Bildet viser Jon Todal og Lovisa Mienna Sjöberg sittende i en kirkebenk.
Jon Todal og Lovisa Mienna Sjöberg. Foto: Johan Mathis Gaup.

Edvard Masoni – ein kompromisslaus outsider

20.12.2023

Kjend i si samtid, gløymd av ettertida. Biografien om den sørsamiske misjonæren Edvard Masoni vart til som eit gravande samarbeidsprosjekt.

Dei vanlege historiene om misjonærar som oppsøkte samar, vart brått snudde på hovudet. Jon Todal og Lovisa Mienna Sjöberg ved Sámi Allaskuvla / Samisk Høgskole i Guovdageaidnu / Kautokeino hadde kvar for seg snubla over spanande materiale om den sørsamiske Kina-misjonæren Edvard Masoni. Biografien dei no har skrive i samarbeid, kastar ljos over hans politiske og religiøse liv på byrjinga av 1900-talet.

Samisk historieskriving

Lufta er frisk og skarp, slik ho er om hausten i Guovdageaidnu, før snøen har lagt eit tjukt teppe over hus, vegar og landskap. Eg møter forfattarane på den tida på året då det såkalla Kautokeino-opprøret fann stad i 1852. Ei gruppe læstadianske kristne samar protesterte mot det dei meinte var gudløyse, og brennevinshandelen som både prest, lensmann og handelsmann var involverte i, ei verksemd som skapte sosiale tragediar i mange samiske familiar. Den religiøse dimensjonen låg tydeleg til grunn for dei tragiske hendingane i november 1852, der ei gruppe vakte mishandla presten og drap handelsmann og lensmann. I rettsoppgjeret vart to menn avretta, medan eit tital vart sende i fengsel eller tukthus. I Sápmi gjekk ofte dansk-norsk, og sidan norsk, misjonering og kolonisering hand i hand, med ulike metodar og ulik intensitet. Samstundes fanst det òg utdanna samiske prestar allereie frå 1600-talet.

– Det er nesten ingen i dag som veit dette, men Edvard Masoni nemner dei tidlege samiske prestane i sine tekstar, fortel doktor i teologi, Lovisa Mienna Sjöberg, som er førsteamanuensis på Sámi Allaskuvla i Guovdageaidnu.

Då ho for ti år sidan arbeidde med doktorgraden på Universitetet i Oslo, dukka namnet Edvard Masoni stadig oftare opp i kjeldematerialet.

– Samisk historieskriving er prega av koloniale strukturar, så sjølv med mi utdanning var han eit ukjent namn for meg, seier Sjöberg.

Då ho las den sørsamiske avisa Waren Sardne, dukka namnet opp att. Masonis skriving var politisk ytterleggåande og religiøs i argumentasjonen, noko som kan vere årsaka til at han har halde fram med å vere ein framand fugl.

– Eg las avisa av di eg skreiv ein artikkel om samiske kvinners engasjement i prosessane som leidde fram til at kvinner fekk røysterett i Noreg. Eg spurde meg fram, og nokre av kollegaene mine kjende namnet, men personen var likevel ukjend, heilt til eg snakka med Jon Todal, seier Sjöberg.

Lovisa Mienna Sjöberg ved Sámi Allaskuvla/Samisk Høgskole i Guovdageaidnu/Kautokeino
Lovisa Mienna Sjöberg ved Sámi Allaskuvla/Samisk Høgskole i Guovdageaidnu/Kautokeino. Foto: Johan Mathis Gaup.

Stoffet vaks til ei bok

Det var tilfeldigheiter som gjorde at Edvard Masoni trådde fram frå sidene i historias gløymebok. Masoni var òg kjend som predikant på Vestlandet, og tilfellet ville at han er gravlagd på Åkra i Sunnhordland, heimstaden til kona til Jon Todal. Todal, som er professor i samisk sosiolingvistikk på Sámi Allaskuvla, vart nyfiken på det utlandsk-klingande namnet på gravsteinen.

Etter at Jon Todal oppdaga grava på Åkra, fekk han òg forteljingar frå svigerfar sin, ein av dei få attlevande som hadde møtt Edvard Masoni.

– Tilmed på kyrkjegarden var han ein outsider, med ein gravstein med eit framandarta etternamn på ein kyrkjegard der alle dei andre familienamna er norske gardsnamn, seier Todal om den i samtida kontroversielle misjonæren.

– Det han ser, det skriv han, sjølv om det ikkje passar seg. Masoni var kan hende den einaste som skreiv om valdtekt i krig utført av vestlege kolonistar i Kina. Det overraskande var at bladet Kineseren trykte det, seier Todal.

Sjöberg syntest stoffet var spanande, men sat samstundes med doktoravhandlinga si, så det var mest Todal som byrja arbeidet med å grave i arkiva med tanke på å skrive ein artikkel. Stoffmengda og historia vaks, og på eit punkt vart det klårt at det måtte verte ei bok. Todal hadde, med si relativt frie stilling, dei beste moglegheiter til å oppsøke arkiv – til dømes arkiva til misjonsorganisasjonar Masoni var tilsett i.

– Jo meir vi fann om han, og jo meir vi las det han sjølv hadde skrive, desto tydelegare vart det at Edvard Masoni måtte viast ei heil bok. Dei koloniale strukturane gjer at ein lett kan gløyme dei samiske aktørane, av di det har vore lagt sterkare vekt på assimileringspolitikken. Samar har ikkje berre vore passive offer, men har òg hatt ein eigen agenda og vore aktørar i si eiga historie, seier Sjöberg.

Ho studerte mellom anna misjonshistoria, og i Kineseren, bladet til Det Norske Lutherske Kinamissionsforbund, skreiv denne Masoni lange artiklar frå Kina gjennom fleire år.

Ei tidleg radikal stemme

Edvard Masoni, døypt Ole Edvard Nilsen, vart fødd i Rana i Nordland i 1870. Hans sørsamiske familie hadde tidlegare levd av reindrift, og flytta mellom svensk og norsk side av Sápmi, men hadde falle i djup fattigdom. Mora hadde òg sona ein fengselsdom for reintjuveri, og difor leid dei under eit dobbelt stigma. Edvard var evnerik og djupt truande, og fekk moglegheit til å bli misjonær, sjølv om vegen dit var lang og hadde omvegar, av di han sjølv kosta delar av utdanninga. Som utsend frå Kinamisjonen reiste han til Kina på byrjinga av 1900-talet, og vart vitne til den brutale framferda til dei engelske kolonistane.

Omslag masoni

Heime i Noreg var han ein etterspurd religiøs predikant, men òg ein forkjempar for samiske rettar og kvinnerettar, til liks med meir kjende personar som Elsa Laula Renberg og Daniel Mortensson. Ulikskapen i retorikk var at Masoni hadde Bibelen som fundament; Gud skapte alle like. Masoni, som uvisst av kva grunn skifta til sitt italiensk-klingande namn på eit tidspunkt, var heilt ope kritisk til rasistiske og kolonialistiske haldningar som låg bak fleire av misjonsselskapa, og det kan vere årsaka til at han har vorte utelaten i historieskrivinga. Han fekk sparken frå fleire misjonsselskap, truleg på grunn av at han var frittalande og hadde ei kritisk haldning.

– Via Bibelen og kristendomen stod han opp mot det koloniale, og mot den akademiske rasebiologien og den sosialdarwinistiske politikken som følgde, fortel Sjöberg.

Det som òg går fram av kjeldene, særleg Waren Sardne, er dei i samtida radikale ideane om at samar skulle få lære og nytte samisk språk i både kyrkje og skule. Omgrepet urfolk var Masoni truleg den fyrste til å nytte, og radikalt nok lanserte han ideen om eit samisk forbund, som vi kan kjenne mykje att i dagens Sameting. Han nikkar jamvel til den franske revolusjonen i Waren Sardne nr. 26 i 1910:

Men det samiske folk vil ikke la sig tyrannisere nu mer end før. Som frie mænd og kvinner kræver det finske folk sin fulde ret i landet. Finnerne i Norge maa betale sine skatter som de øvrige borgere i landet; men hvad har finnerne faat igjen? Mange rare ting. Og en av disse rare ting er at det finske maal maa dø; men leve nordmannamaalet! Finnerne vil svare leve nordmannamaalet for nordmannafolket og leve det samiske maal for det samiske folk! Dette er frihet, likhet og broderskap.1

Eit sterkt kall

«Frihet, likhet, brorskap», skreiv altså Masoni, og han lét seg ikkje be to gonger om han kunne gå i rette med prestar og andre misjonærar anten det no gjaldt teologi, imperialisme eller kolonialisme.

– Likevel viser han aldri til Marx eller andre tenkjarar frå arbeidarrørsla når han skriv, men til Bibelen, fortel Todal.

Biletet av ein strengt religiøs politisk opprørar trer fram.

– Han hadde ei ærleg tru på Gud, men kanskje ikkje tru på kyrkja som institusjon og på misjonsforeiningane, seier Sjögren.

Opplevingane hans i Kina, der han budde og reiste rundt i årevis, og venskapet med kinesarar skapte ein djup respekt og empati hjå Masoni, sjølv om han i byrjinga okka seg over avgudsdyrkinga og villfaringane til heidningane han ynskte å frelse. Noko han elles òg klaga over med formuleringar frå Bibelen då han såg openlys synding på gata i England. Masoni tilpassa seg tilhøva; han snakka kinesisk, lærte seg skikkane og nytta kinesiske klede. Det smerta han å sjå korleis kolonistane herja med kinesarane, grunngjeve med imperialisme og det same rasebiologiske tankegodset som låg bak fornorskingspolitikken i Noreg.

Å vere hjelpelaus i møte med sjuke menneske var òg ei kjelde til fortviling for Masoni. Det styrkte kallet hans på eit nytt vis, så han drog til Minneapolis og utdanna seg til legemisjonær etter fyrste opphaldet i Kina, sjølv om han ikkje var sikra arbeid i nokon misjonsorganisasjon etterpå.

To skrivespråk

Hovudkjeldene, den sørsamiske avisa Waren Sardne og Kinamisjonens Kineseren, er uvanleg velsigna med Masonis eigne tekstar. Det var nett slik Lovisa Mienna Sjöberg kom på sporet av historia, for ikkje å seie historiene, til Edvard Masoni. Jon Todal har skrive dei fleste kapitla i boka og er hovudforfattar, medan Sjöberg har skrive dei tre kapitla om åra i Kina.

– Boka er eit samarbeid mellom Jon Todal og meg, men òg mellom Edvard Masoni og meg, seier Sjöberg.

Frå andre forfattartastatur kunne dette lett ha vorte ei historie med hyppig bruk av omgrep som «eventyrleg», «actionfylt» og «dramatisk». Og sjølv om Masonis liv iblant var nett det, skriv Todal og Mienna Sjöberg nøkternt, utan å lese meir inn i kjeldene enn det dei kan dekkje. Masoni var nær avretting under det såkalla boksaropprøret, og det er i sanning eventyrleg korleis han slapp unna, noko som berre var mogleg av di han hadde inngåande kjennskap til den kinesiske kulturen.

Kapitla skrivne av Lovisa Mienna Sjöberg er på svensk, medan Jon Todal skriv på nynorsk. Det er modig av Pax forlag ikkje berre å utgje ei bok på to språk, men òg minoritetsmålforma innan det norske språket.

Todal foto johan mathis gaup
Jon Todal. Foto: Johan Mathis Gaup.

– Det var ikkje eit problem for oss to å skrive på to ulike språk; eg på nynorsk, men det påverkar kan hende kven som kjem til å lese boka, seier Todal.

– Vi har diskutert forma og vore opptekne av at Masonis eigne formuleringar og syn på saker skal kome fram, seier Sjöberg. – Vi har diskutert korleis vi skal framstille stoffet, så det ligg så nær opp mot Edvard som mogleg. Etter kvart har vi jo fått eit inntrykk av korleis han kan ha vore som person, fortel ho.

– Både Sjöberg og eg las kjeldene, men vi konsentrerte oss om ulike ting, ho om religion, eg om politikk, sjølv om det ikkje er noko klårt skilje, seier Todal.

To ting medgjev dei at dei har vore usams om, og den eine er namngjevinga av hovudpersonen i teksten. Gjennom boka blir han kalla Edvard, ikkje Masoni. For lesaren skapar det ein spesiell nærleik når ein slepp inn i eit slikt uvanleg liv. Det andre dei var usams om, var kva for grammatisk tid ein skulle velje. Fortidsforma vart vald gjennomgåande, i staden for historisk presens, og forfattarane smiler når dei fortel at dei «vann» kvar si sak.

Når ein deler arbeidsplass, er det mogleg å møtast både i formelle og uformelle samanhengar. Og ja, det har vorte nokre møte i hotellbaren òg.

– Vi snakka i korridorane, så vi danna eit slags miljø, Masoni-akademiet, som vi kalla det, smiler Todal. – Vi las tekstane til kvarandre, men la oss ikkje borti dei, utanom å luke vekk gjentakingar.

Eit liv som skil seg ut

Sjöberg fortel at det var ein stor kuttejobb i redigeringa.

– Masonis samiske stemme kjem fram i naturskildringane, men det får bli eit tema ein annan gong, smiler Sjöberg, som har måtta kutte nettopp dette i tekstane.

– Hennar tekstar og mine er ganske ulike, og det er greitt. Det snakka vi om, og det er tydeleg kva som er våre tekstar. Ho går meir inn på hans eigne ord enn eg, og det har å gjere med kva kjelder ho har, nemleg kinabreva, seier Todal.

Dei samtalte godt gjennom åra prosjektet vaks fram, også med andre kollegaer, for å klargjere kven som skulle gjere kva, og korleis kjeldene skulle nyttast. I periodar der Masoni sjølv var aktiv skribent, vart Todal og Sjöberg sams om at hans tekstar skulle vere hovudkjelda til det dei formidla, medan i andre periodar er arkivmaterialet frå mellom anna Norsk Luthersk Misjonssamband nytta for å måle fram Masonis liv, både personalmappe og brev. I sistnemnde kjem konfliktane mellom han og arbeidsgjevaren tydeleg fram.

– Han fortener merksemd, men eg veit ikkje om han var ein likande person, ler Todal. – Tilmed venene hans skriv indirekte om at Masoni var vel streng både med synda og syndaren.

Noko som slår ein ved lesinga av boka, er at Masoni var ein god journalist og talar, kan hende betre enn han var som misjonær. Forfattarane har heller ikkje funne at han har skrive noko om suksess med misjoneringa.

– Det inntrykket har eg òg, for han nemner aldri kor mange sjeler som er omvende, men skildrar samfunna og hendingane han opplever, seier Todal.

Kva ynskjer forfattarane med å gje ut denne boka?

– Edvard Masoni har fyrst og fremst ei livshistorie som skil seg ut. Like viktig er det at samepolitiske tankar var tenkte og gjevne uttrykk for offentleg allereie rundt 1900; dei kom ikkje med kampen for samiske rettar i 1960- og 70-åra, seier Todal.

– Han kom frå ein familie som ikkje hadde nokon rettar, sjølv om dei hadde halde til i området i generasjonar, så det synest klårt at temaa har vorte diskuterte i miljøa hans frå slutten av 1800-talet.

– Eg ynskjer å spreie glede ved samisk historie og ei stoltheit over dei som har gått føre. Det er ein sterk samisk verdi å løfte fram dei som har gått føre oss, men då må vi kjenne til dei, seier Sjöberg. – Hadde ikkje slike som Edvard Masoni levd, hadde vi kan hende ikkje hatt ein samisk høgskule.

Kvifor vart ein markant aktør som Masoni nærmast gløymd, både når historia om misjonsrørsla og historia om den samepolitiske rørsla på byrjinga av 1900-talet skulle skrivast? Edvard Masoni var aldri gift, hadde ingen direkte etterkomarar, og av dei seks brørne var det berre éin som etterlét seg eit barn, fødd utanfor ekteskap. Etternamnet han tok, var ikkje norsk- eller samiskklingande, og han talte misjonsforbunda midt imot, så det var kan hende ikkje rart han har vorte ein «mystery man» i den samiske historia.

Når så to akademikarar gjev seg i kast med spanande stoff om ein kontroversiell person med eit uvanleg liv, har dei ikkje trunge å lesse på med superlativ eller kraftfulle adjektiv: Boka om Edvard Masonis liv kan fengje lesarar berre med sitt kompromisslause kall til å forkynne og å fortelje om alt han opplevde i Guds teneste. Kva tid vert det film av boka?

NOTE
1 Samar vart kalla «finnar», «finske», «lappar» eller «lappiske» i tidlegare tider. Omgrepet «same», som liknar det samar sjølv kallar seg på dei ulike samiske språka, kom i bruk fyrst eit stykke ut på 1900-talet.

Susanne Hætta (f. 1975) er forfattar, kunstnar, fotograf og kulturskribent.