Du kan ta språkbrukaren ut av bibelbeltet ...

08.11.2019

Debora Dydig er sjenert (og difor eit pseudonym). Illustrasjon: Johanne Hjorthol

Den som er født midt i bibelbeltet, kan fort kome til å bruke sine mest formative tiår til å importere fleire tusen år gamle, framandkulturelle impulsar.

Medan regnet daskar ned over eirgrøne marker og bølgjespruten står som vifter over rullesteinen i fjøra, vandrar ein i sitt indre gjennom tørrsvidde ørkenlandskap. Endeleg kjem ein til ein brønn, berre for å oppdage at det sit ein gut i ein overdrive luksuriøs kjortel der nede. Om ein er heldig, ser ein kanskje Jesus drive ei vond ånd inn i tusen grisar, som straks styrtar seg rylande utfor stupet og ned i sjøen.

Ytre sett kan ein sitje på ein røyrstol i eit sosialdemokratisk klasserom og høyre læraren seie at ingen kan gjere meir enn sitt beste, det viktigaste er at du trivst med det du gjer! Men i sitt indre høyrer ein Jesus forkynne at den som vil til himmelen, må forlate alt, ja, hate mor si og far sin for hans skuld – og dessutan rive ut sitt høgre auge om det lokkar ein til synd!

Åra går. Ein tenkjer friskt: «Gå difor ut …!» og transporterer, sjenerøst, sitt jordiske tempel og si ånd til akademiske studium i hovudstaden. Då tar ein heilt ny import til. Alt i førebuande filosofileksjonar får ein vite at den gylne regelen er formulert av fleire enn Jesus, og tidlegare!

Ein blir kjent med ein iransk ateist i asyl som hevdar at den som trur på demonutdriving, mentalt lever i mellomalderen. Ein støyter på intellektuelle miljøforkjemparar som hardnakka påstår at ideen om evig pine i helvete er eit psykisk overgrep.

Så kan det hende at ein møter ein smørblid sørlending som, stikk i strid med alt ein har lært, meiner det er viktig å ha så mykje sex som mogeleg før ekteskapet.

Det oppstår kognitiv dissonans, kollisjonar i verdikjeda og trøbbel når rekneskapen skal balanserast. Det heile endar med lagersal av tidlegare oppsamla tankegods: Alt skal bort! To tusen år med idehistorisk utvikling skal takast igjen i løpet av månader! Trass ein og annan emosjonell baksmell kjennest det som den ytre verda har sigra.

Åra går.

Så står ein i hagen og sagar greiner, då tonesette ord stig frå sjeledjupet: «Hver gren i meg som ikke bærer frukt, den tar han bort, den tar han bort.»

Ein blir politisk indignert og oppdagar at Matteus-effekten framleis er høgst aktuell. Bilete av Jesus som veltar bord og kastar pengar veggimellom i tempelet, får fargar igjen. Skjellsord som «kalka graver» fell ein i munnen.

Ein forelskar seg i utide, og brått svimar ein rundt og mumlar: «Styrk meg med druekaker, kveik meg med eple!»

Språket er ei bukse, skriv Kristin Fridtun lett og kvardagsleg, og dei rappkjefta karane i Side Brok er sikkert samde. Vi ferdast i ein skog av symbol, skreiv den meir dramatisk disponerte Charles Baudelaire.

Og innsikta stig som stråleglansen frå Den oppstadne: Ein skog nært av livsens vatn og Lammets blod slepper deg ikkje utan vidare ut. Sagt med andre metaforar: Du kan ta språkbrukaren ut av bibelbeltet, men du får ikkje bibelbeltet ut av språkbroka.