Dei siste åra har Danmark hatt ein stor og god sosialsatirisk samtidslitteratur, men vi har ingen romanar som i satirisk tradisjon drillar, stiller ut eller utfordrar dagens religiøse fanatisme der det gjer mest vondt.

 

Det må kome av at danske forfattarar anten prioriterer omsynet til religiøs sensitivitet svært høgt, eller at dei – medvite eller umedvite – lèt vere å skrive om emne som kan føre til ein lokal fatwa. Det siste er naturlegvis ganske forståeleg reint menneskeleg, men litterært sett er det ei problematisk tilståing.

Men all right, Danmark har då òg ei spesiell historie med satirens pris etter at Jyllands-Posten i 2005 trykte dei tolv avisteikningane av profeten Muhammed, som skulle vise at «hån, spott og latterleggjering» er viktige og nødvendige verdiar for demokratiet. Men i dag veit vi altfor godt at det er fanatikarar der ute som både vil drepe og døy for profeten. Viss vi skal forstå fråværet av satirisk litteratur og det mest brennbare temaet i tida i den politiske kulturen – religionen, islam – må vi altså forstå frykta.

 

KABARET

For nøyaktig eit år sidan hadde ein satirisk kabaret premiere i København, Perkercabaret (på dansk er perker ei nedlatande nemning for innvandrarar, truleg oppstått som ei språkleg samantrekking av pakistanar og tyrkar, opphavleg kan hende ein neologisme hos innvandrarar sjølve, kan hende hos danske rasistar, ein kan tale om perkerdansk på same måten som ein i Noreg seier kebabnorsk). Kabareten vart skriven og produsert av teatergruppa danskdansk, som vart danna i 2009 som eit såkalla byromteater på det multietniske Nørrebro (svarande til Grønland i Oslo). Oppgåva til gruppa er å skape «samfunnsrelevante framsyningar som speglar mangfaldet i Danmark i dag». Og som det står vidare i føremålsparagrafen til teateret: «Teateret ønskjer å vere eit inkluderande teater, som heile tida siktar etter å kome nærmare publikum i valet av forteljingar og i møtet med dei. Forteljingane dreier seg om dansk identitet og samfunn og er eit møte som inkluderer og utfordrar publikum.»

Den kunstnarlege leiaren av danskdansk er instruktør, skodespelar og forfattar Hassan Preisler. Foreldra hans er dansk og pakistansk, og for eit år sidan debuterte han som forfattar med ein roman som med ironisk og satirisk distanse skildra erfaringane hans med integrasjons- og kulturmøteindustrien. Brun mands byrde heiter romanen. Naturlegvis eit ordspel på Rudyard Kiplings The White Man’s Burden. På bokomslaget var Hassan sjølv kledd som vesle svarte Sambo frå den vidgjetne boka The Story of Little Black Sambo (på norsk kjend som Vesle svarte Sambo eller Lille svarte Sambo) av Helen Bannerman. Boka er i dag omdiskutert for den tvillause kolonialistiske rasismen.

Hassan Preisler er altså normalt ikkje så redd for å provosere. Men like etter nyttår i fjor møtte eg han i samband med eit TV-opptak. Han fortalde at teatertruppen hans førebudde ein ny kabaret, Perkercabaret. Målet var å lage satire om alle dei heilage kyrne i debatten om danskar og innvandrarar – eller rettare sagt: danskar og muslimar. Eg kom til å tenkje på Kurt Tucholsky (1890–1935), den tyske antinazisten, pasifisten og satirikaren som i ein av tekstane sine fantaserer om ein revy som skal utfordre alt og alle i Weimarrepublikken: «Vi skal lage ein skarp, vittig revy som ingen har sett maken til før – tida ropar på satire! Det blir det heilt store!»

 

PREGA AV ANGST

Men, sa Hassan, no hadde han vorte nervøs. Etter attentatet på Charlie Hebdo i Paris den 7. januar 2015 var teaterfolka prega av angst. Vi avtalte at eg skulle skrive eit intervju med han (Weekendavisen 30. januar 2015) om uroa han kjende over å lage satirisk kulturmøteteater, og om erkjenninga av at sjølvsensuren var i ferd med å ta makta.

No handla det ikkje lenger om brun manns byrde. No var det redd manns byrde. Men kva var det eigentleg Hassan Preisler og kollegaene hans frykta? Jau, dei frykta naturlegvis å ende som offer for terroristar som vil straffe oss for ytringsfridommen og religionssatiren vår. Blodspora i Paris var framleis våte. Og ingen i Danmark har gløymt ambassadebrenningane under karikaturstriden etter at Jyllands-Posten trykte muhammedteikningane for ti år sidan. For ikkje å tale om korleis dåverande kulturredaktør i avisa, Flemming Rose, har måtta leve med politivern, slik som teiknaren Kurt Westergaard, som i sin eigen heim overlevde økseåtaket frå ein somalisk mann berre fordi badet hadde vorte bygt om til panic room med armert dør.

Det var altså god grunn til å kjenne angsten. Eller var det det? Det viste seg straks at Perkercabaret ganske visst tok fatt i nokre sosiale tabu – sexlivet til muslimske jenter – men at forfattaren, instruktøren og skodespelaren ikkje hadde tenkt å vise ein sketsj om eller med profeten Muhammed. Inga satirisk teikning, ingen parodi, ingenting. Dei torde rett og slett ikkje å utfordre dei menneska som kunne kome til å finne på å hemne eit brot på det muslimske biletforbodet. Difor var det i røynda slett ikkje noko å frykte. Men frykta for frykta var nok i seg sjølv.

Då kabareten hadde premiere, hende noko som nesten var verre enn protestar og bråk. Det hende – ingenting. Ikkje ein einaste muslim gadd å hisse seg opp over noko som helst. Ingen reaksjonar, inga krenking, ingen kritikk. Ingenting.

 

TURBAN OG SKJEGG

No, eit år etter, har Perkercabaret nypremiere. Hassan Preisler var ikkje nøgd med framsyninga i fjor, og det er han truleg ikkje i år heller. Danskdansk torer nemleg framleis ikkje å utfordre det største tabuet. Han fortel at det ikkje er nokon sketsj med Muhammed no heller. Han ville eigentleg gjerne prøve å drage Profeten inn i ei scene som er bygd på målarstykket til René Magritte, Ceci n’est pas une pipe. Han ville vise ei teikning av ein mann med turban og skjegg, og så ville han seie: «Dette er ikkje Profeten.» Men scenografen torde ikkje å teikne eit slikt motiv. Kven kan klandre han eller henne for det, når ein veit at det mellom premieren og nypremieren var eit attentat på teateret Krudttønden i København? På det møtet vart svenske Lars Vilks, som hadde vore så frekk å teikne Muhammed som ein hund i ei rundkøyring, angripen av ein homegrown terrorist som drap ein av dei andre gjestene på open gate.

Det krevst altså meir enn vanleg mot å vere satirikar i vår tid. Satiren og sjølvsensuren er difor tett knytte til kvarandre, og det skulle berre mangle, når ein kjenner risikoen for represaliar frå valdelege fundamentalistar som finn ein identitet i å verne og hemne profeten. Men forfattarar og andre satirikarar har då alltid skrive og teikna karikaturar av politiske og religiøse makthavarar med ein enorm risiko. Å trasse sensuren og kyrkjepolitiet har som kjent hatt enorme historiske følgjer – frå publiseringsforbod og fengsel til tortur og avretting. Terror og trugsmål har den ønskte effekten: teiknarar, forfattarar og teaterfolk lèt vere å gjere det dei elles ville ha gjort.

Det såg vi òg då Teater Katapult i Århus i januar annonserte eit skodespel med tittelen Profeten Allan – på Herrens mark. Teatersjef Torben Dahl sa: «Vi er klare over at det kan vere ein kontroversiell tittel, men det kan ikkje vere annleis. Kunsten må aldri ha berøringsangst. Alle emne må kunne behandlast kunstnarleg.» Så gjekk det tre månader. Brått annonserte teateret at framsyninga likevel ikkje vart realisert. Skodespelaren som skulle ha spelt Allan, var sjukmeld på grunn av stress. Meir fekk vi ikkje vite. Men det er vanskeleg å unngå den (konspirasjons)tanken at kunsten likevel hadde berøringsangst.

Sjølv ikkje på tiårsdagen for utgivinga av dei herostratisk vidgjetne teikningane i Jyllands-Posten torde avisene å trykkje dei på nytt, sjølv om det journalistisk sett ville ha vore det einaste naturlege. Sjefredaktøren i Jyllands-Posten prata ope om den publisistiske svikten, men omsynet til medarbeidarane og tryggleiken kom først. Kva teikningane har hatt å seie historisk, kan skildrast med ord, men teikningane sjølve er vortne omfatta av trykkjeforbod. Satiren er sett sjakkmatt.

 

SJØLVIRONISK

Tida ropar på satire, sa Kurt Tucholsky. Når det gjeld litteraturen, ropar nok tida mest til fånyttes når det handlar om noko så brennbart, dominerande og definerande i kulturdebatten dei siste åra som den muslimske profeten. Kan hende kjem det av toleranse, kan hende kjem det av angst. Truleg er det ein allianse av begge delar.

Ein av dei heilt store diktarane i Danmark, Henrik Nordbrandt, er på sporet av denne kombinasjonen av kjensler i eit dikt i samlinga Vi danskere (2010), som vel best kan kjenneteiknast som eit sjølvironisk poetisk portrett av folket og nasjonen:

 

            Vi danskere skal være søde ved de fremmede

            rigtig søde

            sådan som det også ligger til vores natur.

 

            Vi skal også være søde ved dem, vi ikke kan lide

            især dem

            så de ikke lægger mærke til, at vi ikke kan lide dem.

            Det er jo bare deres kultur

            ved vi.

 

            Hvis vi ikke kan lide deres kultur

            er det nok bare, fordi vi ikke har forstået den.

 

            Vi danskere skal lære at forstå

            at alle kulturer faktisk er lige gode.

 

            Andre folks dårlige manerer

            hvidløgsånde, hånd- og halshugning

            hekseafbrænding, hovedjægeri

            stening, kannibalisme og alt det der:

            Det er bare traditioner.

            Dem skal vi ikke blande os i. Det er grimt

            at mene noget grimt om andre menneskers

            traditioner og kultur.

 

            Det kan vi slet ikke være bekendt

            som danskere.

            Og det ligger som bekendt

            heller ikke til os.

            Sådan er vores kultur slet ikke.

            Vi skal være søde.

 

            Også selv om vi synes, at alle andre end vi danskere

            er nogle røvhuller

            skal vi være søde og forstående

            og forstå

 

            at det nok bare er os, der er noget galt med.

 

Dette diktet strålar av ironisk tvisyn med den dobbelte kulturkritikken. Men først og fremst er det eit ukjærleg portrett av den respektfulle kulturalismen, som i namnet til den heilage toleransen er parat til å godta undertrykkinga i andre kulturar. På den måten viser og konfronterer diktet samtidig normer, vanar og verdiar som det ikkje er nokon grunn til å tolerere.

Diktbodskapen (om det har ein eigentleg bodskap) er at vi må lære å kjenne skilnaden mellom hvidløgsånde, hånd- og halshugning for å kunne navigere i verda. Slik er diktet til Henrik Nordbrandt meir enn eindimensjonal revyhumor. Det er eit sjeldan bod om litterær satire.

 

POLITISK

Men at litteraturen ikkje dyrkar den skarpe satiren, vil ikkje seie at han ikkje er politisk. Tvert om er det eit sterkt politisk medvit i moderne dansk litteratur, og delar av han har òg sterk satirisk adresse til kulturradikale kulturberarar i middelklassa. Tydelegast ser vi det kan hende i ein roman med den sjølvironiske tittelen Politisk roman (2013). Der satiriserer forfattaren, Lone Aburas, over ein sjølvgod tannlege, som ikkje får sin eigen samla familie til å fungere, men som til gjengjeld legg all energi i å skjule ein flyktning som skal visast ut av landet. Kirsten Hammann brukte òg dette temaet i romanen En dråbe i havet (2008), som handlar om ein forfattar som er så oppteken av å tenkje på dei  nødlidande i Afrika at ho gløymer å hente dottera i barnehagen.

Mange forfattarar skriv med sterke sosialsatiriske poeng om familiestruktur, nye samlivsformer og oversette og underprivilegerte borgarar. Den satirepraksisen har dei til felles med den danske TV-satiren, som tradisjonelt har vore politisk og maktkritisk, men som gjennom dei siste ti–femten åra primært har vore (sjølv)ironiske portrett av danskar, ein slags sosial trollspegel.

Andre forfattarar skriv oppfinnsamt, energisk og med ein politisk vreide og indignasjon om samfunnsutviklinga i eit globalt perspektiv. Vi kan nemne ei rekkje døme: Dennis Gade Kofods Nancy er ein allegori om klimakrise og migrasjonskrise, der naturen i allianse med nokre underjordiske vesen frå folketrua hemnar seg på rovdrifta til menneska og lèt ei katastrofal tåke leggje seg over øya Bornholm i Austersjøen. Kasper Colling Nielsens Den danske borgerkrig 2018–24 skildrar det kraftige systemsamanbrotet etter finanskrisa. Peder Frederik Jensens Vold skildrar globaliseringsproblema mellom det rike nord og det fattige sør. Forfattaren som før heitte Claus Beck-Nielsen, Das Beckwerk og Nielsen, og som no skriv seg som Madame Nielsen, har skrive ei rekkje verk med politiske motiv. Det siste er Invasionen, ein reportasjeroman om flyktningar på den europeiske landevegen. Diktaren Thomas Boberg har skrive ein dikttrilogi, Hæsteæderne I–III, der han i ein ofte aggressiv og frenetisk tone skriv sarkastisk og kritisk om både politiske og religiøse makthavarar – både dei kristne og dei muslimske.

 

UTAN POSISJON

For å finne døme på reindyrka satire i romanform må vi vende oss mot forfattarar som ikkje har nokon eigentleg posisjon i den etablerte litteraturen. Vi må ei handfull år attende i tida. Samtidig må vi ta til takke med romanar som ikkje har nokon stor litterær verdi, og sjølv om dei har vore polemiske og prinsipielt morosame, har dei ikkje vunne noka merksemd i det offentlege rommet. Eg tenkjer på Nytårstalen (2004) av Flemming Chr. Nielsen og Mordet på imamen (2008) av Paul Smith.

Den første romanen er eit djupt satirisk portrett av dåverande statsminister Anders Fogh Rasmussen. Sjølv om han er skriven før karikaturstriden, skildrar han naturlegvis òg «dei framande», altså muslimane, som sidan 1980-åra har vore ein del av den danske verdidebatten – mellom anna blir det spelt høg kyrkjemusikk og gregorianske koralar ved alle innkjøpssenter for å skremme ikkje-kristne vekk. Den andre romanen er skriven etter karikaturkrisa og handlar logisk nok om ein islamkonvertitt som blir funnen drepen i noko som liknar eit ritualmord. Ved sida av liket finn dei ein sabel, ei tilvising til eit koranvers og ein kopi av teikninga til Kurt Westergaard.

Flemming Chr. Nielsen var ein gong ein profilert journalist og leiarskribent i Jyllands-Posten. Han var kollega med teiknaren Kurt Westergaard, som i 2005 teikna Muhammed med ei bombe i turbanen (ei forvrengd teikning av uttrykket «ein appelsin i turbanen», som stammar frå Adam Ohlenschlægers 1001 natt-inspirerte skodespel Aladdin, og som kjenneteiknar privilegia eller hellet ein person har). Men før han gav ut Nytårstalen, klarte han å lure det litterære miljøet i Danmark. Under psevdonym gav han ut eit manuskript som skulle vere den hittil ukjende dagboka til Regine Olsen, som skildra trulovingsbrotet med Søren Kierkegaard. Det var ein sensasjon! Men altså skriven som ein gimmick av Flemming Chr. Nielsen (som i dag primært er oppteken av å omsetje dei samla verka til Herman Melville på nytt).

Paul Smith er ikkje kjend for den breie ålmenta, men han har likevel spelt ei viss rolle som spindoctor for ein dansk komikar, Jacob Haugaard, som i 1994 skapte stor ståhei med å stille opp som uavhengig i eit folketingsval – og vart vald inn! Primært var den politiske bodskapen hans «Meir medvind på sykkelstiane».

Dette syner at mennene bak desse to satiriske romanane ikkje er forfattarar i den klassiske tydinga av omgrepet. Dei brenn ikkje for litteraturen, men for å drive ap med det politiske establishmentet. Dei har ikkje nokon konsistent forfattarskap, som til dømes romanforfattaren og TV-satirikaren Leif Panduro i 1960- og 70-åra. Dei er heller ikkje eigentlege samfunnsrefsarar eller politiske polemikarar, som til dømes den store kulturradikale kritikaren, revyforfattaren, debattøren, ytringsfridomsforkjemparen m.m. Poul Henningsen (kjend som PH) frå 1930-åra og tre tiår framover. Romanane deira står slik sett litt umotiverte og einsame som einslege svaler, som vitnar om korleis den litterære satiren i Danmark har lege som ei upløgd mark i dei åra då det satiriske potensialet elles har vore enormt, både når det gjeld politikk, religion og kultur.

 

DISSIDENTANE

Politisk kritikk i litterær form er ikkje det same som satire. Først og fremst er det vel humoren som skil, og den satiriske humoren fungerer samtidig som eit slags sosialt kontaktlim for dei som er innforståtte, medan han er ekskluderande for dei som er offer for satiren.

Litterær satire på våre breiddegrader kan i dag ikkje vurderast lausriven frå utviklinga etter at Jyllands-Posten trykte dei tolv teikningane i 2005. Kan hende er det difor vi ikkje har sentrale verk som for alvor tek religionssatiren til seg. Hassan Preislers angst er derimot det perfekte dømet på det markante inntoget av sjølvsensur i dansk kultur. Viss satiren skal leve opp til sitt vesen, må angsten trassast – men det er lett å seie. I vårt fredelege hjørne av verda har vi alltid akta dei kunstnarane som tek den store risikoen på seg: undergrunnssirkulasjonen til forfattarar i Sovjetunionen (dei såkalla samisdat-utgivingane), dissidentane, diktarane og debattørane i dei arabiske landa, dei systemkritiske bloggarane i Kina. Desse modige menneska som med ordet torer å utfordre mektige statar som ikkje nøler med å straffe med sensur, fengsel og dødsstraff. Men i ei terrortid risikerer òg demokratiets eigne kunstnarar å bli straffa. Ikkje av staten, naturlegvis, men av mordarar. Satiren er difor skremd frå å vere konkret til å bli subtil. Terroristane har med suksess endra det muslimske biletforbodet til ikkje berre å gjelde dei sjølve, men òg sekulære satirikarar.

For å verne den religionskritiske, satiriske ytringsfridommen mot tvang om togn er det berre ein ting å gjere: å slå attende med satire. Men igjen er det så lett å seie. Å gjere det er å ta på seg ein risiko for eige liv, og kven ønskjer å leve livet sitt som Kurt Westergaard eller Lars Vilks? Kven ønskjer å ta risiko for seg sjølv, dei nærmaste, omgivnadene, heile samfunnet? Resultatet er difor at terroristane har makt til å definere eit tabu og setje grenser for satiren. For kabareten til Hassan Preisler hadde det ein reell effekt. Men midt i angsten mobiliserer han heldigvis nytt mot. Nett no forhandlar han såleis om rettane til å dramatisere Sataniske vers på Det Kongelige Teater i København. Salman Rushdie har gitt sitt løyve.

 

Klaus Rothstein (52) er forfattar, kommentator og litteratur- og teaterkritikar.

 

Oversatt av Tiril Rem