Mennene i vikingtida føretrekte sterke kvinner, og det knytta seg ingenting ureint til den kvinnelege seksualiteten.

Der eg bur, er det ikkje langt til den staden der Harald Hårfagre visstnok fullførte samlinga av Noreg. Til minne om dette storverket er det sett opp eit monument med tre sverd som står med skjeftet opp og odden ned i fjellet. Dei som er der for å sjå sogespel har det til venstre, mens Madlaleiren utgjer kulissane til høgre. På grasbakken midt imot er det ein platting av tre, med sjølvaste Hafrsfjord i bakgrunnen. Er du heldig, glir det ein flokk ville svaner att og fram på den blanke vassflata, som vikingskip i miniatyr.

Ein sommarkveld i 2006 sat eg oppe på tribunen og såg eit spel om Erling Skjalgsson på Sola, den store høvdingen som enda sine dagar med å bli hoggen ned av ein av krigarane til Olav den heilage. På sitt vis var det både vakkert og stemningsfullt, og på ein måte skulle eg ønskja at eg kunne gle meg over det som det var, i staden for å sitja der og ergra meg over at den kvinnelege hovudpersonen låg og skreik fordi ho ikkje ville tvangsgiftast, i staden for å stå på krava som ei ekte sagakvinne.

Året etter kom der eit nytt stykke, denne gongen om Harald Hårfagre sjølv, og med sterkare dramatiske ambisjonar. Men han som hadde skrive det, hadde ikkje fått med seg den avgjerande forskjellen på heidensk livsstil og moderne valdsromantikk. Den stolte Gyda, ho som utfordra Harald til å gå i gang med rikssamlinga, var redusert til eit offer for mannleg brunst, og stykket låg og flaut midt mellom Conan Barbaren og Se og Hør.

Frå før var eg godt kjend med eddadiktinga og Snorres kongesoger, men ikkje med islendingsogene. Det var truleg ein etterverknad av universitetet, der det blei lagt vinn på å gjera dei så keisame og uinteressante som råd, truleg for å hindra at nokon oppdaga kva slags livsinnsikt denne litteraturen gir uttrykk for. Sogespela i Hafrsfjord sette meg i gang med eit omfattande leseprosjekt. På grunnlag av det skreiv eg teatermeldingar, kronikkar og lesarinnlegg, og fekk mykje motbør fordi eg påviste at mennene i vikingtida og mennene i vår tid er så ulike at det er med nauda dei høyrer til same art.

Eit anna Europa
Dermed var eg komen så djupt inn i det at det var klart det måtte bli bok. Arbeidstittelen var Det humanistiske potensialet i vikingtida. Ei stund kalla eg prosjektet Plyndret, drepte og voldtok, og konsentrerte meg om kontrasten mellom det folk trur sagaen handlar om, og det som faktisk står der. Sidan gjekk eg over til Heidningelengsel. For det er ikkje berre vår tid som bruker fortida til motvekt mot ei ånds- og kroppsforlaten samtid: Det same gjorde dei kristne forfattarane som i høgmellomalderen såg seg tilbake til den tid heidendommen rådde. Men mens dei lét seg inspirera av det livsens mangfald dei fann der, er vår tids vikingsvermeri både lummert og stakkarsleg.

No er det ikkje berre i Noreg at overgjødde sofabønder kler seg i gamle kostyme og leikar at dei er farlege krigarar ein gong for lenge sidan. I USA finst det ein lang tradisjon for å spela om igjen lausrivinga frå England, og i Spania blir det kvart år arrangert store folkefestar der dei muslimske maurarane blir kasta ut endå ein gong. Korleis dei oppførte seg i dei åtte hundre åra dei budde der, og korleis forholdet mellom dei og dei kristne var i praksis, er det ikkje mange som ser seg tente med å vita.

Likevel er det freistande å grunna over kva som kunne skjedd dersom maurarane ikkje hadde gitt opp ekspansjonen nordover etter slaget ved Tours i 732, men halde fram til dei møtte vikingane på veg sørover. På den tida låg den arabiske sivilisasjonen framfor den kristne både økonomisk, teknologisk, vitskapleg og medisinsk. Eit samarbeid med dei nøkterne vikingane kunne gitt eit anna Europa, meir effektivt, opent og tolerant enn den kyrkjedominerte monokulturen me har fått slita med i staden.

Dei mytiske kvinnekrigarane
I 2008 reiste eg til Spania for å gjera meg kjend med restane etter den mauriske kulturen i Granada og Toledo. Året etter drog eg til Orknøyane for å granska ruinane frå vikingtida. Det eg ikkje visste, var at på desse øyane finst det arkitektonisk strukturerte byggverk som er like gamle som labyrinten på Knossos og pyramidane i Egypt. Det tyder på at kulturen i nord var like avansert som i sør, og at forteljingane om nordiske barbarar er antikk middelhavspropaganda som tilfeldigvis passar som hand i hanske for menn som drøymer om å vera villmenn.

Same sommar ordna eg meg med skrivestove på det islandske herresetet Reykholt, der Snorre Sturlason i si tid residerte. Eg rekna meg no for bortimot ferdig med boka, og trudde at ein månad i sagaaktig omgivnad ville vera tilstrekkeleg til å samla alle lause trådar. I staden gjekk det som det gjerne gjer, alt saman fall frå einannan.

Den hausten gjekk eg tilbake til det tidlegare yrket mitt og tok eit årsvikariat som lektor i vidaregåande skule. Å vera saman med tenåringar igjen gjorde meg godt, og hjelpte meg til å sjå det heile frå ein annan kant. Kan henda var det det at eg underviste i filosofi som fekk meg til å tenkja på Bysants og Miklagard då eg sommaren etter budde nokre dagar på eit badehotell i Lyngør utanfor Tvedestrand. Eg mintest at eg for lenge sidan hadde lese ei bok av keisardottera Anna Komnena, som budde i Konstantinopel både under det første korstoget og mens Sigurd Jorsalfar fjorten år seinare gjorde inntog der, og tok så smått til å orientera meg mot ein ny inngang til det eg prøvde å få sagt.

Samtidig skjedde det at valkyrjene, dei mytiske kvinnekrigarane, som ikkje hadde hatt nokon funksjon i manuskriptet tidlegare, tok til å gjera seg gjeldande. Snorre seier dei er tenarar for Odin og serveringsdamer i Valhall, men i eddadikta flyg dei gjennom lufta nett som det passar dei sjølve, med blanke brynjer og gneistrande våpen. I blant dalar dei ned og tek seg ein kjærast, men det går sjeldan lenge før dei er på vengene igjen.

Det er eit stort tap for den moderne sivilisasjonen at den norrøne litteraturen er så lite kjend. Det vesle som er omsett til andre språk, er som regel omdikta til det ugjenkjennelege. Dessverre har norske og islandske akademikarar gjort svært lite for å retta opp desse mistaka, truleg fordi dei reint personleg føretrekker ei vikingtid som er prosessert i kontinentale salongar. Ved Universitetet i Stavanger har eg endåtil høyrt ein allment respektert historikar framføra den fullstendig feilaktige påstanden at hovudårsaka til dei islandske hemndrapa var valdtekt mot kvinner.

I den norrøne overleveringa finst det nesten ingen heteroseksuelle valdtekter. Til gjengjeld er der fullt opp med ymt og hint om kva menn har gjort med kvarandre. Mens det muslimske æresdrapet i vår tid rettar seg mot søstrer, døtrer og hustruer, gjekk det norrøne æresdrapet berre ut over menn. Det knytta seg heller ikkje noko ureint til den kvinnelege seksualiteten. Dei hadde ikkje noko ord for jomfrudom, og ei vakker kvinne kunne godt bli kalla møy sjølv om ho hadde vore gift mange gonger og hadde vaksne søner frå tredje ekteskap.

Til gjengjeld fortel både Edda og saga om enorm fascinasjon for kvinner med evne og vilje til å få sitt gjennom. Derfor kunne Gudrun Osvivsdotter i Laksdølasoga midt i bryllupsfesten med den fjerde brudgommen sin setja i gang ein krangel som gjekk på æra laus, og vinna, utan at han kjente seg krenkt. Tvert om var han stolt over å vera så flott gift.

Mennene i vår tid er meir tandre av seg, og kvinnene må stadig passa på at dei ikkje tek sjølvtilliten frå dei. Dét gjer det vanskeleg å nå fram med ei slik bok som den eg har skrive. Likevel håper eg at ein og annan vil ta henne ut or hylla og kasta eit blikk på omslaget der det står: Valkyrjesong. Vikingtida i spenn frå Bysants til Island.