Nypress1

Heim til musikken

16.10.2018

Historia om Jason Timbuktu Diakité er eit vitnesbyrd om kvifor vi treng kunst, men også om når kunsten er på sitt mest verksame.

En dråpe midnatt er ein vakker tittel, men realiteten den viser til, er vond: Blodet frå den afroamerikanske delen av slekta gav Jason Timbuktu Diakité den brune huda som han vart mobba for på barneskulen, og som seinare har fått han til å kjenne seg ekskludert frå den svenske normaliteten. Arven frå faren representerer også ei nattsvart historie om slaveri og rasisme. I debutboka fortel Diakité om korleis han utforska familiehistoria si etter ei midtlivskrise der han gjekk gjennom ei skilsmisse og fekk skrivesperre.

TÅRENE SPRATT

Reisa til fortida skjedde likevel i framhaldet av ei livslang jakt etter ein trygg identitet, ei jakt som enda godt fordi han slutta å seie at han var «halvt kvit, halvt svart, halvt amerikansk, halvt svensk», og i staden lærte seg å seie «både òg». Ei lita semantisk endring, og rikdomen bakgrunnen hans også representerer, kjem fram!

På eit anna nivå er historia hans eit vitnesbyrd om kor mykje det å finne ein måte å uttrykkje seg på kan bety, både for den einskilde og for fellesskapen. Etter at eg hadde lese ut boka, fann eg ein video på YouTube frå lanseringa av En dråpe midnatt i Harlem, New York, og plutseleg var det noko som greip meg så hardt at tårene spratt: krafta og gleda i fellesskapen i musikken. Skildringane av mobbinga Diakité opplevde som barn, av den tøffe barndomen og einsame alderdomen til faren, av dei uuthaldeleg avskyelege livsvilkåra afroamerikanske slavar levde under på bomullsplantasjane, og av fattigdomen i dagens USA gjorde sjølvsagt også inntrykk. Men det var først då eg såg Timbuktu på scenen med band, omgitt av smilande menneske med hudfargar i alle nyansar mellom kvit og mørk sjokolade, at eg verkeleg kjende betydninga av sjølve musikken, ikkje berre som karriereveg, men som ei fysisk oppleving av ein fellesskap der han passa inn, akkurat som han var.

FORTEL ALLE MENNESKE!
«Musikken og religionen ble tilfluktssteder for dem», skriv Diakité om dei svarte som i generasjonane før han måtte finne måtar å overleve på i djupt rasistiske samfunn i USA. For han vart det nok med musikken, sjølv om han som liten gut ville bli prest. Seinare endra han planane til aksjemeklar, så til advokat, men då han 14 år gamal oppdaga hiphop-musikken, blei han rappar raskare enn dei fleste av oss kan seie «migrasjonspolitikkens implisitte identitetsproblematikk». Karrieren hans vidare har vist at det kanskje ikkje er så langt frå prest til rappartist som ein skulle tru, sjølv om det han forkynte på sine første album under artistnamnet Timbuktu, var motkultur, noko som blir svært tydeleg i ein låt som «Legalisera» – om legalisering av hasj).

Når Timbuktu no har blitt ein av Sveriges mest populære artistar, står den ein gong opprørske rapparen for verdiar som ikkje lenger er sjølvsagde i Norden: toleranse, openheit, multikulturalisme og solidaritet. Men dei siste åra har han også hamna i midten av fleire offentlege ordskifte. Han framstår ikkje lenger som den same gladguten som i 2005 slo gjennom med feelgood-låtane «Det löser sig» og «Alla vill till himmelen men ingen vill dö». I staden har han gått hardt ut i omtale av politikarane han meiner spreier framandfrykt.

JIMMIE ÅKESSON
I 2013 fekk Diakité ein pris for innsatsen mot rasisme av antirasismeorganisasjonen 5-i-12-rörelsen. Det skjedde etter at han i låten «Svarta duvor & vissna liljor» hadde brukt formuleringa «Dunka Jimmie gul och blå och hissa i en flaggstång». Dette vart oppfatta som ei oppfordring til vald mot Jimmie Åkesson, leiaren av Sverigedemokraterna, og politikarar frå den borgarlege sida boikotta difor prisutdelinga i Riksdagen. Diakité sjølv nytta takketalen til å halde opp passet sitt og krevje at han, som svensk statsborgar, skal ha dei same rettane og bli behandla på same måten som sine kvite landsmenn.

Slutten er ein prest verdig, både i formuleringskunst og patos: «Men i utbyte så ger jag dig mitt liv, Sverige […] Jag kommer att älska i Sverige, jag kommer att leva i Sverige och jag kommer att dö i Sverige.» Den sterke appellen, som han i boka seinare omtalar som «nok en desperat bønn om å få være en av ‘oss’» og del av opptakten til midtlivskrisa, utløyste sympatierklæringar frå ei rekkje artistar, som i ein video framførte talen hans og avslutta med «Jag är Jason». Men også det vart det jammen bråk av, for ikkje alle likte at kvite menneske identifiserte seg med ein farga kollega! Det var eit utslag av identitetspolitikk som ikkje akkurat vitnar om utstrekt refleksjon, gitt at Diakité faktisk er både òg: svart og kvit.

RESSURSSTERKE FORELDRE
Jason Michael Robinson Diakité (f. 1975) er son av eit amerikansk par som innvandra til Sverige på 70-talet; mora kom frå ein kvit middelklassefamilie, faren frå enkle kår i Harlem. Gjennom det Diakité fortel om dei, skjønar vi at han har fått med seg mykje meir enn nedarva smerte og sakn. Mora, Elaine Bosak – i utgangspunktet ei privilegert og truskuldig ung kvinne full av både kunstnarlege evner og idealisme – var frivillig for Fredskorpset på Filippinene og sosialarbeidar i Brooklyn i New York før ho valde å følgje kjærasten til Lund i Sverige. Han, Madubuko Diakité, var ein alltid velkledd dokumentarfilmskapar som ville nytte seg av den gratis universitetsutdanninga han kunne få i Sverige, der han tok mange akademiske gradar innan filmvitskap og jus.

Det er altså ikkje vanskeleg å skjøne kor taleevnene, som Jason Diakité demonstrerte alt då han skreiv sin første rapp som 14-åring, kjem frå. «Så lenge jeg kan huske har hun snakket non stop fra morgen til kveld, på telefonen med venner, hjemme med familien, på gata med fremmede», skriv han om mora. Og om faren: «Pappa har mange venner, men egentlig liker han best at noen bare lytter til ham.» Boka har mange døme på korleis faren formanar han, klagar over at han er einsam, og tryglar sonen om å kome til han. Men når han så kjem, kan dei like gjerne bli sitjande tause framfor TV-en, eller dei kranglar fordi sonen blir irritert over negativiteten til faren. Det er ein komplisert relasjon, spesielt ettersom faren sjølvsagt også er berar av den mest dramatiske delen av familiehistoria, den delen Timbuktu som barn ønskte å fornekte, men som han seinare omfamna gjennom rappen – eit kulturelt uttrykk faren på si side ikkje hadde noko til overs for. Skulle liksom gettoen i New York kunne representere noko godt?

DJUPARE EMPATI

Faren ønskte alltid at sonen skulle følgje i fotspora hans og bli advokat, men kanskje har musikkbransjen vist seg å vere ein vel så effektiv måte å påverke samfunnet på. Når det kjem til stykket, har artisten vi kjenner som Timbuktu, ikkje berre tatt standpunkt mot rasisme, han har også meldt seg inn i Socialdemokraterna og kasta seg inn i den politiske debatten.
For ein som ikkje sjølv har opplevd kor mykje rasisme og identitetsforvirring kan øydeleggje, er det lett å sjå kva ein slik familiebakgrunn gir av ressursar: høgt utdanningsnivå, politisk medvit, menneskeleg styrke og varme, musikalske evner og – ikkje minst – den populærkulturelle kred’en frå slektskapet med Harlem. Sympatisk nok seier Diakité også sjølv at arbeidet med boka «har kastat ett ljus på mina privilegier».

Å grave i slektshistoria gav han også djupare empati med foreldra fordi han skjøna meir av korleis traume kan påverke relasjonen mellom foreldre og barn. Han såg korleis den nådelaust harde og spydige haldninga som farmora hadde utvikla i møte med rasismen, såra barna hennar. Han såg at faren si klaging over einsemd var eit ekko av den skuldframkallande måten farfaren i alle år hadde uttrykt seg på. Alle fann dei sine måtar å takle smerta på, men ikkje utan at traume vart førte vidare gjennom generasjonane.

DELT SMERTE, DELT GLEDE
Også mora til Jason Diakité fekk kjenne rasismen. Ikkje berre då ho vart kalla «niggerhore» og ikkje fekk hotellrom fordi ho kom saman med ein svart mann, men òg då ho måtte sjå sonen bli mobba på grunn av hudfargen. Sjølvsagt identifiserte ho seg med ektemannen og sonen! Det er dette identitetspolitikken ikkje tar høgd for: Erfaringar kan delast på tvers av etablerte kategoriar, og den menneskelege evna til å leve seg inn i andre er sterk. Då Elaine som ung kvinne kom inn i miljøet til kjærasten i Harlem, identifiserte ho seg så sterkt med dei svarte at ho innimellom vart overraska når spegelen ikkje viste henne med mørk hud.

Denne evna til identifikasjon er kanskje det viktigaste kunst generelt og musikk spesielt kan invitere til. «Jag är en bro mellan världar», sa Timbuktu så vakkert i eit TV-intervju i samband med boklanseringa. I tilbakeblikk var han kanskje endå meir av ei slik bru i praksis den gongen han fekk svenskar og nordmenn av alle hudnyansar til å danse til den optimistiske hiten «Det löser sig». Låten er ikkje på langt nær blant den mest avanserte og fengjande musikken han har levert, men suksessen viser jo kva vi helst vil ha: det enkle og trøystande, det som får oss til å føle at vi er i same båt, og at alt kjem til å gå bra!

FORANDRE LIV

Samtidig lever vi i ei tid der vi treng dei modige stemmene, dei som kan seie stopp og kritisere. Men kor går grensa mellom utsegner som verkar klargjerande og dreg opp naudsynte grenser, og utsegner som bidreg til ytterlegare polarisering? Eg sit ikkje med svaret. Men eg merkar meg at Diakité i eit intervju med Nyhetsmorgon på TV4 i august i år er bekymra for den auka polariseringa i det svenske samfunnet og etterlyser politikarar med samlande visjonar. Hans eiga historie demonstrerer meir enn noko at musikken kan verke samlande på eit heilt anna nivå enn politisk debatt fordi den appellerer til heile mennesket, frå våre inste og mest ordlause kjensler til gleda over eit godt rim og ein fengjande rytme.

At å bli ein del av musikken kan forandre liv, er kunnskap Timbuktu også har valt å vidareføre gjennom å byggje eit musikkstudio i Dakar i Senegal. Der kan ungdom frå det fattige nabolaget kome og spele inn sine eigne rappelåtar med tilgang til profesjonelt utstyr. Slik kan musikken heilt konkret gi stemme til dei som må uttrykkje seg for å finne ut kven dei er, og kor dei høyrer til.

Merete Røsvik (45) er kritikar.