Det er filantropar nok til alle. Det gjeld berre å tilpasse seg.

Legathaandboken_2015_m

Eg har høyrt at det som gjer norske vinnarar i pengespel annleis enn andre, er at dei insisterer på framleis å køyre Volvo og undervise på vidaregåande viss dei blir millionærar. Ikkje noko tyder på at me som einskildpersonar sluttar å vere sindige og smålåtne av å verte stinnrike over natta. (At oljerikdomen har gjort noko med det kollektive sinnelaget vårt og størrelsen på hytta, det er ei anna sak.)

Dei av oss som ser på pengespel som tilleggsskatt for idiotar, me tek jo ikkje del i denne vona. Viss eg skal kunne verte millionær over natta slik at eg kan halde fast på jobben, bilen og grannane mine, er eg nøydd til å sjå meg rundt etter andre moglegheiter. Og kva er vel meir naturleg enn å ty til sakprosautgjevingar i naud? For sjølvsagt har nokon med redaksjonelt ansvar tenkt på slike som meg. Klart det finst ei samla oversikt over vegar til rikdom i landet!

HUSFLID OG UFØRE
Legathandboka tek sikte på å vere «den beste og mest pålitelige» kjelda til informasjon om stipend og legat i Noreg, og ligg no føre i si 27. utgåve. Boka inneheld altså opplysingar om det som er av plassar eg kan søkje midlar frå, slik at eg kan finne ein mesen som passar til prosjektet mitt eller livssituasjonen min, eller som gjev meg pengar etter kvar eg held til geografisk. Boka er såleis delt inn i det som elles kunne verka som litt snåle kapittel: Fagorientert, utlandet, forskning, sosiale, geografisk begrensede og diverse er kategoriane eg kan leite meg fram i. Underinndelinga er endå meir sinnrik: Legat som er sorterte på «husflid», startar på side 16, og «syke og uføre» på side 265. Flogvit innan primærnæringane kan leite opp forskingsmidlar på sidene 142–146, medan helsevitskapane har langt fleire sider med potensielle gjevarar: heile 54. Eg merkar meg elles at dei geografisk innretta legata ikkje radt er jamt fordelte: Av ein eller annan grunn er det nesten åtte gonger så mange moglegheiter for gåverik ungdom frå Hordaland som for dei litt lenger nord, i Sogn og Fjordane. Desse stakkarane er heilt nede på Troms-nivå, om ein skal måle i talet på sider med støtteordningar spesifisert for denne gruppa.

Men det er først når eg les krava til søkjarane på dei einskilde legata, eg forstår kor fleksibel det løner seg å vere. For det er ikkje berre berre å få pengar frå eit fond. Er eg realist? Nei, langt ifrå. Er eg sørlending, då? Ikkje eingong om legatstyret legg godviljen til. Men kva med dei musikalske evnene mine, har eg kanskje talent på eit strykeinstrument? Nei, og nett det er eit sårt punkt, for eg spelte jo fiolin ein del år. Dei fleste legata er det berre å bla fort forbi, men det gjer i grunnen berre lesinga meir overkomeleg: Paradoksalt nok kjennest det temmeleg utmattande og demotiverande å bla seg gjennom heile 601 sider med gode formål og snille onklar med fond. Sjølv om det smertar å ikkje kunne søkje på alle, det innrømmer eg: Tenk å kunne få framtida sikra av Chr. Erichsens legat for forbrytere, som gjev «økonomisk støtte til forbrytere som har utstått sin straff»! Det er somme som har det.

GATEBORN I DRAMMEN
Men det er verkeleg råd for alle å finne noko her, altså. Agnes Sars legat har til dømes til formål «å støtte bl.a. blindesaken, indremisjonen, utforsking av sykdommer og hjelp til handikappede». Opnar forresten ikkje ordlyden «bl.a.» for at også eg kan søkje om midlar her? Mest alle perifere grupper har sitt. Er du kvinne med studieplass på institusjon innan romforsking? Søk Amelia Earhart-stipendet, som smigrande nok «ønsker å belønne kvinner som utmerker seg innen vitenskap og teknologi, samt kvinners status». Er du student på veg til Svalbard? Søk Arktisstipendet, då vel! NB: «Kjøp av instrumenter, bekledning og øvrig personlig utstyr dekkes ikke.» Det blir for drygt å dra til Arktis for å få pengar, sjølv for meg. Men kva med Ålesund? Ei grein av Nansenfondet og de dermed forbundne fond lokkar med midlar viss eg kan hoste opp truverdig interesse for «vitenskapelige, praktiske eller teoretiske undersøkninger av interesse for næringslivet i Sunnmøre og Ålesund by». Snøuglefondet kan elles lokke med årlege tildelingar, medan ei anna stifting har til formål å støtte gateborn i Drammens-regionen.

Ikkje noko av dette kling av mynt i øyro mine, og når eg les instruksen for boka igjen, ser eg jo at eg nok fell utanom dei fleste kategoriane av verdige trengande søkjarar av sosiale stipend: I tillegg til born og unge er det nemleg «kvinner, ulike yrkesgrupper, syke og uføre, blinde, svaksynte og hørselshemmede og andre uspesifiserte». Alle som høyrer til ein av desse «underkategoriane», kan søkje, står det. Tja. Kvinne er jo ein underkategori, det har me alltid visst. Prinsipielt litt luggete, kanskje, men ja vel. Her er det likevel håp: Grosserer Thomas Wilmers legat leiger ut rom til einslege unge kvinner med omsorgsyrke i hovudstaden. Byter du jobb, kan du framleis halde på husværet i inntil eitt år til – så lenge du ikkje gifter deg, sjølvsagt.

DEN DANNEDE KLASSE
Skal tru om eg klarer å skrive ein søknad der eg får til å inngå i gruppa «verdige døtre av embetsmenn eller verdige døtre av eiere av landeiendommer eller gård- og grunneiere i byene»? Eg lyt framleis vere ugift, forresten: Vigde, verdige døtre av bønder får sjeldan støtte. Om nokre år finn du meg på søkjarlista til Marie H. Werners legat til «økonomisk understøttelse av eldre damer av den dannede klasse, som uforskyldt er kommet i den situasjon at de er blitt ute av stand til å forsørge seg selv», men fram til dess får eg nok halde meg til legatet som går til «en kvinne som skriver om kvinnesak eller emner som er relatert til kvinnesak i bredere sammenheng, da enten skjønnlitterært eller faglitterært».

Viss eg ikkje får nokon av desse pengane, kan eg jo trøyste meg med at eg har fått før: Filantropane i Ingjerd B. Kvåles legat på Voss var samde med meg i at eg hadde «synt evner for teoretisk eller praktisk utdanning og fortener slik stønad», og slik vart retorikkmasteren min til. Neste gong får det bli snøugler, tenkjer eg.