Far etter folk flest

23.06.2014
16.58828070

No skal det avgjerast korleis Noreg skal sjå ut med Segway. Folk kjem til å døy, men det er det verdt.

16.58828070

Det er ikkje alle jubileum det er like kjekt å feire. Denne våren, til dømes, er det hundre år sidan me bygde ein landsby i Frognerparken, for å feire at det var hundre år sidan Grunnlova vart skriven.[i]

Den første verdskrigen er òg hundre år i år: Nok ei hending utan den heilt store partyfaktoren.

Andre jubileum med konsekvensar for nasjonen kan det kanskje vere meir grunn til å gle seg over: I år er det til dømes 25 år sidan Stortinget oppheva totalforbodet mot import, sal, reklame og bruk av skateboard – eller rullebrett, som forbodsinstansen Statens forureiningstilsyn sjølvsagt kalla det – i Noreg. Det er òg 25 år sidan Dalai Lama fekk fredsprisen, ei feiring som i år etter sommes meining kanskje gjekk vel upåakta hen i regjeringsapparatet. Slikt kan jo ha mange årsaker, statsrådane våre er jo folk som lyt halde seg inne med internasjonale samarbeids- og handelspartnarar, for å seie det slik, men det kan òg vere eit kapasitetsspørsmål. For same veka som den fredsæle tibetanaren gjesta hovudstaden vår, var det frist for å sende inn svar på eit høyringsnotat frå Vegdirektoratet. Og for eit notat! Snart vert det nemleg avgjort korleis Noreg skal sjå ut med Segway.

 

STÅL I BEN OG ARMER

Køyretøyet blei kjent etter at regjeringa lovde nasjonen å “fjerne unødvendige og særnorske forbud og påbud”, som det heiter i Sundvollen-erklæringa; med det meinte dei mellom anna lakrispiper, proffboksing og hjørnekjøleskåp. Og i tillegg Segway, altså: det elektriske einmannskøyretøyet det til no berre har vore lov å nytte på guida byturar i Bodø og av dei tilsette i Kongeparken i Stavanger.

Når ein set seg ned og les høyringsnotatet til Vegdirektoratet (og det gjer ein jo), er det først litt vrient å forstå at høyringa dreier seg om Segwayar i det heile.[ii] For det heiter jo sjølvsagt ikkje “Segway” i teksten. Like lite som NAV har høve til å kalle pappaperm for pappaperm berre fordi alle andre kallar det det, har Vegvesenet høve til å nytte merkevarenamnet til eitt einskilt selskap i dokumentet som skal leggje føringar på bruken for alle. I tillegg, kjem det fram av teksten, finst det jo mange slag av framkomstmiddelet: “Noen har ett hjul, andre har to, tre eller fire, mens atter andre har belter”, som dei skriv sjølve. Fellesnemninga byråkratane på trafikkfronten har kome opp med, er difor “selvbalanserende kjøretøy”, stikk i strid med tilrådinga frå Språkrådet om å kalle det “ståhjuling”. Og det er det sikkert gode grunnar til, for det ville vel vere dumt å nytte for snevre kategoriar i skildringa av den nye kompleksiteten i transportverda. “Det vil mest sannsynlig også bli utviklet løsninger som vi i dag ikke kjenner til”, understrekar dessutan byråkratane. Ja, dei kan no jammen få sagt det!

Det er heller ikkje lett å vite korleis den nye trafikksituasjonen skal handterast. Ein skulle jo tru at dei har innhenta erfaringar frå Bodø i arbeidet med å lage nasjonale planverk for sjølvbalanserande trafikantar, men det står det ingenting om i teksten. Det dei derimot har gjort, er å undersøkje korleis dei nasjonale trafikkmyndigheitene i andre land har løyst situasjonen. Og det ser ut til å vere litt ulik praksis i handteringa av den nye teknologien. I Sverige er det til dømes lov til å køyre – i gangfart – på fortauet; det er derimot forbode i Danmark. Den tyske lovgjevinga seier ikkje noko eksplisitt om dette, men der lyt du ha skilt og horn så du kan tute. Og det er fleire ulikskapar mellom landa: Så vidt Vegvesenet har klart å finne ut, skal det berre vere i Slovakia du lyt ha hjelm når du køyrer.

 

SELVBALANSERENDE KJØRETØY

Det er all grunn til å vere uroa over konsekvensane viss me tillèt Segway på offentleg veg, forstår eg på Vegdirektoratet. Kort fortalt vil ein nesten måtte rekne med at nokon kjem til å skade seg: “Innføring av selvbalanserende kjøretøy vil slik Vegdirektoratet ser det, med stor sannsynlighet føre til flere personskadeulykker i trafikken.”Og verre blir det. “En bred innføring av slike kjøretøy i Norge vil med stor sannsynlighet føre til flere drepte og hardt skadde i trafikken.”Du verda! Godt pragmatikken igjen tek ordet i teksten og forklarer kvifor det likevel bør vere tillate med slike dødsfeller langs vegane: “Ved innføring av ny teknologi i trafikken er det alltid risiko for at nye typer ulykker skjer, men dette aksepteres da ny teknologi totalt sett vil redusere antall trafikkulykker.”

Klårare kan det vel neppe seiast i offentleg tekst: Folk kjem til å døy, men det er det verdt. Frykta til byråkratane er heller ikkje henta ut or reine lufta. “Vegdirektoratet har gjort et begrenset søk på internett etter undersøkelser om ulykker med selvbalanserende kjøretøy”, kjem det nemlig fram av høyringsteksten. Vel, det har eg òg gjort, og eg kan melde at eigaren av firmaet som lagar Segwayen, James William Heselden, omkom i ei spektakulær ulukke – på Segway!

Han køyrde rett og slett utfor eit stup på eigedomen sin i Storbritannia på ein off road-variant av køyretøyet og døydde av skadane frå fallet. Ikkje rart at “i forslaget er det ikke åpnet for å bruke kjøretøyet i utmark”.

Trass i all redsle for ulukker med rulleskiløparar: Det har visst synt seg vanskeleg å finne juridisk heimel for å la forbodet bli ståande. Det er politisk vilje for å tillate køyretøyet, og då lyt jo faginstansane berre bøye seg. Å, kor er dei overstyrande EU-direktiva når ein treng dei!

 

“DEN KONSTRUKTIVE HASTIGHETEN”

Men der ein ikkje kan forby, kan ein sjølvsagt regulere. Og det kan dei i Vegdirektoratet. For det første vil “den konstruktive hastigheten” aldri kunne overstige meir enn 20 kilometer i timen. Dinest vil det vere promillegrense lik den det er for andre køyretøy, og doningen skal kome med 16 års aldersgrense.

Så kan ein sjølvsagt spørje kva det vil hjelpe med piggdekkrav om vinteren når det ikkje kjem til å vere krav om førarprov, og når det skal vere opp til kvar einskild “å vurdere når man har de nødvendige ferdighetene” til å handtere monsteret – som fagfolka anslår at “krever omtrent samme grad av kompleksitet som å lære å sykle”. Jammen godt me framleis kan ha marka for oss sjølve! Eg kjøper meg ei vørterøl og søkjer skogens ro.[iii]

Fotnotar:

1 I anledning jubileet lèt denne landsbyen seg i år byggje på nytt, men denne gongen skal folk berre vere der på dagtid. Reaksjonane frå utlandet har likevel vore mildt sagt undrande, og på Twitter kan ein under emneknaggen “someonetellnorway lese mykje artig om kva omverda meiner om festtradisjonane våre.

 

2 Vegdirektoratet er elles pragmatiske folk og har difor ikkje sendt ut sjølve notatet til høyringsinstansane sine. Dei kan i staden, til liks med oss andre, lese det på nettet av “effektivitets- og rasjonaliseringshensyn”. Slikt skapar tillit til det offentlege, spør du meg.

 

[iii] Men eg lyt vere rask: Høyringsfristen “for forslag til endringer i forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag” er allereie 27. juni. Lyden av snøscooterar kjem snart til ein hyttevegg nær deg.