Den danske viking

20.02.2020
Screenshot 2020 02 20 viking   ran, ild og sværd   jeanette varberg

I spaltene Sakprosa i Norden og Sakprosa i verda byttar Hilde Sandvik og Øyvind Strømmen på å skrive om aktuell sakprosadebatt utanfor Noregs grenser.

Medan Noreg ikkje veit heilt korleis ein skal handtere arven etter vikingtida, skal ein ikkje lenger enn rett over kjølen til Danmark for å finne vår felles historie så mykje meir levande.

Å spekulere i kvifor er ikkje anna enn det – spekulasjonar. Men følgjer ein med i dansk presse, er det slåande kor mykje debatt vikingtida fører til: Kan ein i det heile tatt snakke om vikingtid? Er tida inne for å avkle mytane?

Det vekte difor stor ståhei då Nationalmuseet i København hyra inn motedesignaren Jim Lyngvild, tidlegare ven av Dansk Folkepartis Pia Kjærsgaard, til å gjere om på museets faste utstilling i 2018. Han fekk delvis kunstnarleg fridom til å framstille krigaren, berserken, bonden og husfrua. Frontane i debatten var knallhard – og delvis blei museet skulda for tivolisering. Lyngvilds politiske syn blei trekt fram. Og var det tivolisering museet dreiv med?

Nei, meinte museumsinspektør og forfattar Jeanette Varberg. Ho, som blei henta til Nationalmuseet frå det imponerande Aarhus-museet Moesgaard, meiner folk greier å skilje mellom fakta og fiksjon. Og at det er nett slike grep som gjer historia nærverande.

Varberg har sjølv demonstrert betre enn nokon andre korleis historia kan gjerast levande i tekst. Inspirert av den store angelsaksiske historieskrivingstradisjonen dykkar ho ned i historisk kjeldemateriale og skriv fram fortida til ei levande notid. Då eg sat i juryen for den beste skandinaviske sakprosaen sidan år 2000 (samarbeid mellom Morgenbladet og Litteraturfestivalen på Lillehammer), var hennar førre bok Fortidens slagmarker (2014) på den danske lista. Her forklarer ho kvifor dansk arkeologi omfattar ei større mengde skjelett av menneske omkomne med vald enn nokon annan stad i Europa.

Så sette ho seg til skrivebordet igjen. Og då boka Viking. Ran, ild og sværd kom ut i fjor haust, var det igjen ein liten boksensasjon. Politiken gav boka, som tek for seg åra 300–1100, seks hjarte under tittelen «Enestående værk om vikinger fortjener at blive en klassiker».

«Jeanette Varbergs vikingebog er formidabel og blottet for sødladen feminisering», skreiv Berlingske og dryste seks stjerner over boka.

Weekendavisen utropte boka til ei av årets beste. Tidlegare sjefredaktør Anne Knudsen skriv: «Et storværk er det imidlertid, en stor, historisk syntese på fuldkommen opdateret materiale. En veritabel europahistorie, der rækker fra Baku til New Foundland og dækker 800 års storpolitik.»

Alle hevdar dei at det Jeanette Varberg her skriv fram, er danmarkshistorie. Sett frå Noreg får ein lyst til å nappe i dei og kremte. Den gjennomillustrerte boka syner at Noreg framleis har den beste samlinga av gjenstandar. Det er Skandinavias felles historie som blir fortald – annleis og imponerande.