Gåte: Kva blir ein meir fortvila og usikker av dess lenger ein leiter etter den?
Svar: Les overskrifta igjen.

Ein gneistrande haustdag i 2013 stod eg på kaien i Flåm, høg på livet og meg sjølv etter å ha hoia meg nedover bakkane den siste delen av Rallarvegen. Det verka heilt naturleg å svare «ja» då ein kollega opprømt føreslo at me burde sykle Birken i lag neste år. I all iveren gløymde eg sjølvsagt at eg strengt tatt ikkje var eit slikt menneske som la treningsplanar. Langt mindre ein slik som følgde dei. Sykkel haddde eg heller ikkje. Men du verda, kva det er mogleg å fortrengje i godt lag.
Det vart vinter, og eg la vekk heile greia. Men så byrja det. E-postane frå arrangørane, spesialskrivne for å vekke slike som meg frå gløymsla. Bladet BIRKEN på dørmatta om morgonen (ikkje eingong i posten som ordentlege folk) medan eg framleis var kaffitørst og forsvarslaus. Med rein og skjær treningsglede skulle arrangørane motivere meg attende til tredemølla, yogaballen, styrkerommet. Med råd, tips og snedig produktplassering skulle eg forstå at det var ikkje berre mogleg å gjennomføre det hasardiøse opplegget det er å sykle 92 kilometer i terrenget, på tid, med ein sekk som skal vege omtrent det same som ein liten Håkon Håkonsson, på hausten, med alt det har å seie for vêrutsikter og temperatursvingingar. Nei då. Kjekt skulle det verte òg! Haustens vakraste eventyr, liksom.

LANGSAM PEDAGOGIKK
Og kva er det folk som allereie er glade i å trene, skriv til slike som meg, som burde bli det? Vel, dei hoppar i alle fall glatt over det faktum at eg ikkje trener mykje allereie. Det kan eg seie med ein gong: Det å melde seg på Birken som eit insentiv til å kome i gang med treninga, det er ein retteleg dårleg idé. I alle fall viss du er som meg og treng forsiktige oppmodingar og langsam pedagogikk. I blada eg fekk, var det ingen artiklar av typen «Snart på tide å få kjøpt den sykkelen, vel», «Ti tips til latsabben» eller «Birken: Ingen ting å frykte». Ikkje eit ord om kor kjipt dei innimellom synest morgontrening er, desse proffane. Ingen ting om å ete paprikapotetgull til middag og transfeitt til dessert. Nei, her er diskursen ein annan.
«Du er trolig allerede i gang med å tenke rulleski», står det i leiarartikkelen i Birken-bladet mitt. Det kom mot slutten av skisesongen, som er det vinteren heiter i friskuskrinsar. Eg kunne ha nikka innforstått til dette, men det ville vore løgn. Men kanskje eg kunne vurdere det, bladet skulle jo være skrive til slike som meg? Vel. Det er ei sanning med modifikasjonar. Allereie i same leiarartikkelen fekk eg liksom inntrykk av at dei andre lesarane låg på eit anna nivå enn meg, og det gjeld innstilling så vel som treningsnivå. «Du tåler melkesyren mer enn du aner, du har mer å gi i siste bakken enn du tror, du har også en bitteliten spurt på lager uansett hvor sliten du er», står det. (Det skal me bli to om, tenkte eg trassig.) Og det held fram: «Du kan klare det hvis du går inn for det. Nei, det er ikke treningskameraten som er din største konkurrent. Det er deg selv.» Byt ut konkurrent med fiende, så kjenner eg meg att i det siste. Men elles?

ROLEG OPPTRAPPING
Resten av inhaldet i blada er nok til å ta motet frå betre budde folk enn meg. Det rolege vekeprogrammet for løparar dei tilrår «i overgangsfasen» mellom vinter og vår, er i seg sjølv så omfattande at eg allereie kvidde meg til å få vite kva det liksom skulle vere ei roleg opptrapping til. Over i matdelen av magasinet er det heller ikkje trøyst å finne: Ein får råd om å leggje ein strategi, ta kontroll over kosthldet, ete kvar tredje time, la frukosten vere «oppkvikkende», og å smørje med seg fleire matpakker slik at ein slepp å stille seg kontrollspørsmåla: «Er alternativet å kjøpe mat på farten? Hvor skal du gjøre dette, og har de sunn og energigivende mat å tilby deg?»
Verkar dette overveldande i ein stressa kvardag, har dei den siste løysinga allereie klar: «Har du ikke tid til å handle? Har du prøvd en av leverandørene av hjem-på-døren leveranser?» I neste utgåve av bladet ser det ut til at eg skal ha betre tid, for her følgjer det med oppskrifter – men berre på energibarar eg kan lage heime.
«Trendtips til henne» er endeleg ei produktspalte eg tenkjer eg kan få noko ut av, men skildringane av «Feminine ulltrøyer», «Løpetid (om joggesko)» og «Swix in the city (om neongrøne tights)» treffer meg ikkje heilt. Det gjer heller ikkje måten dei snakkar om den då føreståande sommaren på. «Sommerferien står for tur. Mange tenker sikkert på hvordan de skal få trent og hvordan man skal holde formen ved like i ferien.» Altså, det kan sikkert vere, men eg er ikkje blant dei. Kvar skal eg bu i Berlin? Er den bikinien utvaska, bør eg kjøpe meg ny? Er det i år eg lærer meg å like rosé? Slike ting tenkjer eg på før sommaren. Ikkje vedlikehald av ei treningsform eg strengt tatt ikkje har.

ROSINBAKKEN
«Slik takler du Rosinbakken», var eit anna velmeinande råd i teksten, spesialskrive for redsla for kneika som kjem 58 kilometer inn i konkurransen. Langt opp på fjellet frå den lune varmestova i Rena sentrum, der ein dirrande av adrenalin og spenning heller i seg OMO Aktiv og sport før start, i von om at reklameprøva på «treningsdrikken» ein blir tildelt gratis i startområdet, kan gjere underverk for ein stressa kropp.
Mitt personlege svar på korleis ein taklar Rosinbakken: Et alle rosinene den hyggjelege mannen frå det lokale idrettslaget gjev deg i handa halvvegs opp bakken. Mitt råd til korleis ein skal førebu seg til resten av Birken: Ikkje tru på halvparten av det folk skriv om Birken. For det er som sjukdomar ein lurer på om ein har: Dess meir ein les om det på Internett, dess verre kjenner ein seg i kroppen, og dess sikrare er ein på å døy. Det er ikkje alt ein bør google!
(Og det er ikkje sant at ein treng rulleskitrening og pastadiettar og Dagens Næringsliv-abonnement for å kome seg over fjellet til Lillehammer. Korkje birkebeinarane eller eg hadde det. Men ein stor pose seigmenn hjelper verkeleg på, altså.)