Ein rapport frå immanensen

Då kvinnesaksforkjemparen Katti Anker Møller i 1915 heldt foredraget «Moderskapets frigjørelse» og provoserte borgarskapen i Kristiania med radikale forslag for å betre mødrers kår, var det abort som var temaet. Slikt var kriminelt og kunne straffast med fengsel, og på byrjinga av nittenhundretalet døydde det mange kvinner årleg her til lands i freistnaden på å kvitte seg med uønskte born. Ikkje før i 1973 kom lova om sjølvbestemt abort som gjorde det mogleg for norske kvinner sjølve å ha full råderett over si eiga livmor. Innan dette hadde innføringa av prevensjonsmiddel som p-piller allereie gjort talet på uønskte fødslar langt lågare enn før. No kan dei fleste vaksne kvinner sjølve ta stilling til om dei vil ha born, kor mange, og med kven.

MASTERGRAD

Alder er ein av tinga som vert påverka av dette. For norske barselkvinner er eldre enn tidlegare: I fjor var førstereiskvinnene på norske fødestover i snitt 29 år gamle – det er fire år meir enn mødrene våre var. Talknusarane i Statistisk sentralbyrå peiker på éi tydeleg årsak til dette i sine tørre, men like fullt eksplosive, samfunnsanalysar: Høgare utdanning. Me tek rett og slett mastergrad før me finn det aktuelt å skulle føde, og me ventar i tillegg nokre år etter at slutteksamen er levert, før me kastar oss ut i familielivet. Sidan ein ikkje kan utdanne seg vekk frå den hormonelle målstreken som gjer at kvinner som bruker mange år på utdanning, ikkje har tid til å bruke mange år på å få born etterpå, får færre og færre av oss store barnekull.

Med så mange høgt utdanna mødrer her til lands skulle ein kanskje tru at det å få born var noko dei fleste tok på strak arm, utan å tvile, lure og nøle. For når me kan bygge plattformer som toler vintrane i Norskehavet, dyrke fram påskeliljer så presist at alle blomstrar i stilleveka, og trene skitalent så gode at Idrettsforbundet allereie i fjor proklamerte at Noreg tek 37 medaljar i Korea – kor komplisert kan ein baby eigentleg vere?

UTAN BRUKSRETTLEIING

Skikkeleg komplisert, viser det seg. For sonen eg fekk i sommar, han kom ikkje med bruksrettleiing, og den nyvunne morsrolla mi mangla både tryggleik og kunnskap. Skulle eg liksom stelle han her sjølv frå no av? Eg har stor tillit til staten, men har det rabla for han? Det kan då umogleg vere trygt å overlate dette barnet i mi varetekt, eg som framleis svaiar av blodtapet frå fødselen og ikkje lenger veit kva som er dag, eller kva tid det sist var natt? Ein av fødselslegane fortalde meg at det er bra kvinner som nett har fødd, sjeldan driv med toppidrett, for hormonnivået i kroppen er så høgt at det ville slått ut på ein dopingkontroll. Det har eg ingen problem med å tru på.

Eg fekk med meg fem brosjyrar heim frå sjukehuset, og helsetenestene som kom på heimebesøk i vekene som følgde, velferdsstatens milde førsteline, hadde med seg mange fleire. Dei gav lite meining. «Ikkje gje born under eitt år honning», sa den eine. Det visste eg frå før, det står på etikettane far min klistrar på årsomsetninga frå bikubane i hagen. Det ville då uansett vore ein merkeleg ting å presse i ein seks dagar gamal unge, alle tankar om fast føde låg på vent. Dei spørsmåla eg trong å få svar på, handla ikkje om problemstillingar eit år fram i tid – situasjonen var allereie akutt! Redsla for å gjere noko gale sneik seg på, lengten etter enkle svar var stor. Eg hadde svore til fastlegen at eg heller skulle ringe han enn å lese på internett når eg lurte på noko, men der låg eg. Vaken om natta, medan arvingen sov, og sokna internett rundt etter svar på problemstillingar eg dagar i førevegen ikkje eingong visste eksisterte. «Nyfødd + eksem + dødeleg». Nei då, det er berre mjølkeutslett, det går over om nokre dagar. «Symptom på kolikk». Berre slapp av, det er naturleg at dei skrik heile tida og insisterer på å henge fast i kroppen din kvar vakne time i døgnet. «Kva er forskjellen på kjøt og mellomkjøt?» (Eg tilrår ingen å bilde-Google svaret på dette.)

PRISGITT NATUREN

Og så amminga, då. Å, den fordømte amminga. Eg trudde eg var klar, eg hadde lese min Gro Nylander, men den klaustrofobien som kjem av å vite at eit anna menneske er avhengig av kroppen din for å leve, den er det ikkje mogleg å førebu seg på. Ingen ting av det du veit, er nyttig. Ein er fullt og heilt prisgitt naturen, det heile skal skje på instinkt. Og sjeldan har eg kjent meg meir hjelpelaus, det gjorde vondt i kroppen på måtar eg ikkje visste gjekk an, det er ein vanvitig patentfeil hjå menneska at mjølka ikkje kjem før tredje dagen etter fødsel, slik at ungane blir desperate etter mat før det er noko særleg å finne.

Desperasjonen smittar. I Noreg får 95 prosent av nyfødde born morsmjølk, men allereie etter 14 dagar er talet nede i 84 prosent. Desse tala fortel ei historie om born som ikkje vil suge, såre og blødande brystvorter, fortviling, redsle, gråt, skam og nederlagskjensle. Forventningane om at alle mødrer skal amme, og presset og lokkinga for at me skal gjere det sjølv om me sjølve ønskjer å avslutte amminga tidleg, fortener heilt eigne sakprosabøker, offentlege utgreiingar og kritisk analyse. «Du får ei vakker og roleg stund i lag med barnet ditt, det fremjar søvn både hjå deg og guten din, og det hjelper deg å slanke vekk fødselskiloane», du liksom. Maken til overivrig innsal – ingen ting av det stemte. Hadde det ikkje vore for helsevinsten mjølka har for ungen, og det faktum at maten kjem ferdig temperert og gratis, hadde eg aldri halde ut så lenge.

FRIDOMSHYBRIS

Men éin ting skal amming ha: Det lèt seg kombinere med lesing. Og godt er det, for 2017 var året då ærlege tekstar om livet som mor prega norsk offentlegheit. Olaug Nilssen fekk Brageprisen for Tung tids tale om den beinharde kvardagen med ein autistisk son, Kristin Storrusten sette ord på ubehaget og råskapen som kjem med born i diktsamlinga Barsel, og Ida Jackson var ein kjærkomen laurdagskommentator med sine idyllpunkterande kvardagsskildringar i Dagbladet. Sjølv sat eg heime i fødselspermisjon og øvde på høgtlesing med pamfletten Kjære Ijeawele, eller et feministisk manifest på femten forslag av Chimamanda Ngozi Adichie. For i starten må vel poenget vere at babyen skal lære røysta til mor si å kjenne? Då kan eg jo lese kva eg vil!

I alle fall i fire minutt om gongen, før det skjer eit eller anna som gjer at idyllen går i knas. Eg har difor framleis mykje att av Simone de Beauvoirs samla verk, som eg i pur fridomshybris kjøpte tredje veka etter fødsel. Men no les eg hennar analyse av immanensen kvinner er fanga i, med heilt nye auge! Og liv skal jo henge saman med lære, så ein kveld i veka tek eg meg fri etter leggetid, raskar med meg ei bok frå hylla, finn meg ein god og stille stad og kjenner etter korleis det er å vere berre kvinne igjen, ikkje mor. Nyte det å gå resten av dagen i møte utan beresjal på magen, ei rangle i den eine handa og peikebøkene frå Samlaget i hi. Vere den eg vil, ikkje den nokon treng at eg er. Det er kanskje dekadent av meg, men det er samstundes rimeleg nøkternt. Og eg les. Kven treng vel meir, i nokre salige timar i strekk?

Iris Alice Vigerust Furu (32) er oversetterkonsulent i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.