Julekort

Nye nettsider til jul!

Prosa #6 2019 er ute, og vi lanserer nye nettsider! Det er på tide med takkseiingar og gode ønske.

Når Prosa #6 2019 i desse dagar landar i postkassene, har eg levert min første årgang av Prosa. Det har vore utfordrande – i den eigentlege meininga av ordet, altså skjerpande og spennande, til tider nervepirrande og utmattande, men ikkje problematisk. Grunnen til at det har blitt eit givande og så godt som problemfritt år, er sjølvsagt ei lang rekke med gode samarbeidspartnarar:

Designar Johanne Hjorthol, prosjektleiar Heidi Helgerud og annonseseljar Sissel Bjerkeset ved PoliNor Fagpresse, korrekturlesarar Eldbjørg Hovland, Henninge Solberg, Lisa Vesterås og Sunnev Gran, fotograf Ilja C. Hendel, abonnementsansvarleg Camilla Marie Widholm i NFFO og sjølvsagt Thomas Knutstad og Inge Jørgensen hos Anyone som har laga dei nye nettsidene. Takk for at de er kreative, pålitelege og tålmodige!

Ikkje minst må eg audmjukt takke den lange rekkja av kunnskapsrike, hardtarbeidande, engasjerte og velformulerte skribentar som har takka ja til utfordringar eller sjølv meldt inn gode prosjekt. Takk også til alle som har stilt opp og svart på meir eller mindre velformulerte spørsmål i intervju og spalter. Utan gratisarbeid stoppar som kjent kultur-Noreg, men eg håper de føler at de har fått noko tilbake likevel.

Eg vil også takke alle som har gitt meg tilbakemeldingar på innhaldet i Prosa. Det har blitt berre bittelitt ris, men den er også nødvendig, så det er ingen grunn til å leggje band på seg i 2020! Ros og støtte har det vore vesentleg meir av, og det har betydd mykje. Faktisk er det i løpet av året fleire som har påstått at dei les Prosa frå perm til perm, og ingen kompliment kan vel toppe DET!

Dei nye nettsidene er Prosas julegåve til verda. Dei vart til på grunn av behov for nye og betre tekniske løysingar, og eg er svært nøgd med resultatet. Håpet er sjølvsagt at Prosa no skal skal bli lesen på fleire av alle data-, iPad- og mobilskjermane som blinkar der ute i vinterkvelden.

Sånn. No kan de lese julekortet ein gong til.