Underteksting på fjernsyn, kino og dvd er blant dei mest lesne omsetjingane. Men teksting skil seg på mange måtar frå andre typar omsetjing og stiller heilt andre – og til dels motstridande – krav til omsetjaren.

I påska i år sende NRK ein dokumentarserie om Bibelen, produsert av Channel 4 i Storbritannia, og eg hadde gleda av å tekste denne serien. Dette er ein serie på sju program der ulike personar tek for seg kvar sin del av Bibelen. Det begynner med skapingssoga presentert av forfattaren Howard Jacobs og endar med teologen Robert Beckford som tek for seg Johannes’ openberring. Nokre av vinklingane kan kanskje provosere enkelte, som når den muslimske journalisten Rageh Omaar utforskar arven etter Abraham, eller når Sinn Féin-leiaren Gerry Adams snakkar om Jesus og tilgiving.

Som kjent finst det lite dokumentarisk filmmateriale frå bibelsoga, så framstillinga må i stor grad byggje på munnleg presentasjon. Dessutan har kvar programleiar fått i underkant av 50 minutt til disposisjon for å presentere eit tema han eller ho er svært oppteken av, og då er det freistande å presse inn mest mogleg informasjon på den tilmålte tida. Derfor blir det nokså teksttette program, og sjåarane får få kvilepausar til å fordøye informasjonen undervegs.

Kva er teksting?
Det å tekste eit program er eigentleg tre ulike prosessar som rett nok glir over i kvarandre, men som i alle fall kan skiljast teoretisk: Tekstaren skal omsetje det som blir sagt, han skal forkorte teksten, slik at sjåarane rekk både å lese tekstblokkene og å følgje med på filmen, og så skal han tidskode tekstblokkene, altså leggje inn nøyaktig tidspunkt for når teksten skal inn og ut.

Tekstarar legg dessutan stor vekt på å dele teksten inn i blokker som det er lett å lese. Ei tekstblokk er på éi eller to linjer, og vi vil at kvar tekstblokk om mogleg skal vere ei avslutta meiningsberande eining. Vi unngår for eksempel helst å dele opp preposisjonsledd eller leddsetningar på to tekstblokker. Altså slik:

I Israel må det finnast
nokon frå Abrahams ætt –

– som kjempar for fred
i staden for å be om krig.

Og ikkje slik:

I Israel må det finnast nokon
frå Abrahams ætt som kjempar –

– for fred i staden
for å be om krig.

Tidsfaktoren er også viktig i teksting. Ein gammal tommelfingerregel seier at ein tekst på éi linje skal stå i minst tre sekund og ein tekst på to linjer i seks sekund. Så når nokon snakkar fort, kan faktisk den mest tidkrevjande delen av jobben vere å skjere ned på teksten. Mange snakkar fort utan å seie særleg mykje, og då er oppgåva lett. Den største utfordringa er sjølvsagt dei som seier mykje på kort tid.

Ein kan sjølvsagt jukse og ta inn teksten litt før replikken kjem, for å «stele» tid, men faren er då at det kan bli for ulik rytme mellom tekstinga og talen, og det kan verke forstyrrande. Idealet er at teksten skal komme inn akkurat idet talen begynner.

Korleis skil teksting seg frå anna omsetjing?
Det som gjer teksting spesielt samanlikna med andre typar omsetjing, er at vi må ta så mange andre omsyn enn den reint språklege formidlinga.

For det første er det audiovisuell omsetjing vi driv med, vi omset frå tale til skrift, og talespråket har så uendeleg mange strenger å spele på – frå ei vantru røyst i fistel til ei kviskrande kjærleikserklæring – samanlikna med dei to fattigslege linjene vi har til disposisjon. Men slike karakteriserande særtrekk ved talen er gjerne felles for alle språk og treng ikkje markerast i tekstinga. Stamming, nøling, raseri, stiff upper lip eller fyllerør – alt dette greier sjåaren å tolke utan hjelp. Teksten gir innhald og lyden gir form til det som blir sagt.

Eit større problem er det å gjengi ein kviskrande samtale der det er meininga at sjåarane berre skal få med seg brotstykke av det som blir sagt. Då har vi berre to alternativ: Anten skriv vi det, eller så lèt vi vere. Det er ingen glidande overgang mellom dei to. Ikkje så reint sjeldan må vi velje mellom å tekste det som blir sagt – og dermed gi det ein verdi det ikkje har fortent – og å la det stå uteksta, slik at sjåarane blir sitjande og lure på kva som blir sagt.

For det andre er tekstinga ein relativt liten del av ein større heilskap. Fjernsynet er eit biletmedium, og det er i prinsippet det visuelle som har hovudrolla, så tekstinga må pent underordne seg det. Tekstaren skal spele på lag med bileta og redusere informasjonsinnhaldet i tekstane når det er mykje som skjer på skjermen. Tekstaren må også unngå å dekkje ein for stor del av biletflata.

Men bileta er ofte ein god hjelpar for den som greier å utnytte det. Vi treng ikkje skrive «God dag, Howard! Står til? Bra, takk …» under ei vanleg helsescene, for bileta taler for seg sjølve. Vi treng heller ikkje ta med «Ja!» når den som uttaler det, smiler og nikkar energisk mot kameraet.

Også lyden kan vere både ein venn og ein fiende av tekstaren. Vi slepp sjølvsagt å markere at nokon roper eller ler; det fortel bileta. Andre gonger skulle vi så gjerne hatt ei ekstra linje til «scenetilvisingar»: I Rageh Omaars program i Bibel-serien snakkar han med elevane på ein skule for både jødiske og palestinske barn, og barna svarer dels på hebraisk, dels på engelsk. Som tekstar har eg ikkje noko verkemiddel for å vise kva som er kva. Dei aller fleste nordmenn høyrer nok kva som er engelsk, men mange vil ikkje kunne avgjere om det andre språket er arabisk eller hebraisk.

For det tredje er teksting den forma for omsetjing – kanskje med unntak av simultantolking – der det er nærmast tilknyting mellom original og omsetjing. Fjernsynssjåarane får servert både oppgåva og løysinga samtidig. Éin ting er at tekstaren straks blir avslørt dersom han tabbar seg ut. Meir alvorleg er det at den norske omsetjinga heile tida blir dregen mot originalen, som ofte er engelsk. Det gjeld enkeltord («demonstrate» tyder slett ikkje alltid «demonstrere») og faste uttrykksmåtar («when I first came to Norway» tyder ikkje «då eg først kom til Noreg»). Og det gjeld måten vi byggjer opp setningane på. Engelskmenn plar gjerne skissere «premissane» i setninga før dei kjem med konklusjonen; dei fortel når og kvar det skjedde og gjerne kven som tok initiativet, før dei endeleg kjem til saka, nemleg kva som skjedde. På norsk kan vi nok setje eit tidsledd først, men så vil vi helst få med hovudpoenget før vi serverer resten av omstenda for det som skjedde. Ettersom tekstinga følgjer originalen så tett, kan det ofte vere vanskeleg å unngå anglisistiske setningskonstruksjonar.

Bildet er hentet fra den omtalte dokumentaren The Bible.

Abraham og Rageh
Reporteren Rageh Omaar tek for seg Abraham i andre episode av Channel 4-serien om Bibelen. Der er det ein del gode eksempel på dei problema ein tekstar kan støyte på.

Abraham er den saktmodige patriarken som tilsynelatande er totalt blotta for eigen vilje. Når Gud ber han forlate Ur og dra til det landet Gud har sett seg ut for han, tuslar han lydig av stad. Når Sara ber han sende den førstefødde son sin, Ismael, og mor hans ut i ørkenen, gjer han det. Og når Gud seier at han skal ofre den andre son sin, Isak, så mukkar han ikkje. Men Abraham er utvald av Gud, det er det som gjer han spesiell, og han har fått ein lovnad om land av Gud. Det er dette Rageh Omaar grip fatt i og som han meiner ligg under konflikten mellom jødar og palestinarar i dag.

Både jødar, palestinarar og kristne reknar Abraham som sin stamfar. Omaars hovudsiktemål er å undersøkje korfor det i dag er så mykje strid mellom dei gruppene som internasjonale politikarar kallar «Abrahams barn». Han oppsøkjer blant anna Ur i Irak, som Abraham opphavleg kom frå, og Hebron på Vestbreidda, der Abraham skal vere gravlagd.

Eitt av problema eg får, er at bibelomsetjingane på norsk og engelsk er ulike. Når Omaar fortel om «Joseph and his coat of many colours», viser han til den engelske standardomsetjinga, King James Version. I den siste norske bibelomsetjinga står det derimot at Josef fekk «ein forseggjord kjortel». Mi oppgåve er eigentleg å omsetje det som blir sagt på engelsk, ikkje å sitere frå den norske bibelomsetjinga. Men om eg begynner å leggje ut om ein «fargerik» kjortel, vil mange bibelkjennarar stusse, så eg vel heller å tone ned forskjellen og forkorte til «Josef med kjortelen» (poenget er vel at brørne hans riv opp kjortelen og viser han fram for faren som prov på at Josef er drepen av villdyr).

Når Rageh Omaar intervjuar palestinarar, spør han på engelsk, og dei svarer på arabisk. Men han vel å bruke det arabiske «Ibrahim» om patriarken når han snakkar med palestinarar, ikkje det engelske «Abraham». Eg kan sjølvsagt gjengi det som «Ibrahim» for å vere lojal mot programleiaren, men då vil mange av sjåarane stusse, eller eg kan skrive «Abraham» og la denne nyansen fare. Eg landar til slutt på det siste alternativet.

Midt i programmet går Omaar forbi ein del av muren i Jerusalem der det står skrive:

– Who are you?
Catholic, Jew, Muslim?
– A human being …

Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at dette er med i programmet. Men det eg først legg merke til, er forma og ikkje innhaldet i graffitien: Det er brukt replikkstrekar og innrykk for å få første bokstav i kvar linje rett under kvarandre, akkurat slik vi gjer det i teksting, og det endar ikkje med eit bastant ropeteikn, men med eit ettertenksamt prikk-prikk-prikk. Kanskje eg har ein tekstarkollega i Jerusalem som snik seg ut om natta og skriv forsonlege bodskapar på murveggene.

Problemet mitt er at eg treng rundt fire sekund på å formidle denne bodskapen, men det går berre halvtanna sekund frå plakaten kjem i biletet, til Omaars kommentarstemme går i gang med å analysere situasjonen, og det er eg nøydd til å tekste. Eg kunne valt å ta inn graffititeksten to sekund for tidleg, eg kunne valt å prioritere graffitien framfor Omaars kommentarar, eg kunne valt å la denne teksten stå i berre halvtanna sekund, men ingen av desse alternativa er bra. Så eg sender ei taus orsaking til sjelevennen min i Jerusalem og lèt bodskapen hans eller hennar stå uteksta.

Og Rageh Omaar konkluderer som venta med at jødar, kristne og muslimar heller burde slutte fred og leve saman som Abrahams barn. Det er den same konklusjonen som i skrifta på veggen som eg ikkje fekk plass til å tekste, men Omaar avsluttar med ropeteikn. Men der tillèt eg meg å setje punktum.