Fra innspillingen av den interskandinaviske filmen Sult i Oslo. Per Oscarson spiller hovedrollen.
Fotografert i september
1965. FOTO: JOHAN BRUN / DAGBLADET
Fra innspillingen av den interskandinaviske filmen Sult i Oslo. Per Oscarson spiller hovedrollen. Fotografert i september 1965. FOTO: JOHAN BRUN / DAGBLADET

Borgarløn – kunstnarutopi eller fattigdomsfelle?

06.09.2024

Under pandemien oppdaga mange frilansarar og kulturarbeidarar at inntektene deira fall bort over natta. Kunne borgarløn ha vore ei løysing?

– For meg er det blitt glasklart at dette er noko som vil tvinge seg fram. Menneske taklar uvisse dårleg, det kjem til uttrykk no i form av aukande høgreekstremisme og krig. Det er noko vi må demme opp for, og dette er ein av tinga vi kunne ha gjort.

Det seier Ingeborg Eliassen, journalist og forfattar. «Dette» som ho snakkar om, er borgarløn: ei regelmessig pengeutbetaling frå staten til alle borgarar. Saman med journalist-ektemannen Sven Egil Omdal skreiv Eliassen boka Borgerlønn. Ideen som endrer spillet, som kom ut i 2018.

Det var rett nok ikkje Eliassen og Omdal som først kom på ideen. Han kan sporast tilbake i alle fall til Thomas Mores Utopia frå 1516.

Internasjonal debatt
Eliassen var i utgangspunktet skeptisk til ideen, fortel ho. Det var Omdal som først vart interessert i temaet. Paret har i periodar budd i Brussel og Berlin, der dei kom tett på internasjonale debattar om teknologiutvikling og endringar i arbeidslivet.

– Eg merka meg at det var ein levande debatt om børgarløn og fleire pilotprosjekt i gang for å prøve det ut, ikkje minst i Tyskland. Det fascinerte meg at diskusjonen såg ut til å gå i så mange land, seier Omdal.

Han byrja lese seg opp og fann ut at borgarløn er ein idé som har sirkulert i samfunnsdebatten lenge. Omdal meinte det var på høg tid å ta debatten heim til Noreg. At Eliassen i utgangspunktet ikkje var like fascinert, såg han berre som ein fordel.

– Det gav ein god dynamikk til skrivinga. Dersom eg ikkje greidde å overtyde medforfattaren min, ville eg jo heller aldri greie å overtyde andre, seier han.

Omslagsfoto, boken Borgerlønn, av Ingeborg Eliassen og Sven Egil Omdal

I dag ville paret truleg ha brukt nemninga grunninntekt, som dei meiner er eit meir dekkjande omgrep. Borgarløn, eller grunninntekt, skal vere universell, utan behovsprøving og utan vilkår. Kor stort beløpet skal vere, er det mange meiningar om, men det skal bidra til ein grunnleggjande økonomisk tryggleik. Ideen har vore lansert igjen og igjen, men er enno aldri gjennomført i full skala.

Frå høgre til venstre
Mange reagerer med instinktiv skepsis. Vil det ikkje bli altfor dyrt? Vil ikkje folk slutte å stå opp om morgonen?

– Min intuitive reaksjon var at dersom du får pengar kasta etter deg, vil du bli lat. Først yte, så nyte. Det er eit prinsipp eg tenkte at ein ikkje skal tukle med, seier Eliassen.

– Tanken om borgarløn utfordrar arbeidslinja som er ein heilag gral for enkelte parti i norsk politikk. Men no har det vore ei lang rekkje pilotprosjekt, og dei viser at folk ikkje jobbar mindre. Kan hende dei deltek mindre i lønsarbeid, men då er det fordi dei jobbar meir på måtar som ikkje blir rekna med i bruttonasjonalproduktet, men som samfunnet ville gått til grunne utan, slik som ulønt omsorgsarbeid, seier Omdal.

Borgarløn er ein av dei få ideane som finn gjenklang over heile det politiske spekteret. Amerikanske høgrelibertarianarar likar tanken om ei borgarløn som med eitt slag kan fjerne alle andre statlege ytingar og innføre draumesamfunnet der kvart individ har total fridom til å klatre til topps eller gå til grunne i einsam majestet.

På venstresida blir borgarløn oftare presentert som ei løysing som skal sikre alle grunnleggjande livsopphald i ei verd der teknologi gjer arbeidslivet meir usikkert, ulikskapen aukar og viktige samfunnsoppgåver blir neglisjerte fordi marknaden ikkje vil betale for dei.

I den grad borgarløn har vore diskutert i dei nordiske landa, er det frå ein grøn innfallsvinkel, hevdar Omdal.

– Den grøne ideen er at vi må senke turtalet i produksjonen og redusere presset på ressursane på jorda. I Noreg er det dei grønaste partia, Miljøpartiet Dei Grøne og Venstre, som har hatt borgarløn på programmet. Arbeidarpartiet og LO har derimot vore skeptiske, seier han.

Enklare enn trygd
Axel West Pedersen er professor ved Oslomet, der han forskar på sosialpolitikk, skatt og trygd. Han har lenge vore interessert i korleis borgarløn kunne fungert i Noreg.

– Eg føler meg ikkje viss på at borgarløn er det einaste rette, men eg ser at det kan oppstå situasjonar der folk som går frå trygd til jobb, risikerer å kome dårlegare ut enn før. Det gjer at ein kan tenkje på borgarløn som ei mogleg løysing, seier han.

For eit par år sidan skisserte Pedersen eit forslag til «borgarløn light» : Kvar innbyggjar over 18 år får ei årleg borgarløn på 70 000 kroner, som blir samordna med andre trygdeytingar, slik at samla utbetaling til personar på trygd, blir uendra. Samstundes blir barnetrygda auka til 30 000 kroner årleg per barn. Ei slik borgarløn vil ikkje vere høg nok til å leve på utan andre inntekter, men vil ifølgje Pedersen fjerne noko byråkrati og ha utjamnande effektar.

– Vinnarane ville vere folk med låge lønsinntekter. Og ordninga ville styrkje insentiva til å vere i jobb nedst på inntektsstigen, samanlikna med å vere på trygd. Ei borgarløn er ikkje noko du vil miste om du kjem i jobb, illustrerer han.

Kunstnarar og lausarbeidarar i kulturfeltet ville vere mellom dei gruppene som ville nyte godt av ei slik ordning, peikar han på.

Axel West Pedersen
Alex West Pedersen. FOTO: GYLDENDAL

– Under pandemien vart vi ei kort stund meir merksame på grupper som driv samfunnsnyttige aktivitetar utan å få noko særleg att for det. Vi såg at det opna seg nokre hol i inntektssikringssystemet vårt der desse gruppene fall igjennom.

Kunstnarløn
Borgarløn er blitt prøvd ut i mange ulike land, men førebels har alle forsøk vore avgrensa. Det vil seie at borgarløn som ei universell ordning ikkje har vore prøvd. Og sidan forsøka har ulike føremål og innretningar, blir det vanskeleg å dra tydelege konklusjonar.

I Trøndelag har Nav starta eit prosjekt som har borgarlønliknande trekk, der ungdom som står utanfor utdanning og arbeid, skal kunne få utbetalt ein sum som er høg nok til å leve av, utan å måtte setje seg inn i ulike spesialiserte ordningar eller ha ein medisinsk diagnose. Målet er å få fleire inn i arbeid eller utdanningsløp.

I 1999 foreslo Mari Toft (Syphilia Morgenstierne) – også kjend som Prosas første redaktør – borgarløn til kunstnarar og frilansarar i boka Elsk deg rik. Anarkistiske løsninger på verdensproblemene. Redaktøren fekk ikkje gjennomslag. Men i Irland vart nettopp ei slik prøveordning innført i 2022, etter at pandemien hadde gjort det tydeleg kor økonomisk sårbar kulturbransjen var. 2000 personar som er sysselsette innanfor mellom anna kunst, litteratur, teater og musikk, får utbetalt 325 euro (vel 3600 kroner) i veka i dei tre åra pilotprosjektet varer.

Eitt år inn i prosjektet svarar deltakarane at dei brukar 8 timar meir i veka på kunsten sin enn kollegaer som ikkje får borgarløn. Dei investerer i gjennomsnitt nesten 40 prosent av borgarløna i arbeidet sitt, til dømes i utstyr, lokale og arbeidsreiser. Samstundes har dei mindre behov for å ta bijobbar for å få endane til å møtast, og dei har høgare produksjon, meir fritid og rapporterer om høgare livskvalitet enn kollegaene.

Skepsis i fagrørsla
Førstesekretær i LO, Julie Lødrup, forstår appellen ved borgarløn, men trur likevel ikkje det er den beste løysinga. Ho leier utvalet LO Kultur, der fagforbunda som organiserer kulturbransjen, er med.

– Eg skjønar at ideen er å sikre eit golv som ingen skal falle under, men eg trur at mange lågtlønte vil oppdage at golvet blir lågare enn det dei hadde, seier ho.

Lødrup meiner ein kan gjere mykje for å betre vilkåra for frilansarar og sjølvstendige oppdragstakarar utan å måtte skrote heile trygdesystemet og innføre borgarløn.

– Mange i kulturbransjen tener lite, men dei tener også ofte veldig ujamt. Kanskje er du ein artist som nesten berre har inntekter i november og desember, men du øver heile året. Ikkje berre har frilansarar og sjølvstendige dårlegare dekning enn lønstakarar når noko skjer – dei opplever også ofte at Nav ikkje forstår situasjonen deira, og at dei får sprikjande svar avhengig av kven dei spør, seier Lødrup.

Ho ønskjer seg eit eige kompetansesenter hos Nav som kan sikre at regelverket er eintydig, og at frilansarar og folk med «lappeteppeøkonomi» får tydelege svar når dei treng hjelp, og dessutan betre ordningar for til dømes sjukepengar og dagpengar for desse gruppene. (Sjå denne saka.)

Julie Lødrup
Julie Lødrup. FOTO: LO

– Pensjonssparing er obligatorisk for lønstakarar, men ikkje for sjølvstendige. Kunne vi innført obligatorisk pensjonssparing gjennom ei oppdragstakaravgift som var lik for alle, og som vart lagd på kvart oppdrag, som moms? spekulerer ho.

Borgarløn eller velferdsstat
For Lødrup og LO er det viktigaste å finne ordningar som gjer at frilansarar og sjølvstendige kan reknast som arbeidstakarar og få ein større plass i det etablerte trygdesystemet.

– Borgarløn er inga stor sak for fagrørsla. Eg kan faktisk ikkje hugse at det har vore på agendaen i noko politisk forum eg har delteke i, seier Lødrup.

Heller ikkje Axel West Pedersen har merka noka stor politisk interesse for å diskutere borgarløn. Han trur det heng saman med at den norske velferdsstaten trass alt blir oppfatta som tilstrekkeleg i dei fleste situasjonar.

– Ideen blir kanskje meir diskutert i andre land der sosiale ytingar i større grad er behovsprøvde. Behovsprøving har lett for å skape fattigdomsfeller, seier han.

Internasjonalt er ideen om borgarløn – som blir kalla universal basic income (UBI) på engelsk – blitt supplert med ein idé om universal basic services (UBS), som kan forståast som ei utviding av velferdsstaten, der dei grunnleggjande behova til folk skal dekkjast gjennom godt utbygde offentlege tenester. UBS-omgrepet vart først lansert i Storbritannia, der mange offentlege tenester er blitt privatiserte. I Noreg har filosofen Aksel Braanen Sterri teke til orde for å perfeksjonere velferdsstaten i staden for å innføre borgarløn, som han meiner vil bli vanskeleg å finansiere, i alle fall dersom ho skal vere høg nok til å leve av.

Automatiseringsspøkelset
Sven Egil Omdal og Ingeborg Eliassen er samde i at mange tenkjer at velferdsstaten gjer borgarlønideen overflødig.

– Då vi bygde velferdsstaten etter andre verdskrigen, bygde vi inn element av det som inngår i ei grunninntekt: Arbeidsløysetrygd, lånekasse, svangerskapspermisjon – alt dette handlar om å gje folk pengar når dei treng pengar, utan at staten krev motytingar, seier Omdal.

– Så ideen om at du skal vere sikra økonomisk, er rotfesta i det norske samfunnet, og folk har ei oppfatning om at vi ikkje treng meir enn det.

Men dagen etter at landet vart stengt ned i mars 2020, vart Omdal ringd opp av ein kulturarbeidar i Stavanger som ville ha han til å snakke om borgarløn på podkasten sin, fortel han.

– Han hadde akkurat oppdaga at inntekta hans forsvann over natta.

Kunstig intelligens og den raske automatiseringa av arbeidslivet er ein annan grunn til at borgarlønideen ikkje blir borte, meiner dei to forfattarane.

– Vi journalistar, omsetjarar og forfattarar lurer jo no på om vi har jobb om to år, seier Eliassen.

Sjølv om den politiske interessa for borgarløn er avgrensa i Noreg, ser paret at debatten ulmar i visse delar av arbeidslivet, og at ungdommar er meir interesserte enn eldre. Når Omdal er ute og snakkar om temaet, er snittalderen hos publikum tydeleg lågare enn når han snakkar om dei andre bøkene sine, fortel han.

– Ved kvar utviding av velferdsstaten har folk spurt om vi eigentleg har råd til dette. Men spørsmålet vi eigentleg bør stille, er: Trur vi det norske samfunnet har ressursar til å sikre alle som bur her, eit anstendig liv? Om svaret på det er ja, då er resten politikk, seier Omdal.