PROSA_omslag_mai 2015

Er du lysten på formidlingsoppdrag, men usikker på korleis du skal gå fram, eller kva som ventar deg der ute? Lat oss reisa på synfaring.

Fyrste gongen eg stod på ein talarstol og hadde augo til ein stor menneskehop retta mot meg, kjende eg det eg ofte hadde høyrt om, men aldri opplevt sjølv: Hjarta gjekk bananas i bringa. Det este og dundra og døyvde alle andre ljodar, og medan kroppen skok og varmen steig, vart hovudet fylt av eit pipande sus. I det som tyktest vera ei heil æve, stod eg slik og dirra, utmanøvrert av mi eiga blodpumpe. Attkjenneleg? Kanskje ikkje for dei hardhausane som støtt har lika seg framfor forsamlingar, men dei fleste av oss har vel kjent noko liknande ein gong. Dersom me greidde å henta oss inn att den gongen, slik at me likevel kom heilskinna frå det, har me kanskje våga oss til å prøva fleire gonger, kanskje så mange gonger at den ofselege hjartebanken har vorte omforma til ei skjerpande eller til og med gledefylt spenning. Ja, kanskje me har lika det så godt at me har gjort føredragsverksemd til eit levebrød, og at angen frå dette brødet har nådd nasen til Prosa-redaktøren, slik at han ringjer og vil ha ei tekst med historier frå «livet på vegen» og råd til andre som er huga på å reisa ut i same ærend.

BÅNSMEIT

Korleis hamna eg i denne posisjonen? Det låg på ingen måte i korta at eg skulle driva med slikt arbeid. I barndomen var eg eit klassisk døme på det Aukrust-figuren Hallstein Bronskimlet kallar bånsmeit: «småborn som smett under stakken til mor si når det kjem framandfolk til gards.» Dei fyrste skuleåra var eg så fåmælt at fadderen min vart overraska kvar gong eg opna munnen. I sosiale lag brukar eg lang tid på å verta varm i trøya. Eg fortel dette for å minna om at ein kan greia seg fint som føredragshaldar utan å vera frampå og snakkesalig av natur. Dersom du har eit emne du brenn for og kjenner godt, og dersom du er i stand til å tenkja at det er publikum – og ikkje du sjølv – som er hovudpersonen, har du eit svært godt utgangspunkt. I alle fall var det slik det tok til for meg: I studietida byrja eg halda små kurs for medstudentar som sleit med noko eg hadde greie på, norrønt og nynorsk, og alt eg sa og gjorde, var styrt av kva dei kunne, og kva dei trong. Sidan dess har eg vida ut føredragsmenyen min, men målet er framleis å råka publikum så godt det lèt seg gjera. Trass i at eg ikkje kan skryta av lang fartstid, har eg røynt eit og anna som vonleg kan vera til gagn for andre. Det finst inga ålmenngjeldande oppskrift for godt føredragshald, så dei fylgjande fem punkta er meinte som framlegg eller råd, krydra med sjølvopplevde hendingar av både det gode og (litt) vonde slaget.

BLEST DEG SJØLV

Om du til liks med meg er ein måteleg kjend (eller nokså ukjend) person, er oppgåve nummer éin å kunngjera at du finst, og at du gjerne tek formidlingsoppdrag. Nemn det for kollegaer, kjensfolk, forlag – ja, endåtil i intervju, om du er så heldig å få slik merksemd. Eg har aldri drive målretta nettverksbygging, men eg lyg om eg seier at oppdraga mine har kome rekande ut av det blå. Mest alle jobbane har eg fått fordi nokon eg kjenner, har tipsa andre om meg, eller fordi nokon har gjeve meg eit naudsynt puff. Til dømes hadde eg neppe kome meg ut på turné med Den kulturelle skulesekken (DKS) om det ikkje var for ein kjenning i Norsk Forfattersentrum, Guri Sørumgård Botheim. Ho visste at eg var fersk frilansar på jakt etter oppdrag, og at eg var over gjennomsnittet interessert i språk. Dessutan var Språkåret 2013 rett rundt svingen! Ho oppmoda meg om å søkja om DKS-turné og gav meg god rettleiing undervegs. (Og dette var før sakprosaforfattarar offisielt vart tekne inn i Forfattersentrum-varmen.) Både NFF og Forfattersentrum har formidlingssider og forfattarkatalogar du kan registrera deg i, men det er sjeldan nok til at oppdraga strøymer på – då er det meir mon i jungeltelegrafen. Dessutan gjeld det å ikkje vera altfor kresen i byrjinga. Eit lite arrangement i eit lurvete lokale med få frammøtte er ikkje å forakta: Blant tilhøyrarane kan det sitja framtidige oppdragsgjevarar, kanskje ein «speidar» frå ein gjæv festival? I alle tilfelle bør du gjera ditt beste, for publikum – anten dei er tre eller hundre – har vigt tida og merksemda si til deg.

VER EIN GOD AGENT

På eit formidlingskurs i regi av Forfattersentrum vart det sagt at me må vera vår eigen agent. Det tykte eg var råkande: Eit formidlingsoppdrag er mykje meir enn det å halda sjølve føredraget. Agentjobben går ut på å leggja alt best mogleg til rette for føredragshaldaren, altså deg sjølv – fyrst og fremst av omsyn til publikum. Gode arbeidstilhøve for deg gjer opplevinga betre for dei. Agenten i deg bør fyrst av alt avtala honorar med oppdragsgjevaren, og her er minstesatsane til NFF og Forfattersentrum gode å ha i ryggen. Prøv å få slike avtalar og annan viktig informasjon skriftleg. Det er praktisk for deg, særleg dersom du har mange oppdrag å halda styr på, og naudsynt dersom noko skulle skje. (Er du med i Forfattersentrum, kan du melda oppdraget inn til dei, så lagar dei eit oppdragsskjema eller ei ordrestadfesting og fakturerer oppdragsgjevaren for deg.) Når det økonomiske er spikra og du har sagt ja til oppdraget, er det neste steget enkelt: Spør og grav! Det gjeld å finna ut så mykje som råd på førehand. Kva ynskjer oppdragsgjevaren seg? Kva slags publikum kjem du (truleg) til å få? Kor lenge skal du halda på? Når arrangementet nærmar seg, kan du plukka opp att tråden og fiska etter siste nytt. Spør gjerne kva informasjon publikum har fått om innlegget ditt, skaff deg kopi av program, flygeblad eller liknande og meld frå om noko bør rettast opp. Det hjelper lite at du held eit gneistrande godt føredrag dersom publikum har forventa eller gledt seg til noko heilt anna enn det du kjem med. Grundig agentarbeid er likevel ikkje eit fullgodt vern mot misforståingar. Ein gong hadde eg avtala å halda to føredrag på ein vidaregåande skule, men då eg kom dit om morgonen, hadde dei lagt opp til tre tette føredrag. Eg valde å gjennomføra det, og var daudsliten etterpå. Ein annan gong hadde ein skule tinga eit Ivar Aasen-føredrag, men læraren som var med klassa den dagen, hadde fått føre seg at eg skulle dramatisera livet til Ivar Aasen – så elevane venta seg skodespel, ikkje førelesing. Eg er vorten skeptisk til å la informasjonen gå gjennom eit mellomledd. Andre gonger har eg slurva sjølv og fått svi for det. Når eg skal på skulebesøk, er eg pinleg nøyen med dei tekniske sakene: Eg melder tidleg frå om at eg treng projektor og lerret, eg tek med meg ein pc som eg veit høver til utstyret på skulane (merk: private skular brukar stundom Mac), i tillegg har eg presentasjonen på ein minnepinne og syter for at læraren har ein pc i bakhand. Men då eg skulle halda eit innlegg på eit høgmoderne konferansehotell, tenkte eg at eg heilt sikkert kunne bruka den flunkande nye maskina mi som eg ikkje hadde testa ut før. Toskete! Sidan eg møtte opp i god tid, rakk me å spora opp ei anna maskin, men det var på hangande håret.

BU DEG GODT

Nokre kan tala godt og ledig om eit emne utan nemnande førebuing. Sjølv likar eg å vera så godt budd som råd er, helst skal eg kunna alt utanåt. Somme meiner framføringa deira vert bunden og stiv då, men eg har motsette røynsla: Di betre eg kan føredraget, di friare og «naturlegare» verkar presentasjonen min. Det er heller ikkje slik at eg fylgjer manuset slavisk. Når føredraget sit i ryggmergen, kan eg lettare slå meg laus – utan å missa tråden. Terpinga tek til allereie ved skrivebordet: Eg skriv pratande. Føredrag er ein munnleg sjanger, så kvifor ikkje laga det på munnleg vis? Dessutan verkar det som mental førebuing: Medan eg sit og prateskriv, ser eg føre meg at eg held føredraget – ikkje heilt ulikt idrettsutøvarar som visualiserer eit renn eller laup. I alle fall vert eg ein tryggare føredragshaldar når eg kjenner innlegget mitt ut og inn. Då veit eg kor lang tid eg brukar på dei ulike bolkane, og eg veit kvar eg kan kutta dersom eg vert liggjande etter skjema (det er betre å kutta enn å gira opp og prøva å ta att det tapte), for eg set æra mi i å ikkje bruka meir tid enn eg har fått tildelt. I tillegg kan eg røra meg fritt utan å vera nagla til ein bunke med ark, og eg kan ha augekontakt med publikum heile vegen. Likevel har eg alltid manuset eller ein lapp med stikkord innanfor rekkjevidd, i tilfelle eg køyrer meg fast. Dessutan: Når eg er godt budd, er det lettare å meistra uføresette hendingar. Og dei er det mange av! Iherdig agentarbeid sparer meg nok for ein del overraskingar, men nesten kvar gong dukkar det opp noko uventa, til dømes at lokalet er annleis enn det eg vart førespegla. Sist haust skulle eg halda føredrag i eit auditorium, og sidan eg er tolleg van med slike lokale, tenkte eg at det vart grei skuring. Auditoriet viste seg å vera to små auditorium der skiljeveggen var dregen opp, og Power Point-presentasjonen min vart vist på to åtskilde lerret med ei temmeleg feit søyle imellom. Det var som å halda det same føredraget i to ulike rom samstundes, og eg er sjeleglad for at eg slapp å baska med eit manus medan eg prøvde å pendla mellom dei to avdelingane. Stundom er det ikkje noko uventa, men nokon uventa som dukkar opp. Eg kvapp ikkje så reint lite den gongen eg var i Trondheim og skulle halda eit av dei fyrste føredraga mine om Ivar Aasen: Like før start såg eg at Aasen-biograf Ottar Grepstad kom inn og sette seg i salen. Det var både ærefullt og litt nifst å få slik ein tilhøyrar, men eg kunne ikkje la det prega framføringa. Eg samla meg om dei «vanlege» publikummarane og heldt føredraget slik eg hadde planlagt det. Elles har eg fleire gonger opplevt at brannalarmen går midt i føredraget (noko som utløyser eit unisont «yes!» frå skuleelevar), at myggmikrofonen går tom for batteri, slik at eg må halvropa eller bruka ein handhalden mikrofon, eller at eg har skore meg til blods rett før eg skal inn på scena (heretter har eg alltid med meg plaster). Korleis me taklar overraskingar, er sjølvsagt individuelt. Eg synest det er lettast å ta slikt på strak arm når eg har stålkontroll på sjølve føredraget og slepp å uroa meg for den delen av jobben.

PUBLIKUM VIL DEG VEL

Om me ser bort frå tilhøyrarar som kjem eins ærend for å laga kvalm, og dei er temmeleg sjeldsynte, plar publikum vera venleg innstilt og ynskja at du skal lukkast. Eg må likevel skyta inn at det er ein viss skilnad mellom tilhøyrarar som kjem friviljug, og tilhøyrarar som i større eller mindre grad er tvinga til å høyra på deg. I den sistnemnde gruppa finn me skuleelevar, eit krevjande – men òg spennande – publikum. Dei siste to åra har eg halde føredrag for ikring 2000 elevar til saman, hovudsakleg ved vidaregåande skular (m.a. gjennom prosjektet «Forfattere til skolen»). Det høyrer òg med til soga at desse føredraga har nynorsk eller Ivar Aasen som tema, og at eg som regel vitjar skular i bokmålsområde. Med andre ord plar ikkje desse tilhøyrarane vera fulle av glød og iver, for å seia det mildt. Likevel vert det sjeldan utriveleg: Berre to elevar har laga så mykje ugreie at læraren har måtta ta dei ut av rommet. Stort sett ter ungdomen seg svært fint, jamvel om somme passar på å banna og stønna så høgt at eg høyrer det. Men di meir motviljuge dei er før eg byrjar, di artigare er det når eg får dei til å dra på smilebandet eller spissa øyro. Stundom får eg òg
7opplyftande ord med meg heim, som då ein gut frå påbygg kom bort etter føredraget og sa: Dette var ikkje så keisamt som eg forventa! Det omstridde temaet nynorsk er tvillaust ei av årsakene til dei strenge førebuingsrutinane mine. Eg skjøna tidleg at dersom eg skulle ut og tala om «spynorsk» for skeptiske tenåringar, og koma vel ifrå det, kunne eg ikkje nøla og famla og stilla meg lagleg til for hogg – eg måtte vera fast og klår og budd på alle baugar og kantar. Kan henda verkar eg paranoid og svartsynt, men det er sanneleg ingen spøk å ferdast i dette lendet. Samtidig ser eg ikkje bort frå at nettopp nynorsk er grunnen til at eg får såpass mange oppdrag: Her er eit jamt tilsig av folk som treng rettleiing i dette språket – og eit motiverande spark bak. Anten publikum har kome friviljug eller ikkje, og anten dei er unge eller gamle, er det viktig at eg verkar roleg og trygg. Eg treng ikkje vera tvers igjennom roleg, men det bør sjå slik ut. Me veit alle kvifor: Folk flest har stor evne til innleving, difor er det svært vondt å sitja og sjå på ein person som openbert er nervøs og ukomfortabel. Om publikum derimot ser at eg taklar situasjonen fint, kan dei slappa av og samla seg om det eg seier. Rett nok hender det at einskilde tilhøyrarar slappar litt for godt av: Både elevar og vaksne folk har duppa av midt i føredraga mine. Slikt bryr eg meg faktisk ikkje om. Kan henda er dei trøytte av gode grunnar, i alle fall er det liten mon i å hissa seg opp eller la seg stressa av det. Det same gjeld folk som fiklar med mobilen sin (og trur at eg ikkje ser det). Dersom folk hadde falle av og sovna ofte, hadde eg nok vurdert å gjera om på opplegget mitt, men når éin person søv og resten av tilhøyrarane ler og koser seg, tek eg det med knusande ro.

BE OM TILBAKMELDING

Som skuleelev på 90- og 00-talet fekk eg noko øving i å tala for forsamlingar, for me måtte tidt og ofte leggja fram prosjekt og andre arbeid for klassa. Utanom det har eg fått snautt med opplæring i føredragskunsten, om me ser bort frå formidlingskurset til Forfattersentrum. I staden har eg nytta den kjende metoden «prøva og feila», i tillegg til å observera og rådspørja drivne folk – men her som elles er det umogleg å verta utlært. Eg vedgår gjerne at eg har gjort mange av dei klassiske tabbane, som det å setja opp tempoet når eg sansar at nokre av tilhøyrarane keiar seg, fordi eg skal vera «snill» og gjera meg fort ferdig. Då vert det endå vanskelegare for dei å henga med, og eg kan vera trygg på at endå fleire dett av lasset. Motsett har eg oppdaga at det eg trudde var keisamt og forstyrrande for publikum, som at eg må bruka litt tid på å rigga meg til på scena eller ta ein slurk vatn, ikkje er keisamt for dei i det heile. Det skjer noko. Kanskje synest dei til og med at det er godt å fåkvila øyro litt. Mange av dei nyttigaste tilbakemeldingane har eg fått frå lærarar som har vore til stades på skulebesøka mine. Dei har gladeleg delt tips og triks med meg, og sagt taktfullt ifrå dersom dei tykkjer eg kan betra noko. Ofte har dei heilt rett. Eg har òg fiska etter tilbakemelding føreg har reist ut. Då eg skulle på skuleturné for fyrste gong, var eg usikker på om føredraget mitt heldt eit passeleg høgt nivå. Yngste veslesyster mi var då 17 år og midt i målgruppa, og ho stilte opp som prøvekanin med full ytringsfridom. Slik fekk eg til dømes luka ut nokre vanskelege formuleringar og omgrep. Med andre ord er det inga skam å spørja andre til råds eller kunngjera at du er open for kritiske tilbakemeldingar. Truleg kjem du til å få nokre rare og håplause innspel innimellom, og du er sjølvsagt ikkje forplikta til å fylgja alle råd du får. Det er ditt føredrag. Eit siste råd heilt på tampen: Ikkje slit deg ut! Det er moro å få reisa ikring og gjera seg kjend med nye stader og nye folk, men etter ei føredragsferd er i alle fall eg heilt utladd. Då er det gildt med nokre rolege veker ved skrivebordet.