Spalter

Alt kan bli forandra

Overskrifta for denne leiarartikkelen skulle etter planen vere «Kulturen er trygda», som ein kommentar til kor avhengig bokbransjen er av offentlege og private støtteordningar – samtidig som det ikkje er regulert kor dårlege vilkår ein kan tilby frilansarar. Men den planlagde artikkelen om forlagsøkonomi måtte utsetjast på grunn av sjukdom. Så kom dei nasjonale tiltaka for å stoppe koronaviruset, og alt såg med eitt annleis ut.

Måtar å sjå på – måtar å skjøne på

Det tok ikkje lang tid frå eg tok plass i redaktørstolen på Prosa-kontoret, til dei første bøkene om kunst og skjønnlitteratur landa på bordet. Først vurderte eg at dette ikkje var ordentleg sakprosa – det er nemleg historie, filosofi, politikk og naturvitskap. Forfattarbiografiar fekk til naud gå, elles tenkte eg at kunsten får nok merksemd. Men ettersom bunken vaks, måtte eg revurdere.

Den norske draumen

Noreg er ein open økonomi: Vi er avhengige av vareimport, men eksporten er så stor at vi går godt i pluss. Rett nok har handelsoverskotet visse skuggesider: «Fredsnasjonen» Noreg, som meklar i internasjonale konfliktar og deler ut Nobels fredspris, eksporterte våpen for 5,8 milliardar kroner i 2018. Og vi veit alle kva norsk olje og gass gjer med atmosfæren. Men éi eksportvare kan vi vere udelt stolte av: norsk litteratur.

Smittande engasjement

Eg er neppe den einaste forelderen i Noreg som gjerne skulle ha forvist Apple, iPhone, Snapchat, YouTube og alt deira digitale vesen til ein av dei djupare kretsane i Inferno – ein utan wifi og 4G.

Hjartet i rasjonaliteten

At kjensler påverkar alt vi gjer, er løyndomen alle kjenner, men få pratar om. Men sensitivitet og emosjonell intelligens kan vere like avgjerande for ein god fagperson som evna til logisk tenking, fordi mykje av informasjonen om verda kjem til oss via kjenslene.

Verdihierarki

2019 er eit år for feiring i norsk litteraturbransje, med både gjestestatus ved bokmessa i Frankfurt og 500-årsjubileum for den trykte norske boka. Og som i alle andre år vil diverse kåringar ta opp både tid, pengar og merksemd. Men å drysse konfetti over seg sjølv er neppe det som skal til for å snu trenden når boksalet går ned og konkurransen frå elektroniske medium gjer det vanskeleg å rekruttere nye lesarar.

Integritet i ord og handling

Når årets første nummer av Prosa har fått temaet «debattklima», er det for å peike på samanhengen mellom klima i overført og konkret meining: Ja, det er uheldig med polarisert debatt, men at temperaturen stig i ordskiftet, er ein konsekvens av konkrete endringar i verda.

Kvantitet, klisjéer og kritikk

Det er store litteratursatsinger på gang i 2019. Norge skal være gjesteland ved bokmessen i Frankfurt, og samtidig arrangeres Bokåret 2019 her hjemme. Bokåret skal fokusere på lesning og litteraturformidling, og har fått bevilget 30 millioner fra Norsk Tippings spilloverskudd. Målet er 500 arrangementer i 500 bibliotek i løpet av 2019.