eit omfattande bokprosjekt. Her spelar tidsbruk også inn. Når ein har gått mange rundar, kan det bli utmattande på slutten, og på eit tidspunkt må jo boka ut, seier han.

Men Totland er ikkje framand for eit forslag om støtteordningar til faktasjekk.

– Det kunne vore gunstig med ordningar som medverka til grundig bruk av fagpersonell. Det ligg i universiteta sitt samfunnsoppdrag at dei skal bidra til å kvalitetssikre den offentlege samtalen, der sakprosa inngår, men dette må jo betalast av forlaget, og det blir store summar når det skal gjerast skikkeleg.

Dagens kulturpolitikk medverkar heller ikkje til eit betre rammeverk for kvalitetssikra bokproduksjon, meiner han.

– Berre dei siste fem åra er forlagsøkonomien blitt mykje dårlegare, og Kulturrådet sine rammer held ikkje tritt med konsumprisindeksen. Kvalifiserte folk kostar pengar, og det blir ei utfordring å finansiere store komplekse utgjevingar. Utan at eg vil fråskrive oss ansvar, så kan det verke negativt på kvaliteten når rammevilkåra blir dårlegare.

Språkleg gardering

I fjor lanserte NFFO si etiske sjekkliste for sakprosa. Sjekklister eller retningsliner eller endåtil ein Ver varsam-plakat for sakprosa har vore etterlyst (og møtt motstand) i mange år, men den utløysande faktoren denne gongen var eit essay av Simen Sætre i Prosa #6 2018. Sætre ønskte seg at forlaga ville vise fram vurderingane dei gjer, ikkje for å dra opp grenser som ikkje kan kryssast, men for at dei modige bøkene, dei som rører seg i grenselandet, skulle få tydelege argument å bryne seg mot. I NFFOs sjekkliste blir det lagt vekt på at ho ikkje skal vere eit rigid rammeverk, men «spørsmål til refleksjon». Samtidig er kvalitetssikring eit spørsmål om meir enn etikk og meir enn korrekte fakta.

– Sakprosa skal ikkje vere leksikon. Og ikkje alt let seg faktasjekke, seier Kristoffer Egeberg i Faktisk.no.

– Eg tenkjer at vi sakprosaforfattarar, når vi skal prøve å skildre hendingar der vi ikkje er hundre prosent sikre, kan gjere klokt i å ta eit lite atterhald i teksten.

Han nemner korleis Marte Michelet i den førre boka si, Den største forbrytelsen (2014), nyttar dette grepet til å skildre sterke og verknadsfulle scener.

– Ho skriv at vi veit ikkje akkurat korleis det skjedde, men vi kan tenkje oss at det var slik og slik. Det er eit atterhald som likevel let sakprosaforfattaren utnytte dei litterære grepa som kan gjere sakprosa så sterk og inntrykkvekkande og meir tidlaus enn ein nyhendeartikkel, seier han.

– For det er eit dilemma når lesaren ikkje lenger kan vere viss på kva som er sant og ikkje. Vi ser det i debattane kring seriar som «Atlantic Crossing» og «Frontkjempere», som er baserte på sanne historier og blir framstilte som dokumentar, men så er dei likevel ikkje det. Det er viktig å hugse at publikum ikkje nødvendigvis kan skilje mellom kva som er fakta, og kva som er forfattarane og journalistane sine slutningar. Eg opplever at det har blitt mykje større merksemd om dette dei siste åra, og det er bra.

Kunsten å seie stopp

Det same gjeld sakprosakritikken, som jo har ei viktig rolle i å kvalitetssikre sakprosaen ex post.

– Kritikarar kan godt vere ærlegare om kva slags kompetanse dei har. Der synest eg ofte kritikarar er litt feige. Ein kritikar må kunne seie at her kan eg ikkje gå god for at alt i boka stemmer. Det vil vere opplysande for lesaren, og slik kan kritikaren også skrive seg inn i kvalitetssikringsprosessen, seier Erle Marie Sørheim.

Og så er det det poenget, som Gunnar Totland har vore inne på, at har ein først bestemt at det skal bli bok, så må ho før eller seinare ut. Sjølv den grundigaste kvalitetssikringsprosess blir innhenta av pragmatisme på eit tidspunkt.

– Det kjem eit punkt der ein har forplikta seg på boka, men det er vanskeleg å seie akkurat kva tid det skjer. Eg er sjølv nysgjerrig på den prosessen, seier Trygve Riiser Gundersen i Press.

– Ofte trur eg ein ikkje er klar over det sjølv. Kva tid ein giftar seg med prosjektet, og kva tid ein så bestemmer seg for at no er boka ferdig, er også individuelt for kvar utgjeving, og er noko offentlegheita ikkje har og ikkje kan ha innsyn i. Dersom det blir gjort kompromiss undervegs, er det ikkje lett å snakke om. Likevel kunne det godt vere litt meir vaksenopplæring om desse tinga ute i offentlegheita.

Kjerstin Gjengedal (f. 1974) er frilansjournalist og podcastar.