Det hadde vore mykje greiare viss desse kunstnarane ikkje insisterte på å drive med kunst heile tida.

Somme er liksom aldri nøgde. Alltid skal det vere noko gale! For smale sykkelfelt i Bjørvika. For mange asylborn på Trandum. All rapportskrivinga kjem i vegen for undervisinga, sjukehuset lyt vere ope døgeret rundt, brødskiva landar alltid med syltetøyet ned. Nei, det skal ikkje vere lett å vere styrande instans her i landet. Heldigvis finst framleis kunsten: Så lenge det er liv i logikken om at det å vere kunstnar er ei sjølvpålagd liding, kan vel alle vere samde i at dei bør få det meste av løna si i himmelen.

I mellomtida kan dei skrive søknader, for sjølv den fridomsoffensive regjeringa vår har landa på at det lyt vere ei offentleg oppgåve å bidra til å halde liv i norsk kulturliv. Rett nok er det slik at kunstprosjekt som finansierer seg sjølve, er noko av det gjævaste som finst, med unntak av å kunne køyre Segway på offentleg veg og å gå på kjøpesenter om sundagen, men alle ser at det framleis trengst ordningar for dei som ikkje heilt har fått til dette med omsetnad av kunsten dei har laga. Tanken er rett nok framleis at viss statlege ordningar ikkje finst i same grad, vil marknaden sjølv ta ansvar for den kulturen som trengst. Eller i alle fall den kulturen marknaden er villig til å betale for. Eller i alle fall den kulturen marknaden synest det er stas å ha hengande i stova eller liggjande i foajeen på sentralkontoret. Noko fint og abstrakt i friske fargar. Kanskje eit motiv frå ein skog.
EIN LAKMUSTEST Fridomen frå å kunne søkje om støtte til upopulære eller rett ut brysame kunstprosjekt vil såleis kunne vere ein lakmustest på om det er verdt å halde på som kunstnar. Kunstnaren bør spørje seg sjølv: Kan eg selje dette? Er det nokon med betalingsvilje som vil ha denne videoinstallasjonen? Viss eg gjer han ukontroversiell nok, får eg nok for han til å betale for kulturskulen til ungane då? Viss eg vert kjøpt inn i tillegg, burde eg vel sjekke ut det der systemet med sjukepengar for frilansarar?

Verdigrunnlaget til Kulturdepartementet (ja, det finst1) slår fast at «vi anerkjenner og gjør bruk av andres kunnskap og meninger». Og sidan me i Noreg har god tradisjon for å setje ned utval for å finne ut ting me ikkje vil ha på oss at me har funne ut av sjølve, var det stor blest om den tinga rapporten Kunstens autonomi og kunstens økonomi, som kom i vinter. Denne rapporten, som skulle finne ut kva kunstnarar tente, og på kva, bør alle lese. For som visjonsdokument for korleis ein kan freiste å endre premissane for vår felles forståing av kva det vil seie å ta ansvar for kunst, er teksten eit retorisk høgdepunkt.

Premissane blir jo sjølvsagt lagde i bestillinga, mandatet som ligg til grunn for undersøkinga. Og allereie her syner det seg at entrepenørskap, årets buzzord på kulturfronten, skal stå sentralt: Utgreiinga skal «undersøke hvordan etterspørselsperspektivet kan styrkes og entrepenørskapet økes». Etter mandatet skal arbeidsgruppa som skriv rapporten, òg «Vurdere tiltak som kan bidra til å styrke næringspotensialet og etterspørselsperspektivet for kunstnere», i tillegg til å «vurdere etablering av system som i større grad betaler kunstnere for kunstproduktet, ikke i forkant for å produsere kunst». Etterspørselsperspektiv, altså. Næringspotensial. Kunstproduksjon. Og slik held det fram. «Stimuleringstiltak må rette seg direkte til kunstnerne, gjennom virkemiddelapparatet, samt forvaltere av tilskuddsordninger for å motivere til finansiering av det å skape og å kjøpe kunst.» Og så, seier utgreiarane, må ein vurdere det såkalla verkemiddelapparatet for å finne denne balansen. I tillegg finn dei detnaudsynt å peike på at det òg i stor grad handlar om «holdninger, hos kunstnerne selv og alle aktører i den infrastruktur som skal legge til rette for kunst». Og framleis er eg berre på side åtte i rapporten.

VERDI OG SYNERGI  Men samla sett står det slett ikkje så gale til med inntektene til kunstnarar. (I alle fall ikkje til interiørarkitektane, som står for mange av tala utan minus framfor i rapporten.) Problemet er berre at mindre og mindre av inntektene til kunstnaren kjem frå, vel, kunst. Ei pirkete innvending, sjølvsagt, men verd å merke seg. Rapporten skil mellom tre typar av inntekt: kunstnarisk inntekt, kunstnarisk tilknytt inntekt og ikkje-kunstnarisk inntekt. Grovt oppsummert er dette høvesvis boksal, foredrag om boka og deltidsjobben som norsklærar/drosjesjåfør/kontorist for å tene pengar til å halde på med dei to første aktivitetane. Og den første inntekta, altså det å tene pengar på sjølve boka, er den som går ned. Grunnen til at kunstnarane likevel har til (eit tynt lag) smør på skiva(2)) er at inntektene frå andre ting enn denne såkalla kunstproduksjonen blir stadig større. Om lag halvparten av inntektene til kunstnarar i Noreg kjem no frå andre ting enn kunst. Helvta! Då er det ikkje rart regjeringa meiner at nokon lyt ta ansvar.

Og det å fø på kunstnarar er altså ikkje ei statleg oppgåve åleine. Nei, «en kunstpolitikk må finne balansen mellom marked og stimuleringstiltak, sørge for en helhetstenking hvor betaling for kunstverket må være et integrert element i et helhetlig stimuleringssystem for kunst». Eller gje mindre pengar til kunstnaren og heller få andre til å ville kjøpe kunst, om du vil vere konkret. Men at me framleis skal ha kunst, er klart, for «det er også god økonomi i god kunst, og utallige undersøkelser og utredninger de siste årene har vist kunstens økonomiske verdi og synergi for utvikling på andre områder». (Der kom synergien! Eg venta på den.) Jammen bra rapporten held fra med å streke under at «det er viktig med synergier, men også viktig at ikke andre tjener på kunsten på bekostning av kunstneren selv». Så er det sagt.

Med kva med kvaliteten på kunsten som vert produsert, er ikkje det eit interessant perspektiv i ei slik utgreiing? Kort fortalt: Tydelegvis ikkje. Det er freistande å sitere alt som står om dette i rapporten, for det er sanneleg ikkje mykje, men eg nøyer meg med høgdepunktet: «Det er den kvalitative kunsten som må stimuleres.» Til alle som held på med annan kunst enn kvalitativ kunst: Don’t quit your dayjob.

NOTAR:

(1) Dokumentet, altså. Kva er det du antydar?

(2) Eller «nett nok til salt i såret», som eg har høyrt kunstnar-norsklærarar/-drosjesjåførar/-kontoristar seie.