Tren kaoskompetanse, lag barneregler og gni hendene raskt mot låret. Tre av råda til den som vil skapa god sakprosa

Draumen om å skriva godt møter mange tilbod. Ei overflod av bøker, kurs og dyre sydenopphald lovar skriveråd og -rettleiingar, til nytte eller ugagn.

Å skriva er personleg og ein så individuell prosess at eg og andre skal vakta oss vel for å lova noko som helst, eller innbilla oss at vi kan hjelpa andre. Mi erfaring er likevel at når eg først er i skrivemodus, er all tale og skrift om det å skriva fruktbar. Eg har ennå ikkje opplevd å utsetja meg for situasjonar der tekst og litteratur er temaet, utan at eg har funne noko som har ført meg vidare — med eller mot intensjonen til avsendaren eller arrangøren. Som Oskeladden plukkar den skrivande Skre med seg ting ho finn, sjølv om ho i augneblinken ikkje anar kvifor eller kva nytten kunne bli.

Med denne erfaringa i tanken og ein Bragepris i handa er eg ubeskjeden nok til å gje skriveråd til den som vil skapa god sakprosa. Ti #bod* kallar eg dei ikkje, sidan det byr meg imot å leika gud. Det følgjande er i staden eit tilbodsbrett til bruk eller forkasting, alt etter kva lesaren vil og treng. Men først skal eg fortelja fire ting om meg sjølv som eg meiner er relevant:

Eg har i meir enn trettifem år levd av å skapa tekst, og det har eg gjort både når eg var inspirert, og når eg ikkje var det. Eg har vore ein tekstslukande lesar i femtisju år, først eventyr og aviser, nå alt frå bruksrettleiingar til greske helteepos. Eg syng i kor. Av dette har eg lært at verdien av trening og rutine neppe kan overvurderast. At lesing i alle sjangrar øver opp sjangerkompetanse. At eit eller anna forhold til musikk, rytme og melodi hjelper når god tekst skal skapast. Eg har også lært meg teknikkar for å meistra stress, skapa meg pusterom i lange løp, og metodar for å fokusera.

Fokuser på emnet ditt

Eg reknar som ein føresetnad for skriveråda at folk veit sånn omtrent kva dei skal skriva om. Større vanske er det oftast å samla seg om dette emnet midt i reset og uroa frå nett, mobil og det analoge livet. For å skapa god tekst er det likevel heilt avgjerande å fokusera. Og tenkja at det er lov for den skrivande å kutta verda ut. Det går an å setja mobil, pc eller mac i flymodus. Å skru av forstyrrande tankestraum er vanskelegare.

Ein enkel metode for å styra tanken dit du vil er følgjande: Set deg godt til rette på stolen. Rett ryggen og hald hovudet høgt. Lukk gjerne auga. Pust til du pustar rolegare og med magen. Så gnir du handflatene fram og tilbake mot låra nokså fort. Når du kjenner at handflatane er blitt skikkeleg varme, snur du hendene slik at handflata vender opp og handryggen kviler på låret. Sit slik og kjenn handflatene dine. Varmen inne i hendene. Kva kjenner du elles der? Etter nokre minutt, når du kjenner deg på plass, opnar du auga og begynner å arbeida.

Tenk på lesaren din

God tekst er tekst som når fram. Men kven vil du nå? Det må du finna ut.

Vi som ikkje er norskfilologar eller tekstforskarar, tenkjer sjeldan konkret på korleis tekst skal vera for å nå ulike typar lesarar. Men vi endrar gjerne skrivemåte etter kven vi tenkjer på medan vi skriv. Vil du skriva for sjukepleiarar, kan du finna ein sjukepleiar å tenkja på. Ha gjerne bilde av vedkommande framfor deg. Vil du skriva for barn, tenk på eit barn du gjerne vil nå. Sjølv skreiv eg biografien min om Hulda Garborg med den entusiastiske forlagsredaktøren Sverre Tusvik i tankane. Innimellom tenkte eg også på sambygdingane mine, som veit mindre om norskdomshistoria. Den lesarmiksen funka.

Finn sjangeren

Blant unge akademikarar, gjerne også eldre, finst det ei underleg tru på at det for deira stoff berre finst ein tekstsjanger: den akademiske. Vil dei fanga lesarar utanfor sitt eige fagfelt, er den skrivemåten fåfengd. Men korleis kan folk som har trent i så mange år på å bli flinke til å skriva på eitt vis, bryta den vanen? Eg trur det finst fleire vegar å gå: Øv opp sjangerkompetansen din, gjerne med #ekstremsskriving*. Dikt barneregler. Begynn på ein krim (ikkje fullfør han). Lag eit sørpete kjærleiksdikt. Slå ned ein ulukkesreportasje. Og les i så mange sjangrar som du orkar. Høgt og lågt. Kjenn kva tekststil som provoserer. Kva som kitlar. Det du elskar, og det du hatar, kan opna nye skrivevanar og visa deg vegen til nye lesarar. Igjen kan det vera lurt å tenkja på tekst som liknar målet ditt, heller enn å fikla eksplisitt med sjangergrep.

Reflekter, disponer, reflekter, disponer

Å ha godt grep om teksten er alfa og omega, frå ei rettleiande innleiing til ei avklarande oppsummering. Går skrivinga tregt eller eg står fast, er problemet nesten alltid at eg ikkje har heilheitsgrepet på plass. I heldige stunder, som med Hulda Garborg-biografien, stod den overgripande disposisjonen tidleg klart for meg. Grepet blei nedfelt alt i den første arbeidstittelen. Då eg skreiv om forfattaren Ragnhild Jølsen, måtte eg reflektera og disponera mange gonger undervegs for å forma det konseptet som skapte framdrift i skrivinga og ei lang, relativt klar linje gjennom teksten. I alt mitt prosjektarbeid har ein spiralprosess med refleksjon og disponering, refleksjon og disponering gjenteke seg undervegs. Men jo tidlegare eg har eit godt — om grovt — stillas på plass, jo meir frustrasjon og unødvendig arbeid har eg spart meg for.

Derfor må innleiande refleksjon og disponering få mykje tid. Å tenkja medan eg går, er fint. Å lata idear utvikla seg over natta funkar også. På eit tidspunkt blir det likevel nødvendig å seia #godt nok!* og førebu seg på å begynna å skriva.

Tren kaoskompetansen

Då finn eg fram alt eg skal bruka av kjelder, og har dei rundt deg. Tål #rot*! Skaff deg kaoskompetanse! Dette liknar på skrivebod, og andre har sikkert andre måtar, men for meg er det avgjerande bokstaveleg talt å leggja til rette for ein skriveflyt der eg knapt treng reisa meg før eg har ridd skrivebølgja ferdig.

E-bøker og andre kjeldefiler er fint. Eg er gladare i kjelder på papir. Kor stort skrivebord ein har, varierer, men det finst utruleg mange plassparande måtar å leggja fram opne bøker, stabla utskrifter og systematisera kjeldefoto på.

Sjølvsagt finst det system i #rotet* mitt, og særleg gode når store prosjekt skal gjennomførast. Mellom anna merkjer eg midthyllene i kontorbokhyllene mine med kapitteltitlar. Der legg eg inn stoff, lappar, utklipp, bøker, utskrifter og anna som er relevant til kvart kapittel. Er det nødvendig, tek eg golvet til hjelp.

Skriv!

I åra mine som redaksjonsleiar brukte eg berre to grunnleggjande råd på folk som opplevde skrivestopp. Det første var #Begynn å skriva*. Å gå inn i skrivemodus er eit vilkår for å skapa tekst. Når ein først har begynt og lèt seg sjølv skriva i veg, er dei fleste på rett spor, eller så skriv dei seg inn på det. Det enkle grepet er å begynna med å fortelja lesaren kva du skal skriva om, så skriv du det, og til slutt fortel du kva du har skrive.

Vil ein vera litt raffinert retorisk, kan ein tenkja på å smigra lesaren sin, bøya seg for lesaren og vera pedagogisk. Viktigast er det likevel å overraska lesaren sin nok, både i innhald og i form.

Skal lesaren fangast og innhaldet nå gjennom, må språket vera friskt, opplevd og utan flosklar. Dessutan må teksten ha driv. Hovuddrivet ligg i heilheitsgrepet, i den overordna problemstillinga og disposisjonen. Men også undervegs må teksten få fart. Driv kan leggjast på under tekstgjennomgang, men du sparar tid om ting kjem på plass straks. Tre enkle knep er: Vel verb med rørsle. Skap aktive setningar. Skriv slutten på eit kapittel slik at lesaren blar om til neste.

Fart og overrasking fordrar også at du tek sjansar, vågar deg utpå. Men sørg likevel for at du ikkje kuttar hjørne. Når du er ferdig, skal du kjenna at du har strekt deg, men framleis er på trygg grunn.

Under skrivinga kan tanken begynna å vandra, dørklokka kan ringja, telefonen pip, og skjermbrev og Facebook lokkar. Då er det fint igjen å gripa til fokuseringsgrepa, fokusera og fokusera og ikkje stansa å skriva før du er tom eller treng å lufta hjernen og røra kroppen.

Finn lyst

Å vera inspirert er neppe absolutt nødvendig for å skriva godt, men eg er ikkje i tvil om at det hjelper. For min del har eg alltid minst to skriveprosjekt på gang samtidig. Når eg innimellom er lei av det store prosjektet, kan eg skriva på små, for så å gå tilbake til det store når lysta har teke seg opp igjen. Noko ho alltid gjer når eg har valt eit stoff og bora meg ned i det.

Det går også an å flytta fokus innanfor det store prosjektet. Er du gørrlei eitt kapittel, kan du skriva litt på eit du har meir lyst på. Står du fast midt i, kan det vera moro å fila på formuleringar i tidlegare tekstparti og aller helst i innleiinga. Det er der lesaren skal fangast, så innleiinga må vera dragande, grundig filt og god.

Les og kna, stram og vid ut

Å lesa gjennom sin eigen tekst er minst like viktig som å skriva han. Så gjeld det å notera, #kna*, lesa, notera og endra på nytt. Ingen lesar trur vel at bøker eller artiklar som dei les, kom til skrivaren i første versjon? Om eg tok utskrift for kvar tekstversjon av det eg har skrive, ville det gå med skogar til papiret.

Ved gjennomlesing leitar eg etter parti som treng innstramming, men også etter potensial for utviding, for å gje viktige hendingar, vendepunkt eller vesentlege funn eit større tekstrom. Når det skal gjerast, har eg hatt særleg nytte av tilbakemelding frå røynde fiksjonsskrivarar.

Ver sjefen

Like viktig som å lesa og kommentera seg sjølv er det å finna seg gode lesarar som kan kommentera. Mine manuslesarar spenner frå bibliotekarar, folk med særleg faktakompetanse og skrivelærarar til ærlege venninner og ein forfattar av romanar for barn.

Mange fryktar at manuslesarar tek frå dei styringa over eigen tekst, men for meg fungerer dei motsett. Ved sjølv å velja manuslesarar blir eg meir sjef over teksten min. Dei fleste som skriv, kjenner at nokon heng over skuldra deira, og høyrer demotiverande indre stemmer. #Du er for dum.* #Dette kan du ikkje.* #Det kan du ikkje skriva.* Slik destruksjon skal avskjerast tvert. Du bestemmer sjølv kven du vil ha kommentarar frå, kva kommentarar du vil følgja, og kva det endelege resultatet skal bli.

Hald fram med å skriva

Begynn å skriva, har eg sagt til folk som står skrivefast. Det andre skriverådet eg har gjeve dei, er like enkelt: Hald fram med å skriva. Ikkje stans. Ikkje gje deg. Skriv vidare. Og kjenn deg fri til å henta inn i prosessen kva du vil av dei skriveråda du finn over, i den rekkefølgja som passar deg. Eller finn dine eigne råd og skriv. Å stansa når det er nok, er ingen stor kunst. Der får du alltid hjelp frå redaktørar og forlag.

To ting til slutt: Ta deg sjølv og skrivearbeidet ditt alvorleg. Ta sikkerheitskopiar ofte og skjerm skrivetida di nådelaust.

Mykje meir kunne delast. Eg trur dette var det viktigaste.

Artikkelen byggjer på eit foredrag under seminaret #Ut med språket!*, som Språkrådet, Universitetsforlaget og Norsk tidsskriftforening arrangerte i Oslo 14. november 2013.