UeDkocVH_pR73iyLjOTJf7tinMNGIXQL5kQa5vDMvSA

Fortida er ikkje kva ho ein gong var. Men det er sanneleg ikkje framtida heller.

Eg har fått den udelte gleda det er å gå gjennom alle nummer av Prosa for å finne ut om det har blitt skrive noko morosamt i dei tjue åra Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening har gjeve ut tidsskriftet.(1) På min spake førespurnad til gode redaktør Hovdenakk om han med det meinte humorspaltene i blada eller tekstar som kan verke ufrivillig komiske mange år seinare, fekk eg vel i grunn ikkje noko klart svar. Så då ser eg på båe typar, og så overlèt eg til den einskilde lesaren å gisse om forfattarane har meint å vere artige, eller om det berre er tidas tann som har fare ekstra hardt med somme av desse faglitterære perlene.

FRAMTID I KJØMDA Systematisk og lite kreativ som eg er, byrjar eg med første nummer. Og det vert raskt tydeleg at i dei første årgangane kjem det til å handle mykje om éin ting: Internett. Eller Internettet, som Prosa er opptekne av å kalle det, når dei ikkje er fortrulege og berre kallar det Nettet. Men i bestemt form, må vite. Stor bokstav. Og redaksjonen går sakleg til verks når sakprosaskribentane i landet skal få opplæring i revolusjonen: «E-mail-boksen, høh? OK, la oss gå i gang: Den er ingen boks, men en meny i det programmet som du må ha skaffet deg for å bli med på Internettet.» Pen og roleg start der, altså. Og vidare: «Noen finner fort ut at de må anskaffe seg sekretær hvis de skal ha full glede av Internettet, for de må være så mye 1 NFF, altså. Eller NFFO, viss du er ein av dei. Eller om du er den fortvila omsetjaren eg snakka med på telefonen i førre veke, som hadde vore innom nettsidene til både Norges Fotballforbund (NFF), Norsk forening for fjellsprengningsteknikk (nff.no), Norsk Fysioterapeutforbund (NFF) OG tidsskriftet Norsk sakprosa (sakprosa.no) i freistnaden på å kontakte omsetjarkonsulenten sin: Berre kom innom meg i Uranienborgveien 2, du. (Inngangen er forresten frå Parkveien.) ‘oppe’ at de ikke får tid til noe annet. Arbeidsbesparende er Internet ikke», åtvarar Prosa. Nei, det skal vere sikkert og visst. Ein av dei røynde brukarane som er intervjua i den potensielle kultsaka «Internet-brukere: Ville ikke vært det foruten», seier forresten stolt at «Jeg er ikke blitt nettnarkoman, men det er lett å bli det. Da World Wide Web kom, sølte jeg bort en hel weekend på å klikke meg inn i de utroligste kilder for en hel masse informasjon som jeg aldri har hatt behov for». Heile første helga gjekk med, gitt! Slikt er det lett å le av i dag. Men låtten stilnar i halsen, for er det ikkje slik helgene våre har blitt no, alle saman? Og kvardagane òg, no når eg tenkjer gjennom det? Kattevideoar og meldingar på Facebook kan ta arbeidsevna frå nokon kvar. Godt då at det same Prosa-nummeret i tillegg har ein test av kulepennar, for å liksom hente inn att det taktile aspektet ved det å vere i ein bokbransje, trass alt. Ekspertpanelet er fullt av opprømde utsegner som «Et besynderlig skriveredskap. Skal jeg gi den en karakteristikk må det bli: Interessant, men neppe helt moden. Jeg ville ikke like å jobbe med den. Og fargen er avskyelig» (om Zebra Rubber 101), «Ikke god. Direkte ubehagelig i hånden. Det riflete feltet i holdeområdet kan man få varig mèn av. Dessuten er spissen for tynn» (om Zebra Hand Crystal) og «En fordel at det bare er å trykke den ned, så er den i gang. Godt tak. Men klikken kan svikte, og det er mulig den er svakere i kulde» (om Bic m/klikk).

Allereie i neste nummer er me tilbake i p-verda, denne utgåva har endåtil undertittelen «Gamle bøker». Men det er tydeleg at datapraten frå første nummer ikkje var eit blaff, for Prosa smeller til med ei eiga informasjonsspalte for bruk av verdsveven! Og den er ubetaleleg. «Bare rolig, Internet er nyttig.» E-posten kan til dømes vere kjekk å ha, han «fungerer omtrent som en slags tekstbehandler, men med den forskjell at du kan klikke på et symbol eller taste en kommando hvorpå brevet ditt forsvinner ut på Internet (i alle fall hvis du har husket å skru på modemet)».

MUGG OG KORTVERSJONAR Men dei første årgangane er oppekne av andre ting enn den digitale kvardagen òg: Muggproblema i den nye bokbyen i Fjærland vert omtalte i engstelege ordelag. (Var det ein tabbe å leggje ein bokby til ei bygd med så få folk og så mykje fukt i lufta, eller dreier det seg om ei misforståing kring ein feilsend konteinar frå USA med allereie mygla bøker? Følg ordskiftet i Prosa!) Tidsskriftet fer elles på reportasjetur til eit makuleringsanlegg for bøker, melder bokstavkjeksøskjer (INGEN av øskjene har komplett alfabet! Kritisk intervju med kjeksfabrikant), trykkjer 3D-fotografi og norske klassikarar i amputerte teikneserieutgåver. Småspalta «Kortversjonen» er òg nyttig lesnad – her får du særs stutte svar på det einaste du eigentleg treng å vite om faglitterære klassikarar. Paa ski over Grønland av Nansen kan til dømes oppsummerast slik: «Hva boka handler om: En skitur. Hvem er for: Bjørnson, det norske folk. Hvem er mot: Hamsun, svensker og andre landssvikere.»

Over i neste redaktørperiode er kråkefuglen vekke som logo, og me vert ikkje lenger ønskte velkomne av antropomorfe fuglar i sakprosasituasjonar. I staden har Prosa det noko trusselaktige slagordet «Tegn abonnent – det lønner seg!», utan at bladet verkar direkte avskrekkande av den grunn. Med mindre ein sjølv er deltakar i det offentlege ordskiftet, då: I humorspalta «Anti-Prosa» kunne ein risikere å få ordentleg tyn frå det anonyme skribentkollegiet som stod bak tekstane. Lista over «Fagbøker vi frykter vil komme» og andre tittelframlegg er til dømes skrekkeleg å lese no, sidan fleire av desse bøkene faktisk har blitt publiserte (trur eg): Både Carl-Erik Grimstad: Monarkiets død – en tidligere soussjefs betraktninger, Carl I. Hagen: Den vanskelige tiden. Et oppgjør med media og Vigdis Hjort: Menn vil falle over kvinner som har falt fra før, eller i alle fall bøker med temmeleg like titlar,kan truleg kjøpast på eit pallesal nær deg.

At denne spalta skulle ta ting på kornet og harselere med aktuell drøs frå bokbransjen, er lett å sjå. Her er det gjort narr av folk og tematikk me femten år etterpå slit med å hugse, eller ikkje har høyrt om i det heile. Ingen ting ser så rart ut som retrospektiv samfunnsdebatt, og det er berre naturleg at satiren om den same debatten verkar noko … datert. Men det redaksjonelle grepet med å samle humoren i midten av bladet skal gjere det lett å sjå kva som er meint å vere morosamt, difor vert eg usikker når eg ser reklamar, notisar og anna stoff eg er i tvil om er meint alvorleg. Reklamen for ein nettbokhandel med slagordet «Har du søkt på maken?» har til dømes bilete av boka Kama Sutra for One. The Single Man’s Guide to Self-Satisfaction. Er det med vilje? Kva var det dei tenkte på? Var dette humor i 2001, eller var det ramme alvor? Når ein heil årgang av tidsskriftet i tillegg har reklamar for eit papirselskap som kan lokke med «Papir til alle typer bøker … Amber, Artctic, Munken. Bestill gratis dummytil ditt bokprosjekt!», skal eg då tolke dette som bransjestrukturell og veldig subtil humor, eller var det slik at forleggjarar faktisk konsulterte Prosa når dei skulle velje papir til nye utgjevingar? Sanneleg om eg veit.

FAGLITTERÆRE BRETTSPELL Men misforstå meg rett, det er mykje å humre av. «ANTI-PROSA, antiperspiranten som holder deg tørr i ett kvartal. Produsert av Trond Andreassen. Uranienborg – Tåsen – Ustaoset – Bergen»: Framleis ubetaleleg. Og i eitt av julenummera er det eit brettspel der du kan risikere å hamne på felt med ordlyden «Du har begynt å skrive biografien din på nynorsk. Rykk tilbake til start og tenk deg veldig godt om før du kaster på nytt!». Eller: «Du har skrevet en bred, episk roman som flørter hemningsløst med den folkelige smaken, men blir ikke anmeldt andre steder enn i Morgenbladet. Stå over fem kast!» Godt å sjå at somme ting er konstante.

Hjartet mitt bankar jo litt ekstra for folk som syslar med sakprosa, og eg koser meg difor godt med spalta «Anti-Prosas faglitterære forfatterskole». I leksjon tre, «Hvordan få lesere til boka di?», er tipset å starte ein faglitterær bokklubb der medlemmar får boka først som velkomstpremie, dinest som vervepremie og vidare innbunden og signert. Så er tipset å «tilby å betale portopengene til klubbmedlemmer som mottar boka di». Lista held fram, men diverre lokkar dei med at namnet på leksjon fire er «Slik avslutter du forsøket på å bli faglitterær forfatter og går tilbake til en vanlig jobb med fast inntekt uten å tape ansikt». Somme ting er altså konstante, som nemnt. Og apropos orientering om sentrale tema: Lars Fiske-teikninga av stakkaren som les faglitterær porno (sokkane på, det frenetiske blikket, boka på stake så han kan nytte båe hendene til å klø seg i hovudet, du verda!) burde då kunne brukast opp att?

Det der selskapet med annonsar for papir var forresten ikkje tull, reklamane deira held fram langt inn i neste redaktørperiode. Og no lokkar dei med trelaust papir som alternativ til bøker «som ikke er ment å ha evig liv»! Eller kanskje det framleis er tull, forresten? Eg er i villreie.

Brettspelet skal vise seg å vere ein populær sjanger i sakprosahumorkrinsar, og Prosak-spalta med spelet om dei forsvunne millionane til innkjøpsordninga for sakprosa burde framleis vere god tidtrøyte for mange. (Kvar skal ein gå? Rett svar: Lorry, så klart.) Underheld gjer òg den komparative undersøkinga av kva som gjer skjønn- og faglitterære forfattarar nøgde: Ein skjønnlitterær forfattar er nøgd viss ho får vere gjest i «Først & sist», medan ein fagforfattar er fornøgd viss ho har råd til ein tv, slik at ho får sett «Først & sist». Ein skjønnlitterær forfattar er vidare misfornøgd viss han ikkje blir innkjøpt i 1000 eksemplar av Norsk Kulturråd, medan ein fagforfattar er misfornøgd viss han ikkje blir innkjøpt i eitt eksemplar av sitt nedleggingstruga lokale folkebibliotek. Og så bortetter. Framifrå!

Halvvegs ut i tolvte årgangen kjenner eg trong til å døype om denne teksten til «Redaksjonelt usikker», for no kjem eg til reklamen for lager- og distribusjonsselskapet med slagordet «Vi ønsker å selge kunden en god natts søvn!». Fleip eller fakta? Eg har ikkje peiling. Dei «ønsker å gjøre det enkelt for deg», lokkar med at «Vi har en egen transportpark som henter/leverer våre kunders varer, noe som gir oss unik leveringsservice», men er samstundes «et firma med mange andre muligheter som innbinding av bøker/blader, plastpakking av bøker/blader, stifting, falsing, adressering, hulling og spiralisering». I tillegg kan dei tilby, med enkel t, «kortids- og langtidslagring og distribusjon av Deres varer etter eget ønske». Sic, som det heiter.

OVER SKRIFTA Eg vonar sakprosamiljøa her i landet snart finn rom for ein doktorgradsstudie av tekstbobler i norske tidsskrift (viss dei ikkje allereie har gjort det), for det er underhaldande lesing. «Nå må selv språknerder innrømme at ny kunnskap om modale hjelpeverb ikke kan redde liv», kan me bli freista inn i eit av nummera frå 2006 med. «I norsk sakprosas historie er Georg Johannessen Freia Melkesjokolade. Ingen over – ingen ved siden», står det ein annan plass: For ein biografi! For ei anerkjenning! Men for dei av dykk som no kan meine at Prosa verkar lettbeint og fleipete, kan eg forsikre om at eg gjev eit særs skeivt bilete av tidsskriftet. Det fagleg-sedate er i aller høgste grad til stades i alle desse årgangane. Tekstbobla «Kanskje er det forutsigbart og jålete å anbefale en relativt ukjent utgivelse av en pakistansk journalist fremfor en kritikerrost amerikansk bestselger. Men jeg gjør det likevel» kan i grunnen kort oppsummere denne tilbakevisinga. Emneknagg snikskryt, liksom.

Eg sa at tekstboblene fortente sin eigen doktorgradsstudie. Det same kan definitivt seiast om artikkeltitlar i Prosa, for makan til tørrvittig kreativitet skal ein leite lenge etter! Her er ei ikkje-rangert liste over høgdepunkt:

– Livet som sakprosateoretiker

– Bør forfattere være kule?

– I teknikkens vold (om å sende e-post)

– Egentlig gjør det ingenting

– Hybelkaninenes erotiske bøtteballett

– Trengte bøllekurs, fikk jusspensum

– Fra bæsj til shabby chic og skitne lyster

– Det er noe muffins på kjøkkenet

Og apropos snikskryt: Brått kjem eg fram til min eigen debut i Prosa i 2011, ei bokmelding av NAV-skjemaet ein fyller ut når ein ventar barn. Skjemaet er i og for seg artig lesnad, og eg brukte jo to år av livet mitt på ei masteroppgåve om det (2, ) men lesinga av denne lesnaden overlèt eg til andre. (Skal bli spanande å sjå om historikarane er usikre på om det er redaksjonell tekst eller reklame frå NAV, det eg har skrive, forresten.) Lat meg heller avslutte med tittelen på ein av yndlingstekstane frå tidsskriftet: «Mange gode grunnar for ikkje å handle i antikvariat.» Uunnverleg forbrukarstoff for skribentar, spør du meg!

 

NOTAR

1 NFF, altså. Eller NFFO, viss du er ein av dei. Eller om du er den fortvila omsetjaren eg snakka med på telefonen i førre veke, som hadde vore innom nettsidene til både Norges Fotballforbund (NFF), Norsk forening for fjellsprengningsteknikk (nff.no), Norsk Fysioterapeutforbund (NFF) OG tidsskriftet Norsk sakprosa (sakprosa.no) i freistnaden på å kontakte omsetjarkonsulenten sin: Berre kom innom meg i Uranienborgveien 2, du. (Inngangen er forresten frå Parkveien.)

2 Nei, det er ikkje tull. Så (lite) festleg er eg faktisk.