Dei olympiske kneikane

23.04.2014
Aukrust2

Då Oslo arrangerte OL i 1952, vart folk bedne om å innlosjere dei frivillige i stova. Betalinga var 5,5 meter lakenstoff og lodd i eit billettlotteri. Slik er det ikkje lenger.

Då landet gjekk til valurnene hausten 2013, blei me som budde i Oslo, bedne om å vere med i ei folkerøysting i tillegg til å delta i stortingsvalet. «Bør Oslo kommune søke om De olympiske vinterleker og Paralympiske leker i 2022?» For min del var svaret opplagt, og etter litt klussing med pennen var røystesetelen min klar. «Bør Oslo kommune søke om Paralympiske leker i 2022?» Her hadde eg svart ja viss eg kunne – men det lét seg ikkje gjere å vere for berre eitt av dei to arrangementa. Etter å ha forsikra meg om at setelen ikkje ville bli forkasta, røysta eg difor nei – i lag med eit knapt mindretal av byen.

Eg er for demokratiet, også når eg blir nedstemt. Men det er grunn til å sjå nærare på kva planar som eigentleg ligg føre for OL om åtte år, viss me skulle vere heldige nok til å få statsgaranti, kome til neste søkjerunde og til slutt bli tildelte leikane av IOC. Avgjerda fell ikkje før i 2015, men det er all grunn til å vere budd: Viss Oslo skal arrangere OL i 2022, vil mykje sjå annleis ut i byen.

PÅSTÅENDE BYGNINGSMASSE
Det meste av det du treng å vite om OL, ligg ope på nettet. Etter mildt press frå opinionen blei dei bortimot 7000 sidene med tekniske krav frå IOC gjort tilgjengelege tidlegare i vinter. I tillegg kan alle som vil, lese utgreiingane skrivne på oppdrag for søkjarkomiteen, der konsulentar knusktørt går gjennom alle tenkjelege detaljar kring leikane. Er det grunn til å tru at skismørjarar vil bli oppfatta som artistar etter norske skattereglar? Grei ut. Kor mykje bør ein rive av påstående bygningsmasse når ein skal gjere plass til medaljeseremoniar? Bla deg fram til vedlegg 21. Vedlegg 55 til KVU. Delprosjekt 1. Meteorologi er verdt å lese i sin heilskap: Her kjem vêrfolket med kalkylar og overslag for alle sportsanlegga i søknaden, komplett med høgdemåling, nattemperaturar og tåketabell. I tillegg kjem kostnadsoverslaget for konstruksjon og utplassering av oppgraderte vêrstasjonar. Men for dei som no er nysgjerrige og kan tenkje seg å nytte Meteorologisk institutts instrument i hagen heime, kan eg diverre melde at det ser både dyrt og teknisk ut: Ein flunkande ny Geonor svingende streng interface kostar åleine 1600 kroner.

Detalj- og presisjonsnivået i rapportane kan verke låtteleg, når ein veit kor mykje pengar det er snakk om å bruke på arrangementet: I dei dystraste anslaga eg har lese, kostar leikane oss 32 milliardar kroner. (Til samanlikning kosta Lillehammer-OL 11 milliardar kroner. OL i Oslo i 1952 kosta 15 millionar.) Men det er rart med rapportar: Det står ofte viktigare ting der enn i dei glansa og svulstige brosjyrane kommunen brukar for å fremje søknaden til departementet.

OLYMPIC LANE
Under OL i 2022 vil det til dømes ikkje bli mogleg å nytte alle filene på Ringveien. Ikkje fordi noko skal stengjast ned, men fordi dei vil ha sin eigen veg å køyre på, OL-folket. Namn har vegen òg fått: «Gitt konseptene som foreligger, har Oslo2022 sammen med Statens Vegvesen foreslått at en fil på Ring 3 fra Økern til Fornebu reserveres til de akkrediterte og utgjør %Olympic lane&.» Her burde kanskje nokon ha rynka bryna, men det er då råd å reise kollektivt. Kor mange andre kan det eigentleg vere som skal ta t-banen den dagen, liksom?

Vel, konsulentane i kommunen har sjølvsagt rekna på dette òg, og kan melde at «Transportmodellberegninger viste at lekene genererte et totalt transportbehov på 30 % over normalsituasjon, med ca. 500 000 ekstra daglige reiser til og gjennom byen». Dette blir jo eit problem, og det er kanskje ikkje rart dei lyt leggje til at «Enkelte vil uansett være negative til et OL/PL i Oslo, særlig der det oppfattes som å gå på bekostning av andre offentlige tjenestetilbud». Det vil eg tru dei får rett i. Verkeleg gale blir det likevel først når rapporten nemner, mest i forbifarten, at «De forutsetningene Statens Vegvesen har lagt inn, innebærer gjennomføring av tiltak i Oslopakke 3 som per i dag ikke har finansiering». Her legg dei opp til diskusjonar, det er heilt sikkert! Endå godt dei kan konkludere med at «Det er få infrastrukturtiltak som er nødvendige i Gudbrandsdalen». Også når det gjeld Games in the City 2022 er somme av arrangørbyane altså likare enn andre.

CROWD CONTROL
Men det vert ikkje berre utgifter med eit OL: Dei venta inntektene er skildra i detalj i dokumenta som ligg føre. Og konsulentane er optimistar, for nesten uansett korleis ein reknar, kan ein visst tene pengar på å arrangere eit OL. «Verdien av 17.500 frivilliges 8-timers daglig arbeid i 20 dager er estimert til 470 millioner kroner, basert på gjennomsnittlig industriarbeiderlønn», til dømes – pengar spart. «Med byen som kulisse skal vi vise verden at vintersport også hører hjemme i bygatene», heiter det i søknadspapira. Og også her kan ein håve inn: «Det bør være en plan for hva som kan skje på medaljeseremonistedet på dagtid. Her kan det være muligheter for å ta billetter og ha inntjening.» (Men då, framhevar konsulentane, er det viktig med crowd control.)

I aktør- og interessentanalysen, eit av dei verkelege gullkorna i papirhaugen frå Oslo kommune, vert det tydeleg at også dei som ikkje har noko å vinne reint økonomisk, bør stille seg bak søknaden. For OL er jo så godt for folkesjela! Og det som er godt for sjela, er godt for helsa, og det som er godt for helsa, vil spare det offentlege for utgifter i helsevesenet, og før du veit ordet av det, er dette eit gyldig argument i debatten for å arrangere vinterleikane i Oslo: «En mer aktiv befolkning ut fra folkehelseperspektiv, både fordi det gir større mulighet for å leve gode liv lengre og fordi det kan bidra til å øke arbeidsstyrken, redusere helseutgifter og generelt makroøkonomiske gevinster.» Etter 7000 sider med slik patosprosa er det beint fram frigjerande å avslutte med å lese søknaden frå 1952: Den er på fire knusktørre setningar. Det vart vellukka, det òg!