Osterberg foto rolf ohman aftenposten

Gleda ved å tenkje

17.10.2017

Dei akademisk solide essaya til Dag Østerberg er djupast sett orienterte mot erotikk i vid tyding av ordet: opplevinga av einskap på tvers av skiljet mellom sjølvet og den andre.

Det er ein parallell mellom sanseleg-mystiske opplevingar av transcendens og intellektuell verksemd som ser etter samanhengar; begge delar handlar om erfaringar der det tilsynelatande skilde går opp i ein større samanheng. At dei siste tekstane Dag Østerberg arbeidde med fram til han gjekk bort 22. februar i år, set desse to erfaringsdimensjonane saman, seier kanskje noko om kjernen i livsprosjektet hans. I alle fall viser dei både evna den framståande sosiologen hadde til å formidle argumentasjon basert på kunnskap frå mange felt, og fascinasjonen for det ein kan kalle erotikk i vid forstand.

Det spesielle med artikkelsamlinga er at både kritikk av likskapsfeminismen og lengt etter overskriding meir kjem fram gjennom val av emne enn eksplisitt formulerte påstandar og resonnement. Dei sju artiklane der litteratur, filosofi og samfunnsforsking om kjønn og kvinnesak er gjennomgangstema, er i hovudsak beskrivande. Østerberg gir mellom anna breie innføringar i korleis normer for kjønnsroller og seksualitet har utvikla seg, han tek for seg Sigrid Undsets syn på ulike greiner av kvinnesaksrørsla og Aldous Huxleys erfaringar med kroppslege dimensjonar av filosofisk innsikt. Det kjem klart fram at forfattaren er skeptisk til den retninga likestillingskampen har teke, men eg sit nysgjerrig att: Kva meinte Østerberg eigentleg ville ha vore gode kjønnsroller i den tida og det samfunnet vi no har?

FORDØMING AV NORA
I artikkelen om Et dukkehjem av Ibsen, som altså har gitt tittel til heile samlinga, framfører Østerberg skarp kritikk av den tradisjonelle feministiske vurderinga av karakterane Nora og Helmer. Artikkelen munnar ut i ein tale til Nora, lagd i munnen på Helmer, der bodskapen er at Nora viste seg utru og undergrov kjærleiksrelasjonen ved å føre ektemannen bak lyset gjennom fleire år – sjølv om ho gjorde det for å redde han.

Eg er ikkje samd i analysen Østerberg gjer med utgangspunkt i August Strindbergs kritikk av skodespelet, og artikkelen er den svakaste i samlinga. Det er den einaste teksten der han polemiserer, men han overtyder ikkje. Éin grunn er at han ikkje tek konsekvensen av Strindbergs skildring av kjærleiksrelasjonen som ein maktkamp. Hadde han analysert det aspektet, kunne det ha kome fram kor lite det legitime handlingsrommet til Nora var i eit så patriarkalsk ekteskap. Sjølv om Østerberg har nokre gode poeng, er vurderinga av Nora særs streng og opnar ikkje for at handlingar gjorde av kjærleik – uansett kor feil dei kan vise seg å vere – hadde fortent å bli møtte på ein annan måte enn med så nådelaus fordøming og straff som Helmer først proklamerte (at ho skulle bu som ein framand i huset utan å ha kontakt med sine eigne born).

Men kjernen i argumentasjonen fortel også om eit kjærleiksideal der personar med ulike eigenskapar utfyller kvarandre i nær og open dialog – noko som berre er mogeleg om ein er ærleg om kven ein er, og kva ein gjer. Det er synd at dette får ei slik negativ formulering i kritikken av Nora, for det er i utgangspunktet eit sympatisk ideal som også går som ein raud tråd gjennom resten av samlinga.

SIVILISASJONSKRITIKK
I og med omtalen av den katolske Sigrid Undsets «kritikk av moderniteten» slik den kom til uttrykk i debatt om likestillingsarbeidet, løftar Østerberg fram tankegangen hennar som relevant også i vår tid. Basisen for slike tankar finn han også i Simone de Beauvoirs vidareføring av Jean-Paul Sartres eksistensialisme – som ho utvikla til ein moralfilosofi med vekt på at det frie individet treng fellesskap med andre som også er frie til å skape seg sjølve gjennom eigne livsprosjekt. I essayet «Likhet og forskjellighet – kjønn og klasse» set Østerberg spørsmålsteikn ved kor fruktbar likskapstankegangen i kvinnekampen har vore for velferda til folket som heilskap. Ei sentral konfliktlinje gjennom heile boka er motsetnaden mellom kva rike, høgt utdanna kvinner treng, og kva dei fattige arbeidarkvinnene treng. Skal ein ta tendensen i opningsessayet på alvor, er påstanden også at kvinnekampen har gjort mannen til motstandar i staden for alliert – med uheldige konsekvensar. Var Østerberg mellom dei som meinte at kvinnefrigjeringa har gått for langt? Det er talande at Håvard Friis Nilsen i det gode og informative etterordet (som i hovudsak er identisk med essayet «Trollmannen på norsk. Dag Østerberg som sakprosaforfatter» i Prosa 3/2017) skriv: «(…) feminist som han også var. I perioder.» Østerberg ser i alle fall ut til å meine at kvinnekampen snarare har latt seg forme av marknadsliberalismen enn å motverke han.

Østerberg legg ikkje skjul på at han gjennom livet har hatt politiske sympatiar langt ute på venstresida, mellom anna fortel han at han reiste til Cuba saman med Georg Johannesen og Sigbjørn Hølmebakk i 1968 for å vere med på ein verdskongress for revolusjonære intellektuelle. Dermed kan ein skjøne kvifor han meiner at det han kallar «elitefeminismen», har mist fokus når det viktigaste har blitt kvinnerepresentasjon i tradisjonelt mannsdominerte miljø og i leiarstillingar.

Eit grunnleggjande sivilisasjonskritisk spørsmål veks fram gjennom lesinga av samlinga: Er verdiane likskap og individuell fridom framleis eigna som leiestjerner for politikken i det seinmoderne, kapitalistiske samfunnet? Spørsmålet er ikkje så urimeleg om ein ser det i lys av det Østerberg i starten av essayet «Kjønnede forhold og kjønnslighet» kallar «situasjonsfilosofisk» tankegang: Dei materielle og historiske vilkåra vi til kvar tid lever under, vil påverke kva livsprosjekt menneske treng for å overskride desse vilkåra og forme sin eigen livssituasjon. Det betyr at endra vilkår kan krevje justering av både ideal, tankegang og handlemåte.

EROTISK KOMPLEMENTARITET
Boka inneheld også eit appendiks med ein informativ tekst om Georg Johannesen og eit skjønnlitterært forsøk som forsterkar inntrykket av sterk skepsis til tendensar i samtida, men som elles ikkje imponerer. Men det som verkeleg gjer boka til interessant lesing, er tilnærminga til den berande tanken i hovuddelen, nemleg at fellesskap fungerer best når ulikskap blir nytta til å utfylle kvarandre.

Eg synest Østerberg har gode poeng, også i sin skepsis. Men det er ein veikskap at tanken om komplementaritet i så stor grad vert hekta på tanken om biologisk kjønn. Sjølv om han så vidt er innom emnet homo- og biseksualitet, er det lite rom for tanken om at forskjellane internt i dei to kjønna kan vere like store som forskjellane mellom kvinner og menn. Dermed kan eit likekjønna par kanskje utfylle kvarandre i like stor grad og med like stort utbytte som eit ulikekjønna par? Eg synest ein må vere open for å vurdere om likskapstankegang kan ha hatt negative konsekvensar på samfunnsnivå, men premissen for å gå inn på ein komplementaritetstankegang om kjønn må vere at kjønnsnormene gir rom for store personlege variasjonar.

Ein slik dimensjon ville ha forsterka det som gjer feministkritikken til noko meir enn reaksjonær lengt etter «ekte» kvinner, nemleg ein trong til samsvar mellom faktisk livserfaring og intellektuell forståing. Slike perspektiv kan lett bli oversette i intellektuell debatt, men er naudsynte som korrigering av ideologirusa resonnement.

KROPP OG TANKE
At Østerberg var oppteken av at det finst ein kroppsleg dimensjon av visdom, blir spesielt tydeleg i essayet om Aldous Huxley. Her rettar han merksemda mot ein type praktisk innsikt som utfyller dei breie og kunnskapsrike sveipa gjennom historia som mange av dei andre essaya er utforma som. Det er òg nærliggjande å sjå omtalen av Huxley som beskrivande for kva ideal Østerberg sjølv strekte seg mot, som når han seier at Huxley «i hele sitt liv søkte helheten og enheten».

Noko av det same kjem fram i den meir akademiske diskusjonen av Foucaults teori om korleis vår moderne forståing av seksualiteten vaks fram som samfunnsdefinert maktapparat. Argumentasjonen er overtydande og så poengtert at den nesten kan oppsummerast i éi setning: Påpeikinga av at medlemmene i eit samfunn er produkt av dei herskande sosiale normer og materiellstrukturar er ikkje stort meir enn den innsikta som alt finst i det sosiologiske grunnomgrepet om internalisering av normer. Samtidig er det tydeleg at eitt bestemt aspekt i teorien skaper gjenklang hos Østerberg: at fokuset på seksualitet som kjønnsleg begjær og genital aktivitet blir erstatta av utopien om «en erotisk tilværelse» som handlar om heile kroppen og sanseapparatet. Med denne samlinga går Østerberg inn i høgaktuelle tema og tenkjarar, og det er lærerikt samtidig som han gir nye perspektiv. Eg opplevde det som stimulerande i kor stor grad han nærmar seg emne eg sjølv kjenner ein stigande fascinasjon for. Det gjeld spesielt det han skriv om korleis Aldous Huxley rørte seg inn i ein visdomstradisjon der politisk handling, økologisk medvit og mystikk hang tett saman. At Østerberg løfta fram dette akkurat no, når den økologiske utviklinga snart vil tvinge oss til å tenkje heilt nytt, viser at han hadde eit skarpt blikk for samtida heilt til han sjølv brått gjekk ut av tida.

Essaya er mest av alt prega av ei stor glede ved kunnskap og tankeverksemd. Den gleda er smittsam.

Merete Røsvik Granlund (43) er litteraturvitar og kritikar.

Dag Østerberg
Hva Helmer kunne ha sagt til Nora og andre essays
Gyldendal, 2017