Tigertrøbbel

07.09.2020
Whitagram image

I spaltene Sakprosa i Norden og Sakprosa i verda byttar Hilde Sandvik og Øyvind Strømmen på å skrive om aktuell sakprosadebatt utanfor Noregs grenser.

Innhaldet i Det här är en svensk tiger burde ha skapt debatt. Men det er omslaget som har gjort det.

Boka er eit slags oppgjer med det svenske (og ikkje minst det sosialdemokratiske) sjølvbiletet, ein bannbulle mot den svenske minnekulturen etter andre verdskrigen. Den handlar om antisemittisme, om Sverige under andre verdskrigen, om Sveriges tilhøve til Israel, og litt om forfattaren Aron Flams eigen jødiske bakgrunn.

At boka er publisert på Flams eige forlag, som ber namnet Samizdat, fortel kanskje også noko om Flams sjølvbilete som samfunnsrefsar. Ukontroversiell er han ikkje. Som høgreorientert libertarianar står han eit stykke unna svensk konsensuskultur. Som sosialismerefsar og komikar som knapt skuggar unna tabutematikk har han nok av uvener.

Det här är en svensk tiger burde altså ha potensial til å skapa debatt. Men det spesielle er at debatten som har kome, i stor grad har handla om bokomslaget: ein tiger i gule og blå fargar, med hakekrossarmbind og den eine foten løfta som i eit «Sieg heil!».

Omslagsbiletet er ein parodi på forfattaren og illustratøren Bertil Almqvist (1902–1972) sin propagandaplakat En svensk tiger frå 1941. Den var ein del av den såkalla Vaksamhetskampanjen og spelte på både verbet og substantivet tiger. På den eine sida: ei oppmoding om å halda tett. På den andre: ei framstilling av svensken som sterk og smidig, som tigeren.

Den blågule tigeren har også fungert som symbol på den svenske militære tryggleikstenesta. Den vart difor gjenstand for ein juridisk dragkamp som involverte både Beredskapsmuseet, Försvarsmakten og Almqvists to døtrer. I dag er det Beredskapsmuseet som sit med opphavsretten til biletet. Den forsvarer dei aggressivt. I 2018 vart kunstnaren Elin Lucassi til dømes kravd for 10 000 kroner etter å ha brukt motivet i ei karikaturteikning av Sverigedemokraterna-leiaren Jimmie Åkesson. Kravet vart trekt attende då teikninga vart avpublisert. I vår laga Region Skåne ein kampanje for handvask i samband med smittevern, med ein vaskebjørn i staden for ein tiger: En svensk tvättbjörn. Beredskapsmuseet protesterte, og kampanjen vart avslutta (og etter kvart erstatta av ein annan, meir ulik vaskebjørn).

Heller ikkje omslaget til Flams bok har museet sett med blide auge på. Dei har faktisk meldt Flam til politiet, som i juni tok beslag i heile tredjeopplaget av boka. Fyrst i midten av august vart beslaget oppheva av Patent- och marknadsöverdomstolen. Det har ført til både internasjonal merksemd og ein dose konspirasjonsteoriar: Ynskjer sosialdemokratane å stogga boka? I den verkelege verda koker diskusjonen ned til dette: Kvar går grensa mellom opphavsrett og satire?