Ehhbbi03vbe9przbo1rhjtdnmpw374wk321jlew5uwi

Fødd sånn eller blitt sånn? Skeiv historie på norsk

22.10.2015

Vår tids oppfatning av homoseksualitet som seksuell legning har sitt opphav blant tyske psykiatrar og aktivistar på slutten av 1800-talet.

Jeg tør naturligvis forudsætte, at dette, ligesom mine øvrige breve brændes efter nogen tids forløb!1

Dette skreiv rettshistorikar Ebbe Hertzberg (1847–1912) i eit brev til sin danske ven, juristen Poul Andræ (1843–1928), i 1900. Dei to hadde brevveksla i alle fall sidan 1892, og eit heilt sentralt tema i korrespondansen var deira eige seksualliv. I breva skildra dei den erotiske tiltrekkinga til personar av same kjønn ved hjelp av nye omgrep som «kontrærseksuell», «homoseksuell» og «urning»; dei hadde begge to sett seg grundig inn i den samtidige medisinske litteraturen om desse fenomena. Blant førebileta finn me psykiateren og sexologen Richard von Krafft-Ebing, som med boka Psychopathia sexualis (1886) definerte dei seksuelle avvika eller «perversjonane» som eit felt for psykiatrien. Den fremste av desse perversjonane var homoseksualiteten.

Då det på midten av 1880-talet hadde byrja å gå rykte om at Ebbe Hertzberg, som då var professor i statsøkonomi og statistikk, hadde hatt seksuelle forhold til unge menn frå arbeidarklassa, forsøkte han å bruka den psykiatriske kunnskapen til sin fordel. I 1886 oppsøkte han den som først hadde beskrive den likekjønna seksualiteten som ein medfødd (medisinsk) tilstand og gitt den eit namn («kontrær seksualkjensle»), Carl Westphal i Berlin. Den tyske psykiateren konkluderte med at Hertzberg var medfødd kontrærseksuell, og at tiltrekking til personar av same kjønn dermed ikkje var nokon moralsk defekt han kunne lastast for. Tilbake i Noreg leverte Hertzberg erklæringa til universitetsleiinga. Deira respons var at det var desto større grunn til å halda han borte frå undervisninga av unge menn, og han mista stillinga si som professor. Det vesentlege poenget er likevel ikkje at strategien til Hertzberg mislukkast, men at han med dette presenterte fødd sånn-argumentet i Noreg, som den første. Breva frå Hertzberg til Andræ, som nyleg er komne til rette ved Nasjonalbiblioteket og altså ikkje blei brende, viser at Hertzberg også heldt seg godt oppdatert på den vidare utviklinga innan den psykiatriske og seksualpolitiske diskursen i samtida.

 

FØDD SÅNN

Både Westphal og Krafft-Ebing fortstod homoseksualiteten som resultat av arv, ein abnormitet forårsaka av dårleg arvestoff som kunne finnast hos elles «friske» personar. I dei fleste tilfelle var den medfødd og uforanderleg. Denne forståinga gjorde at teorien til Krafft-Ebing blei omfamna – om ikkje ukritisk – av menn som Andræ og Hertzberg.

Men referansane til dei to skandinaviske brevskrivarane var ikkje berre avgrensa til medisinsk litteratur – Hertzbergs brev viser at han har hatt inngåande kjennskap til den tyske juristen og publisisten Karl Heinrich Ulrichs’ skrifter om det han kalla den mann-mannlege kjærleiken eller uranismen. Med ein referanse til myten om at kjærleiksgudinna Afrodite var fødd av ein mannleg gud, Uranus, definerte Ulrichs uraniarane eller urningane som menn som var tiltrekte av andre menn, som var fødde slik, og som var prega av ein indre androgyni: «ei kvinneleg sjel i ein mannleg kropp.»

For Ulrichs var urningane – som han sjølv rekna seg til – ikkje seksuelt degenererte eller abnorme. Dei høyrde til naturens variasjon. Ja, det at seksualiteten var ein del av deira «natur», gjorde det absurd å straffa dei for «utukt mot naturen», som det heitte i samtidas europeiske straffelover som forbaud sex mellom menn. Hertzberg brukte omgrepet «den fødte urning», og viser elles i stor grad at han var påverka av Ulrichs.

 

PSYKIATRISK KATEGORI?

Då akademikarar på 1970-talet – sterkt påverka av den framveksande homo- og lesberørsla – for alvor byrja å utforska «homohistoria», stod i utgangspunktet Ulrichs og Krafft-Ebing som motpolar. På den eine sida fann ein den modige frigjeraren som i 1867 hadde stått for ein av dei første homopolitiske manifestasjonane i verdshistoria ved å ta til orde for avkriminalisering på ein stor juristkongress i München. På den andre sida fann ein ein representant for, ja, endåtil grunnleggaren av, den psykiatriske sjukeleggjerande seksualpatologien. Sosiologen Jeffrey Weeks skreiv i 1977 at «den medisinske modellen om den homoseksuelle» utover på 1900-talet i aukande grad «har kasta ein omhyllande skugge over det homoseksuelle sjølvmedvitet».2

Det me i dag kan kalla «skeiv historie», var eit barn av den nye homorørsla frå 1970-talet, men også av 1970-talets aktivistiske samfunnsfaglege forsking, ny sosial- og kulturhistorie, rolleteori og etter kvart poststrukturalisme. Slik oppsummerte Michel Foucault det konstruktivistiske utgangspunktet for den «homohistoria» som fekk ein plass innanfor akademia i Nord-Amerika og Europa på 1970- og 1980-talet:

Det 19. århundres homoseksuelle er blitt en personlighet: en fortid, en historie og en barndom, en karakter, en livsform; dessuten en morfologi, med en påfallende anatomi og kanskje en gåtefull fysiologi. […] Sodomien var et slags tilbakefall i synden, den homoseksuelle er nå blitt en art.3

«Sodomien» var ei nemning for syndige seksuelle handlingar, særleg seksualitet mellom menn. Men omgrep som kontrærseksuell, urning og ikkje minst homoseksuell – ein neologisme innført av ein av Ulrichs’ allierte i 1869 – tok meir og meir over for det gamle omgrepet med gammaltestamentleg opphav. Der sodomien berre var ei syndig handling, blei altså den homoseksuelle noko naturvitskapen kunne beskriva, ein type menneske med visse kjenneteikn, ein «art».

Innanfor homohistoria blei det eit viktig poeng at homoseksualitet som identitet var ein sosial konstruksjon frå slutten av 1800-talet. Men ideen om at denne konstruksjonen var eit repressivt disiplinerande påfunn frå psykiatrien, blei på 80- og 90-talet utfordra. Særleg forskinga til den nederlandske historikaren Harry Oosterhuis har vist at «den homoseksuelle» ikkje berre var eit produkt av den psykiatriske profesjonen, men oppstod i samspel mellom legane og deira «pasientar». Han viste at teoriane til Krafft-Ebing blei utforma i dialog med homoseksuelle menn som brevveksla med han og oppsøkte han. Fleire av desse deltok også sjølve i teoriutforminga.

Ein av dei som korresponderte med og konsulterte Krafft-Ebing, var nettopp Poul Andræ; han drog til Wien i 1892 og blei undersøkt av den berømte psykiateren. I tillegg bidrog han gjennom ein eigen artikkel, og som kjelde for fleire danske legar, til å forma den danske psykiatriske diskursen om homoseksualitet. Brevvekslinga mellom han og Ebbe Herzberg – begge skandinaviske representantar frå embetsstanden og danningsborgarskapet – viser at dei såg på Krafft-Ebing som eit førebilete, utan at dei dermed var ukritiske i si tilnærming. Hertzberg meinte til dømes, som Krafft-Ebing, at homoseksualiteten var eit resultat av arv:

Men en sygdom, en nervesvækkelse, er homosexualiteten i mine øine i og for sig ikke […] Sygdommen, opstaar tværtimod paa grundlag deraf; urningen bliver neurasthenisk, fordi hans anormale situation er i særlig grad nervesvækkende.4

Den homoseksuelle, «den fødte urning», var altså meir enn ei psykiatrisk oppfinning. Det var også ein kategori «pasientane» var med på å forma, og som kunne danna utgangspunkt for både sjølvmedvit og politisk kamp.

 

EI TYSK OPPFINNING

Tanken om den fødde urning eller homoseksuelle danna etter kvart utgangspunkt for ei heil politisk rørsle. Startskotet for denne rørsla var skipinga av organisasjonen Wissenschaftlich-humanitäres Komitee i 1897 av den tyske legen og sjølvdefinerte homoseksuelle Magnus Hirschfeld. Ideen om homoseksualitet som medfødd eigenskap har vore utgangspunktet for homo-organiseringa fram til våre dagar og for vår tids idé om homo- og heteroseksualitet som «seksuelle legningar».

Som privilegerte menn frå det høgare sjiktet i samfunnet hadde Andræ og Herzberg reist mykje på det europeiske kontinentet, og dei hadde altså oppsøkt dei fremste tyskspråklege medisinske ekspertane på kontrær- eller homoseksualitet. At reisene gjekk til det tyskspråklege Europa, var ikkje tilfeldig. Ikkje berre var ideen om homoseksualitet spreidd gjennom tyskspråkleg psykiatri; Ulrichs’ skrifter var også starten på ein politisk tradisjon vidareført først og fremst i Tyskland, der debatten om seksualpolitisk strategi og ideologi blomstra. Ei mengd tidsskrift og bøker om homoseksualitet kom ut, og særleg i Berlin utvikla det seg ein subkultur med barar og kulturtilbod utan sidestykke i samtida. Forskinga på skeiv historie har i Tyskland særleg vore knytt til å bringa tilbake minnet om denne tyske homokampen som blei avbroten av nazistane si maktovertaking i 1933.

Den amerikanske historikaren Robert Beachy kom i fjor med boka Gay Berlin. Birthplace of a Modern Identity, ein tilgjengeleg og velskriven syntese av tysk homohistorie. Med støtte i forskarnamn som Ralf Dose, Claudia Schoppmann, Marita Keilson-Lauritz, Jens Dobler og Martin Lücke argumenterer Beachy inngåande for at homoseksualitet først og fremst var ei tysk oppfinning. Han meiner det er fire hovudgrunnar til at ideen om lesbiske og homofile som fødde sånn først blei lansert og fekk gjennomslag i Tyskland: For det første blei sex mellom menn kriminalisert i heile Tyskland etter sameininga i 1871, noko som medførte ei kriminalisering i område som før ikkje hadde hatt slik forbod (til dømes i Hannover, der Ulrichs kom frå). For det andre byrja tyskspråklege rettsmedisinarar og psykiatrar som Westphal og Krafft-Ebing å utforska homoseksuelle som ein eigen type personar. For det tredje engasjerte medlemmer av det tyske Bildungsbürgertum seg for avkriminaliseringa i offentlegheita. (Dette gjaldt både sjølvdefinerte urningar, som Ulrichs og Hirschfeld, og framståande politikarar, som leiaren for Det tyske sosialdemokratiske partiet, August Bebel.) Og for det fjerde eksisterte det ei relativt fri presse og trykkefridom som gjorde at ein fekk eit offentleg ordskifte om temaet. I Storbritannia var til samanlikning sex mellom menn framleis forbode, men lovverket gjorde det vanskeleg med eit fritt ordskifte om tematikken; symptomatisk nok måtte britiske forfattarar som skreiv om temaet, først gi ut bøkene sine i Tyskland.

Beachy peiker på at Berlin som ein av verdas raskast veksande storbyar, med eit politi som hadde ein toleransepolitikk overfor homoseksualitet, skapte rom for eit miljø som i storleik og grad av openheit var unikt for si tid. Sjølv om kjeldegrunnlaget førebels er tynt, ser det ut til at Berlin også blei ein arena for norske homofile menn og lesbiske kvinner: Hertzberg var her fleire gonger og hadde fleire kjende i miljøet rundt Magnus Hirschfeld. Ein av dei, Ferdinand Karsch-Haack, skreiv fleire år etter Hertzbergs død om sin norske venn som ein «urnisk Don Juan». Berlin som Europas «homohovudstad» kulminerte under Weimar-republikken, og norske menn og kvinner, for eksempel kunstnaren Ferdinand Finne og musikaren og kritikaren Pauline Hall, observerte og deltok i det homofile kultur- og nattelivet i 1920-åra.

 

SMITTEFARLEG MINORITET?

Den homoseksuelle identiteten var altså ein kategori som kunne brukast i eit politisk «frigjeringsprosjekt». Men den kunne også ha andre effektar. Medan høgt utdanna personar som Hertzberg og Andræ kunne bruka den som eit springbrett til ei ny forståing av eigen seksualitet, førte den for andre til innelukking på anstaltar. Dette gjaldt til dømes ei tenestejente frå Hardanger som i 1895 blei innlagd på Dr. Rosenbergs asyl i Bergen. Seksualiteten hennar hadde ført til problem i heimbygda – bonden ho tente hos, kunne fortelja «at hun intetsteds kan tjene, da alle ved om hendes unaturlige drift, ingen piger faar være i fred for hende».5 Ved sinnssjukehuset i Bergen blei ho forsøkt behandla ved hjelp av bad, det roande middelet bromkalium og hypnose, men utan resultat. Legen omtalte henne i tråd med det nye psykiatriske språket om homoseksualitet, antyda at degenerativ arv kunne ligga bak, og skreiv henne ut etter om lag eit år ved asylet.

Kvinna frå Hardanger hadde openbert ingen føresetnader for å bruka den psykiatriske diskursen til sin fordel, endå mindre til å vera med på å forma den, slik Andræ og Hertzberg gjorde, og ho står i ein lang tradisjon av homoseksuelle som har blitt forsøkt behandla for sin seksualitet fram mot våre dagar (sjukdomsdiagnosen blei først oppheva i Noreg kring 1980).

Naturargumentet var altså eit tviegga sverd, det kunne brukast til heilt ulike føremål, frå «frigjeringskamp» til behandling og internering. Og til og med for Hertzberg, som omfamna fødd sånn-tanken, verka argumentet til sjuande og sist kontraproduktivt; universitetet såg det som ein ytterlegare grunn til at han måtte gå frå professorstillinga. For han førte dette til at han i vel ti år måtte leva tilbaketrekt og utan faste stillingar.

Sjølv om modellen om «den fødde homoseksuelle» fekk ei viss utbreiing og eit visst gjennomslag i det europeiske samfunnet, og særleg i Tyskland, blei den likevel aldri dominerande. Den amerikanske queer-teoretikaren Eve Sedgwick har hevda at ideen om eit grunnleggande skilje mellom kategoriane homo og hetero har vore utbreidd sidan slutten av 1800-talet, men at ei «minoritiserande» oppfatning om homoseksualitet heile tida har vore utfordra av «universaliserande» oppfatningar, det vil seia av idear om homo- eller biseksualitet som latente komponentar hos alle menneske.

Idear om at homoseksualitet ikkje berre fanst hos ei minoritetsgruppe, blei slett ikkje borte på slutten av 1800-talet berre fordi fødd sånn-tanken var sådd. «Orientalistiske» idear om at homoseksualiteten kom frå «dei andre», frå dei lågare sosiale laga eller frå andre kulturar, er døme på at ein framleis såg på likekjønna begjær som umoralske handlingar som kunne breia om seg: Ein av dei fremste norske forkjemparane for ein streng seksualmoral kring hundreårsskiftet, August Koren, såg til dømes homoseksualiteten som ei bølgje som kom frå sør – «fra Konstantinopel og andre af Sydens byer» – og som allereie hadde «oversvømmet» Berlin: «dens forløbere er kommet til Kjøbenhavn og Stockholm, og snart vil den skylle op mod vore kyster.»6

I psykiatrien og psykoanalysen stod dessutan ideen om at seksualiteten var ubestemt til den blei forma i tenåra, lenge sterkt, side om side med ideen om «den fødte urning»; det gjaldt dermed å hindra at ungdommen blei påverka i feil retning, at dei gjennom likekjønna seksuelle opplevingar i oppveksten – «forføring» – utvikla seg til å bli homoseksuelle.

 

LEGNING OG KAMP

Historisk forsking på seksualitetshistorie har altså vist kor sentrale kategoriane homo og hetero har blitt i det moderne vestlege samfunnet. Samtidig som homoseksuelle har blitt definerte som ei avgrensa gruppe, «dei andre», har denne avgrensinga stadig vore oppfatta som skjør, og det har såleis vore naudsynt stadig å «verna» seg mot homoseksualiteten for å halda heteroseksualiteten rein.

Ein viktig strategi for homorørsla har vore å komma denne ideen til livs gjennom å etablera homo-kategorien som stabil og uforanderleg. I den første informasjonsbrosjyren til Det norske forbundet av 1948 (DNF-48) var fødd sånn-argumentet sentralt: «Fordi naturen har skapt oss slik at vi definitivt utgjør et tredje menneskekjønn (‘det tredje kjønn’), må vi forlange å få leve vårt liv slik det er naturlig for oss, så lenge vi ikke dermed direkte skader andre.»7

Dette var skrive i 1951, då ideen om ein plastisk og foranderleg seksualitet framleis stod sterkt; det gjaldt å verna ungdommen mot homoseksuell «forføring». Å imøtegå denne forføringsteorien var strategien når DNF-48 argumenterte mot straff for sex mellom menn og mot forslag om ein høgare seksuell lågalder for homoseksualitet enn for heteroseksualitet. For å få gjennomslag for heilt grunnleggande rettigheiter måtte ein med andre ord forsikra om at dette ikkje ville føra til noka større utbreiing av homoseksualitet.

Strategien til homorørsla var vellukka. Den førte til oppheving av straffeforbodet i 1972, og sidan har ideen om homo- og heteroseksualitet som stabile, medfødde «seksuelle legningar» fått ei sterk stilling her i landet. Det går med andre ord ei linje frå Karl Heinrich Ulrichs på 1860-talet, via Ebbe Hertzberg på 1880-talet til Det norske forbundet av 1948 på 1950-talet og framover: vår tids dominerande førestilling om homofili er grunnleggande sett den same som Hertzbergs «den fødte urning».

 

PEPARMØYSAMFUNN

Medan det å omfamna identiteten som «den fødte urning» av mange blei oppfatta som ein fruktbar og frigjerande strategi, var det for mange andre slett ikkje nokon ønskjeleg måte å definera seg på. Kulturvitaren Tone Hellesund har til dømes vist korleis det på slutten av 1800-talet vaks fram eit «peparmøysamfunn» av ugifte borgarskapskvinner som med iver og entusiasme gjekk ut i arbeids- og organisasjonslivet. Mange av desse kvinnene levde som ugifte eller sambuande med andre kvinner, men svært få av dei tok i bruk dei sexologiske kategoriane. I staden kunne dei leva saman i «romantiske venskapar», relasjonar som i dag kanskje ville ha vore rubriserte som lesbiske, men som verken av kvinnene sjølve eller av samfunnet rundt dei blei forstått i lys av denne kategorien. For desse kvinnene var dei kategoriane som Ebbe Hertzberg omfamna, verken relevante eller brukelege. Eit viktig poeng hos Hellesund er at etter kvart som den sexologiske kunnskapen fekk breiare samfunnsmessig nedslagsfelt, ein prosess som byrja med kulturradikalismen på 1930-talet og blei fullført på 1970-talet, blei også peparmøyene og dei romantiske venskapane tolka i eit nytt lys: Det allmenne medvitet om at det fanst ein kategori kvinner som var lesbiske, gjorde at dei mista si uskyld og blei «seksuelt suspekte», det vil seia potensielle lesbiske.

Studiar som Hellesund sin viser at det ikkje finst ei rettlinja historie om ei betre og sannare forståing for kva «homofili» er, men at nye kategoriar tar over for eldre oppfatningar og skapar rom for nye identitetar, samtidig som andre blir «utdaterte» og døyr ut. Ein seksuell identitet som «homoseksuell» har altså kunna bli oppfatta som både ei tvangstrøye og ein attraktiv kategori. Peparmøyene kunne leva utanfor denne kategorien og slik skapa seg eit liv der dei slapp unna sexologiens insistering på å søka sanninga om mennesket i seksualiteten.

Frå 1990-talet har queer eller skeiv teori utfordra homo- og lesbeidentiteten ved å hevda at seksualiteten kan vera flytande og foranderleg, og ved å vera skeptisk til seksuelle identitetskategoriar. Der homorørsla tidlegare var opptatt av å konsolidera homoseksualiteten som medfødd og avsanna forføringsteorien, kunne no ideen om ein mindre fastlagd seksuell identitet gjenoppstå med positivt forteikn for dei som gjekk inn for skeiv teori og politikk.

Ved å visa at seksuelle identitetar har ein historisk bakgrunn, har historieforskinga bidratt med viktige innsikter til skeiv teori, der det foranderlege – og «performative» – ved kjønns- og seksualitetsidentitet står i sentrum. Historieskrivinga har tilbydd eit kritisk blikk på vår tids forståing av homo og hetero som historisk skapte kategoriar. Skeiv historie handlar såleis ikkje berre om framveksten og konsolideringa av ein lesbisk og homofil identitet, men om korleis normene for kjønn og seksualitet har endra seg opp gjennom tidene og forma vilkåra for korleis folk har kunna uttrykka og utfalda seg.

 

EI SKEIV NORSK HISTORIE

Internasjonalt har skeiv historie utvikla seg til eit eige felt som ikkje er avgrensa til «homoseksualitet», men som utforskar normene for kjønn og seksualitet og dei som har forma dei eller levd på tvers av dei. I Noreg er dette feltet knapt utforska. Karen-Christine Friele kom i 1985 ut med den første boka om homofiles historie her til lands. Utover dette finst nokre få hovudoppgåver og doktoravhandlingar, og nokre biografiar er innom temaet.8 Den einaste faghistoriske boka om emnet er boka Masker og motstand. Diskré homoliv i Norge 1920–1970 av sosialantropologen Hans W. Kristiansen, som på ein utmerkt måte viser korleis ein homoidentitet veks fram i Noreg. Nå er Skeivt arkiv ved Universitetsbiblioteket i Bergen starta opp. Her skal norsk skeiv historie dokumenterast i brei forstand, gjennom innsamling av både arkivmateriale og livsminneintervju, og formidlast gjennom nettsider som kan brukast av til dømes forskarar, studentar, skuleelevar og journalistar.

Spora etter skeiv historie er ofte vanskelege å finna, dei er spreidde og få. Mykje har blitt sensurert bort, anten av personane sjølve eller av arvingane og etterkommarane deira. Breva frå Ebbe Hertzberg til Poul Andræ blei ikkje brende. Nokre år etter at Andræ døydde, dukka dei opp hos ein antikvarbokhandlar i København, og dei blei kjøpte av Universitetsbiblioteket i Oslo, der dei blei liggande klausulerte til 2012 og først opna i 2014. No ligg dei tilgjengelege digitaliserte på nett hos Nasjonalbiblioteket, og er ei viktig kjelde til å forstå korleis vår tids forståing av homoseksualitet som «seksuell legning» hadde sitt opphav blant tyske psykiatrar og aktivistar på slutten av 1800-talet, og korleis denne ideen så smått også byrja å få ei utbreiing her til lands.

Runar Jordåen (38) er historiker og prosjektleder for Skeivt arkiv ved Universitetsbiblioteket i Bergen.

1. Nasjonalbiblioteket, Hertzberg til Andræ 29.12.1900
2. Weeks 1977: 23
3. Foucault 1995: 53–54
4. Nasjonalbiblioteket, Hertzberg til Andræ 15.05.1892
5. Looft 1896: 286
6. Det Medicinske Selskab 1907: 13–15
7. Forbundet av 1948 (1951): 1–2
8. Her kan for eksempel nemnast Martin Skaug Halsos’ og Astrid Olsens hovudoppgåver i historie, Jan Olav Gatlands biografi om Åsmund Sveen og Espens Søbyes om Johan Scharffenberg.

Litteratur

Robert Beachy. 2014. Gay Berlin. Birthplace of a Modern Identity. Knopf. New York

Det Medicinske Selskab. 1907. Forhandlinger i Det Medicinske Selskab i Kristiania. Steen’ske bogtrykkeri. Kristiania

Ralf Dose. 2014. Magnus Hirschfeld. The Origins of the Gay Liberation Movement. Monthly Review Press. New York

Kevin Dubout & Raimund Wolfert. 2013. «‘Eigentümliche Städte, sympatische Völker und Sehenswürdigkeiten von grosser Schönheit’. Zur Skandinavien-Rundreise des WhK-Aktivisten Eugen Wilhelm 1901». Invertito – Jahrbuch für die Geschichte der Homosexualitäten 15: 9–44

Thore J. Elton. 2000. Ferdinand Finne. Gyldendal. Oslo

Forbundet av 1948, Den norske seksjon. 1951. Hva vi vil [brosjyre]

Michel Foucault. 1995. Seksualitetens historie. Bind I. Viljen til viten. Exil. Halden

Karen-Christine Friele. 1985. De forsvant bare … Fragmenter av homofiles historie. Gyldendal. Oslo

Jan Olav Gatland. 2003. Det andre mennesket. Eit portrett av Åsmund Sveen. Samlaget. Oslo

Martin Skaug Halsos. 1999. § 213 i Almindelig borgerlig straffelov av 1902. Homoseksualitet i Norge og rettslige sanksjoner mot den fra slutten av 1800-tallet til 1972. Hovedoppgave i historie. Universitetet i Oslo

Tone Hellesund. 2003. Kapitler fra singellivets historie. Universitetsforlaget. Oslo

[Ebbe Hertzberg.] 1902. «Spuren von Konträrsexualität bei den alten Skandinaviern. Mitteilungen eines norwegishen Gelehrten». Jahrbuch für sexuelle zwischenstufen 4: 244–263

Runar Jordåen. 2010. Inversjon og perversjon. Homoseksualitet i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av 1800-talet til 1960. Ph.d.-avhandling. Universitetet i Bergen

Hubert Kennedy. 2001. Karl Heinrich Ulrichs. Leben und Werk. Zweite, überarbeitete Auflage. MännerschwarmSkript. Hamburg

Hans W. Kristiansen. 2008. Masker og motstand. Diskré homoliv i Norge 1920–1970. Unipub. Oslo

Astrid Kvalbein. 2013. Musikalsk modernisering. Pauline Hall (1890–1969) som komponist, teatermenneske og Ny Musikk-leiar. Ph.d.-avhandling. Norges musikkhøgskole

Carl Looft. 1896. «Et tilfælde af homosexualitet hos en kvinde». Medicinsk revue 13: 286–287

Astrid Olsen. 1996. Endring i sjølvoppfatning blant lesbiske i Noreg 19501993, i nært samband med homoorganisering. Hovudoppgåve i historie. Universitetet i Bergen

Harry Oosterhuis. 2000. Stepchildren of Nature. Krafft-Ebing, Psychiatry, and the Making of Sexual Identity. University of Chicago Press. Chicago

Karl Peder Pedersen. 2013. «‘Jeg er et højst fulstændigt og fejlfrit eksemplar af racen, så jeg blev modtaget som en kostbar skat’. Om amtsforvalter Poul Andræ (1843–1928), kontrærsexualiteten og lægerne». Fund og Forskning i Det Kongelige Biblioteks Samlinger 52: 289–323

Eve Kosofsky Sedgwick. 1990. Epistemology of the Closet. University of California Press. Berkeley

Espen Søbye. 2010. En mann fra forgangne århundrer. Overlege Johan Scharffenbergs liv og virke 1869–1965. Oktober. Oslo

Jeffrey Weeks. 1977. Coming out. Homosexual Politics in Britain, from the Nineteenth Century to the Present. Quartet Books. London

Raimund Wolfert. 1999. «Ebbe Hertzberg und die ‘Spuren von Konträrsexualität bei den alten Skandinaviern’». Capri. Zeitschrift für schwule Geschichte 27, desember 1999: 18–23