Bør fjørfenæringa få innpass i barneskulen med sitt eige undervisningsmateriale? Og kven kan kvalitetssikre bøker om landbruk mynta på barn når forskarar i veterinærmedisin ikkje klarer det?

Fjørfelaget påstod etter nyttår at bur no er forbode i Noreg. Dette var og er ein bløff. Det kom ikkje noko burforbod i Noreg ved nyttår, men krav om ein ny type bur omtalt som «miljøinnreiing». Det same kravet kom også i EU. Miljøinnreiing er eit nyord lansert i samband med den nye burtypen, og i Fjørfelaget ville dei ha valuta for millionane det hadde kosta å bygge om. Dei gjekk til media og sa at bur no er forbode. Nyheita spreidde seg som eld i tørt gras. Bløffen var vellukka. Media ukritiske.

Denne sommaren har det i avisa Nationen gått ein debatt om luftekravet for kyr. Kravet vert innført1. januar 2013. Forkjemparane for kravet snakkar varmt om kor viktig det er med, merk deg det, beitekrav og beite for kyr, men fakta er at det ikkje kjem noko beitekrav for kyr. Det kjem eit luftekrav som inneber at ein lovleg kan lufte kyrne i betongdekte luftegardar. Likevel vil truleg kravet bli lansert av næringane ved årsskiftet som eit beitekrav. Vi ser det alt no, i sommarens debatt. Media kjem truleg til å bite på agnet ukritisk. Mytane om landbruket held seg.

Her er det freistande å sitere frå Dag Solstads roman Arild Asnes 1970, der han seier akkurat det eg tenker sjølv:

Var det noe han var redd for, var det at språket skal ta makten fra det underlaget det skal utsi noe om. At språket skulle bli som sin egen maskin som gikk og gikk og gikk uten at virkeligheten overhodet berørte det, eller fikk innvirkning på det. Helvetesmaskin, kalte han et slikt språk. Et språk som fungerer i seg selv og tar utgangspunkt i seg selv. Forsøker presse språket inn på virkeligheten.

Mitt poeng er dette: retorikk skaper røyndommen. Og vidare: retorikk ser ofte ut til å ha blitt viktigare enn røyndommen når det gjeld landbruk og matproduksjon. Forbrukaren står dermed ofte overfor fiksjon, og ved å debattere ulike sider av ein fiksjon kjem ein ikkje i kontakt med dei reelle utfordringane. Lesaren kan kanskje lure på kvifor eg nemner dette i ein artikkel om sakprosabøker for barn. Jo, fordi det er interessant å sjå om desse bøkene grip til den same omtrentlege og fordummande presentasjonen av stoffområdet som det marknadsføringa av norsk mat ofte bygger på.

Reklamemateriale i skulen
Undervisningsheftet Pål sine høner, utgitt av Opplysningskontoret for egg og kjøtt, har ifølge kontoret sjølv vore eit tilbod til 3. trinn i grunnskulen sidan skuleåret 1999/2000 og vert jamt over nytta av åtti prosent av dei.

Opplysningskontoret for egg og kjøtt: «Pål sine høner – et tverrfaglig undervisningsopplegg for 1. til 4. trinn» Opplysningskontoret for egg og kjøtt 2012.

Dessverre treng ein ikkje leite lenge før ein treffer på den første påstanden lausriven frå den røynda heftet er meint å seie noko om: «Bonden kalles en eggprodusent. Eggprodusenten kjøper en flokk med unge høner. De skal være i hønsehuset/stallen og spise og kose seg og verpe (legge egg). Hver høne/hane (stryk det som ikke passer, red.anm.) legger egg i litt over ett år. Så slaktes de og blir til hønsekjøtt som vi kan spise. »

Fakta: verpehøner vert ikkje slakta, dei vert gassa. Og dei vert ikkje til kjøt, dei vert brende i forbrenningsanlegg. «Ved avliving av et større antall dyr benyttes gassing med blåsyre eller CO2. » Og: «Døde og avlivede dyr er definert som animalsk høyrisikoavfall i det offentlige regelverket. Høyrisikoavfall skal ifølge dette regelverket behandles i godkjente steriliserings- eller forbrenningsanlegg.» (Kjelde: Fagsenteret for fjørfe)

For det andre: Å skrive at verpehøner i flokkar på fleire tusen kosar seg, blir absurd, men det er mulig Opplysningskontoret vel å sjå bort frå forsking på fjørfe som ikkje kan nyttast i reklamemateriell. For Pål sine høner er reklamemateriell presentert som undervisningsstoff.

Heftet skal vere eit tverrfagleg undervisningsopplegg for 3. trinn basert på Kunnskapsløftet. Det gir seg altså ut for å vere fagleg. Eg foreslår difor at Opplysningskontoret tek inn denne setninga: «Eksempel på gassar som kan brukast til avliving av verpehøns er blåsyre (cyanidgass), kolmonoksid (CO) og CO2. Naturfagoppgåve: Diskuter eigenskapane til desse gassane. Etikk: Kva synest du om at høner vert gassa og brende?»

Dette ville ha vore ei open og ærleg tilnærming til tematikken. Men Pål sine høner legg ikkje opp til kritisk refleksjon. Heftet legg opp til å skape positive assosiasjonar rundt eggproduksjon i tråd med Opplysningskontoret si oppgåve: å auke norsk eggekonsum.

Det er nemleg vanskeleg å tenke seg at fagfolka som står oppført som forfattarar, ikkje er klar over at høns blir gassa. Ser vi på forfattarlista, er det nemleg fjørfenæringa sjølv som står bak.

Farleg mat i utlandet
Den eine forfattaren er fjørfebonde Hans Christian Kihl, som blant anna har styreverv i Bondelaget og fagutvalsmedlem hos Nortura på CV-en. Den andre, Marlene Furnes Bagley, sit i arbeidsutvalet for Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund og har arbeidd for Fagsenteret for fjørfe. Den tredje er veterinær Liv Kjærnet, tidlegare styremedlem i Norsk Fjørfelag og medlem av World’s Poultry Science Association (WPSA).

Det ser også noko rart ut at det er ein av forfattarane, læraren Åshild Løvbrøtte, som har skrive «En kollegas anbefaling» på side fire i lærarrettleiinga. Det blir omtrent som å blurbe på baksida av si eiga bok. Ho har ikkje signert som forfattar, og før ein sjekkar forfattarlista bakarst i heftet, noko dei færraste vel gjer, trur ein kanskje at brevet kan vere skrive av ein begeistra lærar som har nytta materialet, men det er det altså ikkje. Og dette materialet, produsert av fjørfenæringa sjølv i beste reklameregi, slepper norsk skulevesen ukritisk inn i undervisninga. Ein kan spørje seg kven som står for kvalitetssjekken, og kvifor fjørfenæringa får drive reklame mot mindreårige i obligatorisk oppmøtetid.

Forfattarane påstår vidare at vi aldri har hatt problem med salmonella i norsk eggproduksjon, sjølv om denne bakterien blir påvist i norske fjørfebesetningar nesten kvart einaste år. Lærarrettleiinga påstår at «Salmonella er eit stort problem i utlandet», utan å definere nærmare kva «utlandet» er for noko. Sverige er for eksempel, på same vis som Noreg, definert som salmonellafri sone, men retorikken i heftet legg opp til god, gammaldags branding av Noreg som best i verda og mat frå utlandet som farleg. Det er ei avleggs og fordomsfull tilnærming i eit hefte som gir seg ut for å vere seriøst undervisningsmateriale mynta på ungar født inn i ei global cyberspace-verd.

Faktaslurv frå veterinærar
Ei anna bok mynta på undervisning er Verdt å vite om dyras liv. Den har Rådet for dyreetikk som avsendar og finst på både nynorsk og bokmål. Boka er handverksmessig prega av at forlaget har fungert som trykkeri. Finansieringa kjem, ifølge redaktør Ann Margaret Grøndahl, frå Mattilsynet (100 000 kroner) og Rådet for dyreetikk (200 000 kroner). I forordet står det at det er eit mål i læreplanen at elevar etter 4. klasse skal kunne fortelje om dyr og samtale om kva god dyrevelferd er for noko. Det er sendt ut tjue gratis bøker til kvart skulekontor i heile landet, og fleire skular har, ifølge redaktøren, bestilt klassesett.

Ann Margaret Grøndahl (red.): «Verdt å vite om dyras liv» Rådet for dyreetikk/Forlaget Skald 2011.

Grøndahl er veterinær og instituttleiar ved Noregs veterinærhøgskule. Difor er det rart å merke seg at Verdt å vite om dyras liv ber preg av ein del omtrentlege framstillingar og faktafeil. Blant anna står det at i gamle dagar gjekk ho- og hanndyr saman og para seg. Ja, det er korrekt, men det var ikkje berre i gamle dagar, når det no måtte vere. Også i våre dagar er det heilt vanleg at hann- og hodyr av både kjøtfe, sau, geit, hest og verpehøns parar seg naturleg. Det blir dermed feil å påstå at dette var slik ein gjorde det «i gamle dagar», med mindre ein berre omtaler mjølkekyr, som for det meste blir inseminerte. Og her er litt av problemet med Verdt å vite om dyras liv. Under overskrifta «I gamle dagar» inkluderer ein alle artar av husdyr, medan ein under tittelen «I dag» berre omtaler mjølkekyr. Det ber preg av mangelfullt redaktørarbeid.

Vidare kan vi lese at «i vår del av verden mente menneskene for riktig lenge siden at dyr ikke kunne tenke eller føle». Kva forfattarane meiner med «riktig lenge sidan» er vanskeleg å vite, men framleis er det mange som meiner at dyr ikkje kan tenke. Sist på sida står det at om du ser eit dyr som lir eller har det vondt, bør du seie frå. Dette er feil. Du har, ifølge paragraf 5 i lov om dyrevelferd, varslingsplikt. Du skal seie frå, ikkje berre om du har sett noko, men også om du har mistankeom mishandling.

Vågar å stille kritiske spørsmål
I kapittel seks finn ein den mest graverande faktafeilen. Her står det at for omtrent hundre år sidan begynte menneska å forandre produksjonsdyra gjennom avl. Igjen er det vanskeleg å vite om forfattarane meiner Noreg eller verda, men påstanden er uansett feil. For 140 år sidan levde eksempelvis den norske veterinæren Stener Johannes Stenersen. Stenersen studerte i København i den tida dei einaste opptakskrava ved veterinærhøgskulen var at studenten var mann, kunne lese og rekne og var son av ein bonde eller smed. Dei fleste dyrlegar vart utdanna gjennom militæret, og skulegangen vart finansiert av stipend som seinare måtte betalast tilbake gjennom fleire pliktår i yrket. Stenersen arbeidde med husdyravl, blant anna som kreaturavlsbestyrer for Vestlandet.

Ei rekke rasar som i dag er vanlege i Noreg, eksempelvis den engelske kjøtferasen herefordkveg, er avla på frå midten av 1700-talet. På neste bokside er det eit bilete av ein annan vanleg rase i dagens Noreg, charolais. Charolais stammar frå 1600- og 1700-talets Frankrike, og det var så tidleg som rundt Kristi fødsel ein velutvikla husdyravl i det gamle Roma.

Ein bra ting med Verdt å vite om dyras liv er «Tenk deg om»-ruta som finst under ulike tema. I motsetning til Pål sine høner, som legg opp til at ungane ukritisk skal elske egg, legg denne boka opp til kritisk refleksjon. Det er den største styrken til boka. Blant anna «Hvordan tror du det er for kalven og mora å bli tatt vekk fra hverandre rett etter fødsel?» eller «Hvor ofte syns du at en undulat bør få slippe ut av buret?».

Muskelmat og agurkstoff
Boka Faktisk mat tek, i motsetning til dei to førstnemnde, ikkje sikte på å gi ei realistisk framstilling av dyrehald. Boka er stramt redigert og har eit språk som skapar begeistring. Det er tydeleg ein driven skribent med mange fagbøker for barn på CV-en som står bak teksten, og poenget med denne boka er ikkje ei realistisk framstilling av landbruk, men å vise kva mat er for noko, både kjøt og grønt. Det lukkast forfattaren Dagny Holm med. Her er kreative overskrifter som «muskelmat», og måten ho beskriv matens reise gjennom kroppen på, og korleis ulike tarmavsnitt fungerer, er glitrande språkleg, pedagogisk og faktakorrekt.

Dagny Holm: «Faktisk mat» Gyldendal 2012.

Det som er litt underleg, er at ein må lese Faktisk mat for å finne ei praktisk framstilling av ein slakteprosess. Dette er utelate i Pål sine høner, truleg av angst for at merkevara «egg» skal bli usmakleg, men godt vist fram i foto i Verdt å vite om dyras liv. Slik beskriv Dagny Holm prosessen:

På slakteriet blir grisen bedøvet med gass. Den besvimer og kjenner ikke noe når slakteren dreper den. Når grisen er død, spretter slakteren opp magen på den og tar ut alt som ikke er kjøtt eller bein. Så blir grisen delt i biter.

Så enkelt og korrekt kan det seiast.

Derimot skrantar Holms bok i biletbruken, vel å merke om ein ønsker seg realisme i framstillinga. Det er valt foto av ei finbørsta holsteinku, truleg på ei amerikansk kuutstilling, eller cow fair, sidan kua har hale. Det er vanleg i USA å kupere halen på kyr utan stambok, og berre kyr med stambok kan stillast ut. Det er også avbilda ein gris som ligg på halm, men dei fleste grisar ligg på betong. Oppdrettsfisk er fullstendig utelate, og det same er fjørfe og eggproduksjon. I Faktisk mat er torsken ein glad kis som sym i havet, ikkje ein feit klump som står i kø i oppdrettsanlegget og ventar på lusekur. Dette kan ein kanskje seie er problematisk når gjeld realisme i framstilling, men på den andre sida viser ikkje forfattaren til verken Kunnskapsløftet eller læreplanmål. Ho skal fortelje oss om kva mat er for noko, at mjølk kjem frå kua og kjøt for eksempel frå ein gris. Ho påstår heller ikkje, slik som Verdt å vite om dyras liv, at ho gir eit realistisk bilete av korleis dyr har det i Noreg i dag, eller slik som Pål sine høner, at ho har laga eit hurra-meg-rundt bra tverrfagleg undervisningsverk, blurba av eigen forfattar.

Her er det også underleg nok, om ein samanliknar med dei fagfolkskrivne Pål sine høner og Verdt å vite om dyras liv, vanskeleg å finne faktafeil. Det er ganske pinleg at ein ufaglært forfattar taklar temaet betre enn dyrlegar og forskarar i veterinærmedisin.

Kan legge lista høgare
Faktisk mat og Verdt å vite om dyras liv er enkle og altfor flinkt pedagogiske framstillingar. Påstand: ein burde kunne kreve meir av dei. Spørsmål: legg dei lista for lågt for målgruppa? Faktisk mat har språket og spensten, det skal vere pent, kort og snertent, men eg saknar noko som greier å kombinere snert med spennande informasjon sett i kontekst utover det heilt grunnleggande. Verdt å vite om dyras liv har til dels innhaldet, men manglar spenst, profesjonell regi og faktasjekk. Pål sine høner er eit usympatisk reklamestunt.

Ein kunne trenge ein forfattar som maktar å kombinere Dagny Holms gode penn med kompetanse nok til å drive skikkeleg research på landbruk og mat. Den barnefagboka finst ikkje på norsk i dag, men ho trengst.