Agnes Eriksen rakar vissent lauv i hagen. Gamle haldningar til minoritetsspråk må bort slik gamalt løv må bort, så nytt kan gro, seier ho. Foto: Tanja Nordbye Media
Gamle haldningar til minoritetsspråk må bort slik gamalt løv må bort, så nytt kan gro, seier Agnes Eriksen. Foto: Tanja Nordbye Media

Eit vått fotavtrykk på ei steinhelle

02.06.2023

Forfattar og pedagog Agnes Eriksen har arbeidd utrøytteleg for bevaring og revitalisering av kvensk. Men finst det ei framtid der kvensk og norskfinsk språk og kultur igjen er levande og i utvikling – eller er det alt for seint?

Då Agnes Eriksen blei fødd i 1951, blei det snakka tre språk i den vesle finnmarksbygda ho skulle vekse opp i – kvensk, samisk og norsk. Foreldra hennar bytte språk etter kven som stakk innom, men kom begge frå ein kvenskspråkleg heim. Dermed blei kvensk òg førstespråket til Agnes og tre av søskena hennar, medan fornorskinga hadde kome for langt for den yngste søstera, som ikkje fekk lære anna enn norsk.

Sjølv har eg eit liknande opphav som Agnes. Eg har alltid visst at far min ikkje var «berre» norsk; etternamnet vårt var uvanleg, og farmora mi hadde eit framandt språk som morsmål. Då medelevane terga meg med at eg var same, etter at vi hadde lært om samane i 2. klasse på barneskulen, gjekk eg heim og fortalde det til mor mi.

– Du er ikkje same, sa ho. – Oldeforeldra dine innvandra frå Finland på slutten av 1800-talet. Men om du hadde vore same, hadde det ikkje vore noko å skamme seg over, det heller.

Og vi har ikkje skamma oss i Basso-familien. Far min voks opp i ei tilnærma rein norskfinsk/kvensk bygd i Finnmark, Skallelv, som ligg midt mellom Vardø og Vadsø.

– Der budde det berre éin nordmann, bruker han å seie, – og det var læraren.

Men noko undervisning om den kvenske/norskfinske folkegruppa fekk vi aldri då eg gjekk på skulen, så det er kanskje ikkje så rart at medelevane mine drog den slutninga at eg måtte vere same.

Minoritetsstatus for kvenane kom først i 1998, og i 2005 fekk kvensk status som eige språk. Før dette var det nok få som hadde høyrt om folkegruppa utanfor Finnmark og Troms, og det kvenske språket blei omtalt som ein gammal finsk dialekt.

Far min visste ikkje kva ein kven var, men eg veit at det blei brukt som skjellsord mange stader. Det er kanskje grunnen til at mange eldre ikkje har omfamna omgrepet, men halde på at dei er etterkomarar etter finlendarar og snakkar finsk, sjølv i tilfelle der forfedrane deira busette seg i det som i dag er Nord-Noreg, fleire hundre år før Finland blei ein eigen stat, men anten var underlagt Russland eller Sverige – og i ei tid der grensene på Nordkalotten var flytande eller ikkje-eksisterande.

No undersøker Sannings- og forsoningskommisjonen, leia av Dagfinn Høybråten, verknadene av fornorskingspolitikken som blei ført mot kvenar, norskfinnar, samar og skogfinnar, og skal i rapporten som kjem 1. juni 2023, føreslå forsonande tiltak. Men vil det hjelpe? Agnes Eriksen er forsiktig optimist, men har levd lenge nok til å vite at det ikkje nødvendigvis vil kome ein kvensk sommar etter ein kvensk vår.

Internatskuleborn

Agnes Eriksen er forfattar og pensjonert adjunkt med tilleggsutdanning i spesialpedagogikk, og har gjennom sitt vaksne liv arbeidd for å revitalisere og formidle kvensk språk og kultur, mellom anna gjennom å skrive lærebøker i kvensk for barneskulen, kvensk skuleordbok, dikt, forteljingar, rim og regler for born. Ho har òg skrive bok om kvensk munnleg tradisjon og arbeider no med ei bok om den kvenske og norskfinske matkulturen, som til liks med mykje anna av kulturarven er dårleg bevart.

Minunaaret1teht scaled 1

I 2017 blei ho tildelt Språkrådets første kvenske språkpris, Kieliraajin kielipalkinto, saman med den no pensjonerte førsteamanuensisen i kvensk og finsk, Eira Söderholm, for sin innsats for å fremje, utvikle og bevare kvensk språk.

Før Agnes fylte sju år, måtte ho flytte frå den vesle, veglause bygda på austsida av Porsangerfjorden for å gå på internatskule. Dette var lagnaden for mange born i nord i etterkrigstida, og på skulen var det ikkje tillate å snakke anna enn norsk.

Fornorskingspolitikken skilde born i nord frå morsmålet sitt og frå kulturen dei kom frå.

– Visst var det ein lang og strabasiøs skuleveg for små born, fortel Agnes. – Men den eigentlege grunnen til oppbygginga av internata i nord var nok tanken om assimilering og fornorsking.

Fram til eit stortingsvedtak frå 1936 kunne finsk brukast som hjelpespråk i skulen, men etter dette blei det berre tillate med norsk.

For eigen del hugsar eg godt at dei eldste brørne til far min, som var fødde seint i 1920- og tidleg i1930-åra, snakka norsk med tydeleg finsk aksent. Dei kunne ikkje snakke norsk då dei byrja på skulen, så foreldra byrja snakke norsk heime for at dei yngre borna skulle lære det skikkeleg. Dette førte til at far min (f. 1939) og dei yngre søskena fekk norsk som førstespråk i staden for finsk/kvensk, men dei slapp å reise vekk på internatskule, og heldig var det.

Agnes fortel at internatskuleborna mista den daglege kontakten med det kvenske eller det samiske språket, som blei noko ein berre snakka heime:

– Vi blei over natta tvinga til å slutte å bruke morsmålet vårt og byrje å snakke norsk, utan å kunne eit ord. Det var brutalt, umenneskeleg og uverdig.

Aaret2oppik (1)

Som barn lærte ho at kvensk berre var ein dialekt av det finske språket, men fortel at kvensk har ei heilt anna utviklingshistorie enn finsk. Det har vore eit munnleg språk, brukt lokalt etter den andre verdskrigen, og var aldri eit samfunnsspråk. Likevel var kvensk, som ho hadde snakka med dei eldste i familien så lenge dei levde, djupt rotfesta i henne:

– Språket levde i meg, og som vaksen blei tanken om å lære å lese og skrive det stadig sterkare. Det blei først universitetsstudium i finsk og seinare òg i kvensk då det blei mogeleg.

Kjøkenspråket

Agnes var med på å starte Ruijan Kvääniliitto – Norske kveners forbund, i 1987. Den nasjonale organisasjonen sprang ut av lokallaget Ruijan kväänit pyssyjokilaiset – Norske kvæner Børselv, som blei oppretta 16. mars 1984 etter initiativ frå lærar Terje Aronsen, som hadde erfart at finsk og kvensk ikkje var same språk. Terje Aronsen blei den første leiaren av Norske kveners forbund, og 16. mars blei vald som dato for feiring av kvenfolkets dag. Aronsen blei i 2015 utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs orden for innsatsen for bevaring og utvikling av kvensk språk og kultur. Han har òg arbeidd med å lære vaksne å lese, skrive og snakke kvensk.

Sjølv byrja Agnes å undervise i finsk i 1992, og seinare òg i kvensk. Ho laga mykje av læremidla sjølv, for det var ingen lærebøker i finsk som passa i nord, og slett ingenting i kvensk.

– Språkleg og kulturelt var ikkje dei finske bøkene tilpassa små bygde- og kystsamfunn i Finnmark, seier ho. – Born bør ha stoff frå eigen kultur som dei kan kjenne seg igjen i.

Det blei etter kvart ein kamp om ein skulle undervise i kvensk eller finsk. Mange finsklærarar såg på kvensk som eit mindreverdig språk, og som resultat av fornorskingspolitikken var mange kvenar av same oppfatning. I dag heiter faget ‘kvensk eller finsk som andrespråk’, og både finlendarar og andre forkjemparar har hjelpt med normeringa av språket.

Eg spør Agnes korleis statusen er for det kvenske språket i dag.

– Kvensk er eit av Europas mest utryddingstruga språk. Kvensk er påklistra ord som gammalfinsk, kjøkenfinsk, paskakieli – ‘skitspråk’ – eit utdatert språk som ikkje er verdt å ta vare på. Men dei unge må lære seg kvensk viss det skal vere håp for å bevare det for ettertida, og dei må lære det vidare til sine born. Eit språk er det som ber ein kultur. Og ein demokratisk stat, som har forårsaka dette språklege og kulturelle forfallet, må gjere opp for seg.

Nemninga «kjøkenfinsk» sender tankane tilbake til mi eiga familiehistorie. Sjølv om farmora mi var fødd i Noreg, var det finsk, eller kvensk, som var morsmålet hennar. Eg er blitt fortald at då far min tok mor mi med heim til familien i Finnmark, måtte han minne si eiga mor og søstrene på å snakke norsk når dei sat rundt kjøkenbordet og samtalen umerkeleg gleid over til morsmålet.

– No må de snakke norsk så Arnhild forstår, sa pappa, og damene såg forbausa på han: Dei hadde jo snakka norsk heile tida?

Saknet etter eige språk

Mangel på læremiddel til kvenskundervisninga var starten for skrivekarrieren til Agnes Eriksen. Ho trong enkle bøker med tema frå nordnorsk kvardag og natur med enkle, korte setningar, slik at elevane hadde litt tekst å øve seg på. Det blei tre biletbøker om to steinfigurar frå fjøra som ho kalla Kummitus ja Tähtipika, som betyr Spøkelset og Stjerneguten.

Ho fortel at ho alltid har vore mykje ute, plukka bær, gått på ski, gått av seg uønskte kjensler eller berre gått for å nyte naturen. På ein av dei mange fjøreturane fann ho desse to spesielle steinane med nokre dagars mellomrom. Ho byrja leite etter fleire, og fann stadig nye figurar på vandringane ved fjorden. Resten gjorde undermedvitet, fortel ho.

– Eg trur ikkje vi er lausrivne frå omgivnadene våre, men at vi på eit eller anna plan kommuniserer med dei. Kvenane har alltid tidlegare levd tett på naturen, så det sit nok i ryggmergen.

Agnes fortel at det var hyggeleg å oppdage at også vaksne, endåtil damer opptil nittifem år, las desse biletbøkene. Truleg vekte dei minne om barndomens leik i fjøra.

Agnes Eriksen ser i ei av lærebøkene ho har skrive saman med sambygding Ragnhild Larsen. Foto: Tanja Nordbye Media
Agnes Eriksen ser i ei av lærebøkene sine saman med sambygding Ragnhild Larsen. Foto: Tanja Nordbye Media

– Det nedslåande er at bøkene òg viste meg eit sakn som kom fram hos mange etter bøker på sitt eige språk, altså kvensk. Mange kvenar har vore lese- og skrivekunnige og kunne tidlegare lese finsk, men dei fleste har ikkje fått utvikla desse ferdigheitene. Det at eg valde å ta med norsk som parallelltekst, hjelpte lesaren med forståinga.

I tillegg til biletbøkene og lærebøkene har Agnes laga eit hefte med kvenske rim og regler, Piu pau paukkuu, der nokre av elevane hennar har laga teikningar til stoffet.

– Som kven trur eg ikkje at nokon kjem med lærebøker på eit fat, så det vi treng, må vi lage sjølve, seier ho.

Eit argument frå myndigheitene si side for å ikkje gi kvensk språk vern på eit høgare nivå, slik samisk har fått, var mellom anna at kvenane ikkje hadde ein språkleg infrastruktur på plass. Då var det berre å brette opp ermene. Lærar og forfattar Alf Nilsen Børsskog skreiv romanar og diktsamlingar på kvensk, og førsteamanuensis Eira Söderholm skreiv Kainun kielen grammatikki – kvensk grammatikk. Nokre omsette tekstar til kvensk, arbeidet med ei kvensk nettordbok blei sett i gang, og i 2007 blei Kainun institutti – Kvensk institutt – opna i Børselv.

– Arbeidet går framover», seier Agnes, – men kanskje for langsamt til å redde restane av kvensk. Det er for få språkbrukarar med kvensk som førstespråk og passande utdanning til å gjere jobben. Tilstanden for språket er kritisk. Europarådet har i mange rapportar kritisert Noreg for seindrektigheit når det gjeld kvensk språk og kultur, men det losnar ikkje.

Dette var mykje av årsaka til at Agnes ville bidra med sitt, for å gi kvenske born språkmateriell tidleg i utdanningsforløpet. Kvart år blir det stadig færre igjen som har kvensk som førstespråk. Språket kan ikkje overleve som munnleg språk åleine, og då må det lærebøker til, men det er ikkje laga lærebøker for ungdomsskulen eller vidaregåande eller kursmateriell for vaksne, og Agnes er redd det ikkje er folk til å gjere det heller.

– Eg opplever at eg skriv for framtida, for dei som kjem etter og treng kvenske tekstar og læremiddel, eller vil lære om kvensk kultur.

Statens barn

Då eg spør kva konsekvensar fornorskinga har hatt, fortel Agnes om å miste tilknytinga til familie og slekt og tapet av ein heil kulturtradisjon. Vi blei «statens barn», seier ho, med eit omgrep ho låner frå novella kusina Dagny Olsen (1947–2014) skreiv med same tittel.

– Eit morsmål er meir enn berre ord og skriftnorm, seier Agnes. – Det er den viktigaste kulturmarkøren for eit folk. Ved å miste eit språk blir ein lausriven frå ein samanheng eller isolert mellom to kulturar til majoritetskulturen blir den dominerande og gløymsla har hatt tid til å legge seg. Vi fekk identiteten vår bytt vekk, og han blei skambelagd for så mange. Kva gjer det med eit liv? No når vi kan snakke meir ope om opplevingar i skuletida, har eg opplevd at somme tek til tårene og kjenner på eit sinne når minna kjem. Skulen var ein sterk fornorskingsbastion, med Solhov folkehøgskole i Lyngen i fremste rekke.

Agnes Eriksen stiller seg kritisk til at norske myndigheiter har vore så unnfalne når det kjem til eigne nasjonale minoritetar. Dei er raske til å kritisere og setje i gang tiltak når menneskerettane blir brotne andre stader i verda, men kva med å rydde i eige bu? Korfor ser dei ikkje at fornorskingsprosessen aldri er avslutta, men skjer enno? Korfor er ein så redd for språkleg og kulturelt mangfald?

– No greier Sannings- og forsoningskommisjonen ut om den langvarige undertrykkinga, men eg har levd lenge nok til å vite at det etter ein kvensk vår ikkje nødvendigvis kjem ein kvensk sommar som kan bidra til at siste rest av kvensk språk og kultur blir redda. Korfor overhøyrer norske myndigheiter Europarådets rapportar om kvensk? Korfor får ikkje kvensk språk vern på eit høgare nivå, som forpliktar? For å bruke eit gammalt ordtak: Medan graset gror, døyr kua, seier Agnes.

Ho er ikkje åleine om å meine at det trengst eit solid krafttak om det kvenske språket skal reddast. Kan redninga vere å få status som urfolk?

Innvandring, vandring – eller urfolk?

Ein debatt som går føre seg i delar av det kvenske miljøet i dag, er spørsmålet om kvenane ikkje berre er ein minoritet, men bør få status som urfolk. Kvenane kan i likskap med samane påvise busetnad i det som i dag heiter Troms og Finnmark, frå før riksgrensa til Sverige (som òg omfatta dagens Finland) blei trekt i 1751. Det finst belegg i historiske kjelder frå 1500-talet om kvenske busetnader i Nord-Noreg, og den eldste omtalen av kvenar stammar frå 890, i Ottars beretning. Kvenar er òg omtalte i norrøne sagatekstar.

I eit føredrag om ‘kvänernas historia’, som ligg offentleg tilgjengeleg på YouTube, argumenterer professor i historie ved Lunds universitet i Sverige, Dick Harrison, for at kvenane er eit urfolk:

– Det er belegg for at kvenane har budd her like lenge og er like ‘urgamle’ som samane, og eg kan ikkje for mitt berre liv forstå at ein ikkje skal få plass til to urfolk.

Agnes Eriksen vil ikkje akseptere innvandraromgrepet:

– Nyare forsking viser at kvenane ikkje var innvandrarar, men flytta til område dei hadde brukt før, i utøvinga av sin kultur, mellom anna som jegerar. Dei første i slekta mi kom frå Tornedalen og området som tidlegare blei kalla Kvenland, på første del av 1700-talet, slik mange andre kvenslekter frå Porsanger gjorde. Kvenane som kom den gongen, var ikkje innvandrarar, slik det etter kvart blei vanleg å omtale oss for å ta frå oss rettar.

Til slutt spør eg Agnes kva ho tenker om framtida for det kvenske. Ho svarer at det er fantastisk at dei unge kjem på banen, at dei så freidig har teke til seg kvenomgrepet og modig riv av merkelappane som knyter seg til språk og kultur. Nokre skriv, rett nok på norsk enno, men det er ein start.

– Det er flott med kunst og alt det andre som no ser dagens lys, men det kan bli som eit vått fotavtrykk på ei steinhelle, det blir ikkje noko varig ut av det, fotavtrykka etter kvenane forsvinn viss ikkje språket blir teke med vidare, seier ho.

Det er inga enkel sak å ta tilbake eit språk som er så truga som det kvenske er, men det finst døme frå andre kulturar på at det lèt seg gjere. Men det kjem an på om Sannings- og forsoningskommisjonen har gjort ein så god jobb at myndigheitene kjem på banen, meiner Agnes, og om kvenane sjølve vil.

1. juni blir rapporten offentleg og skal lesast opp i sin heilskap frå hovudscena på Nationaltheatret i Oslo, etter initiativ frå Kvääniteatteri – Kventeateret.

Første og siste språk

Agnes spør meg så korleis eg opplever å ha mista språket til mine forfedrar, som far min lenge sa han ikkje kunne, men som piplar meir og meir fram dess eldre han blir.

Eg svarer at det er eit sakn i meg, som stundom kjennest som eit hol eg ikkje klarer å fylle. For sjølv om eg har prøvd å lære meg språket, vil det ikkje setje seg. Eg har ingen å snakke det med i kvardagen.

Eg kan heller ikkje reise tilbake i tid og oppleve bygda far min voks opp i, den gongen ho var full av liv og det gamle språket lydde frå alle kantar. Eg fekk ikkje eingong bli kjend med farmora mi, eg møtte henne berre ein einaste gong, då eg var to år gammal og ho tok meg på fanget i gyngestolen og song finske songar til meg. Ho var dement allereie då og forsvann lenger inn i gløymsla etter som åra gjekk, til ho på slutten ikkje snakka norsk lenger; ho skjønte berre morsmålet.

Kjeldeliste

Eriksen, Agnes: «Barn av et ansiktsløst folk – Kasvottoman kansan lapsi», dikt
Eriksen, Agnes: «En rusten sang – Ruostunu laulu», prosatekst
Eriksen, Agnes: «Jeg skriver om meg selv, så ærlig jeg kan. Ser du meg nå? Jeg er bare en av mange, mange …». Ope brev til Sannings- og forsoningskommisjonen, Nordlys 3.7.2019
«Søkelys mot kvener» Debattinnlegg i Nordlys debatt, 17.7.2019
Norske kveners forbund/ Ruijan Kvääniliitto, kvener.no
Lanes, Laila: «– Solhov bør bli et varig minne om den uretten som skjedde», NRK Kvensk/ NRK Kvääni, 8.3.2023
Vaara, Tomi: «Europarådet mener Norge må bli bedre på å bevare minoritetsspråk», NRK Kvensk/ NRK Kvääni, 24.3.2023
Vaara, Tomi: «Hele Norge Skal lese høyt 700 sider om fornorskning – vil ta 30 timer», NRK Kvensk/ NRK Kvääni, 26.4.2023
Lanes, Laila: «Utdøende språk kan bli reddet i siste time», NRK Troms og Finnmark,
10.12.2014
Andreassen, Irene: «Et nytt skriftspråk blir til», www.kvenskinstitutt.no
«Utnevnelser til St. Olavs orden», kongehuset.no, 4.3.2015
«Hvem er urfolk?», regjeringen.no, 13.2.2020
Hauge, Arne: «Leserinnlegg. Forsoning på dugnad», Ruijan kaiku, 20.4.2023
Hauge, Arne: «Leserinnlegg. Forslag til ny opplæringslov. Aktiv dødshjelp for kvensk språk?», Ruijan kaiku, 27.3.2023
Monsen, Heidi Nilima: «Kvenene styrte Norge – i sagaene», Ruijan kaiku, 5.10.2016
Store norske leksikon: «Fornorsking»
Språkrådet: «Kvensk språkpris 2017 til Agnes Eriksen og Eira Söderholm», sprakradet.no, 26.4.2017
Sternlund, Hans: «Historieprofilens kontroversiella slutsats: «Kvänerna borde klassas som urfolk», SVT Nyheter Norrbotten, 16.3.2023, www.svt.se
Varanger museum: «Kvensk/ norskfinsk historie», varangermuseum.no
Wikipedia: «Lappekodisillen»
YouTube: «Dick Harrison: Kvänernas historia»

Aina Basso (f. 1979) er forfattar og historikar. Ho har skrive historiske romanar og sakprosabøker for barn, ungdom og vaksne.