Bokhandelens litterære forfall

27.10.2014

Kommersialiseringa av norsk bokhandel har gått så langt at interesse og engasjement for litteratur er meir å rekne som ei ulempe enn eit gode. Bokhausten 2014 er det kunnskap om varehandel, kjededrift og kommersiell marknadstenking som gjeld.

Eg var i Stortinget den kvelden boklova blei vedtatt. Sat oppe på galleriet saman med folk frå Forfattarforeininga, mellom anna Per Petterson og Helene Uri. Etterpå var det sprudlevatn i Rådhusgata, der kulturminister Hadia Tajik (Ap) stakk innom. Forfattarane var glade for at lova endeleg var på plass. Den gamle leiaren Anne Oterholm var der – og tidlegare kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap). Og saksordføraren i Stortinget, Rannveig Kvifte Andresen frå SV, saman med ho som blei kalla boklovas mor, Gunn Karin Gjul (Ap), som då var leiar i Stortingets kulturkomité. Per Petterson sa om innføringa av lova at «skjer det ikke nå, blir det en generasjon til neste gang vi får denne muligheten».
Forleggarane var glade, dei fleste i bransjen var glade, og det politiske fleirtalet på Stortinget var glade denne historiske kvelden. Etter lang kamp hadde også vi fått ei boklov med fastpris som kjerne, slik dei store kulturnasjonane på kontinentet har hatt det i mange år. Litteraturen var løfta ut av næringspolitikken og inn i kulturpolitikken, der bøker – som ikkje må forvekslast med pølser og hermetikk – høyrer heime. Boka var ikkje lenger ei vare. Stemninga i Rådssalen hos Forfattarforeininga var euforisk, men kor var bokhandlarane denne junikvelden?

EIN BRANSJE I GOD FORM
Ja, det kan ein lure på, men først litt statistikk. Nordmenn er i verdstoppen når det gjeld lesing. Breidda i den norske bokheimen er større enn i nabolanda, og bokkjøpet per capita er nesten dobbelt så høgt som i Sverige og meir enn dobbelt så høgt som i Danmark. Heile 93 prosent av oss las minst ei bok i fjor, og den store interessa har halde seg stabilt på dette nivået gjennom heile 2000-tallet. I gjennomsnitt les folk i Noreg 17 bøker i året. Over førti prosent er storlesarar med eit konsum på meir enn ti bøker i året.
I kroner og øre auka den norske bokmarknaden med 2,7 prosent frå 2012 til 2013 og er no i sum 5,64 milliardar. Den deflaterte verdien for 2013 er om lag like stor som for 20 år sidan. Dette viser at bokmarknaden i Noreg har underliggande stabilitet, som det heiter i økonomisk sjargong. I fjor kom det ut 6300 nye titlar i dette vesle landet.
Kor mykje går så gjennom bokhandelen? I ei undersøking Ipsos MMI gjorde for Bokhandlarforeininga i juni 2014, svarer 64 prosent at sist dei kjøpte ei bok, skjedde det i bokhandelen. Dette er seks prosentpoeng opp frå tilsvarande undersøking frå juni 2013 og den høgaste målinga sidan undersøkinga første gong blei gjennomført i 2003. 15 prosent seier siste boka dei kjøpte, kom frå nettet.
På forlagssida melder Forleggarforeininga om rekordauke i talet på nye medlemmer dei siste åra. Av dei store og mellomstore er det no berre Juritzen som står utanfor. Norsk bokbransje er i god form.

TRE POLITISKE GREP
Kva er så årsaka til denne suksessen? I bransjen blir det peika på tre politiske grep som alle blei innførte på 1960-talet. Sidan 1962 har medlemmene i Den norske Bokhandlerforening og Den norske Forleggerforening hatt ein bransjeavtale som fastset reglar for bokomsetnaden i Noreg, frå 2005 kalla Bokavtalen. Denne fastprisavtalen blei sist reforhandla i vår og skal gjelde ut 2016. Fastprisen gjeld frå publiseringsdato og fram til 1. mai året etter. Deretter er prisen på boka fri.
Det andre store grepet er innkjøpsordningane som Kulturrådet administrerer. Desse ordningane omfattar årleg ein halv million bøker, eller 120 millionar kroner over statsbudsjettet. Innkjøpsordningane er viktige for forlag og forfattar, som på denne måten får bøkene sine ut til folkebiblioteka.
Den tredje ordninga gjeld momsfritak for papirboka. I ein bransje med nesten seks milliardar i omsetnad er dette sjølvsagt ikkje uvesentleg. Vi snakkar om eit momsfritak på 1,5 milliardar som bransjen nyt godt av.

DEMOKRATISK SENTRALISME
Så til bokhandlarane. For Lenin var demokratisk sentralisme heilt sentralt i arbeidet med å bygge eit sterkt parti. Det som er mindre kjent, er at dei norske bokhandelkjedene driv etter same marxistisk-leninistiske prinsipp. Etter at dei tre store forlaga Cappelen Damm, Gyldendal og Aschehoug kjøpte kvar si bokhandelkjede, har denne måten å tenke på gripe om seg i norsk bokhandel. Cappelen Dam eig Tanum, Gyldendal eig Ark, og Aschehoug eig tapssluket Norli Libris. I tillegg har vi Nye Notabene, som er eigd av DnB, den største kreditoren etter konkursen i fjor.
Felles for desse kjedene er at dei er sentralstyrte – og toppstyrte. Det er innkjøparane på kjedekontora i Oslo som bestemmer kva bøker den lokale filialen i Hammerfest eller Lillesand skal tilby. Innkjøp, kampanjar, forfattarbesøk eller turné. Alt blir bestemt på hovudkontoret i Oslo. I denne fabrikken er butikkane rundt omkring i landet mekaniske utsal som gjennomfører ordrane slik dei er formulerte av kadrane i Oslo. Illustrerande for denne industrielle tenkinga er at dei mellomstore forlaga i gjennomsnitt fekk ti minutt på seg då dei skulle presentere haustlista tidlegare i år. Fleire av desse forlaga kjem med eit titals titlar i året, dei fleste om hausten. Spartacus, Samlaget, Dreyer og Vega er døme på slike forlag.

MÅLING OG SENGETØY
Ser ein nærare på dei som styrer i norsk bokhandel, teiknar det seg eit interessant bilete. På toppen av Norli Libris, som er landets største bokhandel, sit tryslingen John Thomasgaard. Før han byrja selje bøker, selde Thomasgaard sengetøy for Jysk, der han var administrerande direktør i sju år. Men han gjekk ikkje direkte frå sengetøy til bøker. Eigentleg hadde han signert med Nille, der han skulle vere landsjef for Noreg, men så ringde ein hovudjeger med spørsmål om han ville ta jobben som leiar for landets største bokhandel, som er eigd av Aschehoug (51 prosent) og Norgesgruppen (49 prosent). Gamlesjefen, trønderen Nils Sund, som hadde bakgrunn frå Skeidar, var på veg ut. Han skulle byrje i målarfirmaet Malorama. Thomasgaard sa først nei fleire gonger, før han endeleg svarte ja. Då Bok & samfunn skulle portrettere Thomasgaard som landets nye bokhandelkonge hausten 2012,var det så få bøker å oppdrive på hovudkontoret på Lysaker at vi måtte til Sandvika Storsenter for å finne ei bokhylle som kunne illustrere artikkelen.
Som nummer to på lista over landets største seljar av litteratur tronar Ark Bokhandel. På toppen av den organisasjonen sit kremmaren John Tørres Tuv frå Bodø. Tuv har arbeidd i Narvesen heile livet. Den tredje forlagseigde kjeda er driven av Anne-Regine Bakstad, som er utdanna revisor. Og i Nye Notabene sit danske Tina Nyemann, som er detaljist med lang erfaring frå Brilleland.
Ingen av desse toppsjefane har litteratur som fag, og ingen av dei har utmerkt seg når det gjeld interesse for det litterære feltet. Når såg du sist ein kronikk om bøker signert sjefen i Notabene? Eller direktøren i Tanum? Og når fekk du auge på ei nynorskbok, eller ei diktsamling, i ein Ark-butikk? I vår la Norli Libris ned debutantprisen fordi effekten av prisen ikkje var kommersiell nok.
Om denne tilstanden sa hovudtillitsvald i Norli Libris, John Thomas Suhr, til Bok & samfunn før ferien at «nå er det kunnskap om varehandel, kjededrift og kommersiell markedstenkning som gjelder». Og vidare: «Interesse og engasjement for litteratur er mer å anse som en ulempe. […] Det er ikke lenger snakk om hva som er løgn eller sannhet, godt eller ondt, pent eller stygt. Det eneste spørsmålet som gjelder, er om det er dyrt eller billig.»
Det er lett å vere samd med forfattar og forleggar Vidar Kvalshaug som seier at «det går i prinsippet an å kjøpe seg en bestselger. Du kjøper deg plass i butikk, katalog, stabler».

BESTSELJERIET
Med dette som bakgrunn kan ein ikkje bli overraska over at forfattar Håvard Syvertsen ikkje fekk tak i Mona Høvrings Camillas lange netter då han gjekk frå bokhandel til bokhandel i sommar. Boka kom ut i fjor og er nominert til Nordisk råds litteraturpris. Syvertsen var innom to bokutsal på Kongsberg utan å få tak i romanen, og deretter to utsal i Oslo med same resultatet. Utvalet i dei fire butikkane var prega av det som populært blir kalla «dameromanar», som altså er omsett skjønnlitteratur med eksotisk touch. Victoria Hislop, Cecilia Samartin og liknande. Kort sagt bestseljarane, der målgruppa er kvinner mellom 40 og 60.
Dei tilsette i landets største bokhandel, Norli, får streng beskjed om korleis bestseljarane skal frontast: god plassering, varetrykk med mange eksemplar, aktivt sal av titlane og salsforsterkande effekt som plakatar og dei tilsettes eigne tilrådingar. Desse detaljerte instruksjonane frå toppleiinga gjeld også tilbodskampanjar. «Vi skal velge for kunden gjennom å peke på det som er best og mest aktuelt akkurat nå. Det gir størst omsetning og inntjening», skriv Norli-sjef John Thomasgaard i ein intern rapport.

ØKONOMISMEN
Kva vil eg så fram til med dette lange resonnementet? Målet er ikkje å henge ut toppsjiktet i norsk bokhandel. Poenget er at det låge kulturelle nivået dei representerer, er eit strukturelt fenomen som ikkje er bra for bransjen. Det er kome ein kald logikk inn i norsk bokhandel, der krim og kokebøker er dei viktigaste satsingsområda. Ikkje eingong Jon Fosse, som er verdas mest spelte dramatikar for tida og ofte nemnd i nobelprissamanheng, kjøper dei inn. Nesten ingen av dei største bokhandlarane ville ha andre og tredje roman i Andvake-trilogien, som Samlaget har gitt ut.
Årsaka til denne tilsynelatande ignoransen er den beinharde konkurransen kjedene imellom. Det er altså ikkje toppleiarane i seg sjølve som er problemet, men profittøkonomien. Problemet er strukturelt, og det er viktig å ha i mente at desse folka er tilsett av dei største forlaga. Dermed kan ein mistenke konsernsjefane i forlagshusa for å ville ha det slik, ettersom det er dei litterære forlaga som har rekruttert og tilsett bokhandeltoppane. Men situasjonen er ikkje eineståande for Noreg. Internasjonalt ser ein det same. Denne økonomismen herjar overalt i OECD-området, og særleg i den frie angloamerikanske marknaden. Konkurransen om lesaren er beinhard, og det meste er industri. Philip Jones i Bookseller har fortalt meg at på dei britiske øyane har ein roman i bokhandel ei gjennomsnittleg levetid på seks veker.
Likevel er ikkje alt like dystert. Haugen Bok driv godt på nett som landets største, og med 22 000 titlar på lager i Volda. Eldsjelene i Fri Bokhandel, som er ei samanslutning av 80 sjølvstendige butikkar på nesten 100 utsalsstadar, gjer ein kjempejobb for litteraturen, og det finst fleire. Tronsmo sjølvsagt, og Auditur Bokhandel i Moss, til dømes.

BOKFØRARPERSPEKTIVET
Men kva skjedde eigentleg då boklova havarerte? Som vi alle veit, lanserte Gunn Karin Gjul forslaget i Dagbladet vinteren 2011, og ein samla bransje meinte det var ein god idé. Dåverande kulturminister Anniken Huitfeldt arbeidde vidare på bakrommet, utan å seie offentleg kva ho meinte. I ettertid veit vi at ho fekk losa saka gjennom i regjeringa, men at krangel om avanse mellom Forleggarforeininga og Bokhandlarforeininga trua med å velte heile løpet hausten 2012. Spørsmålet om avanse kan høyrast prosaisk ut, men poenget er at forleggarane ville ha eit tak på 50 prosent, og det ville ikkje bokhandlarane. Dei ville heller at forhandlingane mellom forlag og bokhandel skulle vere frie. Krangelen handla om det ein populært omtalar som bokkrona. Bokhandelen har dei siste åra tatt stadig større jafs av denne krona og sikra seg femti prosent i allmennmarknaden. Med den utskjelte marknadsstøtta dei krev i tillegg, blei dette mykje å svelgje for forlag og forfattar. Marknadsstøtte er pengar forlaga må betale ekstra for å få titlane sine i katalogane til kjedene vår, haust og jul. Støtta er vanlegvis på mellom fem tusen og ti tusen kroner per tittel. Dei forlaga som betalar, får då plakatar og meir synlege bøker på torg i butikk og i vindauga i den fysiske bokhandelen. Fordi dette er mykje pengar for små forlag, er det mange som ikkje har råd til slik marknadsstøtte. Forlag som Minuskel, Kontur, Spartacus og Pax har ikkje økonomiske musklar til å betale slik støtte i tillegg til alt det andre som skal til for å lage god litteratur.
For å gjere ei lang historie kort om krangelen mellom partane, så stod det i lovutkastet dåverande kulturminister Hadia Tajik presenterte våren 2013, at avansetaket skulle vere på 50 prosent.
Neste steg var å få lova vedtatt i Stortinget, og det skjedde altså 17. juni. Så langt alt vel, før spørsmålet om når lova skulle tre i kraft, skapte meir rabalder. I Stortinget var både saksordførar og komitéleiar samde med forleggarane om at lova måtte setjast ut i livet før valet, som dei raudgrøne frykta å tape. Det var i denne situasjonen bokhandlarane kom på bana med sterke argument for at lova burde gjelde frå 1. januar 2014. Hovudargumentet var at «det er uheldig å innføre en boklov med nye rabattgrenser midt i et budsjettår. […] Men en innføring fra 1. januar 2014 vil la seg gjøre hvis alle nødvendige forskrifter er på plass». Bokhandlarane trudde vel at dette skulle vere ei enkel skål av meir teknokratisk karakter, og dei fekk støtte frå kulturminister Tajik, som ikkje ville setje i verk noka lov før valet. Denne politiske analfabetismen skulle vise seg å bli fatal då dei blåblå fekk regjeringsansvar etter valet og reverserte heile prosessen.
Etter det politiske havariet i fjor haust har bransjen levd i uvisse. Ville ein få fripris som i Danmark? Dei ferske spora frå naboen i sør viste skremmande bokhandeldød og aukande bestseljarfokus. Kunne vi ende opp som svenskane, med lettbeint kiosklitteratur?

SISTE STIKK?
I skrivande stund har regjeringa velsigna ein ny versjon av Bokavtalen, som skal gjelde ut 2016. Illustrerande for situasjonen er at i den nye avtalen er spørsmålet om bokhandlarens forplikting når det gjeld litteraturabonnement, framleis uavklart. I den førre avtalen var Bokhandlarforeininga forplikta til at alle bokhandlarane måtte ta inn minimum eitt eksemplar av kvar tittel Kulturrådet kjøpte inn via innkjøpsordningane. I avtalen som no gjeld, er dette ikkje definert lenger, noko som uroar både forfattar og forlag, og alle oss andre som er glade i litteratur. Iden nye avtalen står det at partane i bokbransjen skal ha ei kollektiv abonnementsordning, og at ordninga skal sikre størst mogleg spreiing av litteratur. Det er ei ganske uforpliktande, luftig formulering. Poenget er at desse abonnementa betyr økonomisk tap for bokhandlarane. Forfattarane på si side meiner at å dyrke fram ny litteratur er prisen ein samla bransje betalar for dei gode vilkåra. Så langt deler ikkje bokhandlarane det synet. Med den nye avtalen har Bokhandlarforeininga fått ein gunstig avtale utan å forplikte seg til å føre nye, norske romanar.
Bokbransjen haustar framleis gode av dei gunstige rammevilkåra styresmaktene etablerte på 1960-talet. Ordningane har vore til glede for norske boklesarar i snart femti år. At bokhandlarkjedene utnyttar dette til eigen fordel i jakta på større overskot, er ikkje berre til skade for solidariteten i bransjen. Det er også med på å undergrave det samfunnsoppdraget mange av oss forventar av ein så betydeleg kulturell aktør. Det er ikkje pølser eller hermetikk desse kjedene arbeider med. Dei forvaltar faktisk det trykte ordet og med det eit litterært ansvar. Litteratur handlar om så mykje meir enn pris. Det handlar om kunst og kultur, tanke og sjel, sivilisasjon, og mykje meir som langt betre skribentar enn eg klarer å skrive fram. Bokhandlarane ser ut til å ha gløymt dette, at boka er langt meir enn ei vare.
La meg på tampen minne om den franske definisjonen av kva ei bok er, slik dette er formulert av Jack Lang, som var kulturminister under Mitterand. I den franske boklova frå 1981 finn ein uttrykt ei sterk vektlegging av kvar enkelt bok som eit unikt kulturprodukt med høg kulturell verdi. Det var dette bokbransjen her heime prøvde å strekke seg etter før det nye politiske regimet kom på plass og feia vekk den norske boklova.