Ved 200-årsjubileet er det på sin plass å minnast A.O. Vinje både som sakprosaforfattar og som den første moderne journalisten vår.

«Denne villmannen som skreiv so flirande og ravgali på sitt ravgalne mål i det ravgalne dølebladet sitt.»

Slik var inntrykket bondestudenten Daniel Braut i Arne Garborgs roman Bondestudentar fekk av Aasmund Olavsson Vinje då han stod på talarstolen i Studentersamfundet ein gong på 1860-talet. Garborg møtte aldri Vinje, så dette er dikting. Daniel tykte Vinje var ravgalen fordi han sjølv var i ferd med å svikte sine eigne, bøndene. Han tilpassa seg gradvis bylivet, tok på seg ei «frons urbana» og distanserte seg såleis frå Vinje.

Aasmund Olavsson Vinje var fødd 6. april 1818 i Vinje i Telemark og bruka dei 30 første åra av livet sitt til å nå høgborga for all lærdom i landet: Universitetet i Christiania. Husmannsguten skjøna tidleg at trass i tronge kår kunne han ved hjelp av kunnskap koma seg opp og fram i livet. Aasmund lærte ikkje å lesa før han var ni år gammal, men på konfirmasjonsdagen stod han fremst på kyrkjegolvet. Same hausten byrja han på eit hjelpeseminar i Kviteseid, og etter eksamen i 1836 var han omgangsskulelærar i heimbygda i fem år. Men utferdshugen voks: «Ut, ut, om det so bar til Afgrunns!» tenkte han.

ASKER OG MANDAL

Amerika lokka, men presten i Vinje, Anton Smitt, hjelpte Aasmund til å få eit lån så han kunne byrje på Asker Seminar. Dessutan lova presten han ei klokkar- og lærarstilling i Vinje. Sommaren 1843 kom Aasmund heim frå Asker med «Udmerket duelig» i hovudkarakter, men presten tilsette då ein annan seminarelev frå Vinje i den ledige lærarstillinga, gardmannssonen Olav Fetveit. «Det var det haardeste Stød i mit Liv», skreiv Vinje seinare, «nu saa jeg at jeg maatte ud i den vide Verden.»

«Den vide Verden» strekte seg ikkje lenger enn til småbyen Mandal. Der var han lærar på Borgerskolen i fire år; han underviste i dei yngste klassene og følgde undervisninga i framande språk i dei eldste klassene. Han tenkte også på å drive handel og lærte seg derfor bokføring og løyste handelsborgarskap. I desse åra vart Vinje kjend med stortingsmannen Søren Jaabæk, og det stimulerte ei veksande politisk interesse hos han. I Mandal «samlede jeg den Skat, jeg siden for en stor Del har tæret paa, og der foregik den fuldstændige Omvælting i min Verdensanskuelse», skreiv Vinje mange år seinare.

Han tok til å skrive debattinnlegg i lokalavisa, og sommaren 1847 debuterte han på riksplan med å skrive ei skarp bokomtale i Morgenbladet av Christelige Fortællinger, skriven av Knud Olaus Knudzen. Forteljingane skulle føre elevane fram til bestemte bibelord, men resultatet hadde blitt ei samling «Smørerier», så kritikaren måtte minne om kor viktig det var å «værne om det livsfriske, naturlige og fornuftige Tankesæt, som lever i Folket». Vinje ironiserte og harselerte og fekk dermed biskopen og presten imot seg etter denne kritikken.

DRAMMENS TIDENDE

Våren 1848 – i februarrevolusjonens år – kom Vinje til Christiania. Sjølv om han var aldri så fattig, så treivst husmannsguten i hovudstaden: «der fann eg dei Beste,/ der lærde eg mest», skreiv han seinare. «Dei beste» var nok dei kunnskapsrike akademikarane ved universitetet og somme innvandra ungkarar som han var i lag med: Paul Botten-Hansen, Ivar Aasen, Knud Knudsen, Ole Vig, Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson. For å koma vidare gjekk han på Heltbergs Studentfabrikk, studerte så jus og tok embetseksamen i 1856.

I tillegg til studia tok Vinje til å skrive innlegg og artiklar i Morgenbladet og i fleire av dei nye – og kortvarige – publikasjonane som dukka opp på midten av 1800-talet. Saman med Henrik Ibsen – som Vinje hadde møtt på Heltberg – og Paul Botten-Hansen gav han ut bladet Andhrimner. Det fungerte som ein kreativ skriveverkstad for alle tre, men bladet gjekk inn hausten 1851. Same året vart Vinje tilsett med fast løn som Christiania-korrespondent for Drammens Tidende. I dei åtte åra han hadde den stillinga, leverte han gjerne to korrespondentbrev i veka, i alt bortimot 700 brev. Dei vart slegne stort opp på førstesida, refererte og kommenterte i andre aviser og gav Drammens-avisa både særpreg og status. For å nå lesarane måtte han vera tabloid: «Vil man skrive for Folket, maa man sandelig være djerv, norsk og endog lidt ‘raa’, som disse fine Mennesker kalder det.»

Noko av det første korrespondenten gjorde, var å forklare kva oppgåver ein journalist hadde. Svaret var klart: «Han skal være en Lærer for Folk og Stat. Han skulde staa paa Videnskabens og Civilisationens Høider, hvorfra han kunde overskue det Hele i sin organiske Sammenhæng. Han skulde, saa at sige, føle paa Nationens Puls og som en kjærlig Læge forordne de bedste Mediciner.» Journalisten skulle både opplyse folket og halde styresmaktene under oppsikt – «føle på Nationens Puls».

EIT BREITT REGISTER

Vinje stod fritt til å skrive om kva som helst, så korrespondentbreva spenner over eit breitt register: utanrikspolitikk og innanrikspolitikk, lokale spørsmål, kulturliv, folkeliv og reiseskildringar. Korrespondenten hadde god teft og var ein aktiv observatør. I utanrikspolitikken dominerte Krim-krigen på midten av dette tiåret, og Vinje skreiv om dei harde kampane ved Sevastopol, truleg basert på lesing av engelske og franske blad. I slike tider var det ein styrke å vera i union med Sverige, meinte han, men utover i 60-åra vart han meir kritisk til unionen.

Innanrikspolitisk var 1850-åra ei sterk brytingstid som baud fram mange spennande tema for ein skriveglad korrespondent. Framsteget var mest synleg innanfor samferdsla, og oppglødd fortalde Vinje om nye telegrafliner, dampskipsruter og særleg om bygginga av «Hovedbanen» frå Christiania til Eidsvoll. Son av oppfinnaren av lokomotivet, Robert Stephenson, bygde banen, og Vinje var med på opningsturen 1. september 1854. Hovudstasjonen i Christiania var då pynta med blomar, flagg og «Stephensons Vaaben»: «Det er et Lokomotivhjul med tvende Vinger, ventelig for ligsom at antyde den jordiske og himmelske Hurtighed, hvormed dette nye Underværk farer gjennem Verden.»

Vinje såg opp til dei nasjonale strategane som dreiv gjennom denne ekspansive politikken, i første rekkje professor og stortingsrepresentant Anton Martin Schweigaard og statsråd Fredrik Stang i det nyoppretta Indredepartementet. Dei var levande føredøme på at «Kunnskap skal styra Rike og Land», som han skreiv i eit dikt. Sympatien for desse handlekraftige embetsmennene steig, medan samkjensla med opposisjonen – dvs. bøndene – tok til å kolne. Vinje var samd med embetsmennene i at statsrådane burde få møterett i Stortinget, og som dei var han imot å innføre lekmannsjury og kyrkjelydsråd. Heller ikkje ville han ha allmenn røysterett, folket var enno for lite opplyste. Men Vinje ville – som bøndene – halde på odelsretten og innføre allmenn verneplikt og årlege stortingssesjonar. Det siste av pedagogiske grunnar; årlege stortingsval ville aktivisere interessa for politikk.

EIT NASJONALT SPRÅK

Sommaren 1853 rømde Vinje frå koleraen i Christiania og var i Telemark eit par månaders tid. Han fortel då i breva kor sterkt den nye tida hadde sett spor i det tradisjonsrike fylket, som til dømes hjulbåten mellom Strengen og Dalen: «Den, som er utilfreds med Tiderne, Regjering, Storthing og Formandskab, bør komme paa Dampbaaden paa Strængen, og han vil der kunne bringes til Fornuft.» Men trass i moderniseringa på somme område heldt folk seg mykje til det gamle. Dei las sjeldan aviser, og stellet på gardane var som før; det var berre på dei beste gardane at folk åt med gaffel og av kvar sin tallerken. Men telemarkingane tok vare på den gamle folkekulturen, og det gledde Vinje: «Thelemarken har sin store Betydning som Bro tilbage til os selv.» Språket var likevel i fare: «Det thelemarkiske Maal, som især i Ordrigdom staar Oldnorsken nærmesta af alle Bygdemaal, viger mere og mere Plads for Bogmaalet.»

Det nasjonale gjennombrotet rundt 1850 – med oppdaging, innsamling og framsyning av folkedikting, folkemusikk og folkekunst – forsterka ønsket om å skaffe landet eit nasjonalt språk. Skriftspråket frå omgangsskule til universitet var dansk – «vaart Blodlause Bokmaal». Knud Knudsen la fram ei dansk-norsk løysing med ei gradvis fornorsking av språket, medan Ivar Aasen kom med eit radikalt alternativ: eit nytt skriftspråk, landsmålet, basert på dialektane i landet og med gammalnorsken som appellinstans i tvilstilfelle. Vinje fekk stor respekt for Aasen og arbeidet hans, og i forordet til Diktsamling (1863) fortel Vinje korleis han kom med i den norske «Sprogbevegelse»: «Jeg for mit Vedkommende blev naturlig dragen med ind i denne fremadskridende Bevægelse, blant andet fordi en af Landets bedste Dialecter er mit Modersmaal, og fordi jeg stod saa nær Ivar Aasen, uden viss Klarhed og Lærdom sandsynligvis heller ikkje jeg vilde være komme ud af den almindelige chaotiske Tilstand.»

NORSK, IKKJE DANSK

Vinje kom ut av sin språklege «chaotiske Tilstand» ved å ta landsmålet i bruk i det første nummeret av bladet Dølen, som kom ut 10. oktober 1858. Han kunne ikkje halde fram med å skrive dansk i Drammens Tidende og tok avskil med lesarane: «Jeg beder herved den ærede Leser om Tilgivelse, fordi ogsaa jeg engang var saa svag og arm og uvidende, at jeg vanærede min norske Haand med at skrive Dansk, at jeg saaledes syndede mod Fædrelandets Aand og gjorde Mit til at slukke den sidste Rest af dens Liv; jeg skal ikke gjøre det mere. Intet, som jeg lægger Aand og Liv i, skal være paa Dansk. Den Aand jeg har skal være paa Norsk.»

Etter at Dølen hadde kome ut, skreiv Vinje i eit brev: «Nu er jeg kommen did, jeg vilde: nu fører jeg krig mod Aarhundrer og Landets største Mænd, og skal føre Sproget frem til Seier og mig til Udødelighed.» (Brev s. 108) Optimistisk helsa han lesarane sine: «Dølen var i lang Tid ein vanvyrd Mann; men Gud ske Lov, no er den Tid snart ute, og han dristar seg hermed ut i By og Bygd.» Den viktigaste oppgåva for Dølen var å arbeide for at «her kunde koma støri Kunnskap, Folkeleghet og Sjelfstændighet inn i baade Regjering, Storthing og framfor Alt i det heile Folk. […] For Upplysning vil Dølen virka, alt det han kan.» Redaktøren – journalisten og diktaren Vinje – stod i ein sjeldan utfordrande situasjon. Framfor han låg eit nytt språk, som enno ikkje var nytta til å skrive sakprosa på. Vinje ville bruke landsmålet til å skrive frå alle samfunnsområde. Det var berre å forsyne seg, prøve seg fram, leike og vrengje på språket, dyrke det og gradvis gjera det til eit personleg verktøy. Bladet, som skulle koma ut kvar sundag, var først og fremst eit organ for Vinje sjølv: «Dølen og eg sjølv er no liksom det sama, maa vita.» Skranta Vinje – som han ofte gjorde – kunne det gå så hardt ut over Dølen at han ikkje viste seg på fleire månader.

ALLTID UNDERVEGS

Sommaren 1860 stansa Dølen av andre årsaker; Vinje ville vera til stades under kroninga av kong Karl XV i Nidarosdomen 5. august. Men det var sjølve ferda som var målet: sjå nye stader, møte andre folk – og så gleda over å skrive om alt etterpå. Resultatet vart den levande og spenstige reiseskildringa Ferdaminni fraa Sumaren 1860. Dette var ein sjanger som passa Vinje godt; innanfor den ytre ramma som reisa utgjorde, skreiv han frittståande tekster som reportasjar, portrett, dikt, forteljingar og essay. Det store formatet passa ikkje for Vinje, eit mislykka skodespel, Olaf Digre, og ein ufullført roman, Elsk og Giftarmaal, er tydelege bevis på det.

Vinje var alltid undervegs. Han skreiv på «livsens travle ferd», både som kommenterande journalist i Drammens Tidende og som ein meir kåserande essayist i Dølen. Han hadde lite tid til å sjekke kjeldene sine, og han la til og trekte frå for å skjerpe kontrastane, tydeleggjera poenget eller rett og slett for å fortelje ein vits. Han er ofte konkret og personleg i det han skriv, set seg sjølv inn som deltakar og får dermed lett fram sine eigne meiningar. Av og til vender Vinje seg direkte til lesaren for å tala med han: «Du Lesar med det gode Vit.» Skribenten inviterer til ein dialog, ein forløpar for det seinare og velbruka avisintervjuet. Denne samtalemodellen kunne også nyttast for å få fram ulike stilnivå, som til dømes skilnaden mellom ein folkeleg og ein lærd stil, mellom det framande og det heimlege, mellom det sjølvhøgtidelege og det komiske. Evna til og gleda over å erstatte velbruka framandord med andre sjølvforklarande ord viser også skilnaden mellom to kunnskapsnivå. Vinje sette sitt eige ord først og framandordet etter i «Klave» (Parenthes): Atterstig (Reaction), Attpaaslikk (Dessert), Flogvit (Geni), Tverrdømi (Paradox), Taleblomar (Flosklar) med fleire.

IRONI OG GAPSKRATT

Som journalistar flest hadde Vinje ei skeptisk grunnhaldning, han vart lett opposisjonell, snar til å spøkje og sjå det komiske i det som var uekte og oppstylta. Han nytta gjerne ironi, parodi og gapskratt som våpen i kritikken sin. Han las bondeforteljinga Arne av Bjørnson som «ei Skalkeherming (Parodi) paa vaart nationale Strev i Likning med Wessels sokkelause Kjærleike». Og Ibsens Brand måtte han taka noko «skjemtefullt» fordi Brand-figuren var «for ravende galen, maa vita, til at vera aalvorsam». Det mykje siterte omgrepet «tvisynet» om at «Hovudstadfolk» og «Fjellfolk» har evne til å sjå «Retta og Vranga paa Livsens Vev, soleides at me lettare kunna liksom graata med det eine Augat og læ med det andre», inneheld mykje av ei sjølvmelding. Tvisynet hans stimulerer lysta til å klore på eller le av alt som er kunstig oppblåst og pompøst. Djerve karakteristikkar, latterleggjering og burleske taler skaffa Vinje mange uvenner, som kalla han både for bajas og hoffnarr. Vinjes skrivemåte braut med den tradisjonelle, tørre og akademiske stilen. Han ville bruke det språket som «liver paa Folketunga» i ein nær, personleg og lentug stil – med mykje «Sprett og Spenn» i. Vinje vart ein stilfornyar og gjorde dermed landsmålet farlegare.

Med overgangen til landsmålet skjedde det eit lyrisk lauslepp hos Vinje. I den første årgangen av Dølen skreiv han heile 60 nye dikt, og Ferdaminni inneheld fleire som er blitt perler i poesiskatten vår. Vinje hadde skrive dikt i «dansketida» si òg, men dei var lite originale og høyrde heime i det han kalla for «poetiske Herbarier». I landsmålet kjende han seg friare og kunne nytte meir av den språklege arven og folkediktinga som han kjende til heimanfrå. Om lag halvparten av dikta kan klassifiserast som «personlege», og i fleire viser han ei anna og meir sår side av seg enn han gjer i sakprosaen. Han blir gripen til tårer av storslegne natursyn – «Her er so vent det kan meg grøta» – og av synet av vakre kvinner.

FORDEKT DIKTARLØN

Vinje var ein frifant, ein individualist som ikkje klara å solidarisere seg fullt ut med ei gruppe eller eit lag. På grunn av sympatien og respekten for dei velutdanna tileigna han seg etter kvart visse åndsaristokratiske synspunkt. Han ville opplyse og frigjera folk, men i juridiske og forfatningsmessige spørsmål hadde han heller liten tillit til det same folket. Vinje gjekk derfor som ein slags heimlausing mellom bønder og embetsmenn, men dermed vart det lettare for han å glefse til båe kantar.

I 1860-åra skulle to viktige hendingar korrigere den noko vinglete politiske kursen hans. Takka vere stipend og private pengegåver budde han i England og Skottland vinteren 1862/63. Møtet med det groteske klasseskiljet og dei materialistiske engelskmennene sjokkerte han. Noko betre var det i Edinburgh, der han sat og skreiv ei bok på engelsk, A Norseman’s Views of Britain and the British. Boka kom ut våren 1863 og fekk ei blanda mottaking, men opphaldet påverka Vinje i demokratisk retning.

Den andre viktige hendinga var at Vinje etter å ha fått avslag på mange søknader på stipend og stillingar i 1865 vart tilsett som kopist i Justisdepartementet. Stillinga var vel helst ei slags fordekt diktarløn. Åra i departementet vart ei god tid for Vinje; han hadde fast løn og nok tid til å skrive for Dølen og arbeide med ein diktsyklus, Storegut, som byggjer på ei dramatisk soge frå heimbygda.

 

EI GÅTE

Om Vinje hadde det godt i departementet – «Riksens Fehus», som han sa – let han ikkje vera å kritisere politikarane. Då han i februar 1868 skreiv at den norske regjeringa vart styrt frå Stockholm, var det meir enn statsminister Stang tolte, og kopisten måtte slutte på dagen. Etter utkastinga vart Vinje skarpare i både skrift og tale mot dei som styrte i landet. Han skreiv fleire artiklar om Anton Martin Schweigaard, som Vinje syntest hadde blitt svært så autoritetsbunden og konservativ i politiske spørsmål. Men ved å skrive om Schweigaard klargjorde Vinje sine eigne standpunkt, som synte at han hadde blitt meir radikal enn tidlegare.

Det var mangt og mange som plaga Vinje, men han hadde ein fristad: fjellet. Professor Ernst Sars, som ofte var med han til fjells, har fortalt at Vinje vart som eit anna menneske på fjellturane: mild, glad og i godt humør. Og fjellet inspirerte han til å skrive nokre av det finaste dikta sine, som «Ved Rundarne». Der uttrykte han også ein sår lengt: «Eg finner vel eit hus som vil meg hysa, / når soli heim til notti vil meg lysa.» Og sommaren 1869 fann han endeleg eit hus, ein heim, for då gifte han seg med den 18 år yngre Rosa Kjeldseth. Men dei skulle ikkje få eitt år saman eingong, for 12. april 1870 døydde Rosa i barselseng etter å ha fødd ein gut sju dagar tidlegare. Vinje var då sjølv blitt så dårleg at han ikkje kunne gå i gravferda etter Rosa. I juli vart han lagd inn på Rikshospitalet – «Daudarhuset», som han kalla det. Men livet stod ikkje til å berge, så han vart utskriven «uhelbredet» og reiste til kappelan Anton Chr. Bang på Gran. Der døydde Vinje natt til 30. juli 1870. Avslutninga på livet hans er som i ein gresk tragedie der lagnaden driv dei involverte menneska nådelaust utfor stupet.

Eitt år før Vinje døydde, skreiv han i eit brev: «Lat meg so døy som mi eigi Gaata.» Han var eit kontroversielt og stimulerande uroelement i samtida si, ei gåte. 200 år etter at han vart fødd, er han framleis ei lokkande og inspirerande gåte. Og den uløyste gåta er alltid mest spennande.

Olav Vesaas (82) er tidligare journalist og forlegger. Han utga i 2001 biografien A. O. Vinje – ein tankens hermann.

Kjelder

Grepstad, Ottar: Vinje-bibliografien. Ørsta 2017

Vinje, A.O.: Brev. Oslo 1969

Vinje: Skrifter i Samling, I–VI. Oslo 1993