Til 16-årsdagen min i 1961 fekk eg Vestens visdom av Bertrand Russel av foreldra mine . (Tiden 1961). Arild Haaland hadde i si omsetjing tatt vare på den alvorlege, men samtidig humørfylte tonen som kjenneteikna den då 87-årige Russel. Denne intelligent illustrerte filosofihistoria gjorde meg først til ein arrogant og skuleflink gymnasiast, før eg hadde vett nok til å stryke til realartium. Dernest hjelpte den meg i 1966 å bløffe meg fram på filosofi grunnfag, mens eg først etter eitt år i Garden forstod at eg også skulle lære andre ting av fredsaktivisten Russel, og blei politisk militærnektar.

Etter 4 månaders straff byrja eg i 1968 på fransk mellomfag, og fekk der lov å ha som pensum Michel Foucault: Histoire de la folie à l’âge classique (1961) (til norsk på Gyldendal i 1973, ved Fredrik Engelstad og Erik Falkum Galskapens historie). Boka endevende fordommar og gav innsyn som vart toppa av Svein Haugsgjerds Nytt perspektiv på psykiatrien. (Pax 1970). I lett pretensiøs-skrytete ande burde eg framheva korleis sakprosa frå Georg Johannesen, Dag Østerberg, Ottar Brox, Atle Kittang, Karin Holter, Horace Engdahl og Rolf Engers Mekhane (vedunderlig om biljard!) seinare forførte meg, men eg blødmar meg i staden fram til den sakprosatittelen som bokstavleg talt har bevega meg mest dei siste åra: Anne Rudsengens 648 sider tjukke og 1,2 kg (!) tunge handbok, Opptur. 267 fotturar i Sogn og Fjordane. Illustrert av hovudfotograf Finn Loftesnes’ Hasselbladskarpe flyfoto frå dei mest tenlege vinklar, med turrutene innteikna på sjølve fotoa, skaut Selja forlag ved Torkjell Djupedal denne gullfuglen i Friluftsåret 2005.

Rudsengen får uvanleg levande og instruktivt fram detaljar om terreng, stadnamn og lokalhistoriske segner og fakta. Turomtalane er ordna kommunevis, frå Fanaråken inst i Luster til Kjerringa ytst på Stadlandet. Flybileta skal ikkje erstatte kart og kompass, men i dårleg vêr og vanskeleg terreng i Hurrungane blir ein ført tryggare av hennar velskrivne rettleiing enn den ein får av å myse på kotene i eit gradteigskart.