Statleg sektor veks, og då kan gode råd vere så dyre dei vil. Konsulentselskapa har kome for å bli og hjelper det offentlege med alt frå skattekort til skilting. Somme av desse selskapa skal hjelpe statsinstansane med kommunikasjon og profilering, slik at dei framstår (og er) pålitelege. Men korleis skriv desse PR-byråa om seg sjølve?

Noreg fekk ein statleg kommunikasjonspolitikk i 2009. Den erstatta den til då statlege informasjonspolitikken, sist revidert i 2001. Ut over at informasjon no heiter kommunikasjon og omgrepet borgar er bytt ut med det presumptivt meir moderne innbyggjar, kan ein lese på heimesidene til det heilt nye Kommunal- og moderniseringsdepartementet (superdepartementet til Jan Tore Sanner, veit du) at politikken skal syte for at folk (som nok er ordet eg vel å halde meg til til eg òg får jobb i staten) skal #få korrekt og klar informasjon om sine rettar, plikter og moglegheiter*. I tillegg er det slik at me gjennom offentleg språkbruk og offentlege talemåtar skal #få tilgang til informasjon om staten si verksemd*, men det stoggar ikkje der: Me skal i tillegg #inviterast til å delta i utforminga av politikk, ordningar og tenester*. Korleis det siste er meint å verke i praksis, skulle sikkert mange av oss likt å ta ein prat med Jan Tore om, sidan han er ansvarleg for så mange som 33 av lovverka som omgjev oss, men det kjem han sikkert til å ta tak i etter kvart. (Først lyt han nemleg #samordne regjeringens moderniseringspolitikk*, ha ansvaret for #områder som plan- og bygningsloven, boligpolitikk, nasjonal IKT-politikk og digitalisering, kommuneøkonomi, valg, personvern, forvaltningspolitikk, regional- og distriktspolitikk, statlig bygg- og eiendomspolitikk, statlig arbeidsgiverpolitikk og same- og minoritetspolitikk*, som det heiter hjå departementet. Og det er vel nok til å ta nyttårsluven frå nokon kvar?)

 

Godt å delegere

Men så er det slik i det offentlege, som elles, at har ingen tid til å gjere alt, og det er godt å delegere. Dei 425 tilsette i KMD (som ein seier når ein ikkje kan seie Super-departement) kan jo sikkert ta seg av det meste på denne lista, til dømes det der med minoritetar og bygningslovar og IKT-politikkar, medan andre ting kan eller lyt ein kjøpe seg ut av. Og kven er det offentleg sektor ringjer til når dei er i ei knipe og treng hjelp og vil at eit par drivne hender skal ta over rattet litt? Konsulentane, vel.

Fram til eg vert gift og dinest skild og kjem til å trenge ein kjekk, trygg mann i dress som kan ta den vonde praten for meg, kan eg lese meg opp på heimesidene til desse firmaa. Og det er jammen bra eg har god tid på meg, for det tek tid å avkode språket desse selskapa nyttar om seg sjølve, når dei forklarar kven dei er, og kva dei eigentleg held på med.

Eg skriv eigentleg, for alle veit jo at dette er ein bransje som kommuniserer med ryggen mot veggen og sikkert kjenner trong til å forklare seg. PR-byråa har ikkje overdrive høgt truverde hjå folk flest. Og kor rart er det, med eigenpresentasjonar som er sleipe og unnvikande som eit gelétog mot slutten av ein barnebursdag? Det etter kvart berykta kommunikasjonsbyrået First House meiner til dømes sjølv at #Vårt mål er å utgjøre en forskjell i viktige saker for kunder i næringsliv og offentlig sektor*, medan konkurrenten Geelmuyden.Kiese ikkje er #opptatt av kommunikasjon i seg, men av den endring kommunikasjonen skaper*. Forskjell og endring gjennom kommunikasjon høyrest jo bra ut, om ikkje særleg handfast. Men når dei skal skildre kva dei faktisk gjer for å nå desse måla, vert det straks meir kryptisk.

Dei tilsette i Geelmuyden.Kiese (og dei er det ganske mange av) meiner sjølve at dette er måten å gjere samfunnet vårt betre på: #Sammen utvikler vi kommunikasjonsstrategier, regisserer maktprosesser, skaper dramaturgi, og implementerer handlingsplaner.* Lista er verd å gå gjennom ein gong til og å lese ordentleg sakte. Skape dramaturgi, til dømes. Eller regissere maktprosessar. For offentleg sektor, altså. Kva synest me eigentleg om det?

 

Tåkete metaforar

Som retorikkutdanna sjølv skal eg vere varsam med å anklage folk for medviten manipulativ omgang med ord, men eg vert freista til å hevde at mykje av dette er tåkeprat, og endåtil med dårleg metaforbruk. For tenk å omtale seg som både #folk som har stått i stormen*, #vore i krigen*, er #eit kraftsentrum* og #ein sparringspartnar* — i same teksten! Då er det ikkje rart First House føler behov for å presisere at dei ikkje freistar å #presse alle medarbeidere inn i den samme formen*. Når dei derfrå presenterer filosofien bak selskapet, mellom anna med gullkorn som #Vi vet at Norge er langstrakt og sammensatt*, medan dei derimot #tror at en sak alltid har minst to sider*, freistar det lite å fortsetje til #metodikk*-kapittelet deira.

Selskapet Creuna er noko lausare i snippen og har i tillegg til fyldig firmapresentasjon late dei tilsette sjølve velje portrettbilete på heimesidene. Om lag helvta har landa på å bruke feriebilete av ymse slag, så eg kan velje å lese meir om kompetansen til ein Director of Business Development med seglbåt, ein Manager & Senior Consultant på topptur med hjelm, ein Creative Director med sans for paraplydrinkar, pluss ho med stillingstittelen Manager Project and Process Management, som er skikkeleg dårleg i snøballkrig. Og det ser ut til å fungere, for kundelista er både lang og solid: Stortinget, Ruter og Posten er mellom dei som har kjøpt tenester av desse folka. Om det ikkje ser heilproft ut, er det i alle fall befriande etter ein leserunde hjå konkurrentane, som lirer av seg frasar på frasar som denne: #Våre kunder får tilgang til selskapets samlede kompetanse og ressurser, og kan forvente førsteklasses kommunikasjons-strategisk kompetanse, effektiv og praktisk rettet rådgivning, innsikt i strategiske og forretningsmessige forhold, og engasjement.*

Språkrådet er forskriftsfesta motstandar av språkleg ukrut av alle slag — også når den kjem frå staten sjølv. For å syne kor ille det kan bli, har dei sett saman den såkalla Svadageneratoren, der du kan lage deg gilde setningar med mange ord, men desto mindre innhald. Det er berre å velje ordklasse og setje i gang, så får du formfullende, men meiningslause setningar til årsrapporten eller heimesidene: Forutsatt en tiltagende utvikling effektueres erfaringsutvekslingen i tillegg til ressurssituasjonen. Sett hen til en tverrfaglig overveielse initieres instrumentet hva gjelder behovene eller Med utgangspunkt i en tverrfaglig kvalitetssikring dokumenteres strategien hva angår realitetsorienteringen. Å, ein har underhalding i timesvis! Og så er det mykje billegare enn konsulentar.