Ill chr bloom prosa
Illustrasjon av Christian Bloom.

Forfattaren og dei gode hjelparane

13.12.2023

Mange menneske må samarbeide for at eit bokprosjekt skal bli realisert. Er dei skikkeleg heldige, får dei også møte kvarandre.

Det er ei allment akseptert sanning at å skrive bok er einsamt. Forfattaren sit åleine på skriveloftet med datamaskina og kaffikoppen, og etter to år opnar ho døra på gløtt, myser mot dagslyset og stålset seg for lanseringsintervjua. Men dei færraste bøker kjem ut utan at fleire er involverte. Og sjølv om mange av dei involverte arbeider like einsamt, på kvart sitt heimekontor, så hender det likevel at dei må snakke saman og bli einige om ting. Kva må til for at slike samarbeid skal ende med ei god bok?

Den viktige entusiasmen

Kanskje kan det samanfattast i form av mottoet illustratøren Thomas Madsen har liggjande på heimesida si, saman med kontaktskjema og informasjon om kva kompetanse han har å tilby: De beste resultatene oppnås ved ryddighet og tydelig kommunikasjon.

Vi kjem tilbake til kvifor Madsen har funne det nødvendig å opplyse om dette. Lat oss berre slå fast at i arbeidet med denne saka har vi ikkje funne nokon som er usamde.

Men for forfattar Reidar Müller er det ein annan ting som er like viktig: å møte nokon som har same entusiasme for prosjektet som han har sjølv.

– Du sit jo der åleine og skriv i to år. Så leverer du manuset til redaktøren og møter ein entusiasme for det du sjølv brenn for. Det er så viktig å merke det engasjementet, seier han.

Müller er utdanna geolog og har skrive fleire kritikarroste bøker om den lange naturhistoria, den som blir målt i geologisk tid. Om boka Ild og is. En kort innføring i klimaets historie (2022) skreiv Prosa-meldar Margit Ims at «å gjera klimasoga så tilgjengeleg som Müller gjer, er stor formidlingskunst». Denne hausten er Müller aktuell med boka Norge. Landet vårt gjennom tre milliarder år, der han fortel Noregs historie gjennom landskapet vi lever med i dag.

– Redaktøren er essensiell, slik eg ser det. For å få gjeve ut ei bok treng du jo ein redaktør som opnar døra, seier han.

– Så opplever eg nok at det er ein litt einsam prosess der eg driv på lenge på eiga hand. Først når eg har eit utkast, er det at samarbeidet verkeleg startar. Det første innspelet frå redaktøren er utruleg viktig. Likar han eller ho det eg har gjort, eller er eg heilt på jordet? Når redaktøren seier at dette er bra, dette skal vi gje ut, då er det ein enorm lette.

Müller har bakgrunn frå forsking, der samarbeidet som ligg bakom til dømes ein vitskapleg artikkel, er endå mykje meir omfattande enn for ei bok.

– Vi kan vere ti stykke som jobbar saman om å skrive ein artikkel, og då er det alltid einkvan som kan noko anna enn deg. Det skulle eg gjerne hatt meir av når det gjeld bøker. Eg tykkjer det er kjekt når fleire er involverte tidleg i prosessen, seier han.

På jakt etter tonen

Müller får uoppmoda støtte for dette med entusiasmen frå ein som brukar sitje på andre sida av bordet.

– Det absolutt mest stimulerande med samarbeidet mellom redaktør og forfattar er at ein er to som er like engasjerte i teksten og kan nerde skikkeleg på detaljnivå, seier Guro Nielsen Solberg. Ho er forlagsredaktør i Humanist forlag, eit lite forlag som er eigd av Human-Etisk Forbund, og som «utgir norsk sakprosa som får deg til å se verden på en ny måte».

Eit slikt samarbeid kan starte anten med at prospektive forfattarar tek kontakt med forlaget med ein bokidé, eller at forlaget spør personar med fagkunnskap om dei er interesserte i å skrive bok.

– Vi er nokså aktive med å gå ut og spørje folk, seier Solberg.

– I praksis tyder det ofte at ein dukkar opp på eit føredrag eller noko liknande der ein fagperson formidlar. Då ser vi at viljen er der, og då er kanskje ikkje ei bok så langt unna.

I første omgang må bokideen få litt kjøt på beinet form av ei prosjektskisse og eit prøvekapittel. Prøvekapittelet er viktig for at redaktør og forfattar kan bli samde om den første felles avgjerda i bokarbeidet, nemleg tonen i språket.

– Som sakprosaredaktør vil eg alltid ha det så enkelt som råd. Mi oppgåve er å seie: Dette er eit faguttrykk, og du er den einaste som veit kva det tyder. Kan du seie dette med enklare ord? Og mi erfaring er at slike innspel som regel blir tekne godt imot.

Aldri utlært

Reidar Müller hevdar å ha same erfaring med sine redaktørar.

– Frå redaktørar toler eg kommentarar veldig bra, forsikrar han.

– Eg har lært meg at eg skal høyre på dei. Det er mykje verre når kommentarane kjem etter at boka er utgjeven.

Sjølv med bakgrunn som både forskar og forskingsjournalist meiner Müller at innspela frå redaktørar og språkvaskarar har lært han mykje om å skrive.

– Eg er blitt betre til å formulere meg tydeleg når eg skriv. Det reint språklege – det er der eg tykkjer eg har lært mest. Då eg skreiv første boka mi, kunne eg knapt kommareglar. Og ein er aldri ferdig utlært. Det faglege stoffet føler eg at eg har meir kontroll på.

Ill bloom prosa 6 23
Illustrasjon av Christian Bloom.

Difor er språkvasken ein prosess han har stor nytte av, fortel han. Men akkurat korleis samhandlinga med språkvaskaren artar seg, har vore nokså forskjellig.

– Eg har hatt ein språkvaskar som eg diskuterte teksten med over lunsj. Men dei siste gongene har språkvasken gått direkte til redaktøren, og eg har ikkje snakka med språkvaskaren.

Det er fullt mogleg å språkvaske ein tekst utan på noko tidspunkt å ha ein fysisk interaksjon med korkje forfattar eller redaktør, stadfestar Rannveig Larsen Austad. Ho driv firmaet Rettkonsulent, som ho starta for vel ti år sidan då ho fekk sine første oppdrag som språkvaskar i eit faglitterært forlag. Sidan den gongen har ho samarbeidd både med forlag og med håpefulle forfattarar som treng manushjelp før dei kontaktar forlaget med teksten sin.

– Jobbar eg direkte med ein forfattar, blir det gjerne nokre rundar fram og tilbake, for då må vi opparbeide ein relasjon. Men kjem oppdraget gjennom forlag, er det knapt snakk om noko samarbeid i det heile, vil eg seie.

I slike tilfelle kjem oppdraget på e-post, og Austad leverer ferdig utført oppdrag på same måten. Forfattaren har ho ikkje kontakt med.

Må alltid vere audmjuk

– Med språkvask endrar ein ikkje på det som blir sagt, men måten det blir sagt på, innpakkinga. Eg spesifiserer at innhaldet vil vere det same, det er berre språkdrakta eg pyntar på, seier ho.

– Eg ser på syntaks, samanheng, idiomatiske uttrykk og språklege assosiasjonar i teksten.

Overforbruk av klisjear eller feil bruk av omgrep kan fort velte ein faglitterær tekst, og kanskje blir dei heller ikkje brukte på same måten kvar gong. Kanskje tek forfattarane litt lange krumspring og kjem for nær det skjønnlitterære når dei vil forklare noko faglitterært.

Austad lagar alltid det ho kallar ei «konsekvensutgreiing» for språkvaskoppdraget, som er ei skriftleg grunngjeving for råda ho gjev.

– Det er viktig å kunne gå tilbake og sjå kva ein har tenkt. Ikkje alle er vane med å ta imot konstruktiv kritikk. I tillegg må eg alltid vere veldig høfleg og understreke at det eg seier, berre er eit råd. Eg må passe på å alltid vere audmjuk.

Rannveig austad
Språkvaskar Rannveig Larsen Aurstad. Foto: Jon Martin Austad.

Dei teknologiske endringane har vore store i bransjen berre sidan Austad starta verksemda si, og ikkje alle er like glade for det.

– No skjer alt digitalt, og eg brukar «spor endringar»-funksjonen fordi både forlag og måten ein arbeider på i dag, fordrar det. Det er intuitivt og enkelt for dei fleste, men det er jo ikkje alle som er kjende med det. Då må eg følgje opp forfattaren. Så blir det heimebesøk med kaffi og rullekake.

Eit anna ytterpunkt er store samarbeidsprosjekt som involverer mange redaktørar og forfattarar. Det skjer stadig oftare, særleg når det gjeld lærebøker og fagbøker, og krev både emosjonelle og sosiale ferdigheiter, sjølv når all kommunikasjon skjer digitalt.

– Då må ein ta nokre avgjerder. Er ei bok som er ført i pennen av ulike forfattarar, tent med same språkdrakt for alle kapitla? Ikkje nødvendigvis. Eg vil gjerne halde på språkleg eigenart med til dømes dialektinnslag og andre raritetar som gjer språket levande. Eg har ikkje blitt ei maskin, ikkje enno, ler ho.

På den andre sida hender det at ho får språkvaskoppdrag frå forlag der ho endar med å melde tilbake at stoffet ikkje bør bli bok. Kvar grensa går før språkvasken bikkar over i eit skuggeforfattarskap, kan vere vanskeleg å avklare.

– Ofte må eg stogge meg sjølv når eg oppdagar at nei, no har eg gått langt utover mandatet mitt. Men er det ein oppdragsgjevar eg har lese mykje for, då veit dei kva eg leverer, og dei forventar at eg leverer på same nivå neste gong. Det kan fort skape meirarbeid.

Først forstå, så teikne

Konsekvensanalyse, audmjukskap og velgrunna råd er altså Austads triks. Kva med Thomas Madsen, han med mottoet?

– Det mottoet står på heimesida mi fordi det er utruleg viktig med ryddig kommunikasjon, og det har av og til mangla, seier Madsen.

Frå heimekontoret på Laksevåg i Bergen har Madsen illustrert fleire bøker, også sakprosa.

– Ved sakprosa ligg det ei faglegheit i botnen som er utanfor min kompetanse. Eg kan ikkje presentere ei skisse før eg sjølv har forstått innhaldet, og då ber eg om ei mest mogleg tydeleg forklaring. Oftast står redaktøren og eg på same faglege nivå, og forfattaren eller forfattarane må forklare for oss begge, seier han.

Av desse samarbeidsprosessane har han lært seg kunsten å stille grundige spørsmål. Han har opplevd å sende ut skisser – eller verre, ein serie skisser – og få tilbakemelding som «å ja, forresten, vi gløymde visst å nemne noko veldig viktig …». Difor mottoet, altså.

– Det er gjerne slik at fagpersonar sit der med noko dei har veldig god greie på, og ikkje veit at eg ikkje kan det, seier han.

Madsen thomas
Illustratør Thomas Madsen. Foto: Kjerstin Gjengedal.

Det står ofte fleire forfattarar eller fagpersonar bak ein sakprosatekst. Er det eit velfungerande samarbeid, har forfattarane bestemt på førehand kven av dei som skal ta seg av kommunikasjonen med illustratøren.

– Er dei usamde seg imellom, tek eg det til redaktøren, og då ordnar det seg på magisk vis. Jobben redaktøren gjer, er for meg ubegripeleg, seier han.

Med det første bokoppdraget, som var ei skjønnlitterær barnebok, følgde det relativt stor kunstnarisk fridom. Når det er snakk om sakprosa, nyttar det ikkje å kome til oppdraget med ei innstilling om at kunsten går framfor alt.

– I sakprosa skal det vere både fagleg og forståeleg. Får eg i tillegg bruke den kreative sida mi, er det ein bonus. Det kan også vere lettare å kome med originale idear når ein sjølv manglar fagkompetansen. Dei kan sjølvsagt bli avskrivne som håplause, men då har eg i alle fall fått prøve meg.

Omstridde omslag

Det kan vere tilfeldig, men ingen av dei intervjua har saftige historier om samarbeid som har gått på tverke og skapt vondt blod mellom slekter i generasjonar. Snarare skimtar vi eit mønster som er typisk for bransjar som er prega av mykje frilansarbeid: Når ein ikkje finn tonen i samarbeidet, let ein ganske enkelt vere å kontakte den frilansaren neste gong.

Språkvaskar Austad minner om at dersom ho har med eit profesjonelt forlag å gjere, skal det vere redaktørens, og ikkje hennar, oppgåve å handtere usemje om forslaga ho kjem med i språkvasken.

– Men eg hugsar ein gong ein forfattar skreiv ein e-post til forlaget i affekt etter ein språkvask, og forlaget vidaresende e-posten til meg fordi dei ikkje visste korleis dei skulle svare vedkomande. Då kunne eg ikkje gjere anna enn å ta fram konsekvensutgreiinga og forklare så godt eg kunne kvifor eg hadde gjort som eg hadde gjort.

Interessant nok er det ofte ikkje teksten, men det visuelle som fører til usemje mellom partane.

– På eit omslag er det grafiske uttrykket så direkte at du straks ser om du likar det eller ikkje, seier Guro Nielsen Solberg.

– Vi brukar først spørje forfattaren kva omslag dei har sett for seg. Har dei døme, bilete dei vil bruke, tankar, idear? Det sender vi vidare til den som lagar omslaget, og får skisser tilbake.

Bokdesignerane vi brukar, er flinke og erfarne, men nokre gonger er tilbakemeldinga frå forfattaren at «dette var ikkje det eg såg for meg», og så blir det fleire rundar.

Det hender at Thomas Madsen må helle kaldt vatn i blodet på forfattarar som har lagt mykje energi i å førestille seg korleis boka skal sjå ut.

– Ofte har forfattaren ein idé om korleis ting skal vere, og så kjem eg og øydelegg ideen. Eg må seie at desse fargane ikkje kompletterer kvarandre, eller at dette ikkje kommuniserer det det bør kommunisere. I slike tilfelle har eg kontakt med redaktøren, og kan ikkje gjere anna enn å underbygge mitt syn så godt eg kan.

Då Müller skreiv barneboka Supervulkaner og digre dinosaurer (2020), brukte han først mykje tid med redaktøren for å finne stilnivået, før illustratøren Sigbjørn Lilleeng vart involvert. Men erfaringa var så god at han no er i gang med ei ny barnebok i teikneseriesjangeren, med same illustratør.

– No jobbar vi tett saman heile tida. Kvar gong vi et lunsj i lag, kjem det opp nye idear. «Kva om denne figuren seier dette?» Så tek vi ideane til redaktøren. Det gjer at vi nesten blir ein organisme på tre personar som lagar boka. Med Ild og is sat eg i to år og skreiv utan at nokon las noko. Eg hugsar kor utruleg glad eg vart då redaktøren inviterte meg heim på kaffi og sa «takk for at du viste meg den djupe tida».

Den einsame omsetjaren

Alle vi har snakka med så langt, må no og då ta avgjerder i samarbeid med andre involverte i bokprosjektet. Slik er det ikkje for omsetjar Hege Mehren.

– Eg har sjeldan noko med forfattaren å gjere, særleg dersom han eller ho ikkje lever lenger. Og eg har eigentleg sjeldan kontakt med redaktøren heller, med mindre det må takast særskilde val om stilnivå og slikt, seier ho.

Det finst rett nok unnatak. Då ho i fjor omsette Begynnelsen til alt (originaltittel: The Dawn of Everything) av David Wengrow og no avdøde David Graeber, møtte ho Wengrow på lanseringsarrangementet i Oslo.

– Etterpå sat vi og åt lunsj med ein masse fagpersonar, men den som verkeleg kunne snakke med forfattaren … Uff, dette høyrest ut som sjølvskryt, men den som verkeleg har nærlese boka, er jo omsetjaren. Han forstod den jobben eg hadde gjort, for han veit kor vanskeleg boka er. Han spurde korleis eg hadde løyst det og det, og eg kunne fortelje. Det var ein veldig meiningsfylt samtale.

Mehren har alltid hatt stort utbyte av det dei sjeldne gongene ho treffer forfattarane sine i slike samanhengar.

– Men då er jo boka ferdig. Har eg totalt misforstått noko, er det for seint å gjere noko med det.

Teksten styrer alt

Mehren omset hovudsakeleg frå engelsk, både skjønnlitteratur og sakprosa. I 2021 fekk ho Rosettaprisen for beste omsette sakprosa, med boka Livet på landet. Vår felles arv (originaltittel: English Pastoral) av James Rebanks.

Hennar viktigaste samarbeidspartnar er teksten. Og så internettet, då. Skriv ho noko som ikkje fungerer, får ho greie på det i form av endringsforslag frå manusvaskaren.

– Ideelt sett har manusvaskaren då lese manuset opp mot originalen og kan kommentere at «i originalen står det sånn, medan du har skrive det slik – er det medvite?» Det er utruleg viktig at manusvaskaren les med mistru.

Derimot har Mehren hatt mange møte med folk utanfor bokbransjen. Når ein sit tett på ein tekst, kan nesten kva som helst utløyse eit behov for å søke råd hos folk med spesiell ekspertise.

– For tjue år sidan var det utruleg viktig å kjenne nokon som kjende nokon. No er det jo mykje kjappare å google noko enn å opphalde seg ein dag på Det teologiske fakultetet for å få ei tolking av Tomasevangeliet eller noko slikt, men eg må framleis det innimellom. Og no er det ein fryd, for då kjem ein ut i verda.

Den sparsame kontakten med dei andre involverte i bokprosessen kan i sjeldne tilfelle få ekstremt uheldige utfall, som den gongen ho arbeidde med James Lee Burkes Blikktakblues fra New Orleans. Ho gjorde ein feil då ein tekst skulle kopierast og limast inn i eit anna dokument, og eit halvt kapittel forsvann på vegen.

– Feilen var min, men korkje manusvaskar, korrekturlesar eller redaktør såg det. Det var meldar Leif Ekle i NRK som påpeikte det i meldinga si.1 Det vart det oppstuss av, og forlaget måtte trekke boka. No blir alt lagra i skya, så akkurat den typen feil er det slutt med, seier Mehren.

Dersom vi skal tenkje på å samanfatte, ser den mest eintydige erfaringa frå boksamarbeidsprosessar ut til å vere: Når noko går gale, ring redaktøren! Men det er ikkje redaktør Solberg samd i.

– Eg prøver verkeleg ikkje å smiske når eg seier at det ikkje er redaktøren som gjer ei bok vellukka. Det kjedelege, men sanne svaret er at alt avheng av boka, seier ho.

– Og den er det ein forfattar som har skrive godt, ho er vakent lesen av ein språkvaskar og nøyaktig lesen av ein korrekturlesar, og vakkert illustrert og kreativt designa slik at lesaren faktisk plukkar opp boka i bokhandelen. Ein god redaktør kjenner att alle desse kvalitetane.

NOTE
1 Leif Ekle: «Blikktakblues for New Orleans», nrk.no, 30. januar 2008.

Kjerstin Gjengedal (f. 1974) er frilansjournalist og podkastar.