Camara

Nyansar av norsk

11.09.2018

Personlege erfaringar blir politiske innlegg i dei tre første bøkene i serien Norsk røyndom. Samtidig provoserer dei fram mi eiga framandfrykt.

Serien Norsk røyndom, som Samlaget lanserer som del av jubileumsfeiringa i år, er ei godt tenkt vidareutvikling av den sjølvbiografiske tendensen vi har sett i både skjønnlitteraturen og sakprosaen dei siste åra. For om ein no skal gå ut frå at det finst eit skilje mellom privat og politisk, akkurat kor går det? Dei tre første bøkene i serien viser på kvar sin måte at politisk skapte samfunnsforhold formar privatlivet heilt grunnleggjande. Ikkje berre gjennom kva vi får av mogelegheiter i livet, og korleis vi blir møtte av andre, men heilt inn i kjensla av kven ein er. Det forfattarane har sams, i tillegg til at dei er relativt unge kvinner, er at dei kjenner seg ekskluderte frå det ein kan kalle «den norske normaliteten».

DEI ANDRE FORTEL
Då Kristin Fridtun (f. 1987) var 15 år, skjøna ho instinktivt at ho burde teie om kjenslelivet sitt når veninnene prata om gutar. Ho likte nemleg jenter. 15 år etter det igjen, i 2017, opplever ho ei av sine lukkelegaste stunder midt i menneskemengda i Oslo sentrum under Pride-festivalen. Men enno er ikkje kampen for full likestilling mellom homofil og heterofil vunnen. Det meiner Fridtun viser seg både i dei årvisse debattane om Pride (øydelegg «skrullene» ryktet til dei homofile som ser ut og lever som alle andre?) og i korleis ein snakkar om seksualitet og kjønn.

Eit døme er at til og med i velmeinande pedagogiske opplegg om seksuell legning tar spørsmåla ofte for gitt at eleven sjølv er heterofil. Boka har tittelen Homoflokar, og Fridtun greier ryddig ut om kvifor den nye aksepten for homofil seksualitet framleis definerer homofile som «dei andre». Eit artig poeng i det siste kapittelet er at homofile dei siste åra har fått selskap i utanforskapet – av dei homofobe. Dei blir nemleg også definerte ut av det store «vi» av korrekt konstruerte og tenkjande menneske, i alle fall om dei også er framandkulturelle. Som Fridtun treffande formulerer det: «Då det viste seg at seksuelle minoritetar kunne brukast som argument i kampen mot innvandring, var det mange som brått fekk omtanke for homofile og andre skeivingar.» Det er ikkje vanskeleg å leve seg inn i kor ubehageleg det må vere å bli brukt som argument mot innvandring av Sylvi Listhaug.

«NEGER»-ORDET
Camara Lundestad Joof er fødd i Noreg (1988) av ei kvit mor frå Nord-Noreg. Men faren kjem frå Gambia og har mørk hud, difor må ho stadig svare på kor ho «eigentleg» kjem frå, og ho opplever at gamle damer på Oslo vest blir redde når ho kjem på bussen. Ho er scenekunstnar og dramatikar, men sjølv i desse miljøa må ho parere spørsmål om kvifor det ikkje er greitt å bruke ordet «neger». Uansett kor norsk ho kjenner seg, blir ho sett på som eit framandelement. Følgja ser vi i boktittelen: Eg snakkar om det heile tida. For Joof har det blitt ein leveveg, som dramatikar og som føredragshaldar. Ho er sliten og lei, men veit at nokon må ta jobben, for, som ho slår fast: «Stilla di vil ikkje verne deg.»

Sumaya Jirde Ali (f. 1997) kom til Noreg frå Somalia i 2005, sju år gamal. Dei første åra i Bodø kjende ho seg akseptert og integrert, men så kom 22. juli 2011, og ho skjøna gradvis at haldningar til slike som henne – mørkhuda, muslimske innvandrarar – var ved kjernen av ideologien som utløyste terroren. Somaliarar ville at ho skulle halde fast på somalisk kultur, nordmenn ville at ho skulle gi slepp på det ho kom frå, og bli som oss. Ho skjøna at ho aldri ville bli sett på som fullt ut norsk, og kven var ho då? Som samfunnsdebattant har ho opplevd hets så grov at den har gitt henne angst, og ho må gå med valdsalarm. Det ligg difor ein ironi i at boka har tittelen Ikkje ver redd sånne som meg. For kven er det eigentleg som har grunn til å vere redd her?

PERSONLEG STIL
Eg vil tru at det er lite desse tre forfattarane ønskjer seg meir enn at spørsmål om kva kjønn du vanlegvis forelskar deg i, kvifor huda di er brun, kor ofte du ber, og korleis du kler deg, faktisk var ein privatsak, slik at dei slapp stadig å bli konfronterte med kva andre meinte eller lurte på om dette. Men når dei altså har opplevd på kroppen at det på ingen måte er tilfellet, så har dei berre to val: enten å slå seg til ro med tilhøva slik dei er, eller å bruke erfaringane som argument for at haldningsendringar må til.

Etter å ha sett forskjellane i korleis Fridtun, Lundestad Joof og Jirde Ali brukar det personlege, tenkjer eg at skiljet mellom privat og politisk kanskje ikkje først og fremst er eit spørsmål om realitetar, men om tolkande språkhandlingar; kor skiljet blir dratt i lovverket, er politikk i praksis. I den offentlege samtalen handlar skiljet om korleis og i kva samanheng ein omtalar dei delane av livet som tilhøyrer intimsfæren.

KLÅRTENKTE RESONNEMENT
Homoflokar er den mest resonnerande av dei tre bøkene, og Fridtun, som er filolog og forfattar med eiga språkspalte i Dag og Tid, overtyder med god disposisjon og klårtenkte resonnement. Sjølv om ho tar utgangspunkt i seg sjølv, fortel ho eigentleg lite om konkrete erfaringar. I staden brukar ho historisk kunnskap og sitat frå aktuell debatt som grunnlag for analysar. Resultatet er eit godt resonnement som underbyggjer påstanden om at skeiv seksualitet framleis er definert ut av det vi reknar som standard normalitet. Det kan kome godt med i vidare politisk debatt. Det som derimot er meir uklårt, er kva slik debatt kan utrette. Korleis endre denne delen av norsk røyndom så lenge det store fleirtalet definerer seg sjølv som heterofile?

Lundestad Joof fortel meir om faktiske erfaringar med kvardagsrasisme. Forma ligg nærmare det skjønnlitterære, ein ser at ho er dramatikar, i måten ho strukturerer teksten på som eit flettverk av kortfatta scener og refleksjonar. Gjennom det heile går eit metanivå der ho stiller spørsmål ved sine eigne handlingar og tankar: Kvifor snakkar ho så mykje om rasisme når ho eigentleg er «redd heile livet mitt er blitt redusert til hudfargen min», og at «eg sjølv har vore delaktig i det»? Kvifor blir ho så sint også i relativt uskuldige situasjonar? Og kvifor grip ho ikkje inn når andre menneske med mørk hud blir urettvist behandla? Gjennom å bruke spørsmålet som retorisk grep involverer forfattaren lesaren i å finne svara – dei er heller ikkje vanskelege å sjå når ein tar inn over seg opplevinga av stadig å bli offer for fordommar folk måtte ha mot ei ung kvinne med brun hud: Ho er sikkert prostituert, ho er sikkert fattig, ho snakkar sikkert kebabnorsk. Lundestad Joof er både den som viser mest av seg sjølv som privatperson, og den mest retoriske. Gjennom dei mange anekdotane frå eige liv seier ho mykje om personlegdomen og sexlivet sitt, og når ho deler også tvilen og skamma ho kjenner, opplever ein som lesar å kome tett på. Det er særs effektiv formidling.

EIN VEGG AV SJIKANE
Jirde Ali er den som i form legg seg nærmast opp til klassisk sjølvbiografi, gitt at ho tar utgangspunkt i sin aktuelle situasjon som hetsa samfunnsdebattant, men også fortel historia frå den dagen ho kom til Noreg som sjuåring, og fram til no. Interessant nok står denne tilnærminga ikkje i konflikt med at ho også skriv på vegner av kvinner i tilsvarande livssituasjonar. Tittelen er henta frå eit lesarinnlegg skrive av den 18 år gamle syriske flyktningen Suha Alhajeed, som Jirde Ali opphaveleg skulle skrive bok om. Men så oppdaga ho, som ho skriv, «at eg ikkje kunne skrive Suhas historie utan å skrive mi eiga». Samtalar med Alhajeed er gjengitte i boka.

Men hovudfokuset er på minne og kjensler knytte til eigne erfaringar som kom fram i skriveprosessen – ikkje minst «kjensla av å vere eit problem». Det som slår meg når eg les Jirde Ali, er at ho er ung: Det er noko litt naivt i at ho er så kompromisslaus og spissformulert – men samstundes har ho heilt rett. Ikkje minst har ho like stor rett til å vere ung og sint som alle andre, og det med betre grunnar enn dei fleste. Likevel har ho møtt ein vegg av sjikane frå umogne vaksne, og hatet ho møter, er skremmande. Sjølv er ho alt ein mognare skribent enn den vi såg i bidraget hennar i antologien Skal liksom liksom-passet ditt bety noe? (Frekk forlag / Minotenk, 2017). Ho har innsett det same som Lundestad Joof: «[…] stillheita lét kvalmen, sinnet, smerta som følgde med ordet neger, leve vidare, lét smerta komme tilbake gjennom stadig nye folk og situasjonar.» Når ho tok opp kampen, opplevde ho også at det fanst folk der ute som aksepterte og støtta henne – men prisen har altså vore høg.

FRAMANDFRYKTA MI
Medan eg les Jirde Ali, lurer eg på om ho er klar over at Noreg og Somalia på eitt område ikkje er så ulike som ein gjerne trur: Vi er også opphaveleg eit stammesamfunn. Heile barndomen kjende eg meg sjølv som ein innflyttar på den vesle øya der eg vaks opp. Det sosiale livet var bygd opp rundt slektene, men vi hadde ikkje slekta vår der. At farsslekta mi budde på naboøya, to ferjeturar unna, gjorde liten forskjell. Er det relevant informasjon for ein innvandrar som ikkje kjenner seg akseptert? Kanskje ikkje. Men når forfattarane brukar sine personlege erfaringar retorisk, for å påverke det offentlege ordskriftet, aktiverer dei mine erfaringar og kjensler. Om debatten skal kome nokon veg, må også dette fram i lyset.

Bøkene let meg nemleg ikkje sleppe unna spørsmålet om eg har tendensar til homofobi og kvardagsrasisme. Eg trur svaret er ja på begge spørsmål, rett og slett fordi eg kjenner at det som er annleis, gjer meg utrygg. Ikkje mørk hud og homofili isolert sett, men i kombinasjon med andre framandarta kulturelle eller personlege trekk kan totalinntrykket slå ut på radaren. Eg viser ikkje desse impulsane i handling, men eg er nok den siste som veit når dei likevel skin gjennom. For å nytte eit skilje Fridtun innfører: Eg viser sjeldan (homo)negativitet, altså i åtferd, men kan likevel kjenne (homo)fobi, nærmare bestemt frykt for det ukjende.

HØGE KRAV
Forteljinga til Lundestad Joof trigga ikkje slike kjensler. Ho får min udelte sympati, for fordommane ho opplever, er så himmelropande urimelege: Det einaste som skil henne frå nordmenn flest, er fargen på huda og håret, likevel blir ho stadig behandla som om ho er mindre verd respekt enn andre. Det er sjokkerande, eg visste ikkje at det var så ille.

Eg skulle ønskje eg kunne seie det same om dei to andre bøkene, men i staden må eg innrømme at eg blir ein smule provosert og defensiv av det eg opplever som høge krav til fellesskapen frå Fridtun og Jirde Ali. Det er ein emosjonell reaksjon, men om eg skal prøve å omsetje kjenslene til ord, høyrest det omtrent slik ut: Fridtun vil at homofili skal bli oppfatta og omtala som like vanleg som heterofili. Men det er det jo ikkje? Er det meininga at eg skal gå rundt og late som om eg like gjerne kunne forelske meg i jenter? Og om Jirde Ali: Er det rimeleg å kalle det rasisme om eg kjenner meg truga av at folk snakkar eit språk eg ikkje skjønar, og viser med klesstilen at dei praktiserer ein religion som gir ein del skremmande assosiasjonar? Korleis kan ho krevje at eg utan vidare skal føle meg trygg på ein framand kultur og jamstille den med min eigen?

FORNUFT OG KYNISME
Dette har eg altså i meg. Vegen fram til det eg står for politisk, går gjennom eit betre informert resonnement: Sjølv om det offisielt heiter seg at homofili er fullt ut akseptert i Noreg, veit eg at det slett ikkje er tilfellet i alle familiar, lokalsamfunn og sosiale miljø, og at homofile verda over opplever diskriminering og grove overgrep. Det er difor heilt naudsynt å vere medviten om korleis ein pratar om homofili, både i det daglege og i det offentlege. Det er heller ingen som skal meine noko om kven eg skal bli tiltrekt av. På same måten skjønar eg eigentleg at det å ikkje bli akseptert som ein er, provoserer fram sterkare markering, ikkje svakare, både når det gjeld seksuell og kulturell identitet. Vi må akseptere at folk frå ein framand kultur er like glad i bakgrunnen sin som vi sjølve er, og det må vere lov å ta med verdiar ein set høgt, inn i det norske. Integrasjon er ein gradvis prosess, og om vi gjer samfunnet godt å leve i, er innvandrarar høgt motiverte for å tilpasse seg, enten det er å ete tørre brødskiver til lunsj eller å gi jenter like god utdanning som gutar. Også heilt pragmatisk sett gir positivitet og tillit eit betre utgangspunkt enn svartmåling og tvang.

Kynikaren i meg er likevel ikkje død: Det er mange som veit noko om utanforskap. Eg er ei kvit, heterofil kvinne, men då eg kom til Oslo som konservativt kristen, totalavhaldande frå alkohol og med dialekt, måtte eg finne meg i å snakke om alt det kvar gong eg våga meg på fest med «vanlege folk». Eg er redd for at alle som skil seg ut på ein eller annan måte, enten det gjeld kroppsfasong, psyke, sosioøkonomisk status, seksuell legning, klesstil eller politisk eller religiøs overtyding, alltid vil vere utsette i møte med det fleirtalet definerer som normalitet. Og så lenge det finst folk der ute som er fulle av frykt, skam, sjølvforakt og raseri som eit resultat av livet dei sjølve har levd, vil det gå hardast ut over dei som har svakast sosialt vern, enten det er minoritetar, uteliggjarar, barn eller dyr. Eg er difor overtydd om at det einaste som på sikt kan gjere samfunnet tryggare for alle, er små økonomiske forskjellar og sterke sosiale nettverk, slik at også rasisten og homofoben får betre sjansar til eit godt liv. Er det basisen, kan haldningsarbeid gi gode utslag, elles er eg diverre pessimist.

Vel, det var endå ein runde på kjepphesten. Uansett kva veg den politiske utviklinga måtte ta, er bøkene til Fridtun, Jirde Ali og Lundestad Joof viktige bidrag til kunnskap om samfunnet vi lever i her og no.

Merete Røsvik (45) er kritikar.

Kristin Fridtun
Homoflokar
Samlaget, 2018

Sumaya Jirde Ali
Ikkje ver redd sånne som meg
Samlaget, 2018

Camara Lundestad Joof
Eg snakkar om det heile tida
Samlaget, 2018