Utsetjing er det beste forsvar

14.06.2016

Ikkje utset det du skal, til i morgon. Fristen er jo ikkje før til helga? Du kan slappe av endå litt til. Gode råd til ein sakprosaforfattar.

 

Den første mannen eg forelska meg i, var forfattar. Sakprosaforfattar endåtil, noko eg strengt tatt ikkje tilla mykje vekt der og då, eg var ikkje eit sjangerbevisst barn. Ikkje var det sakprosaen som gjorde at eg forelska meg, heller. Det var forfattarportrettet eg såg tilfeldig ein annan stad, kanskje i lokalavisa heime på Vestlandet, og kopla med boka eg hadde heime, som gjorde utslaget. For ein fyr. Og for ein forfattar. Eg veit ikkje om Ragnar Hovland kjem til å lese dette, men Ragnar, den barten kledde du.

Det varte likevel ikkje så lenge. Straks etter var det Torvald Sund, seinare kom Ingvar Moe, og ganske lenge var det redaktøren i Norsk Barneblad. Eg har framleis latterleg sansen for folk som syslar med bøker, men desse tidlege forelskingane gjorde spesielt sterkt inntrykk på meg. Generelt kan det seiast at viss du var mann og skreiv bøker på Samlaget som var tilgjengelege i norske folkebibliotek tidleg på nittitalet, så har eg vore opphengd i deg i ei vekes tid, omtrent. Eg var ikkje vanskeleg i kosten, heller ikkje i menn. Men til slutt tok eg endeleg til vettet. Eg fann han eg skal elske livet ut. Mannen ingen andre kjem i nærleiken av, oppdaga eg allereie som niåring, omtrent, i platebunken til far min. Vokalisten og fløytisten i det britiske folkrock-bandet Jethro Tull, Ian Anderson, lyt vere den staselegaste karen i verda, uavhengig av sjanger. Eg nektar å høyre noko anna. Ingen kan spele tverrfløytesolo ståande på ein fot som Ian Anderson, og ingen kan få norske småjenter til å danse i fem fjerdedelstakt som han. Men forfattar, det er han jo ikkje.

 

IKKJE PENT

Det er nok ikkje eg heller. Likevel sit eg altså her med eit oppdrag om å formulere nokre tankar om korleis det er å skrive bok for første gong. Og korleis det kjennest, korleis eg har det undervegs, det kjenner eg at det sit langt inne å seie noko sannferdig om. For det er verkeleg ikkje pent.

I 1960 blei 55 prosent av norske kvinner kategoriserte som husmødrer i befolkningsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå. Dette talet kan ein vri og vrengje i til det ikkje går an å seie det utan atterhald lenger, men grovt sett kan ein likevel seie at helvta av norske kvinner gjekk heime då gullalderen til husmora var på topp. Det er jo eit heilt spinnvilt tal, når ein berre set seg ned og tenkjer på det. Helvta av kvinnene! Kvarte landet stod på kjøkenet! Slike sysselsetjingstal tenkjer ein jo berre svært sjeldan over, men eg har gjort det i monalege porsjonar dei siste månadene, etter at eg vart beden om å skrive ei bok om arbeidskvardagen til desse norske kvinnene i perioden etter krigen og fram til 1970.

Kan ikkje du syne fram korleis dei hadde det? Setje ord på korleis det arbeidet eigentleg var? Gå litt bak dei lettvinte førestillingane me har om at det berre er å leggje raud neglelakk og bake brød, så er me husmoremne, alle saman? Fint viss du kan levere hundre sider tekst rett over sommaren. Det lyt bli bokmål, forresten, orsakar det.1

Eg har ganske lenge levd etter eit motto om at eg skal takke ja til alle førespurnader eg får, i alle fall viss oppdraget verkar vanskeleg og spanande. Så sjølv om eg instinktivt tenkte at det å skrive bok på ingen måte, PÅ INGEN MÅTE, ligg for meg, takka eg for tilliten og sa at eg kunne prøve. Og no sit eg her. Sommaren rykkjer stadig nærare, og framferda mi vert stadig meir maniert, i takt med at manuset skulle ha vorte stadig lengre, men ikkje har vorte det. Kva er det som skjer? Kva er det ho driv med heile dagen, der ho sit og skal skrive bok? Jau, no skal du faen meg få høyre.

 

 

VENTETIDA

Det eg driv med for å unngå å skrive bok, er jammen litt av kvart. Det har seg nemleg slik at eg ikkje er så god på dette med arbeidsprosess. Eller disiplin. Eller kva det no eingong heiter, dette som gjer at somme får til å starte på ein jobb i den augneblinken dei får han, heller enn rett før deadline. Slik er ikkje eg. Eller Agnes Ravatn, som gjekk så grundig til verks i jakta på eigen sjølvdisiplin at det enda opp som bok. Eller Mark Twain, som visstnok òg skal ha vore elendig på slikt. Eg får oppdraget, og så går eg og grundar på det ei stund. Så gløymer eg det, eller eg gøymer det, snarare, bakarst i hovudet. Men det ligg der. Eg veit at det ligg der.

Så, i skapleg tid før eg lyt til pers, gjerne etter Dagsrevyen kvelden før deadline, set eg meg pliktskyldig ned framfor maskina mi. Ordet «framfor» er ikkje tilfeldig valt, for dataen kunne like gjerne vore av som på. Ingen ting skjer. Eg sit og koper, heilt enkelt. Gjer ikkje det skapte grann. Så ser eg Kveldsnytt. Er det søndag, og det er det gjerne, har eg i tillegg sett Sportsrevyen. Aldri er eg så oppdatert på redaksjonelle grep i rikskringkastinga som i dagane kring deadline. Eg er heller aldri så lett å kome i prat med på Facebook som då. Spør dei som har freista: Desse kveldane sit eg klar og berre ventar på at nokon skal engasjere meg i drøs. Men folk flest har jo sitt eige liv å leve, så det skjer stort sett ikkje. Eg legg meg utilfreds og flau.

Men det som så skjer, det sluttar ikkje å fascinere meg. For neste morgon er dagen redaktøren vaknar og tenkjer «No er det dagen etter deadlinen til Iris». Eg har faktisk klart å innbille meg at det er slik redaktørar fungerer, som om ikkje dei også har brødskiver å smørje, aviser å lese og kollektivtransport å reise med. I mitt hovud er eg likevel innanfor deadline så lenge teksten ligg i e-post-boksen til redaktøren når redaktøren kjem på jobb. Eg plar tenkje at det er sånn i åttetida om morgonen, her følgjer eg statleg normalarbeidstid. Så om morgonen dagen etter deadline, og dette er fast rutine, berre spør Sindre Hovdenakk, står eg opp klokka fire. Heilt stille, så sambuaren ikkje skal vakne. Eg traktar kaffi. Set meg til i sofaen, leilegheita er mørk. Når det lir mot sommar, slik som no (klokka er i skrivande stund null seks null fire, eg har akkurat nikka blidt til avisbodet i bakgarden), set eg meg på balkongen under eit pledd. Og så skriv eg. Eg skriv som faen. Og det fungerer. Teksten renn ut av meg, det er akkurat som han har vore lagra i bakhovudet heile tida og berre venta på at verda skulle bli stille nok til at eg kan konsentrere meg. For dette veit eg om redaksjonelle prosessar i rikskringkastinga, og dette veit eg om omgangskrinsen min: Mellom fire og åtte om morgonen er det ingen ting som skjer. Eg treng ikkje å sjekke eingong: Det som ligg øvst på nettavisa og fremst i innboksen, er det same som låg der i går. Det er ei sjeldan frigjerande kjensle. Så eg skriv til halv åtte, trekkjer ny kaffi, som sambuaren får på senga med avis til, les gjennom teksten på nytt og sender han frå meg litt før åtte. Det er sjølvsagt eit elendig opplegg, men sidan det fungerer, held eg fram slik. Berre spør Sindre Hovdenakk.

Ein kan ikkje skrive heile bøker på denne måten, det forstår både du og eg. Så sjølv om eg er trøytt heile resten av dagen etter slike intense morgonøkter, tvingar eg meg sjølv til å jobbe vidare utover føremiddagen. Men etter å ha levert noko (omtrent) i tide set alltid prokrastineringa mi inn med fornya styrke. For no skal neste kapittel skrivast, og då lyt eg lese meg opp først. Det går omtrent aldri slik eg vil.

 

LIKØRLAG I BÆRUM

Det å skrive bok om husmødrer krev at ein kan ganske masse om husarbeid. Slik har i alle fall eg resonnert: Det tek seg dårleg ut å skrive ei bok som skal ta på alvor arbeidet dei gjorde, viss ein ikkje samtidig tek på alvor det arbeidet dei gjorde. Men no har diverre ikkje eg særleg anlegg for dette med husarbeid. Somme ting har eg rett nok kontroll på: I familien min har sausekoking alltid stått sterkt, og mykje av det eg lærte som barn, lærte eg ved skjerefjøla. Eg har på sett og vis blitt oppdratt på kjøkenet. Men det var jo aldri meininga at me skulle halde oss der, me ungane, så husmorkunnskapen har òg store hol. Ikkje kan eg safte, ikkje kan eg sylte, og ikkje får eg gjærbakst til å heve seg. Husvask er eg heller ikkje god på, komfyren er så skiten at det har blitt kommentert av folk eg helst vil verke plettfri for. Alt i alt er det langt frå meg til husmødrene eg skriv om, men eg kjenner samstundes eit veldig ansvar for å forstå det dei forstod, for å kunne det dei har kunna, å kjenne i nevane og ryggen korleis det var å jobbe manuelt den gongen velferdsstaten blei bygd i bygdene, i byen og på kjøkenet.

Alt dette er berre kokettering og tvangsmessig utsetjing for å sleppe unna skrivinga, sjølvsagt. Eg veit det, eg også. Men likevel: I påsken, då eg sat heime og skreiv om innhaldet i kottet mitt medan nesten alle eg kjende, var på ferie, kosta eg leilegheita med feiebrett for å kjenne korleis livet var før støvsugaren kom. (Det var ikkje noko særleg!) Eg har pussa sølvtøy for å sjå kor lang tid det tar, for eg fann ein timeplan for arbeidsdagen i ei gammal lærebok for hushjelper og forstod ikkje korleis dei fekk tid til alt. Eg var glad i å setje likør før eg fekk i oppdrag å skrive husmorbok òg, men no har det tatt av. Seinast i førre veke var eg i likørlag i Bærum, me brukte kvelden på å setje likør på gamle norgesglas me henta heime hos foreldra til ei av dei andre. Eg kan altfor mykje om produksjonen av norgesglas, det las eg meg opp på i påsken medan korsryggen verkte etter manuellkostinga av parketten i stova, slik har det blitt.

 

KLINISK UTSETJING

Eg har byrja å dyrke ting på balkongen og i alle glaskarmar heime for å rettferdiggjere at eg framleis ikkje har fått skrive ferdig det avsnittet om stell av potteplanter anno 1960. Redaktøren min sender meg blide e-postar med stadig fleire blunkesmilefjes medan eg ligg i senga midt på dagen og les meg opp på vask av kniplingar. Eg har fått eit uhyggjeleg bibliotek av gamle husmorbøker, det er ikkje ein bruktbutikk i bygda me køyrer innom på veg til hytta, eg ikkje kjenner dei tilsette i. Dei har mobilnummeret mitt, Laila på Raudekrossen har lova meg å ringje viss dei får inn fleire løveglas (som kom i produksjon rundt førre hundreårsskiftet, men sokk i popularitet på trettitalet, den gjengse oppfatninga er at det var på grunn av den upraktiske bøyellåsen på glasa, aluminiumsringen på norgesglaset var smartare). Ting har sklidd ut, eg har blitt for husleg for mitt eige beste. Bokstaveleg talt: Eg har vurdert onani, men så heller stått opp og prikla tomatplantene. Dette kan umogleg vere sunt i lengda.

Allereie til jul gjekk strykejarnet varmt. Eg har brukt heile dagar på skribentloftet på Litteraturhuset i Oslo på å forakte alle dei andre som sit der, kvifor er ingen av dei andre på nettaviser i arbeidstida? Eg forstår ikkje korleis dei klarar det, all den disiplinen, heile dagen lang.

Framleis er det ei stund til eg skal levere. Manuset veks heldigvis jamt og trutt, for sjølv ikkje eg er i stand til å sitje morgon og kveld med eit dokument oppe utan å slumpe til å skrive noko i det. Fordelen med å skrive om noko så avleggs og nostalgisk som husmødrer er i tillegg at det er lett å kome i prat. Eg får stadig husmortips som eg kan gjere noko med, og folk er flinke til å hjelpe meg moralsk. Bøker til låns får eg òg: Romanen Han har hjulpet til med sausen (1961) står på leselista til veka.2 Det gler eg meg til. Om eg ikkje har lært mykje om å skrive bok av å vere halvvegs i prosessen, omtrent, kan eg i alle fall seie at eg har fått raffinert metodane mine for klinisk utsetjing av skrivinga. Det er reinare heime enn på lenge, og til hausten vert det sleppfest med likør og kabaret. Omslaget er klart, og kontrakten er signert: No er det berre manuset som manglar.

 

Iris Alice Vigerust Furu (f. 1985) er oversetterkonsulent i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Hennes første bok, Husmorboka, kommer ut i oktober. Kanskje.

 

1 Dei i forlaget var faktisk oppriktig leie seg over at eg lyt skrive boka på sidemål, altså. Og det er ikkje deira feil. For alt tilseier at viss debutantar skal selje sakprosa, kan han normalt ikkje vere på nynorsk. Visstnok er det slik at viss oppegåande vaksne går inn i ein bokhandel og finn ei bok dei vil ha, men så oppdagar at ho er skriven på nynorsk – då vil dei ikkje ha boka likevel. Høyrt slikt! Slike folk held eg meg aldri for god til å raljere over på fest. Eg gong trefte eg rett nok ein mann som modig innrømte at han nok hadde vore ein av desse folka. Men til slutt lova han å lese boka mi uansett målform, så kvelden enda heldigvis bra (for nynorsken).

2 Skriven av ei kvinne, men under mannleg pseudonym. Intet er nytt under solen!