Me har teke feil. Igjen.

Det er ei eiga glede i å opne bøker for første gong. Kjensla av å vere den einaste som har vore borti dette papiret, å sjå desse bokstavane, å vere åleine med orda til forfattaren. Sitte åleine med ei hand på kvar bokside, ei stilling som heldigvis er fysisk uforeinleg med å lese e-post eller sjekke Instagram på telefonen. Boka er herleg taktil, og ho er her og no: Les meg.

EKSOTISKE BILLER

Gamle bøker har i tillegg ei lukt av papir og prent som gjer det til ei minnereise å bla i dei. Eg kjenner igjen den lukta. Då eg var lita, hadde eg ei utsliten utgåve av Dikken Zwilgmeyers Vi børn i den vesle bokhylla mi attmed senga. Å, kor eg elska den hylla, den boka og å ligge åleine og lese! Den finaste boka i hylla var eit gamalt oppslagsverk om eksotiske biller, stort og fargesterkt illustrert. (Eg var truleg eit litt merkeleg barn.)

Framleis frydar eg meg over dei raraste bøkene eg finn, og etter mange års røynsle på loppemarknad har eg fått meg ei lita samling. Faglitteratur og sakprosa frå tidleg nittenhundretal: Der har du hobbyen min. Her vil det vere mogleg å innvende at eg truleg er ein litt merkeleg vaksen også, men lukta av gamle boksider, spora etter eseløyre som har blitt bretta inn og ut og innstukne illustrasjonar med utbrettsfunksjon: Eg er og blir betatt. Korleis såg framtida ut før? Kva var det viktig å gje ut bøker om, og kven hadde makt til å definere verda rundt oss? Eg tek meg ofte ei mental treningsøkt i bokhylla.

TO GODE VENER

Ei av perlene eg har i samlinga mi, kom ut i 1933. Dei amerikanske Kellogg-brørne er i dag mest kjente for å ha funne opp cornflakes, men adventistane, legane og helseaktivistane med eige sanatorium hadde òg ein faglitterær forfattarskap å vise til. Forutan styrking av lekamen gjennom plantebasert kost, frisk luft og innbiten motstand mot onani undersøkte dei menneskenaturen og gjorde greie for vår plass i klodens mangfald. For å seie det svært pent.

26. juni 1931 var ein stor dag i Kellogg-familien. Mor, far og Donald på ni månader fekk nemleg ein ny familiemedlem: Sjimpanseungen Gua på sju månader flytta inn etter å ha blitt omplassert frå dyrehagen ho blei fødd i. Sidan det berre var to månader mellom dei to små i heimen, fekk dr. Kellogg eit ypparleg kasus å arbeide med. Det neste trekvart året utførte han samanliknande studiar av Gua og Donald, utstyrt med labfrakk, millimeterpapir og kreativ bruk av hushaldsartiklar. Resultatet låg føre i den bisarre utgjevinga The Ape and the Child. A Study of Environmental Influence upon Early Behaviour, eit gjennomillustrert praktverk der dei to små kompisane går gjennom tjukt og tynt i lag, leidd av forskingsleiar (og far) dr. Kellogg.

Det er like delar skrekkeleg og kosteleg å bla seg gjennom bileta. Dei to små blir fotograferte nakne på rutenettet av baderomsfliser så me kan vurdere storleiken deira. Me får sjå dokumentasjon på at dei båe bruker høgrehanda når dei et med skei. Dei har like barnestolar, og like sko med snøring. Både Gua og Donald bruker bleier og sparkebukse, og dei får etter kvart både leiker og biletbøker. «When looking at colored pictures each will point to them and scratch the surface of the paper as if to pick them up», er den lakoniske kommentaren frå forskaren (og faren) til korleis barn møter litteraturen.

TESTLABORATORIUM

Alt blir dokumentert. Andletet til Donald den første gongen han får smake noko surt. Andletet til Gua når ho får det same. Etterpå måtte dei ete noko bittert. Mål og vekt utviklar seg nokolunde likt, det same gjer kognitive evner. Apen vinn stort sett dei fysiske testane, men Donald er god til å byggje med klossar. «Both of the subjects will ‘laugh’ when tickled», kan me lese under bileta av smørblide ungar. For det er slik det framstår: Dei er like, det gjev meining å sjå desse to vesena i lag, det utviklar seg til ein normalitet å ha to like gamle pattedyr samtidig. Det er eit fullt ut absurd prosjekt. Og endå så grunnleggande gale det er å drive med slik forsking, får ein varme kjensler for forsøkspersonane involverte (sjå, der tenkte eg på Gua som eit menneske). Mot slutten av testperioden trøyster Gua og Donald kvarandre med klemmar og omfamningar når dei får kjeft eller straff, står det i boka. Himmel og hav.

Korleis gjekk det eigentleg med Donald, tru? Kva gjer det med deg å vekse opp i ein heim som òg fungerer som testlaboratorium, og der foreldra dine entusiastisk og utan kritiske merknader samanliknar deg med ein ape? Det er sjølvsagt òg på sin plass å lure på korleis Gua fekk det etter det trekvart året i huset i California, då ho skulle tilbakeførast til naturen. Fekk ho lov til å behalde skoa sine?

Det er freistande å lese meir om Kelloggs idear om menneske og dyr i ein annan klassikar frå bokhylla, boka Glimt af Naturen, en lærerig Beskrivelse om Skikke og Levevis blant mange forskjellige Nationer samt interessante Oplysninger angaaende Sundhed og Afhold, men eg let vere. Ingenting i den boka kan toppe det gullforgylte omslaget uansett. Kvifor slutta eigentleg norsk bokbransje med sånne undertitlar?

DET STORE UTLAND

Eg er dessutan lite tiltrekt av menneskesynet som ligg til grunn for dei entusiastiske, men naivt etnosentriske skildringane frå farne tiders antropologi. Det gjekk jo så inderleg gale. Og dess nærare me kjem vår eiga tid, dess meir nærsynte blir me: Det er letterare å sjå andres feil enn våre eigne. Gamle oppslagsverk bør difor lesast av alle, som ein svært effektiv påminnar om kor lite bastant ein skal vere her i livet. Ting ser nemleg så annleis ut etter berre kort tid. Det er under hundre år sidan Severin Eskelands Framandordbok frå 1919 fungerte som guide til fenomen frå det store utlandet for målmenn og -kvinner her heime. Utvalet av ord er i seg sjølv interessant og seier noko om kva som var i tida. Kva var så nytt at det kravde forklaring, kva talde som framandt? Her blir til dømes nymotens konsept som «margarin» forklart folkeleg og greitt: Det er kunstsmør, folkens. «Kloakk» er openbert såpass ukjent for nordmenn at Eskeland laut visualisere det som eit underjordisk røyr eller renna til aa føra burt ureinska fraa husi, medan nyvinninga «klosett» er langt lettare å forklare. Det er jo kort og godt eit veslehus!

Elektrisitet er ikkje eit oppslagsord i boka. Det seier også ein del om kven me var på denne tida, og kor me var på veg. Det var mykje me ikkje visste om kva slags folk me skulle bli. For ein himmelropande kontrast det er mellom meg og den som åtte boka før meg! Han eller ho kunne alt om fenomen eg ikkje lenger veit om, men måtte bli forklart at «massasje» er ein lækjemaate med banking og gnuing paa dei lemene som er sjuke. Dette var tydelegvis ikkje noko ektefellar gjorde på kvarandre etter ein lang dag i fjøset. Ein tok ikkje på seg tøflar heller. «Mokasinar» var på dette tidspunktet pelssko til dei ville i Nord-Amerika, ikkje noko ein tok på seg på fest.

SANNINGA OG DANNINGA
Når ein les gamle sakprosatekstar som dette, er det slåande kor mykje som rett og slett ikkje er sant. Historia viser at tekstar kan ta feil, og det var ikkje alltid rett, det me trudde. Det var i beste fall svært pussig vinkla. Opium var ikkje først og fremst eit sovemiddel laga av valmuesaft, og sjølv om Adolf Hitler i eit leksikon eg har heime, blir omtalt som ein fremgangsrik, ung politiker, har me seinare lært at det er heilt andre karakteristikkar han kanskje burde fått allereie då.

Men me kan ikkje dvele ved dette. Implikasjonane blir for store, grunnen skakar under føtene mine. Verda står i fare for å rakne. Dette er tankar ein ikkje kan tenke til dagleg, for dei gjer alt i livet relativt: Eg tviler på alt eg veit, eg tek meg i å lene meg på autoritetar, eg får lyst til å lese Derrida – og det er lenge sidan sist. Nei, slik er det uråd å leve. Eg lyt pakke ned tvilen, legge frå meg fortvilinga over at sanning er eit blaff. For når eg først har inkarnert min eigen eksistensielle kunnskapstvil: Så moro det kan vere òg! Sjå korleis sakprosaen både let oss strukturere verda, lære oss kva som finst og dinest tvile på heile greia! For eit framifrå konsept.

Og sjølv om sanning kan gå ut på dato, er bokhylla mi framleis knelande full av informasjon eg kanskje vil få bruk for ein dag: Når eg treng hjelp til å tenke eller kjenner behov for struktur i livet mitt, set eg meg ofte ned og blar i The Stowage of Cargo frå 1927, med stempel frå Den norske Amerikalinje. Snakk om hjelp til å ordne verda! Her er gutta som kan skape orden av kaos. Treng du instruksjonar i korleis du skal stable hestar om bord på skip? Sjå side 65. Kor mykje mat du lyt rekne til turen med eit mannskap på 125 mann? Les kapittel ni. Er du litt bekymra for forgifting når du er reisande i arsenikk, er rådet trygt og godt: Strø på sagmjøl og legg lasta flatt. Anna coaching treng ein ikkje her i livet.

Iris Alice Vigerust Furu (33) er rådgjevar for omsettarsaker i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.