Eg har vore på biltur i Noreg med vegboka til NAF. Det bør du òg unne deg å gjere.

Mot all fornuft, i tillegg til klåre formaningar frå far min, har eg med tida blitt temmeleg glad i Oslo by. Men som med alt ein er glad i, kan det vere herleg å ta ein liten pause innimellom, og stor var difor gleda då eg på forsommaren i fjor køyrde ut frå bruktbilforhandlaren i ein retteleg sjaber gamal Opel. For her skulle det leggjast ut på tur! No skulle det heilt nye førarprovet testast! Det var ikkje måte på til planar.

Men så synte det seg, som det vel gjerne gjer, at det ikkje alltid var så spanande å køyre gjennom Noreg likevel. Ikkje utan vidare, i alle fall – treplantinga har gjort sitt med utsikta ein sviv gjennom, og den galopperande attgroinga av kulturlandskapet har diverre gjort resten. Eg lyt rett og slett innrømme at det i lange periodar om gongen er dørgande keisamt å køyre gjennom dette kuperte og langstrekte heimlandet mitt. Og kva gjer ein då, når ein innser at ein er innelåst i bil dei neste fire vekene? Med telt og primus, men utan fungerande radio? (Brukt Opel. Eg burde jo skjønt det.) Ein tyr til sakprosaen, vel. For er det éin ting som kan redde deg når du kryssar grensa til atter eit fylke utan kjentfolk, storbyar eller smale festivalar, er det vissa om at der, bak grantrea ein stad, ligg det attraksjonar du ikkje kunne drøymt om at var verkelege.

SÆR, MEN POPULÆR
Og det er her vegboka til NAF kjem inn. Praktverket frå Norges Automobil-Forbund (der kvar tiande nordmann er medlem!), kart- og kunnskapsfesten du finn i sidedører på mest alle bilar etter vegen i sommarhalvåret. Boka har nett kome i si utgåve nummer 30, og fungerer for mange som fasiten på innfall og spørsmål som dukkar opp på ein lang tur utan Wi-Fi-nett og 4G. («Kva for ein kommune er me i no? Kven har teikna det kommuneskiltet? Kva søren er det bilete av på det kommuneskiltet?» Slike ting.)

Denne utgåva av vegboka er forresten ei omdiskutert utgåve mellom kjennarar, etter det eg forstår. Det er delte meiningar om å gruppere informasjonen kommunevis i staden for køyrekronologisk. For det første leier det til at stadane innanfor ein kommune konkurrerer om den tilrådde plassen, men det vert òg vanskelegare å følgje med i boka medan ein køyrer. Og det byrjar ein alltid å gjere når ein er på biltur, det er berre eit spørsmål om tid. Det er beint fram overraskande kor engasjert ein kan bli i bygdetun og fløytarmuseum etter ein månad med nasen i NAF-boka. Her snakkar me nytteprosa! For det er altså ikkje ei einaste trivialopplysing om landets mange attraksjonar, særskilt bruer, tunnelar og altertavler, som ikkje vert nemnd korthogd i forbifarten på dei 601 sidene i nyaste utgåva.

Ta vegen langs nordsida av Hardangerfjorden, til dømes. Her lover boka mykje gull. Trass i den nye og påkosta brua («august 2013», «Norges lengste hengebru», «1310 meter», «lengre enn Golden Gate», «brutårn på 200 meter») er vegen rett nok i så skrøpeleg stand at vegmyndigheitene – i rått samarbeid med dei lokale reiselivskreftene, kan eg sjå for meg – har døypt om vegen til Nasjonal turistveg, sikkert i von om at det vil kunne tene inn eit allereie slunkent vedlikehaldsbudsjett. Smal og svingete = sjarmerande og pittoresk. For alle vil jo ha forståing for at turistvegar held lågare standard enn andre vegar? Det treng då vel ikkje vere samanhengande midstripe når det stort sett er campingvogner som skal køyre der uansett? Og kan det verkeleg vere naudsynt med ljos i alle tunnelane, det er jo så mange av dei?

Har du tolmod, dødsforakt og smal nok bil (brukt Opel. Nokre fordelar skal ein då ha), kan det likevel vere verdt turen. For allereie i Ulvik, inst i fjorden, kan redaktørane fortelje deg at du har kome til desserten. Og det er ikkje berre postkortstativ å sjå på her: Bygda har til dømes det som blir rekna for å vere det eldste antemensalet i landet, kan ein lese. Frå år 1250 er det; og så får ein heller leite andre plassar enn i NAF-boka viss ein lurer på kva det eigentleg er for noko, kor mange me har totalt, og om 1250 er gamalt i ein slik samanheng (no skulle ein hatt 4G-dekning). Ulvik kan i tillegg smykke seg med den første planteskulen vår for frukttre, skipa av «den første bonden som dyrket poteter for salg (1759)». Kva ein kan lære.

SETTEFISK OG FELER
Visste du elles at arkitekten bak Blindern studenterhjem i Oslo er same mann som har stått for byplanlegginga i den næraste smelteverksbygda, oppført som funksjonalistisk treby på trettitalet? Verket er framleis i drift ved hjelp av «Bjølvefossen kraftverk, fallhøyde 880 m. Varmtvannet utnyttes til et pionérprosjekt med settefiskanlegg for røye, gjødseltørking og gateoppvarming». Eg trefte ein fyr i Tyskland ein gong som ikkje kunne forstå at me trong vinterdekk i Noreg, for her var det jo varmekablar i alle gatene. Eg lo godt og sa at slik var det nok slett ikkje, men eg innser no at eg burde ha konsultert NAF-boka først – eller spurt om det var i Ålvik han hadde vore. Litt lenger ut kan ein svinge av riksvegen og stikke oppom ein gullfiskdam – ein gong i tida sette nokon ut bråtevis med gullvederbuk som nekta plent å døy, og no er heile vatnet fullt av fisk både å mate og å bade med. Kvar si lyst, sjølvsagt. Har ein ikkje hang til dyreopplevingar, er det berre å smalne augo og sjå inn mot den veglause bygda Botnen: Boka kan fortelje meg at «På 1700-tallet var Botnen for hardingfela det Cremona var for fiolinen». Ein dryg påstand, men eg reknar med at karane i NAF (og eg har ei bestemt kjensle av at det er flest karar som skriv i dette veganekdotiske overflødigheitshornet) har orda sine i behald. Dette er ikkje utgjevinga der populismen og kommersialiseringa har teke over teksten, for å seie det slik.

Vegen gjennom Hardanger er sjølvsagt unik, men han er slettes ikkje åleine. Det er berre å bla opp på tilfeldige sider i heile denne rare, store boka. Perlene skin mot deg overalt. Lett ubegripelege, noko nerdete og tidvis litt omstendelege, men likevel: nok til å humre seg gjennom fire veker med norsk sommar. Side 91, Dombås, til dømes, har minnesmerke frå krigen, alpinanlegg – og eit «minimuseum over amatørastronomen Sigurd Einbu, åpent ons. og lør. i juli og første uke i aug». Det er ikkje rart boka framleis har eit opplag på svimlande 580 000 eksemplar.

Med slike mengder stoff er det heller ikkje rart viss ein i redaksjonen vert nervøs for at ein leier folk ut på bomturar over det ganske land. Det har dei løyst elegant med ei aldri så lita ansvarsfråskriving: «NAF kan ikke påta seg ansvar for uheldige følger på grunn av feil opplysninger eller informasjon», kan ein lese med lita skrift nedst i kjeldelista. Men ta det heilt med ro, herr redaktør: Underhaldinga er sikra allereie frå sofakroken. (Brukt Opel. Står mest i ro.)