Veggpryd i førjulsstria

28.11.2019
Portrettfoto av A. Audhild Solberg

A. Audhild Solberg (f. 1975) er barnebokforfattar.

Bokmessa i Frankfurt er over, og bokhandelkjedene har funne fram julepynten. I vindauget lyser dei mot oss på glansa plakatar, årets bestseljarar og nysminka forfattarstjerner i matchande klede.

Vinnaren av Bokhandlarprisen er stabla i inngangspartiet, Bragepris-vinnarane ligg på torg.

Resten av bøkene, det vil seie nesten alle, endar opp som veggpryd i denne årlege runddansen før jul. Sakprosaen er ikkje den gråaste musa, men tapar fort i konkurranse med Romanen og Krimmen – i alle fall viss han ikkje kan by på drama frå krigen. Diktsamlinga og Ungdomsboka prøver ikkje eingong, dei tuslar bort til baren med det same. Der kan ein som kjent få litt løn for strevet i form av gratis alkohol.

Det er den draumen vi ber på, at vi ein gong skal skrive den boka alle vil danse med før jul. For vi kan ikkje trå ut på dansegolvet utan invitasjon. Det er forlaga og bokhandelkjedene, nå og da ein seksar i VG, som avgjer kven som får vere med. Idet runddansen tar av, tyr veggpryden til klassiske forsvarsmekanismar.

– Det er berre kommersielt ræl som sprett rundt på den måten, fnyser vi, vi er meir opptatt av å vere ein del av den litterære samtala enn av å selje bøker. Nesten ingen trur på oss, ikkje vi heller.

Eg hugsar ennå det året eg hamna på ein glansa bokhandelplakat. Mellom Knausgård og Ullmann hang eg, med føna hår og verdsherredømme i blikket. Eg kjende meg som ei av heltinnene i Jane Austens romanar, som Ginger Rogers, som J. Lo from the Block. Endeleg skulle eg få vist fram danseskillsa mine!

Kven er ho der? tenkte folk, men eg selde betre enn dei fleste. Ikkje på grunn av trynefaktoren, men fordi boka mi var godt synleg i bokhandelen, lett å velje for førjulsstressa kundar med dårleg tid. Året etter var eg ikkje like ettertrakta. Nå blir eg glad berre bokhandelen har bøkene mine inne. Det er i alle fall det eg fortel kollegaer som aldri har lege i stablar.

Det blir utgitt fleire tusen bøker i Noreg kvart år, det seier seg sjølv at ikkje alle får plass på dansegolvet før jul. Så kva skal veggpryden gjere for å bli bydd opp til dans? Skrive betre bøker? Hjelper ikkje, baren er full av nobelprisvinnarar. Skrive dårlegare bøker? Så desperate er vi ikkje.

Ikkje ennå, i alle fall.