Det finst (minst) to måtar sakprosaspråk kan vere godt på. Det kan gjere seg usynleg og gå opp i ein høgre einskap med innhaldet, eller det kan dra merksemda til seg.

Språkrådet deler kvart år ut ein pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisen er etterfølgjaren til Norsk språkpris (1992–2003) og har sidan 2007 hatt namnet «Språkprisen». Etter nokre år med parallellheidring av målformene har prisen sidan 2014 gått annakvart år til sakprosa på nynorsk og bokmål, for einskildverk eller produksjonar frå dei siste fem åra. Målet med prisen er å syne fram det gode sakprosaspråket og gjennom dette styrkje norsk språk. Dei seinaste åra har prisen hatt sitt eige arrangement på Litteraturhuset i Oslo. I 2019 skjer utdelinga 20. november. Ei kortliste over nominerte blir presentert eit par veker før arrangementet, slik at fleire døme på godt språk i sakprosa blir synt fram.

Eg har vore jurymedlem ved dei siste fire utdelingane, og med grønt lys frå juryleiar og språkdirektør vil eg tenkje høgt om godt språk i sakprosa med utgangspunkt i erfaringar frå juryarbeidet. Vurderingane og refleksjonane her står for mi eiga rekning, men døma eg kjem med, er henta frå tekstar vi har vore samde om at er gode vinnarkandidatar.

Det er lite sladder om nevekampar frå juryrommet å hente i det følgjande. I det heile er det få dramatiske augneblikk å rapportere om. Det måtte eventuelt vere første året berre den eine målforma blei heidra; då hugsar eg at ein (entusiastisk?) tilhengjar av den andre målforma slengde igjen sidedøra til Oslo konserthus’ vesle sal med eit brak under utdelinga. Sjølv om mykje av sakprosaen har ein grunntone utan patos, er det ofte kjensler i sving når språk er tema.

Sakprosalyrikk
Alle har høve til å nominere kandidatar, og alt som er nominert, blir vurdert. Juryarbeidet inneber òg det å leite der språket er og verkar, frå tidsskrift via lærebøker og Twitter-meldingar til matbloggar. Det einaste eg kan kome på som har skapt tillaup til interne stridigheiter i juryen, er grenseoppgangen mellom prosa og lyrikk. Særleg éin tidlegare kollega i juryen tala varmt for å innlemme poesi om røynda. Sjølv om takhøgda er stor, vart eg aldri heilt overtydd om at poesiutgjevingar høyrer heime i sakprosarommet. Men det er stilistiske grep i mykje av den gode sakprosaen som fint kunne høyre heime i poesien, og vice versa. Om ti på gata får ei liste over titlar frå tidlegare vinnarkandidatar, vil fleire truleg gjette at både Ekofisk, Eidsvoll og ord/kjøtt er namn på lyrikkutgjevingar. Eit eige rom likeins. Allitterasjonar, allusjonar, tropar og figurar figurerer, men ikkje alltid, og sjeldan berre. Dei nemnde titlane har òg undertitlar som meislar ut saka som utgjevinga handlar om.

Godt språk er ikkje alltid det same i alle samhandlingssituasjonar, og vurderinga kan såleis vere påverka av kva sjanger ein plasserer ein tekst i. Er det i det heile mogeleg å svare på kva som er godt språk i sakprosa?

Kviskring og rop
Det finst (minst) to måtar sakprosaspråk kan vere godt på. Språket kan vere usynleg, slik at sak og språk går saman i ein høgre einskap, eller språket kan vere synleg og dra merksemda til seg. Den veven teksten utgjer, kan anten vere saumlaus og glatt eller full av mønster og struktur. I det siste tilfellet blir du som lesar tvinga til å stoppe opp, navigere, kjenne og smake på orda og vendingane. I det første tilfellet kan du òg bli tvinga til å stoppe opp og leite etter den røysta som leier deg lydlaust gjennom teksten, fordi saka krev ei kritisk innstilling. Den saumlause og lågmælte språkføringa har tradisjonelt vore rekna som den som gagnar mykje av sakprosaen. For mykje struktur og for mange tydelege skrivarrøyster luggar og skuggar for saksinnhaldet. Samstundes kan det usynlege språket skape avstand og avmakt. Kva ein set pris på, er òg eit spørsmål om personlege preferansar: Ei interesse for saksinnhaldet gjer gjerne tolegrensa for språkleg slendrian fleksibel.

Kvalitetsnormer (Allereie Aristoteles …)
Kvalitetsnormer for godt språk i sakprosa vil variere mellom undersjangrar. Om noko kan verke som sams kvalitetskriterium på tvers av sjangrane, er det truleg dei vi finn nedfelte i klassiske retoriske stilideal, som at språket skal vere korrekt, klart og ha høveleg retorisk utsmykking. Normene for det korrekte står sterkt. Det er eit tankekors at mange norske språkbrukarar er så opptekne av rett og gale, når dei er omgjevne av rom for valfridom og svak standardspråkideologi. I «Språkspalta» på Facebook, og i liknande forum, er idealet om det korrekte så sterkt at saksinnhaldet i dei tekstane som blir delte og diskuterte, hamnar i skuggen. Valdshendingar og klimakatastrofar må vike for diskusjonar om transitivitet og teiknsetjing. Men rett skal vere rett: Det gode språket er det korrekte språket. Det gode sakprosaspråket speglar ei gjeldande rettskrivingsnorm, eller bryt mot ei slik norm på føreseieleg vis. Feil og umotiverte normavvik er forstyrrande, og korrekt rettskriving skapar ro og tillit. Fleire vinnarar av Språkprisen har løfta fram den viktige rolla språkvaskarar og korrekturlesarar har spelt på vegen mot det gode språklege uttrykket.

Klarleik er òg eit viktig ideal. Den overordna tekststrukturen lyt vere oversiktleg og gjennomskinleg. Samanhengen mellom tekstdelar kan ein gjerne markere eksplisitt, men i dei tilfella ein klamrar seg til det stringente og ein stram, raud tråd – utan rom for digresjonar eller retorisk utsmykking –  risikerer ein at lesarane duppar av. Retorisk utsmykking er samstundes ikkje berre «bling», men går inn i eit samspel med saka. Det gjeld å finne den forma som tener teksten best.

Av og til er det det stutte og poengterte som fungerer best som stilideal, både når det gjeld innhaldsmoment og stil. I Ti tusen skygger hyllar Bjørn Godøy forma i Armauer Hansens sjølvbiografi, som mest ikkje inneheld eit ord om privatlivet hans: «I stedet hoppet han fra tema til tema og klokket inn livet sitt på 142 korte sider. Selvbiografien avsluttes brått med en utlegning om alkoholrelaterte lidelser. Den kontante og lesverdige gjennomgangen er absolutt å foretrekke fremfor mursteinene med babbel som de fleste berømtheter etterlater seg.» Godøy er biten av basillen og nyttar sjølv berre 90 sider meir enn Armauer Hansen på heile historia om Noreg og dei spedalske. Det rike flettverket av kjelder og røyster er imponerande kontant og leseverdig.

Rytme og fagleg tryggleik
Ei interesse for språk og stil opnar for innblikk i saksområde du kanskje ikkje hadde rekna med å oppsøkje. Eit fellestrekk ved mange av vinnarkandidatane er nettopp at dei har evna til å lokke deg inn i fag og emne du kanskje ikkje i utgangspunktet var spesielt interessert i. «Langt frå land er Ekofiskfeltet langt på veg ein usynleg pengemaskin som produserer norsk grunnrente og utanlandsk valuta i stride straumar. Den klokkereine lyden av Ekofisk er klingande mynt», skriv Morten Søberg i Ekofisk, Eidsvoll, og tekstrytmen gjer både statsfinansar og handlingsregelen freistande for lesarar som hittil har nytta økonomiaviser til fôr i flyttekasser. «Den konstitusjonelle politikken er ein slags sirenesong», skriv han òg: «Forførande, lokkande, storfelt». Like lokkande er Søbergs prosa. Vekslinga mellom stutte og lengre einingar innanfor kvar syntaktiske periode, og mellom lengre og stuttare periodar, skapar rytme.

Maria Berg Reinertsen har også ein særeigen tekstrytme, og ho vik heller ikkje attende for innsiktsfulle digresjonar. Henriette Schønberg Erken, derimot, lar aldri tankene fly i tekstane sine, skriv Berg Reinertsen: «[…] hun er fullt til stede. Uten å tvile på om dette er det man skal gjøre, pakker hun grøtgryten ned i høkassen, safter rips og koker flyndrefileter i smult. Aldri lar hun seg distrahere av verden der ute, kvinnekampen for stemmerett, boligkrakket i Kristiania 1899, unionsfrigjøringen, så lenge det da ikke slår inn på prisene på grønnsaker.» Og bakom syng fagkunnskapen. I den stutte oppramsinga av kjøkkenhandlingar får Berg Reinertsen fletta inn både historie og samfunnsøkonomi.

Fagleg tryggleik er løfta fram så ofte i omtale av gode formidlarar at det mest har vorte ein floskel, men det gode sakprosaspråket heng saman med den gode sakkunnskapen. Fellestrekk mellom vinnarkandidatane er evna til å vere til stades i eigen tekst, men òg å kunne trø tilbake og la saka, kjeldene og fagkunna tale for seg sjølv. Vinnarkandidatane har kjeldelister og referansar, og somme nyttar eit utstrekt noteapparat. Alfred Fidjestøl har alltid orden i sakene, men Geir Hestmark tar prisen her, med mest 250 sider med kjeldelister, noteapparat, litteraturlister og register til biografien om Jens Esmark. Sjølv om bøkene blir mursteinar av dette, er det ikkje snakk om mursteinar med babbel, men igjen snakk om tillit.

Frå eg til sak
I grunngjevingane for kortlistenominerte til Språkprisen dukkar adjektivet «personleg» opp fleire gonger. Det er fleire trekk frå klassisk essayistisk tradisjon til stades i fleire av tekstane. Dette er kanskje ikkje så overraskande, då essayet opnar for det subjektive preget og særleg omsorg for den stilistiske utforminga. Samstundes er det slåande korleis fleire av dei nominerte raskt forlèt eget og leier oss inn i sak, fag og det allmenne. Dei blir såleis ikkje potensielle offer for kritikken mot den subjektive faktoren, som Eivind Tjønneland reiser i Prosa 1/2019.

Ein modell fleire har tydd til, kviler på eit velprøvd pedagogisk prinsipp om å starte i det nære og kjende og arbeide seg inn i sakskomplekset derifrå. Kristin Fridtun går ofte frå «eg» til sak, som til dømes her, i Kjønn og ukjønn: «Eg fann snøgt ut at trans er ein latinsk preposisjon. Det gledde meg, for eg likar preposisjonar, eller styreord, som det heiter på kjempenorsk. Ein av dei gamle eigenskapane til desse orda er just å styra forma til eit tilknytt ord, krevja at det står i ein viss kasus, slik til styrer genitiv i norrønt, og trans styrer akkusativ i latin. Men preposisjonane styrer òg tanken […]»

Dag O. Hessen følgjer same mønster i C – Karbon. En uautorisert biografi: «Jeg hev av meg klærne og dykket. Ned mot bunnen var det som å stikke hodet i et kjøleskap, det føltes iskaldt idet jeg grep vannhenteren og kom meg opp i varmen og lyset igjen. En sjø er velegnet til å illustrere så mangt. Også effekten av lys. Lys er fotoner, og de kan drive fotosyntese eller danne varme.»

Det personlege handlar her om å vere til stades, og å leie lesarane inn i og ut av saka i eit vekselspel. Det gode sakprosaspråket handlar òg om å mane fram bilete som mange kan kjenne seg att i – eller leve seg inn i.

Humor
Det gode sakprosaspråket vekkjer kanskje ikkje gapskratten så ofte, men humor er sjeldan å forakte. Fleire av dei nominerte lar ein underfundig humor kome til uttrykk, ikkje minst i innramminga, i mellomoverskrifter, i bilettekstar, og så bortetter. Kvaliteten kjem fram der overdrivingar og skråblikk pirkar borti (felles) forventingar og førestillingar. I Ti tusen skygger finn vi til dømes følgjande bilettekst til eit svart-kvitt-fotografi av ein tåkelagd vestlandsgard: «Vestlandet – en gigantisk helserisiko. Slik betraktet 1800-tallets leger landsdelen. Miasmene svevde rundt i tåka.» Når Alfred Fidjestøl skriv historia om Kulturrådet og kjem til Ole Jacob Bulls leiarperiode, kan fotografiet av Bull på ein parkbenk vanskeleg heite anna enn «Sitting Bull». Biletet av Knut Haavik i same bok har fått den treffande teksten «Kultursjokk: Kultur-Noreg sette raudvinen i halsen då Knut Haavik blei oppnemnd til ny medlem av Norsk kulturråd».

Lesarmakt og kvalitet
Det gode språket i sakprosaen er det som reflekterer eit normmedvit. Det finst òg eit resonansrom mellom norm og avvik, som den gode sakprosaskribenten veit å utnytte. Til sjuande og sist er det likevel lesarane som avgjer kva som er godt, som konsumentar i merkantil forstand, men òg som modell-lesarar skrivne inn under tekstutforminga. Cicero seier det beint fram: «Det som alltid har styrt ordkunsten til talaren, er tilhøyrarane si dømekraft. For alle som ynskjer å vinne tiltru, gjev gaum på viljen til dei som høyrer på, og i alle ting tilpassar dei seg sjølve etter deira skjøn og vink og vilje.» Det gode språket oppstår i samspel med lesarane, i eit tillitsforhold. Språkdirektør Åse Wetås skal få siste ordet. I ein kronikk frå januar i fjor skriv ho: «Det gode språket vil også være et tegn på gjennomgående kvalitet, og det kan dermed styrke tilliten til tekstens faktainnhold.»

Illustrasjon: Johanne Hjorthol

Litteratur
Marcus Tullius Cicero: Retorikk og filosofi. Eit brev til Brutus. Samtalar om filosofi. Omsetjing og merknader ved Hermund Slaattelid. Samlaget, 1995.

Alfred Fidjestøl: Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965–2015. Samlaget, 2015.

Ivo de Figueiredo: ord/kjøtt. Norsk scenedramatikk 1890–2000. Cappelen Damm, 2014.

Kristin Fridtun: Kjønn og ukjønn. Ordhistoriske essay. Samlaget, 2015.

Bjørn Godøy: Ti tusen skygger. En historie om Norge og de spedalske. Spartacus, 2014.

Dag O. Hessen. C – Karbon. En uautorisert biografi. Cappelen Damm, 2015.

Geir Hestmark: Istidens oppdager. Jens Esmark, pioneren i Norges fjellverden. Kagge, 2017.

Maria Berg Reinertsen: Henriette Schønberg Erken. En norgeshistorie sett fra kjøkkenbenken. Cappelen Damm, 2013.

Morten Søberg: Ekofisk, Eidsvoll. Eit essay om oljepengar og Grunnlova. Samlaget, 2017.

Åse Wetås: Dropp svada! Kronikk. NRK Ytring, 13. januar 2018.