78280055 1006640106352451 4115589378451963904 o

Prosa har fått tilskot frå Kulturrådet

Tilsegn om 341 000 kroner frå Kulturrådet gjer at Prosa framleis kan bli å finne i bibliotekhyllene. Men det er spenning knytt til om biblioteka vil bestille sponsa abonnement.

Tidlegare i år avvikla Kulturrådet innkjøpsordninga for tidsskrift og innførte i staden ein modell kor bibliotek får sponsa 75 prosent av kostnaden for abonnementet. Det har vore ein del spørsmål knytt til korleis dette skal fungere i praksis. Prosa tok sjansen på å søke Kulturrådet om tilskot som gjer det mogeleg å vidareføre like mange biblioteksabonnement som tidsskriftet har hatt gjennom innkjøpsordninga i 2019, pluss 75 000 kroner i distribusjonstilskot. Den totale søknadssummen var på 267 150 kroner, men det bevilga tilskotet frå Kulturrådet vart høgare: 341 000 kroner. Det er gledeleg!

Likevel er enkeltpersonredaksjonen spent på kor lett eller vanskeleg det vil bli overtale dei 427 biblioteka som har hatt Prosa i år, til å betale eigenandel for abonnementet. Håpet er sjølvsagt at tilgangen til Prosa gjennom innkjøpsordinga har gitt meirsmak. Samtidig veit ein at økonomien i mange bibliotek er svært pressa og at det er mange grupper å ta omsyn til når dei skal prioritere budsjettmidlane.

Prosa er eit tidsskrift som gjennom NFFO har trygg finansiering. I solidaritet med dei mange tidsskrifta som er drivne med minimale budsjett og stor dugnadsånd valde vi difor å ikkje søke om driftsstøtte. Å søke om støtte til biblioteksabonnement var derimot naudsynt, sidan det no, etter at tidsskriftet ikkje lenger får distribusjon gjennom Narvesen-kioskane, er den einaste måten Prosa på papir vil vere tilgjengeleg i heile Noregs land for dei som ikkje abonnerer.

Tilskotet frå Kulturrådet er difor svært velkome, men i den nye ordninga er det berre starten, sidan utbetalinga er knytt til kor mange abonnement ein kan vise til. No gjeld det altså å varme opp både tastefingrane og seljarstemma. Vil du slå eit slag for samtalen om sakprosa, så spør gjerne etter Prosa på ditt lokale bibliotek!

Les meir om tildelingane til tidsskrift og kritikk på Kulturrådets nettside.