Guro Kulset Merakerås, forfatter av boken om Syver. Foto: Erle Kulset Merakerås
Guro Kulset Merakerås, forfatter av boken om Syver. Foto: Erle Kulset Merakerås

Det er boka mi

Å gje ut boka sjølv gjev eigarskap til både prosjektet og fortenesta. Er det verdt det, og blir det bra nok? Vi har snakka med tre forfattarar om saka.

Kva forlag skal eg kontakte? Det var gjerne eit av dei første spørsmåla ein vordande sakprosaforfattar stilte seg. No spør fleire i staden: Skal eg kontakte eit forlag?

– Eg har tenkt på om det vil slå ut på omdømmet mitt at eg har gitt ut bok på eige forlag, seier Guro Kulset Merakerås.

Ho kom hausten 2025 med boka Syver. Kampen mot barnedemens. Boka handlar om Syver Blindheim, kjend frå NRK-serien Team Pølsa, om den alvorlege sjukdommen som øydelegg hjernen hans, og om forskinga for å finne ein kur. Av grunnar vi kjem tilbake til, valde ho ein annan veg enn ho har gjort med dei tidlegare bøkene sine, som alle er gjevne ut på etablerte forlag.

Det er ikkje mange år sidan ordet «sjølvpublisering» gav assosiasjonar til skribentar med meir sjølvtillit enn sjølvinnsikt, som betalar dyrt for å få trykt opp eit skriftleg samandrag av deira personlege ferd gjennom livets harde skule, når dei etablerte forlaga viser seg ute av stand til å forstå prosjektet.
Kulset Merakerås, som har mange års erfaring som frilansjournalist, trur dette kan vere i endring.

– I mediebransjen ser eg at frilansarar kjem i to kategoriar: Dei som ikkje har fått fast jobb, og dei som ikkje vil ha det. Den siste gruppa er mellom dei flinkaste vi har, og greier seg godt på eiga hand. Eg er spent på om det same veks fram i bokbransjen, seier ho.

Sprikande visjonar
Frilansjournalist og forfattar Oddrun Midtbø er samd.

– Eg trur at synet på sjølvpublisering som annanrangs er i ferd med å endre seg, seier ho.

Midtbø vann den aller første indiebokprisen – ei kåring organisert av BoldBooks, som sel publiseringstenester til indieforfattarar – for debutboka si, Harastølen. Heimen for dei utstøytte (2023). I 2025 gav ho ut andreboka Lobotomert. Ein skamplett i psykiatrihistoria, begge på sitt eige OMI forlag. Lobotomert er i likhet med Syver kjøpt inn av Kulturrådet, og er ein av fem finalistar i årets Indiebokpris som blir delt ut 5. juni.

– Det er ikkje lenge sidan det var utenkjeleg. No er det sjølvpubliserte bøker mellom dei brageprisnominerte. Kvaliteten er blitt betre. Men sjølvsagt, skal ein gjere alt sjølv og så billeg som råd, kan det bli vanskeleg. Kvalitet kostar, seier ho.

Forfattarkarrieren kom overraskande på Midtbø. Ho har vore frilansjournalist sidan 1980-åra og hadde aldri noko brennande ønske om å skrive bok. Men rundt 2010 vart ho interessert i historia om Harastølen. Det gamle tuberkulosesanatoriet i fjellsida i Luster, som sidan vart psykiatrisk sjukehus og deretter asylmottak, hadde stått tomt sidan midten av 1990-åra. No drøymde nokon om å gjere bygget til hotell. Midtbø bur i Sogndal og hadde sommarjobb på Harastølen i ungdomsåra. Ho byrja intervjue folk om fortida til institusjonen.

– Eg hadde nokså klart for meg korleis historia kunne forteljast, og eg var i kontakt med eit forlag i Oslo, som var interesserte. Eg tenkte tradisjonelt, seier Midtbø.

Men det vart raskt klart at Midtbø og forlaget var usamde om kva slags bok dette kunne bli. Midtbø ville lage ei praktbok med mange bilete. Og var historia kanskje for stor for ein skarve frilansjournalist utan historieutdanning? Det var det ein som sa til henne. Tida gjekk.

Folkefinansiering
Og så endra verda seg. Folkefinansiering vart utbreidd. Då koronapandemien stakk kjeppar i hjula for arbeidet som frilansjournalist, hadde Midtbø allereie starta ein Spleis-kampanje for boka.

– Eg inviterte folk til å kjøpe boka no og få henne når ho var ferdig. Eg førehandsselde nesten tusen bøker og fekk inn ein del pengar der, pluss noko tilskot frå fylkeskommunen og frå bedrifter i Sogn, fortel ho.

Dermed hadde ho både pengar og press på seg til å produsere boka. Midtbø kontakta Skald forlag, som har utmerkt seg med nettopp iaugnefallande praktbøker, og som dessutan heldt til i nabobygda Leikanger. Ein del av verksemda til forlaget er å lage skreddarsydde oppdragsbøker for bedrifter og organisasjonar, og boka om Harastølen vart eit slikt oppdrag.

– Det var ei god løysing, for dei har jo kunnskapen. Eg kjøpte redaktørtenester, formgjeving og språkvask frå dei. Eg fekk Øystein Vidnes som designar, og forlagssjef Simone Stibbe tok seg av kontakten med trykkeriet, fortel Midtbø.

Med andreboka Lobotomert tok ho derimot heile styringa sjølv og leigde inn frilansarar. Og ho insisterte på å trykke boka i Noreg – hos ETN Grafisk i Skien – sjølv om det vart litt dyrare enn i utlandet.

– Eg hyra inn ein redaktør i Oslo, og eg har ein kollega i Bergen eg sparrar med, vi diskuterer prosjekta våre og kva vi skal gjere framover.

Oddrun Midtbø har gitt ut to bøker på eget forlag og vunnet Indiebokpris. Foto: Oskar Andersen
Oddrun Midtbø har gitt ut to bøker på eget forlag og vunnet Indiebokpris. Foto: Oskar Andersen

I Lobotomert skriv Midtbø om behandlingsforma som fleire tusen menneske i Noreg vart utsette for midt på 1900-talet, og som først vart oppfatta som ein mirakelkur for «vanskelege» pasientar og seinare som eit alvorleg overgrep. I Morgenbladet gav meldar Johanne Elster Hanson boka godt skotsmål, men meinte ho kunne hatt godt av meir redaksjonell støtte. Det tek ikkje Midtbø så tungt.

– Kanskje kunne boka blitt betre på eit anna forlag, men etter mange år i mediebransjen, og som storforbrukar av bøker, visste eg kva eg ville ha. Eg likar å kontrollere framdrifta sjølv, seier ho.

Kan boka selje?
Sjølvpublisering er altså ikkje det same som å gjere alt åleine. Då hadde ikkje Guro Kulset Merakerås klart å gjere ferdig boka om Syver på fire månader.

– Til liks med halvannan million andre såg eg Team Pølsa og vart fascinert av desse ungdommane og ville vite meir. Eg tenkte at «her ligg det jo eigentleg ei bok», seier ho.

Merakerås såg først for seg ei bok om alle deltakarane. Men då serien var ferdig, var det éi historie som utkrystalliserte seg: Syver og sjukdomen hans, som ikkje kan kurerast, utløyste ei enorm gjevarglede i det norske folket. Rekordbeløp vart samla inn til forsking på barnedemens.

Ho sende ein epost til familien Blindheim. Dei tende på ideen. Tanken var først at boka skulle ut på eit etablert forlag med Merakerås som forfattar.

Ho prøvde å ikkje gje familien forventingar om god forteneste.

– Når ein skal dele på royalties, er det i realiteten ikkje mykje pengar i ei sakprosabok. Så eg understreka at dersom vi skal skrive bok, må det vere for å opplyse om barnedemens, ikkje for pengane.

Familien Blindheim var samde i det, fortel ho. Likevel stussa dei over at fortenesta til dei og forfattaren skulle vere så låg, når forlaga tilsynelatande hadde så stor tru på boka. Det ville jo vere innsatsen til familien sjølv og Merakerås som forfattar, som ville liggje til grunn for eit godt sal. Dei tykte fordelingsnøkkelen mellom forfatter og forlag var nokså urimeleg.

– Dei spurte om vi kunne vurdere eige forlag. Dei hadde ein draum om å bygge eit hus Syver kunne bu i når han vart sjukare, og at overskotet frå boka kunne bidra til det. Den tanken likte eg, seier ho.

Merakerås kjende seg trygg på at boka ville selje meir enn dei tidlegare bøkene hennar, som handlar om mellom anna flyktningleiren Moria og om undertrykte minoritetskvinner i Norge, tema «ingen eigentleg har lyst til å vite noko om», men som like fullt hadde selt to–tre tusen eksemplar. Dermed etablerte dei Hildegard forlag, som ho og familien Blindheim eig i lag.

– Vi laga ein avtale der vi deler på overskotet når alle utgifter er betalt, der ei av utgiftene er honorar til meg for å skrive boka, seier ho.

Knuste sparegrisen
Fordi interessa for Syver og sjukdomen hans var skapt gjennom media, måtte boka ut før interessa dabba av. Merakerås starta på prosjektet i mai 2025. Det måtte vere ferdig innan september dersom boka skulle ligge i bokhandlane i oktober. Det gav henne fire månader til skriving.

– Det første eg gjorde, var å leige inn ein prosjektleiar. Eg skjønte at eg ikkje kunne halde i alle trådane på eiga hand.

Ho handplukka frilansarane ho leigde tenester frå, mellom folk ho visste at ho kunne samarbeide med.

– Eg forhandla ikkje med dei om pris, eg spurde berre kva det ville koste. Skulle eg først gje ut bok på eige forlag, skulle det i alle fall ikkje skje ved å presse andre frilansarar på pris, seier ho.

Dei sette opp ein nettbutikk for førehandssal av boka.

– Det leigde vi også inn folk til. Og vi trong rekneskapsførar og bank for å få opp aksjeselskapet. Eg brukte sparegrisen på å sette opp ein profesjonell rigg, såpass sikker var eg på at boka ville gå med overskot. Det skulle ikkje vere heimesnekra, eg ville ikkje at nokon skulle tenkje over at Hildegard forlag ikkje har gitt ut ei bok tidlegare.
Likevel måtte ho handtere mange oppgåver sjølv samstundes som manuset skulle ferdigstillast.

– Eg tilrår ingen å starte forlag og skrive bok på så kort tid. Eg angrar ikkje, men eg var heilt på felgen etterpå. Det var eit ekstremt prosjekt, seier ho.

Boka om det løynde internettet
Syver-boka vart til ved hjelp av eit lag med fagfolk som sto for ulike delar av jobben. Det var økonomi til å kjøpe profesjonelle løysingar på alle stadium. Men kva om du berre er ein person med ein god bokidé, utan kjennskap til forlagsverda?

– Det byrja med at eg kjende at denne boka treng å skrivast, seier Maja Enes, forfattar av Internett internett internett (2019). Boka handlar om den tekniske infrastrukturen som gjer kommunikasjonen på internett mogleg.

Maja Enes. Foto: Rune Nilsen / Bodø  Nu
Maja Enes, forfatter av bok om internett. Foto: Rune Nilsen / Bodø Nu

– Eg er samfunnsvitar, men trudde eg var rimeleg digitalt påkopla. Så fekk eg eit vikariat i eit teknologimiljø og vart overraska over kor lite eg kunne. Det var som om eg hadde prøvd å forstå havet ved å observere overflata utan å ane noko om straumforhold og liv nede i djupet, seier ho.

Enes vart sterkt engasjert i open infrastruktur og fri programvare. Ho bestemte seg for å satse på ein karriere som frilansar på dette feltet og tenkte at ei bok ville vere den naturlege grunnmuren å bygge karrieren på.

– Eg tykte sjølv at det var ei viktig bok å skrive. Eg prøvde å kontakte nokre forlag, men fekk ingen respons. Det handla sikkert litt om at eg var ein ukjend aktør, men eg trur også at dei ikkje heilt forstod.

Utgjeving på budsjett
Forlaga beit altså ikkje på kroken, men Enes var med i ei Facebook-gruppe for indieforfattarar. Gruppa var administrert av Kristin Over-Rein, som på den tida etablerte før nemnde BoldBooks, der indieforfattarar kan kjøpe alle tenestene dei treng for å gje ut bok.

– Eg brukte dei til å finne redaktør. Eg kjende også ein kunnskapsrik person som gav meg faglege tilbakemeldingar på teksten, og redaktøren frå BoldBooks gav meg éin runde med grundige redaksjonelle tilbakemeldingar, fortel Enes.

Ho laga illustrasjonar sjølv, men fekk ein designar ho delte frilanskontor med, til å ta framsidedesign og formgjeving.

– Han gjorde det som ei venneteneste, men då eg seinare fekk litt pengar til å dekke utgifter, kunne eg betale han, fortel ho.

Enes kalkulerte med at prosjektet ville gå med tap. Boka skulle vere ei investering i karrieren som frilans internettekspert. Men ho fekk tilslag på stipendsøknad frå NFFO, og på tampen fekk ho også pengar frå NUUG Foundation, ei stifting som arbeider for fri programvare og opne teknologistandardar. Med nær 300 000 kroner i samla tilskot var produksjonskostnadane dekte.

– Slik sett gjekk eg meir i pluss enn venta. Men samtidig kom pandemien og skaut ned heile frilanskarrieren, så prosjektet som heilskap skar seg grundig, seier ho.

Av opplaget på 250 eksemplar anslår Enes at ho har selt vel halvparten. Ho prøvde utan hell å få boka innkjøpt, men ser at mange bibliotek likevel har kjøpt boka gjennom Bokbasen.

– Og det er BoldBooks som har æra for at eg veit at Bokbasen og innkjøpsordninga eksisterer, seier ho.

Sjølv om ho har fleire bøker ho gjerne skulle ha skrive, har ho lært at det vanskelegaste med å gje ut bok sjølv ikkje er å få finansiering eller ordne det praktiske, men sjølve skrivinga.

– Redaktøren frå BoldBooks var god, men det var ei avgrensa teneste som ikkje inkluderte jamleg oppfølgjing og å drive meg framover. Det sakna eg. Skulle eg gjort dette på nytt, ville eg også leigd inn ein korrekturlesar, ikkje berre basert meg på testlesarar. I den ferdige boka har nokre setningar forsvunne bakom eit bilete, så eg må leggje ved ein lapp med det som manglar. Det er nokså kleint.

Men Enes har ikkje kjensla av at folk nedvurderer boka fordi ho er sjølvpublisert.

– Det verkar heller som at dei fleste er imponerte over at nokon kan gjennomføre eit slikt prosjekt, seier ho.

Å finne lesarane
For Oddrun Midtbø har bokprosjekta gitt meirsmak: Ho har både idear til fleire bøker og til spinoff-produkt, og har til si store overrasking fått smaken på å halde foredrag.

– Inntekta har alltid svinga og er truleg høgare no enn då eg jobba som frilansjournalist og sleit meg ut på å pitsje saker og forhandle om pris med mange ulike kundar. Og frilansjournalistikk er bruk og kast, medan bøkene vil vare. Eg veit eg har funne hylla eg skal vere på resten av karrieren.

Når ho kontrollerer prosessen sjølv, kan ho også bestemme kva ho vil gjere med restopplaget, og om ho vil trykke nye opplag. For prosessen fram til ferdig bok er berre halve jobben. Når ein gir ut bok sjølv, blir alt som skjer med dei fysiske bøkene, også forfattaren sitt ansvar. Midtbø fekk bøkene levert på pallar heim til seg sjølv og var ikkje interessert i krav frå bokhandlarkjedene som medførte at ho måtte styre med rabattar eller gjenkjøp av uselde bøker, eller handtere ulike distribusjonsselskap.

– Då oppdaga eg at bokbransjen ligg på få hender. Kven eig bokhandlarkjedene og distribusjonskanalane, jo, det er jo dei store forlaga. Hadde eg gitt etter for krava, ville bøkene blitt kjøpte inn av kjedene sentralt og distribuerte til alle butikkane deira. I staden enda eg med å sende bøker til enkeltbutikkar etter kvart som kundane spør etter dei, seier ho.

Fridom eller tryggleik
Merakerås har gjort seg same erfaring. Ho skaffa lager og distribusjon utomhus og fekk boka kjøpt inn sentralt hos kjedene. Men prisen er at dei tek om lag halvparten av fortenesta. Difor har ho hovudsakleg satsa på å selje boka gjennom eigen nettbutikk, og 80 prosent av dei over ti tusen selde eksemplara har gått ut der.

– Når kaka i bokbransjen skal delast opp, får vi forfattarar berre ei lita flis, sjølv om vi bidreg med stor verdi. Vi trur kanskje at forlaga sit att med alt, men eg har lært at dei mindre forlaga også har lågare margin enn før. Med ein struktur der store forlag også eig bokhandelkjedene, kan det godt tenkjast at dei like gjerne tek ut fortenesta i bokhandelleddet i staden for i forlagsleddet, seier ho.

Merakerås trur dei harde vilkåra frå bokhandlarkjedene kan føre til at fleire indieforlag satsar på direktesal, sjølv om dei då blir usynlege på bestseljarlistene.

For både Merakerås og Midtbø er bestseljarar i norsk sakprosasamanheng. Maja Enes er ein vesleputt i samanlikning. Men råda dei gjev til potensielle sjølvpubliserande forfattarar, er påfallande like.

– Vil du først og fremst bli ein berømt forfattar, er nok ikkje eige forlag svaret, seier Enes.

– Men dersom du gjev ut bok som del av eit større prosjekt, tykkjer eg det er kjempelurt å gje ut sjølv, for då har du kontroll.

Det hender framleis at ho tek med bøker og deler ut på arrangement. Og ho har stadig ein plan om å ein dag leggje boka ut på bloggen sin, kapittel for kapittel.

– Ein bør vite kvifor ein vurderer eige forlag, seier Merakerås.

– Om du ikkje får napp hos forlag, må du tenkje nøye over om ideen er god nok. På eige forlag kan ein tene meir, behalde alle rettar til historia og ha full kontroll med eige prosjekt. Men vegen til å tene pengar på ei bok er nokså lang, anten ein gir ut sjølv eller ikkje. Det ein slepp med eit vanleg forlag, er risikoen for å gå i minus.