Martin Eggen fotografert i fjøra med fuglekikkert og fotoapparat. Foto: Jon Olav Larsen
Martin Eggen. Foto: Jon Olav Larsen

Fugleperspektiv på arealpolitikken

22.11.2023

Fugleaktivist og bokdebutant Martin Eggen vil skape miljøengasjement ved å ta dei store omgrepa «heim». Med kjærleik som drivkraft skildrar han farane som trugar fuglane.

Martin Eggen vaks opp med heimen full av fuglar, opptil 25 papegøyar og andre tamfuglar. Det må jo ha bidratt til at han vart fuglekikkar, kjem han på, etter at han først har snakka seg varm om naturmangfaldet han hadde rundt seg i barndomen i Bodø.

– Eg hadde kjensla av at vi budde i Edens hage! seier Eggen. – Eg studerte kart og utforska lokalmiljøet og oppdaga så mykje forskjellig.

I haust debuterte han med Uten fugler blir ikke livet det samme. Hvorfor fuglene forsvinner, og hva vi kan gjøre for å hjelpe dem (Kagge forlag). Forfattaren håper at boka skal få folk til å forstå at alle endringar vi gjer i naturen, enten det er intensivt jordbruk eller nedbygging, får store konsekvensar for fuglane og dei andre artane som misser territoriet sitt.

Fugletalsmann

Det politiske engasjementet følgde naturleg av fugleinteressa.

– Sidan eg observerte nærmiljøet på nært hald, oppdaga eg tidleg samanhengar. Eg såg at ei enkel drenering av ein dam fekk konsekvensar for fuglane. Det var det same med einsretting av skogane gjennom utplanting av gran, ein art som ikkje er ein del av den naturlege floraen hos oss i Nord-Noreg, fortel Eggen.

Uten fugler blir ikke livet det samme coverimage 9788248932901 org

Også skribentlivet starta med naturinteressa. I eit blad som Verdens naturfond (WWF) gav ut, las han om dyr og fuglar i Afrika, og syntest at det store mangfaldet var vakkert. Det inspirerte.

– Eg begynte tidleg å skrive rapportar om ulike artar i ulike område og leverte tekstar til medlemsbladet til Norsk Ornitologisk Foreining.

Dermed starta karrieren til Eggen der han også enda til slutt – i alle fall så langt. I dag bur Eggen i Lofoten og er naturvernrådgivar i BirdLife Norge, som er Norsk Ornitologisk Foreining under nytt namn, innlemma i den verdsomspennande organisasjonen BirdLife International. Han har også vore aktiv i ulike miljøvernorganisasjonar, han har vore redaktør for medlemsbladet til Feltornitologene og hatt fuglespalte i Klassekampen.

– Kva er det med fuglar som appellerer så sterkt?

– Det er først og fremst sanseinntrykka – berre det at dei har vengar og kan fly! Dermed kan dei plutseleg dukke opp kor som helst, også eksotiske artar du aldri har sett før. Det er veldig fascinerande å sjå nye artar og ta foto som andre berre måpar av, fortel Eggen.

Debutboka er ofte lyrisk i språket, både om fugleliv og kva naturopplevingane gjer med forfattaren. Eggen har hatt stor glede av skrivinga.

– I foreininga skal vi skrive kronikkar og gjere utgreiingar, og det prøver eg å gjere godt. Men i arbeidet med boka har eg brukt meir tid på dei kreative sidene ved skrivinga, og det vil eg gjerne gjere meir av.

Snakke med, ikkje til

Sjølv om Eggen er driven av eit sterkt politisk engasjement og har hatt som mål å inspirere andre til å bry seg om fuglar, har han lagt vekt på å ha ei undrande tilnærming.

– Mange av tala eg legg fram, er så sterke i seg sjølv, så eg ville heller vere undrande enn å framstå som aktivist. Snakke med heller enn til!

Meldarane har vore samde om at Eggen har lukkast med å skrive ei balansert og utforskande bok, og førsteopplaget var utselt etter berre ein månad.

– Eg har nok ein heiagjeng» i fuglekikkarmiljøet, og eg har fått enorm støtte frå dei som kjenner arbeidet mitt frå før. Eg håper jo at boka når langt utover det, sjølv om det er endå ei bok om miljøkrisa.

– Opplever du at medvitet om tap av artsmangfald har blitt større i det siste?

– Miljødirektoratet gjennomførte for ei tid sidan ei undersøking av kva folk opplevde som dei største miljøproblema. Flest svarte plast og forureining. Så nei, eg trur ikkje mange har skjøna kor stort problemet med arealtap og artstap er. Det kan vere fordi desse endringane skjer over lang tid.

Eggen er tydeleg oppgitt over den grunnleggjande mangelen på kunnskap om det som for han er sjølvsagt. Som kor tilpassa kvar art er levestaden sin, og kor store forskjellane er mellom ulike typar skog og ulike landbrukslandskap.

Eggen3 foto jon olav larsen
Foto: Jon Olav Larsen

– Eg har prøvd å forklare svært enkelt at fuglar og dyr har sine territorium. Om vi øydelegg dei, kan dei ikkje utan vidare flytte til andre stader. For der er det jo artsfrendar som held til, stadane er opptekne! Det er ein kognitiv feil å tru at vi kan tape natur kvart år utan at det vil gå ut over artane som bur der.

Monokultur den store trugselen

Eggen fortel vidare at intensivt landbruk og skogbruk er den store trugselen internasjonalt.

– I Europa har det tidlegare vore store myrer, mykje skog og utmark, men no er det monokultur over store areal. Der andre ser «skog», ser eg ofte «åker». Det handlar om biologisk einsretting.

Politisk forvalting er difor eit viktig tema i boka.

– Eg ser at mange snakkar om «miljønasjonen Noreg», men det synest eg ikkje det er dekning for å seie. Det har mangla innsats frå regjeringane over mange år, seier Eggen.

Vernet for natur er dårleg i Noreg, meiner han. Sjølv om regjeringa stiller ein del prosessuelle krav, har lokalpolitikarane stort handlingsrom.

– Eg kjem frå ein kommune med 1200 innbyggarar der nokre få politikarar forvaltar store naturverdiar. Eg er ganske sjokkert over norsk naturforvalting. Det lokale sjølvstyret går imot nasjonale og internasjonale målsetjingar kvar dag, og det gjeld spesielt arealforvalting. Vi treng meir bindande vern i lovverket, med nasjonale rammer.

Ut på tur!

Eggen veit altså godt at ord ikkje er nok i miljøkampen. Gjennom tilbodet Falkeklubben, som Birdlife Norge driv for barn og ungdom, formidlar han kunnskap og engasjement gjennom opplevingar. Foreldre får også vere med, og saman reiser dei ut på tur for til dømes å sjekke fuglekasser og sjå på ringmerking av fuglar.

– Det er ekstra fint at foreldre og barn opplever dette saman og stiller på same nivå. Det er eit artig og givande arbeid, seier Eggen, og funderer vidare:

– Kanskje skulle eg ikkje brukt så mykje tid på å skrive høyringssvar, men heller bruke all tida på barn og unge? For om du ikkje kjenner artane og ser forskjellen på dei, om du ikkje kan namna og ser at dei har ulike behov for variert natur, er det dødfødt. Det er kjærleik og empati som må til.

Kjedegrunnlag med hol

– Kva har vore det vanskelegaste i arbeidet med denne boka?

Eggen må tenkje seg om, og medgir at visse tema ligg nærare hjartet enn andre.

– Mange fuglar er i andre land åtte-ni månader i året, men hekkar her til lands. Eg har ikkje tidlegare vore så oppteken av kva som skjer med fuglane når dei reiser utanlands, men det legg mange premissar for utviklinga. Dette måtte eg setje meg inn i, og det kravde mykje research.

Han fortel at rundt 25 millionar fuglar kvart år blir fanga og drepne ulovleg rundt Middelhavet – ofte som mat.

– Eg har aldri sjølv sett og opplevd dette, og eg måtte finne ut korleis ein kan skrive godt om det.

Kunnskapsgrunnlaget er ikkje alltid det beste, til dømes er det lite å finne om korleis miljøendringar, som arealendringar i Afrika eller på andre kontinent, påverkar fuglelivet i Noreg. Dei får også ulike konsekvensar for ulike artar.

– Er det nokon kjelder som har blitt spesielt viktige?

– Overvakingsprosjekt om utviklinga av fuglebestanden i Noreg, drive av BirdLife Norge og Norsk institutt for naturforsking, og tal frå Miljødirektoratet, har eg brukt mykje, seier Eggen.

Slike prosjekt har berre vore drivne dei siste 20–30 åra, noko som er kort tid i denne samanhengen.

– Det viser kor lite vi veit, sjølv om fuglar er dei artane vi veit mest om.

Eggen har også brukt fangst- og jaktstatistikk for å sjå på historiske trendar, og dei viser tidvis at det var heilt andre fuglebestandar før i tida. No er fuglebestandane i skogen ganske stabile, fortel han, men dei fugleartane som treng gamal skog, har det blitt færre av. Både dei og sjøfuglane er truga.

– Tenk korleis må det ha vore å gå i skogen eller ved kysten før i tida, med så mange fuglar! No er det lite naturskog igjen i Noreg, og larmen frå sjøfuglane har stilna.