Merete Røsvik

Visuell kompetanse

Vi treng kritisk medvit om det visuelle fordi sosiale medium har gjort at vi snart lever like mykje i ein biletkultur som i ein skriftkultur. Bilettolking kan krevje like mykje forkunnskap og kontekst som lesing av tekst.

Kråka flyr i cyberspace

I år er det 25 år sidan Mari Toft opna den første leiarartikkelen i Prosas historie med setninga «Faglitteraturen har mye å si om kråka», før ho utpeika den frekke, men intelligente åtseletaren til «Prosas høye beskytter».

Alt kan bli forandra

Overskrifta for denne leiarartikkelen skulle etter planen vere «Kulturen er trygda», som ein kommentar til kor avhengig bokbransjen er av offentlege og private støtteordningar – samtidig som det ikkje er regulert kor dårlege vilkår ein kan tilby frilansarar. Men den planlagde artikkelen om forlagsøkonomi måtte utsetjast på grunn av sjukdom. Så kom dei nasjonale tiltaka for å stoppe koronaviruset, og alt såg med eitt annleis ut.

Tredimensjonal prosa

Kritikk av ulike kunstformer kan, vidt definert, romme alt frå vitskaplege artiklar og essayistikk til korte meldingar i dagspressa. Prosa har invitert to profilerte kritikarar med brei erfaring til samtale om kva som gjer kritikken god – og naudsynt.

Måtar å sjå på – måtar å skjøne på

Det tok ikkje lang tid frå eg tok plass i redaktørstolen på Prosa-kontoret, til dei første bøkene om kunst og skjønnlitteratur landa på bordet. Først vurderte eg at dette ikkje var ordentleg sakprosa – det er nemleg historie, filosofi, politikk og naturvitskap. Forfattarbiografiar fekk til naud gå, elles tenkte eg at kunsten får nok merksemd. Men ettersom bunken vaks, måtte eg revurdere.

Den norske draumen

Noreg er ein open økonomi: Vi er avhengige av vareimport, men eksporten er så stor at vi går godt i pluss. Rett nok har handelsoverskotet visse skuggesider: «Fredsnasjonen» Noreg, som meklar i internasjonale konfliktar og deler ut Nobels fredspris, eksporterte våpen for 5,8 milliardar kroner i 2018. Og vi veit alle kva norsk olje og gass gjer med atmosfæren. Men éi eksportvare kan vi vere udelt stolte av: norsk litteratur.

Smittande engasjement

Eg er neppe den einaste forelderen i Noreg som gjerne skulle ha forvist Apple, iPhone, Snapchat, YouTube og alt deira digitale vesen til ein av dei djupare kretsane i Inferno – ein utan wifi og 4G.

Frivillige krefter

Få stader blir vår tids traume så påtrengjande konkret som hos desperate menneske på flukt. Frilansarane Anders Hammer og Kristina Quintano oppsøkjer det dei fleste av oss stengjer ute.

Hjartet i rasjonaliteten

At kjensler påverkar alt vi gjer, er løyndomen alle kjenner, men få pratar om. Men sensitivitet og emosjonell intelligens kan vere like avgjerande for ein god fagperson som evna til logisk tenking, fordi mykje av informasjonen om verda kjem til oss via kjenslene.

Verdihierarki

2019 er eit år for feiring i norsk litteraturbransje, med både gjestestatus ved bokmessa i Frankfurt og 500-årsjubileum for den trykte norske boka. Og som i alle andre år vil diverse kåringar ta opp både tid, pengar og merksemd. Men å drysse konfetti over seg sjølv er neppe det som skal til for å snu trenden når boksalet går ned og konkurransen frå elektroniske medium gjer det vanskeleg å rekruttere nye lesarar.