Amini kvaerne rosvik
F.v. Asieh Amini, Ingeborg Kværne, Merete Røsvik.

Iran sett frå Noreg: Om å vere eksilforfattar og aktivist

21.01.2023

Prosa inviterer til panelsamtale under Litfest Bergen, om motstandskampen i Iran sett frå ståstaden til ein iransk fribyforfattar i norsk eksil.

I årets første Prosa kan du lese ein tekst av den iranske poeten og kvinneaktivisten Asieh Amini, om opplevinga av å sitte i Trondheim og følgje demonstrasjonane i heimlandet, som braut ut i september i fjor. Protestane har vekt til live minne frå ein serie mord på forfattarar og kulturpersonar, som skjedde for 25 år sidan med dei iranske styresmaktene si velsigning, og som framleis kastar skuggar.

Då Amini måtte flykte frå Iran i 2009, blei ho invitert til Trondheim som fribyforfattar. Ho har etablert seg som skribent i Noreg, men følger utviklinga i heimlandet tett. Amini har gjort det ho kan, for å støtte opprøret på avstand, i håp om at regimet endeleg skal falle.

Korleis er situasjonen i Iran no, og korleis er det å drive med aktivisme frå eksil? Kva hende den gongen Amini sjølv måtte flykte, og korleis har det vore å byrje eit nytt liv i Noreg?

Fribykoordinator Ingeborg Kværne i Norsk PEN fortel om korleis organisasjonen arbeider for å hjelpe fribyforfattarane med å bli formidla og høyrde så dei kan fortsette arbeidet sitt frå Noreg. Dei to møter Prosa-redaktør Merete Røsvik til samtale.

Tid og stad: Torsdag 9. februar kl. 14.15 på Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5-7.