Anders Hammer. Kristina Quintano i bakgrunnen. Foto: Ilja C. Hendel
Anders Hammer. Kristina Quintano i bakgrunnen. Foto: Ilja C. Hendel

Frivillige krefter

11.06.2019

Få stader blir vår tids traume så påtrengjande konkret som hos desperate menneske på flukt. Frilansarane Anders Hammer og Kristina Quintano oppsøkjer det dei fleste av oss stengjer ute.

I 2016 vart grensa mellom Hellas og Makedonia stengd etter ein avtale med EU. Det vart sett opp piggtrådgjerde, og det stod grensepoliti på makedonsk side for å hindre flyktningar i å kome seg vidare nordover. Då grupper prøvde å ta seg gjennom gjerdet i Ido­meni, begynte politiet å skyte med gummikuler, tåregass og sjokkgranatar. Anders Hammer var der og filma.

– Det var ein heilt ekstrem situasjon, dei skaut til slutt tåregass inn i sjukehustelta der folk var under behandling. 260 blei skadde. Det er noko av det verre eg har opplevd, og midt i det heile var det mange unge frivillige, fortel Hammer.

Prosa konflik 013 20190424
Kristina Quintano. Foto: Ilja C. Hendel

Han er mest kjend for å ha budd i og rapportert frå Afghanistan, først i seks år frå 2007, sidan i periodar. Afghanistan blir rekna som verdas farlegaste land for journalistar. Han har også dekt konfliktar i Syria, som dei siste åra har toppa lista over verdas farlegaste land, og Irak, som òg står høgt på lista.[i] Vurderinga hans av hendingane i Hellas seier sitt om kva som går føre seg i vår eigen verdsdel.

Ein av dei frivillige i Idomeni var Kristina Quintano, men på det tidspunktet var ho som veteran å rekne. Sidan 2004 har ho vore invol­vert i hjelpearbeid for båtflyktningar ved Mid­delhavet, og på Facebook-sida «Budbringeren fra helvete» dokumenterer ho fortløpande situasjonen. Ho er halvt maltesisk. Faren, som har doktorgrad i management og snakkar arabisk, fekk aldri opphald i Noreg.

– Eg har alltid visst at eg skulle drive med tekst og ei form for humanitært arbeid. Ak­kurat kva det skulle vere, fall ikkje på plass før eg stod i mi eiga badebukt på Malta og det plutseleg kom ein båt med flyktningar rett mot meg. Då var det berre å brette opp ermene. Først handla det om å dekke akutte behov. Når så EU i 2017 slo fast at det ikkje lenger var ei humanitær krise i Middelhavet, forsvann pressa heilt frå dei greske øyane. Då kunne eg ikkje slutte å dokumentere, seier Quintano.

Sterke reaksjonar

No skriv ho bok om arbeidet og om nokre av dei mange flyktningane ho har møtt. Anders Hammer har nyleg lansert boka Faryab. Arven etter Norge og dokumentaren Krigsherren. Han fortel om den provinsen i Afghanistan der Noreg har gjort sin største militære innsats, og om krigsherren norske styrkar allierte seg med. Både Quintano og Hammer jobbar under ekstreme forhold som skaper sterke reaksjo­nar: frykt, sinne og sorg. Korleis taklar dei det profesjonelt, og kva gjer det med dei?

Har de utvikla eigne meistringsstrategiar?

HAMMER: Det er eigentleg sjølvsagt at ein må det. Eg var veldig bevisst på dette då eg budde i Kabul, spesielt etter at eg hadde opplevd angrep. Huset eg budde i, låg nær den indiske ambassaden, som vart bomba to gongar i løpet at eitt år. Vindaugsrutene vart sprengde, og idet det skjedde, kjendest det som om det var huset vårt som var treft. Sånn er det å leve i Kabul. No er det eit vanvitig tal sjølvmordsangrep og andre angrep, så om du rører deg ute blant folk, vil du oppleve mykje. Og det gjorde eg.

Kroppen endrar seg når ein har vore tett på angrep. Det er mykje adrenalin som blir sitjande i ei god stund, og det går utover søvnen. For min del varer det berre dei første nettene, men eg har sett på nært hald korleis det kan arte seg for vener, både afghanarar og journalistar. Samtalane vi har, er svært annleis enn samtalar eg har med folk her heime. Det fungerer som debrief. I Kabul var det også mange som drakk – mykje. Ein klisjé, men det er høgst reelt. Eg blandar ikkje rus og jobb, for det blir veldig mørkt og destruktivt.

Eg kvir meg litt for å snakke om kjensler, for det minner meg om kor privilegert eg er. Eg har alltid det norske passet mitt og veit at eg kan reise når som helst for å «lufte meg», og det gjorde eg heile perioden då eg budde der permanent. No har eg ei maksgrense på to månader i krigssoner.

QUINTANO: Eg føler også på kor privile­gerte vi er. Men jo, det eg opplever, går inn. For meg var det før og etter den første gongen eg plukka eit dødt barn opp av vatnet. Eg star­tar alltid foredraga mine slik: «Eg kan fortelje om korleis døde barn luktar, men det er det ingen som vil høyre om.» Eg snakkar mest med folk som har vore i feltarbeid sjølv, for det er nesten umogeleg å forklare korleis det er, både fysisk og psykisk. Anders utset seg for fysisk fare, for meg er det annleis. Sjølv om eg har vore i Libanon og oppsøkt smuglarar i Tyrkia, og det er heller ikkje trygt. Men eg kan alltid stikke om det blir ille. Det har eg dårleg samvit for. Særleg når eg er på Malta og Lésvos, fordi det er så nært. Frå flyet på veg heim kan eg sjå ned på flyktningleirane. Difor vil eg at nord­menn skal skjøne kva som skjer i ferieparadisa deira.

De set dykkar eigne reaksjonar til side fordi det som skjer med andre, er så mykje verre?

HAMMER: Det er nok litt annleis for meg. Eg er ikkje plaga av dårleg samvit.

QUINTANO: Men du er mest inne for å dokumentere, er du ikkje?

HAMMER: Ja, berre for det.

QUINTANO: Eg er der eigentleg som frivillig, men tenkjer at det er lite verdt om eg ikkje også dokumenterer. Men dermed har eg aldri heilt fri. Eg er med i ei rekkje Facebook-grupper, og kvar kveld veit eg akkurat kva båtar som set ut, og kor. Eg oppdaterer stadig Facebook-sida. Det er ingen som finansierer meg, så eg jobbar som omsetjar og driv eit forlag der alt overskot går til flyktningarbeidet. Men eg har dårleg samvit for at eg ikkje får gjort nok. Eg er sjeldan i Noreg i meir enn ei veke, det gjeld å samle pengar og reise sørover igjen.

Verst her heime
Mange som jobbar med bistand, seier at det verste er situasjonar der dei ikkje klarer å hjelpe. Er det slik?

QUINTANO: Ikkje når eg er der nede, der er det alltid noko å få gjort. Når eg skal reise nedover, tenkjer eg ofte at «eg orkar ikkje», men straks eg sit på flyet, kjem eg i den modusen. Eg har aldri lyst til å reise heim, uansett kor sliten eg er. Men to månader på strendene er nok, både fysisk og psykisk. No er det få båtflykt­ningar som kjem heilt inn på strendene, dei blir plukka opp på havet av kystvakta og andre, men i periodar på Lésvos kom det inn 15 000 menneske kvar dag. Då ser stranda ut som ei krigssone. Ein gong var eg der i nesten eit halvt år, men skjøna ikkje kor sliten eg var, før eg kom heim. Derimot blir eg skrekkeleg sliten av å sjå kommentarfelta i Nettavisen. Eg har blitt flin­kare til å unngå dei og slette folk på Facebook.

Du blir hetsa for arbeidet med flyktningar?

QUINTANO: Det var verre i 2015 og 2016 enn no, det var grunnen til at eg oppretta «Bud­bringeren fra helvete» i staden for å skrive på mi eiga Facebook-side. Dette er nok eit større problem for kvinner enn for menn. Mengda av drapstrugslar, valdtektstrugslar og beskjedar frå norske menn i 50-åra om kva afghanske menn kjem til å gjere med meg … Eg har sove i Moria blant 5000 framande menn og følt meg trygg. Så kjem eg til Noreg og får bilen min pakka inn i dopapir og dekka kutta opp. Dette begynte etter at Nettavisen skreiv om meg jula 2015. No er det ikkje dagleg lenger, men det skjer kvar veke at frivillige får meldingar som «Håper du druknar saman med dei i havet».

HAMMER: Eg får ikkje så mykje slikt, og forheld meg ikkje til det. Resett hadde ein kommentar etter asyl-dokumentaren min, men eg har ikkje lese den sjølv. Det var også mange hissige folk i kommentarfeltet på Facebook-sida til «Brennpunkt». Det er ikkje nødvendigvis slik at dei les sakene og ser doku­mentarane, men dei har eit sinne som er heilt ute av proporsjonar.

QUINTANO: Dei einaste gongane eg går inn i det, er når folk er heilt feilinformerte, til dømes når dei trur at dei fleste flyktningane er menn. I gummibåtane sit mennene ytst og kvinner og barn i midten. Men no er det i snitt 70 prosent kvinner og barn som kjem, 80 prosent frå Afghanistan. Slikt prøver eg å informere om. Lyse barn frå Syria er meir aksepterte enn mørke menn frå Ghana og Somalia, dei genere­rer heilt andre typar kommentarar. Sånn er det også når vi får lister frå bistandsorganisasjonane om utdeling av hjelpemateriell. Det står: Barn frå Syria: tre pledd, barn frå Irak: to pledd, barn frå Afghanistan: eitt pledd. Resten får ingen. Så folk er segregerte alt i flyktningleiren.

Men kvifor?!

QUINTANO: Jo, for dei andre har «ingen grunn til å flykte».

Så eit barn er ikkje eit barn?

QUINTANO: Nei, det er stor forskjell. Dei bur heller ikkje same stad, syriske barn bur i noko som heiter ISO-boksar, mens afghanarane bur på eit jorde i ein olivenlund. Særleg i 2015 og -16 var det veldig segregert. No har mange budd i leirane i tre år, så då flyt gruppene meir over i kvarandre.

Prosa konflik 013 20190424
Kristina Quintano. Foto: Ilja C. Hendel

Tett på valden
Å jobbe i eit så farleg land som Afghanistan inneber at Hammer stadig må ta val basert på risikovurderingar.

Har du utvikla intuisjon for kven du kan stole på, og kva som er trygt?

HAMMER: Det har eg nok, men det er slikt alle likar å tru. Det er ein del som bommar der. Ein lærer mykje gjennom erfaring, spesielt dei dårlege. Men du kan ikkje jobbe med dette om du ikkje klarer å lese folk, gjere ei risiko­vurdering av dei. Det gjer eg kontinuerleg når eg er ute. Eg har ein regel om at eg aldri skal kjenne meg pressa til å gjere noko om eg føler meg for utrygg. Eg har ikkje oppdragsgivarar som ringer og spør kor langt eg har kome, så eg har ikkje det tids- og leveringspresset på meg. I tillegg er eg del av RISC (Reporters Instructed in Saving Colleagues), eit nettverk for frilan­sarar som vart oppretta etter at ein frilansar vart drepen i Libya. Det er billig tryggleiks- og traumetrening, med nettverk via Facebook og e-post der ein får tilbod om oppfølgingskurs og relevant informasjon – spesielt i samband med store kriser. Det er veldig bra. Det blei starta av Sebastian Junger, ein amerikansk forfattar og filmskapar som har gjort det godt, og som brukar noko av det han har tent, på denne stiftinga. Han veit at frilansarar ikkje har det same nettverket som fast tilsette.

I Faryab. Arven etter Norge skildrar du ein episode der du høyrer krigsherren Nizamuddin banke opp ein tenar. Korleis er det, når du skal vere saman med han etterpå?

HAMMER: Det var særs ubehageleg for alle som var der. Eg skjøna at tenaren ikkje vart drepen, men høyrde at han hadde det vondt. Eg visste frå før at Nizamuddin ikkje var ein vanleg militær, men ein rabiat krigsherre som brukte å vise fram folk han hadde drepe, i rundkøyringar og på bilpanser som ein slags Game of Thrones-krigsstrategi. Tidlegare har eg laga dokumentarar der eg har følgt milit­sar, mellom anna shiamuslimar i Bagdad og Faluja. Dei hadde også låg terskel for vald. Det er absurd om ein samanliknar med livet her heime. Men det har verdi å skildre det dei gjer, og eg ser ingen annan måte å gjere det på enn å vere saman med dei.

Nizamuddin seier stadig at han er så glad i deg og andre, samtidig som du veit kor valdeleg han er. Det er ein annan kultur for kjensleuttrykk?

HAMMER: Det er interessant å prøve å forstå krigsherrane, kva som motiverer dei og held dei saman. Dei er sensitive på sitt vis. Sjølv om dei kan vere svært brutale, er dei opptatt av å vise kvarandre kjærleik, av solidaritet og samhald. Det er soldatfellesskapen som vi har fått skildra i fleire samanhengar. Eg føler meg som journalist og opplever sjeldan, i alle fall med slike som han, at eg kryssar grensa over i det personlege. Problemet er at han har inter­esse av å ha meg der, eg blir brukt i propaganda i sosiale medium. Det er ikkje til å unngå. Når eg filmar dei dag og natt, kan eg ikkje nekte å bli tatt bilete av sjølv.

Men du prøver å unngå å sjå begeistra ut og halde tommelen opp, som du skriv i boka.

Dette ler vi godt av – det er ein viss galgen­humor i det heile.

HAMMER: Då eg var i Kurdistan, var det journalistar som let seg rive med, dei ville også prøve å skyte på IS! Slikt ville eg aldri funne på.

Hammer følgjer ikkje berre krigsherrane, men også dei mest utsette i migrasjonssamfunnet.

HAMMER: Ein gong eg var i Marokko, vart eg sett i hamnearresten i Tanger saman med barn som hadde prøvd å flykte til Spania ved å gøyme seg under trailerar. I staden for å ta barna for retten banka vaktene dei opp om natta, med trestokkar mot berre føter. Eg sat like ved, saman med mange andre barn og prostituerte som jobba i hamna. Sjølv vart eg berre utsett for såkalla trugselavhøyr, der dei truga med lang fengselsstraff fordi eg hadde tatt bilete av barna.

Eg bearbeider slike erfaringar når eg skriv bok og lagar film. Eg føler ikkje at eg alltid er , slik Kristina skildrar. Eg har ein lang og roleg etterarbeidsfase der eg berre jobbar med historia. Det likar eg godt. Å gjere historia pedagogisk og forståeleg blir nærmast terapeu­tisk. Eg filmar alt eg opplever, og i ettertid ser eg at ikkje alt var slik som eg hugsa det. I så pressa situasjonar reagerer du annleis enn du er klar over sjølv. Kameraet fangar opp andre ting enn det minnet har fest seg ved. Om eg berre hadde skrive i etterkant av slike opplevingar, ville historiene sett annleis ut.

Traume og vane
Kristina, du har gjennom mange år kome tett på folk i ekstreme livssituasjonar. Kva har skjedd med deg undervegs?

QUINTANO: Det viktigaste er at det utenkjelege har blitt ei sjølvfølgje. Når vi høyrer at ein båt har forsvunne, seier vi til kvarandre: Ja ja, lika flyt opp, så vi finn dei nok. Eg må passe på å ikkje normalisere slikt når eg skriv, men tenkje dokumentasjon og ansvar. I sosiale medium kan dei eg skriv om, også lese tekstane, berre med eit trykk på Google Translate. Når liket av ei ni år gamal jente er funne på stranda, så let eg vere å skrive at ho mangla hovud. Skrekken for meg no er ikkje å vere den som finn hovudet seinare, men at vi ikkje skal finne det. Fordi det er så viktig for familien. Men det er klart, eg har problem med dette. No høyrest måkeskrik ut som menneske som druknar. Sambuaren min seier at eg har blitt mykje meir skvetten.

Nokre av minna som kjem opp i arbeidet med boka, er spesielt vanskelege. Det er særleg luktene – som den gongen eg kom inn i eit telt på Lésvos der det lukta brent kjøt fordi tjue kvinner sat og svidde av seg fingertuppane. Dei ville gjere det umogeleg å identifisere dei. Alternativet, å bli sende tilbake til Tyrkia, var for dei verre. Eg kunne ikkje stoppe det, berre skrive om det.

Det er nokre ting som er så … no er det eit stort problem på Lésvos at vi manglar herre­bleier. Mange menn frå Kongo har blitt valdtatt på vegen, difor klarer dei ikkje å halde seg. Berre det å dele ut bleier til menn på min eigen alder er skrekkeleg vanskeleg, og i tillegg kjem tanken på kva dei har vore gjennom.

Kva gjer det med deg over tid å vite at dei fleste i Noreg, politikarar inkludert, ikkje bryr seg om dette?

QUINTANO: At ein snakkar så sjølvsagt om å sende folk tilbake dit dei kom frå, at det er trygt nok … Eg er ikkje så god til å delta i politiske debattar, og eg seier nei til alt som går direkte, for eg kan bli så skrekkeleg sint. Situasjonen vi har no med redningsskipa, er noko av det verste. Lova på havet er at når nokon er i havsnaud, så plukkar ein dei opp! Men i fjor sommar låg alle redningsskipa i karantene, og den direkte konsekvensen var at det blei den dødelegaste sommaren på Middelhavet nokon gong. Eg var på Malta og såg sorga til redningsmannskapa som sat klare på tre store skip og fekk inn naudanropa, men ikkje fekk lov til å legge frå kai. Libysk kystvakt tok ikkje telefonen, italiensk kystvakt sa at det var utanfor deira søk- og redningssone. Så dei visste det mens det skjedde, då 1363 menneske, ifølgje offisielle tal, drukna på to månader. Eg kan ikkje sjå på det som noko anna enn overlagt drap.

Så det er veldig vanskeleg å høyre på den politiske debatten. I 15 år har det vore slik at når éi grense blir stengd, så veit vi kor flyktningbå­tane kjem til å kome. Då dei diskuterte EU-Tyrkia-avtalen, var det berre å fly til Lampedusa, for der ville flyktningane kome om éi veke. To dagar etter at avtalen kom i stand, drukna 150 menneske mellom Malta og Libya. Politikarane snakkar om push- og pull-faktorar, men det er ikkje reelt. Flyktningar som sit og ventar på å få plass i ein båt, veit ikkje kva EU bestemmer.

Emosjon og stilistikk
Anders, både bøkene og dokumentarane dine tyder på at du er nøye med å lage balanserte framstillingar?

HAMMER: Eg har vore journalist i 19 år, og det er så vanskeleg at eg ikkje kan tenkje meg å involvere meg i noko meir. Det var veldig intenst då eg budde i Afghanistan og dekte kri­gen dei norske soldatane deltok i. Eg var med i ein del hissige debattar, nokre blei sinte fordi dei meinte at eg skildra utviklinga i Afghanis­tan for negativt. Det eg såg på som journalistisk skildring, oppfatta dei heilt annleis. Det går fort mykje politikk i det som skjer der. Flukt og asylsøkjarar er kanskje det mest betente temaet ein kan gå inn i, ved sida av islam, så eg er ekstra på vakt når eg jobbar med det. Eg har heller ikkje noko behov for å «rase frå meg». Verda er komplisert … At rundt 65 millionar menneske er på flukt i verda i dag, finst det ikkje ei klar politisk løysing på.

Mi oppgåve er å gå inn i ulike delar av pro­blematikken og skildre, helst frå bakkenivå. Det slår ulikt ut for asylsøkjarar som kjem tilbake til Afghanistan, nokre går det verkeleg dårleg med, og ein god del flyktar igjen. Andre greier seg mykje betre. Det er ingen tvil om at det er ekstreme tilstandar i Afghanistan, men det som vil ha størst effekt her heime, er gå tett på og fortelje historiene til einskildpersonar.

Du held også tonen nøytral, i høgda kan du nærme deg ein kjølig ironi: «Hvis man ignorerer Genèvekonvensjonene og humanitær folkerett, er det ikke så vanskelig å forstå hvorfor det norske Forsvaret etter hvert innledet samarbeid med militsene i Faryab.» Du unngår patos?

HAMMER: Eg vil at dei eg intervjuar, skal vise kjensler, men eg er ikkje opptatt av å gjere det same sjølv. Eg vil vise empati, men ikkje at kjenslene mine skal vere belastande for den eg er saman med, for sjåaren eller lesaren.

Kristina, du skriv med mykje større emosjonelt trykk. Heng forskjellane i stil saman med at de to tar ulike roller? Du driv hjelpearbeid og vil få folk til å støtte det?

QUINTANO: Ja, det er ulike roller. Eg skriv ikkje for nokon spesielle, eg er utdanna litteraturvitar og historielærar og tenkjer berre på å dokumentere. Men eg skriv rolegare no enn før, og det eg legg ut på Facebook, er gjennomtenkt. Eg veit kva som fungerer, og når det bør leggast ut for at folk skal lese, eg er nøye med å nyan­sere ved å skrive om det som går bra også. Eg er sjeleglad for at journalistar som Anders finst, det er ikkje så mange som er i same område så lenge. Eg kan bli fortvila over ein viss type jour­nalistikk. Eg var på Lésvos då Angelina Jolie, paven og halve crewet til Game of Thrones kom, og då var det plutseleg ikkje 8000 flyktningar i Moria lenger, men 2000. Resten sat innelåste i bussar! Leiren var strøken og piggtråden vekk då kjendisane gjekk rundt med verdspressa. Neste dag var alt like jævleg som før.

Du har uttrykt at ein del av erfaringane dine blir for sterk kost for folk. Kva gjer du med det når du no skal skrive bok?

QUINTANO: Eg prøver å samle mange historier, eg spør flyktningar ut om kva som har skjedd før, under og etter flukta. Eg vil at det skal vere deira erfaringar og stemmer som kjem fram. Det er vanskeleg. Eg sit også på mykje stoff som ikkje skal ut, og har kjelder eg må beskytte. Det viktige er å få fram kor stor risiko dei som flyktar, tar for seg og familien. Det seier mykje om kor ille det dei flyktar frå, er.

Prosjektet ikkje fullført
Empatisk utmatting er når ein ikkje lenger orkar å ta innover seg det vonde som skjer med andre. Ein kan lure på om det er vi som berre ser all verdas liding gjennom media, som kjenner mest på den utmattinga. Har de erfaring med fenomenet?

HAMMER: I alle fall blant redaktørar.

Her ler vi igjen – rått og godt.

HAMMER: Utfordringa er å dele erfaringar utan at lesarane berre sklir unna, det er det redaktørane seier. Det held ikkje berre å skrive om noko ein synest er viktig, det må vere historier som lesarane her heime klarer å ta inn. Problemet er å få nok informasjon og kome tett nok på intervjuobjekta til å få fortalt historia på ein måte som gjer inntrykk. I 2017 laga vi ein film om ei ung kvinne som flykta frå Syria, og den fekk vanvitige tal på Facebook. Eg trur den trefte fordi folk kjende seg igjen i henne. Prosjektet lever framleis, så der klarte vi å forsere hinderet. Men det er mykje eg ikkje les sjølv også. Eg føler at verda er urettferdig, men eg treng ikkje å få det bekrefta gong på gong om det ikkje gir meg meir informasjon.

QUINTANO: Eg føler ikkje på empatiutmat­ting sjølv, men det kan vere fordi eg opplever at prosjektet ikkje er fullført. Frå lesarane merkar eg forventingar – eg får nesten dårleg samvit når eg ikkje har noko dramatisk å fortelje. Det er som om folk går og ventar på eit forlis.

Kva med sekundær traumatisering, ein kan bli traumatisert av å ta innover seg kva som har skjedd med andre?

QUINTANO: Mange som kom for å hjelpe til i Hellas, var heilt ubudde på det dei møtte. Når eg tidlegare har vore i Spania, på Lampedusa og i Marokko, har dei som jobbar med flyktningane, ofte vore militære eller redningspersonell med ein heilt annan forkunnskap. I Hellas kunne kven som helst stå og ta imot enorme mengder flyktningar. Det var ein del unge som slutta på skulen og berre blei verande. Kanskje drog dei vidare til Libanon eller Syria, og no har vi ei gruppe unge menneske som slit med å finne tilbake til eit vanleg liv. Difor er eg opptatt av debriefing.

HAMMER: Det har vore skrive ein rapport om det i ettertid, korleis det påverka folk å kome heilt ubudde og høyre historier om valdtekter, dødsfall og sakn av familie. Eg kom til Idomeni med ein slags krigsmentalitet, og det hjelpte meg også då dei begynte å skyte. Men eg møtte veggen då eg svima av – eg hadde filma for lenge i tåregassen.

QUINTANO: Dette er framleis eit problem. Det er ikkje éin stor bistandsorganisasjon på dei greske øyane, alt er overlate til frivillige. Leger utan grenser er dei einaste, men dei deler ikkje ut mat og materiell, dei driv berre medisinsk naudhjelp. EU gøymer seg bak bistandspengar som ingen veit kor blir av. Det er ingen grunn til å tru at færre menneske vil prøve å kome sjøvegen til Europa. Eg har halde på med dette i 15 år, og det kjennest som det berre er starten.

[i] http://worldpopulationreview.com/countries/most-dangerous-countries/