Norheimpaloppdateringerstor

Statusoppgradering

12.12.2014

Papirboka er ikkje lenger først og fremst ein kommunikasjonskanal, ho har blitt ein gåveartikkel og eit statussymbol. Ikkje minst for den som har namnet sitt på omslaget.

Norheimpaloppdateringerstor

Mann er manns gaman, står det i Håvamål. Helvetet er dei andre, skreiv Jean-Paul Sartre. Til saman gir sitata uttrykk for den lett klaustrofobiske realiteten: Vi er alle grunnleggjande sosiale vesen, nesten like avhengige av andre menneske som av luft, vatn, mat og varme. Den rolla sosiale medium har fått i kvardagen dei siste åra, har blitt eit nytt uttrykk for dette, og for meg har «statusoppdatering», det mest nytta omgrepet for meldingar til verda leverte på Facebook, fått ei ironisk dobbeltyding ettersom profilen vår i sosiale medium, og kor stor gjennomslagskraft vi får der, er så nær knytt til sosial status.
Det har blitt vanleg at dei som lukkast aller best på blogg, Twitter og Facebook, får ytringar derfrå publiserte i bokform. Men kva er reell nyskaping, og kva er gamal vin i nye skinnsekkar? Har utviklinga gjort at sosial status pregar inngangen til bokheimen endå meir enn før? Den følgjande teksten kan innehalde spor av sosial angst og paranoide vrangførestillingar.

SOSIALT KJØNN
Det seier seg sjølv at om ein skal få utgitt ei bok basert på tekstar publiserte i sosiale medium, må ein ha nådd mange lesarar, eventuelt dei rette få. Spørsmålet er difor kva som skaper populariteten, og om det er ulikt for menn og kvinner. Ein kan jo få det bestemte inntrykket at kvinner må vere vakre, stereotypt kvinnelege eller alvorleg sjuke, medan menn må vere vittige eller ha sosial status frå før.

Kvinner dominerer bloggmediet med bloggar om mote, sminke, matlaging, innreiing, bøker og livet som mamma. Men ingen regel utan unntak, ein dag tidleg i november er bloggen Pappahjerte rangert som den mest populære: sjølvironisk om livet som småbarnsfar. Altså same oppskrift som Karl Ove Knausgård: Gjer det kvinner har gjort lenge, og som har vore uglesett fordi det er klamt og privat, og kjempesuksess!

Det skal forundre meg mykje om ikkje størstedelen av publikumet til den openhjartige bloggarpappaen er kvinner, for kvinner er spesielt aktive blogglesarar, flinke til å gi kvarandre – og menn – gode tilbakemeldingar. Denne opninga for sosial interaksjon og opplevinga av å delta i ein fellesskap trur eg har mykje av æra for at kommunikasjonsplattforma når så mange. Er det også slik at menn i større grad nyttar sosiale medium til å promotere seg sjølve og utvalde vener, medan kvinner er rausare? Og er det berre fordi vi er snillare og meir empatiske, eller kan det vere eit motiv at vi vil heve vår sosiale status ved å skape band mellom oss sjølve og folk vi beundrar?
Det er i så fall aktivitet med ei viss fallhøgd, og om du lukkast eller ikkje, kan bli ei realitetsorientering om kor sosialt attraktiv du er. Sjølv om «likes» og støtteerklæringar blømer på nettet som aldri før, har vel nivået av utveksla ukvemsord heller aldri før vore så høgt i den offentlege – og deloffentlege – samtalen.

News 008646 other 001

Som Kjetil Røed har påpeika i boka Dislike, er Facebook like mykje eit antropologisk som eit teknologisk eksperiment. Litt hjelp til å tolke det som skjer der, kan vi få frå eit omgrepspar lansert av den amerikanske psykologiforskaren Elaine Aron: «Ranking» (på norsk «rangering») og «linking» («kopling»). Rangering inneber ei vurdering av om den vi møter, står over eller under oss i det sosiale hierarkiet, kopling handlar om å knyte sosiale band basert på gjensidig velvilje og omsorg. Dei to prosessane skjer parallelt og påverkar alle sosiale relasjonar. Det er definitivt sunnast for psyken å fokusere på kopling og slik byggje opp både seg sjølv og andre sosialt, men den brutale sanninga er at ingen er interessert i å knyte band til kven som helst. Også vårt sosiale liv er i stor grad styrt av lynkjappe «cost–-benefit»-analysar.

«Likes» er ein vulgært forenkla versjon av slike sosiale prosessar, men like fullt uttrykk for noko høgst reelt. Det er difor ikkje rart at mange nøler med å ytre seg på Facebook, og då spesielt i dei yngre generasjonane: Dei er redde for å ikkje få mange nok oppovervende tomlar. Resultatet blir at dei som har høg sosial status frå før, i større grad enn andre tør å vere synlege i sosiale medium, medan andre nøyer seg med observatørrolla og knapt nok vågar å kommentere. Blant dei som brukar nettet aktivt, vil dei som lukkast aller best, kunne oppnå eit av dei mest handgripelege teikna på sosial verdi: å få utgitt ei papirbok.

F192 m 205x300

KONTEKSTUELL LESING
Ein skribent som går frå sjølvpublisert på nett til utgiving i eit redigert medium som papirboka, får eit kvalitetsstempel som også fører hen inn i nye kretslaup for formidling: bokhandlarane og julegåvemarknaden, bokmeldingar, innkjøp til offentlege bibliotek, meir omtale, nye tilbod og eit namn i mange offentlege arkiv, bevart for etterslekta. Får du namnet ditt på ein bokrygg, er du offisielt ein som har noko verdifullt å bidra med, så forlaga har framleis stor makt til å definere sosial status.

For meg har litteraturen alltid vore ein fristad frå den klaustrofobiske sosiale verda der vi «trängas som vågor i samma lufts hav / och envar med sin egen dags dom / och småfisk och storfisk skall sluka varandra», som poeten Gunnar Björling har formulert det. Så når eg opnar ei bok, bryr eg meg ikkje om kor setningane i ho har vore før. Eg krev ikkje monogami av tekst, eg krev berre at forholdet mellom oss to fungerer. Om det som står der, er sjølvbiografisk eller fiksjon, om teksten er publisert før i avis, på blogg, Facebook eller Twitter, send som brev, e-post eller sms – det kunne ikkje brydd meg mindre. Helst vil eg ikkje vite noko om forhistoria, eg vil møte teksten som om det berre er eg og han i heile verda. Og så forventar eg å bli forelska, og om det ikkje skjer, blir eg skuffa.

Som litteraturkritikar har eg likevel etter kvart – motvillig – blitt tvinga til å vedgå at kontekst betyr noko, også for korleis eg les ei bok. Kvalitetsvurdering skjer aldri i eit sosialt tomrom, vi er aldri heilt upåverka av fordommar, positive eller negative. Fordi kritikken i stor grad påverkar dei sosiale hierarkia som pregar bokheimen etter at forfattarane har kome gjennom nålauget hos eit forlag, er det langt frå likegyldig kva kritikarar tenkjer om måten ei bok har blitt til på, kva vi synest om at forfattarar har gått på forfattarskular, at forlag kontaktar folk og oppfordrar dei til å skive, at bøker er baserte på tidlegare publiserte tekstar, og korleis vi vurderer statusen til det førre mediet, var det Vinduet eller ein rosablogg?

TRYNEFAKTOREN
Den største kjendisen frå blogguniverset akkurat no er «sinnabloggaren» Linnéa Myhre, først kjend for den mykje lesne og premierte bloggen Alt du vet er feil, der ho skreiv om livet som deprimert tenåring med anoreksi. Så kom nettserien La Linnéa leve på NRK og romanen Evig søndag basert på bloggtekstane. For tida får Myhre mykje merksemd fordi ho er kjærasten til popstjerne Sondre Lerche og kom til finalen i Skal vi danse på TV2. Og det samstundes som ho lanserer ny bok med tekstar i brevform, Kjære, som ifølgje Dagbladet-meldar Erle Marie Sørheim viskar ut skiljet mellom blogg og bok. Boka er faktisk utgitt som papirbok, men Sørheim nyttar altså «blogg» som sjangernemning.

Trenden Myhre representerer, er nedslåande. Ikkje fordi eg har prinsipielle innvendingar mot Myhres bøker, men fordi det er vanskeleg å tenkje seg at ho ville fått den massive merksemda som leidde fram til bokutgivingane, om ho ikkje var så ung og pen. Ho har fått Tabuprisen frå Rådet for psykisk helse for å bryte ned tabu knytte til psykiske lidingar, men overoppfyller alt unge kvinner trur om kva som må til for å bli elska: Du må vere tynn, vakker og blotte både hud og kjensler. Myhre vart nærmast ein maskot for alle som ser kvinner som offer for urealistiske ideal for utsjånad, men stilte til fotografering i bladet Mann etter å ha blitt kåra til landets mest sexy kvinne. I den nye boka, og i media, skjeller ho ut redaksjonen i Mann for å ha utnytta henne. Det har fungert strålande som boklanseringsstrategi. Samstundes finn eg bilete av henne i Dagbladets nettavis, liggjande i eit badekar med nakne skuldrer danderte med salat (!) medan ho ser liksomsint inn i kamera. Er det sint som er sexy for tida, og har Myhre blitt litteraturens Tone Damli Aaberge? Og korleis skal eg frigjere meg frå alt dette om eg skal vurdere bøkene hennar?

I litteraturkritikken må målet vere å vurdere om den einskilde teksten har eit vakkert uttrykk og intelligent blikk, ikkje om forfattaren på omslaget har det. Sjølv om idealet om den fordomsfrie lesinga aldri lar seg verkeleggjere fullt ut og røynda stadig endrar seg, gir det moralske idealet oss ei retning for strevet, ein tanke den nemnde Gunnar Björling har grunnlagt både ein moralfilosofi og ein poetikk på. Men det gjeld å halde fokus; ideal som blir tekne for gitt, kan raskt forvitre.
Ein kjenning i Danmark fortalde meg nyleg at det der ikkje lenger er uvanleg at utsjånaden til kvinnelege forfattarar blir kommentert i omtale av bøkene, og gjerne målt mot dokkepene Josefine Klougart. Eg har problem med å tru det: Skal hennar slørete blikk og lipglossblanke furtemunn verkeleg vere idealet? Som Charlotte Myrbråten i Fett nyleg sa: «Kampen mot skjønnhetstyranniet er så til de grader tapt.» At ein fin munn kan gjere at orda som kjem ut, høyrest endå finare ut, er like sikkert som at vakre folk kan skrive vakker litteratur. Men spørsmålet heng der, stort og provoserande, om Min kamp av Karl Ove Knausgård eller dikta til Yaha Hussain ville ha nådd like langt ut om forfattarane hadde vore mindre pene og hatt kortare hår og bein. Og er det slik at menn og kvinner i aukande grad blir framstilte ulikt i media? Til og med Hanne Ørstavik dukka tidlegare i haust opp i Morgenbladet på eit foto som var så dust at det såg ut som ho var bak ein myggnetting, liggjande med armen bak hovudet på ein sofa. Knausgård var på si side, altså framsida, framstilt som ein slags demon med «horn» av grå, strittande lokkar. Det gjaldt sjølvsagt Handke-debatten. 2014, det året menn er tøffe i trynet og kvinner er sørgmodig vakre.

SYMPATISK KOMMERSIALISME?
At bøker baserte på nettekst er motiverte av at forlaga vil profittere på folk med høg sosial status, er ikkje ein urimeleg fordom. Tekstane finst jo alt, og dersom dei har fått mange lesarar og «likes» på nett, veit forlaget det dei elles må gjette seg til, eller bruke marknadsapparatet sitt for å verkeleggjere, nemleg at forfattaren har appell og ei stor potensiell kundegruppe. Dette representerer likevel ikkje noko nytt, kjendisbøker har vi hatt rikeleg av før også.
Ta til dømes Jon Almaas’ bok om husvask som kom for nokre år sidan, er det mogeleg å tenkje seg ei mindre naudsynt utgiving? Ein mann som lever av å sjå bra ut medan han leverer ferdigskrivne vitsar på TV, fekk namnet og biletet sitt på ei bok, der førsteutkastet truleg var skrive av ein «ghostwriter», under det syltynne påskotet at Almaas var over gjennomsnittleg flink med husvasken. Spesialdesigna som julegåve til husmora som (du trur) finn det pirrande å sjå ein kjekk mann svinge vaskekosten. Almaas fekk til og med promotere boka på Skavlan, «home run» for Kagge forlag!

Sett i lys av slike kommersielle utgivingar er det eit positivt trekk ved bøker baserte på sosiale medium at dei opphavlege tekstane ser ut til å ha blitt til av akutt trong til å ytre seg der og då. Det representerer også noko genuint nytt at slike tekstar har blitt kommuniserte fortløpande og fått direkte tilbakemeldingar. At ein del av prosessen før utgiving skjer offentleg i staden for privat, kan hjelpe forfattaren ved at hen får insentiv til å skjerpe argumentasjon og formuleringar, og ikkje minst kan hen få inspirasjon både til å tenkje nytt og til å halde fram med å skrive.

Det har jo vore ei inngrodd oppfatning at det store kunstverket blir til i einsemd, det las eg seinast i sommar i Marguerite Duras’ essay «Å skrive». Men det er mykje som tyder på at grupper er smartare enn enkeltpersonar, og myten om det einsame geniet blir også kraftig nyansert når ein veit kor mykje litterær inspirasjon og intertekstualitet har hatt å seie i litteraturhistoria. Sidan skribentar er minst like ulike som tekstane dei produserer, finst det ingen rette svar på kva som er den mest høgverdige skrivemetoden, og eg kan ikkje sjå openberre grunnar til at arbeidsprosessar påverka av sosiale medium skulle gi dårlegare resultat enn andre.

TWITTERNOVELLER
Men all skepsis til utgiving av bøker med tekstar frå sosiale medium handlar ikkje om kommersialisme. Guri Idsø Viken meinte tidlegare i haust at slike bøker «presenterer et så nøye kuratert utvalg av den sosiale medievirkeligheten at det strider mot de fleste av disse medienes prinsipper». I hennar framstilling er dei utgitte tekstane brokkar av samtalar der dei andre stemmene er redigerte vekk. Etter mitt syn rammar kritikken i liten grad dei bøkene eg har sett på, av to grunnar: Tekstane ber ikkje tydeleg preg av å vere henta i ein samtale, men står støtt aleine. Vidare er slektskapen til velkjende sjangrar så stor at publiseringskanalen kanskje ikkje har hatt så mykje å seie for det litterære uttrykket når det kjem til stykket? Eit mogeleg unntak er Frode Gryttens twitternoveller Vente på fuglen.

Grytten er ein kjend og respektert forfattar som har gjort det til eit prosjekt å prøve ut det særs avgrensa twitterformatet, altså 140 teikn, som litterær sjanger. Og boka har fleire fine augneblinkar – nesten bokstaveleg tala, det tar ikkje mange sekunda å lese kvar tekst – men likevel: Kor litterært interessante kan så korte historier eigentleg bli? For ei novelle skal vere ei historie med ei viss utvikling, i motsetnad til aforismen eller haikudiktet, som berre treng éin påstand eller eitt fint bilete for å fungere.

Grytten er tidleg ute i Noreg med å prøve ut ei slik form, men forsøket er ikkje unikt. «Flash fiction» er ei internasjonal sekkenemning for svært korte tekstar som har oppstått saman med nye former for elektronisk publisering, og kan omsetjast til glimtfiksjon eller lynprosa. Men kort-korte litterære uttrykk fanst før datamaskina også. Eg skal spare deg for endå ein repetisjon av Ernest Hemingways berømte seks ord lange «roman», men min teori er at den trefte fordi dei seks orda handlar om kjærleik og død; han går rett i strupen på den eksistensielle angsten vår. Grytten gjer det same, det er knapt éi av desse minimininovellene som ikkje handlar om kjærleik. Hen møter hen, igjen og igjen.

Det har jo ein viss appell, men hovudgrunnen til å flytte tekstane frå nett til bok tippar eg er denne: Grytten har nesten 31 000 følgjarar på Twitter, altså det tidobbelte av eit standard bokopplag, og i tillegg garantert mange trufaste lesarar som ikkje er på Twitter. Boka er utgitt på Kagge forlag, som er kjent for å vere kommersielle og satse på breidde og smart marknadsføring. Og finst det smartare marknadsføring enn den som har gjort seg sjølv på førehand?

9788248914624

AFORISMAR OG EPISTLAR
Kagge har også satsa på ein annan kjendis i haust: Kor e alle helter hen av «Mor, eg vil tilbake»-mannen himself, Jan Eggum. Boka har undertittelen Innfall og utfall på 140 tegn og er eit utval twittermeldingar. Her snakkar vi ikkje om eit litterært sjangerprosjekt, men om ein mann med formuleringsevne, høg status som visesongar og nær 16 000 følgjarar på Twitter. Boktittelen er eit sitat frå ei av hans mest kjende viser, og omslaget er dekorert med ein uhøgtidleg karikatur av det kjende fjeset. Til twittermeldingar å vere er tekstane ganske underhaldande, men litterært definitivt i lettvektarklassen. Eggum byr på skråblikk frå artistlivet, damer og drikking er visst sentralt, og den humoristiske, men tydeleg formulerte livsvisdommen går rett inn i tradisjonen for aforismar av det meir folkelege slaget. Det er ei bok det er vanskeleg å opparbeide sterke kjensler for, men kvifor skulle det ikkje vere rom for ei ujålete aforismesamling som kanskje kan nå eit nytt publikumssegment?

Pål Norheims Oppdateringer begeistrar meir fordi han i tillegg til å skrive velformulert og vittig gir interessante vinklingar på aktuelle debattar. Dette var ei av bøkene Idsø Viken omtala i innlegget som opphavleg hadde tittelen «Høstens slappeste bøker» – den vart sidan endra –, men ein må seie at Norheim fekk siste stikk då han vart nominert til Brageprisen. Det skal altså godt gjerast å argumentere for at det litterære nivået er prega av den upretensiøse teksthistorikken.
Utgivaren Kolon forlag har også eit godt litterært ry å hegne om, dei er ikkje kjende for å ta kommersielle snarvegar. Og det er lite som skulle tilseie at andre omsyn enn kvalitet har vore tungtvegande for utgivinga av desse statusoppdateringane: Sjølv om Norheim har 1400 vener og eit par hundre følgjarar på Facebook, så kan ein ikkje seie at dei i seg sjølve er marknad for ei bok. Og er det ikkje herleg å tru at idealet lever: at ein velformulert tanke er ein velformulert tanke anten du les han på Internett eller på kvitt papir mellom stive permar, og at det er mogeleg å sjå det uavhengig av kontekst.

Snarare enn å representere noko heilt nytt gjenopplivar tekstane til Norheim litterære tradisjonar som ikkje har vore så profilerte etter at romanen kom til å dominere den litterære biotopen. At boka er nominert i klassen for essay og noveller av Brageprisjuryen, er nok eit praktisk meir enn eit litterært grunngitt val. Snarare gjenopplivar Norheim den intellektuelle aforismen og, i dei lengste tekstane, epistelen. Det er ei kortform karakterisert som litterært brev, alt frå refleksjonar rundt kvardagslege hendingar og opplevingar på reise til meir teoretiske utleggingar kan dukke opp. I forordet til eit utval av Ludvig Holbergs Epistler skriv Kjell Heggelund: «Her møter en forfatteren så å si i nedtegningsøyeblikket» og legg til at tekstane har eit ubearbeidda, skisseaktig preg. Slektskapen er tydeleg mellom epistelen og den typen aktuelle og personlege funderingar vi kan finne på både blogg og Facebook. Kanskje kan vi også plassere breva i Linnéa Myhres siste bok, Kjære, i denne sjangeren, og at det er det Erle Marie Sørheim oppfattar som «bloggaktig»? Sjølv om Holberg stiller i ei klasse for seg i kunnskap og formuleringsevne, viser titlar som «Jeg foretrekker katter for hunder» lite snobberi i val av emne.

BIOLOGISTIKK
Dei nemnde bokdøma ligg alle nær eksisterande litterære sjangrar på aksen mellom skjønn- og sakprosa. Det største talet av bøker baserte på sosiale medium er likevel sakprosa, nærmare bestemt sjølvbiografiske tekstar. Det er bloggar skrivne om og i vanskelege livssituasjonar, oftast av kvinner, altså ein versjon av det vi før i tida fann i vekeblada under vignetten «historier fra virkeligheten». To sentrale utgivingar av denne typen er Regines bok. En ung jentes siste ord av Regine Stokke og Lever. Utøya 22.7 av Emma Martinovic. Som det går fram av titlane, er det bøker baserte på bloggtekstar skrivne av unge kvinner midt i traumatiske opplevingar. Regine Stokke skreiv blogg gjennom det året der ho kjempa og til slutt tapte mot akutt leukemi. Emma Martinovic begynte 24. juli 2011 å blogge om opplevingane sine på og etter massakren på Utøya.

Desse bøkene representerer bloggkulturen på sitt beste: Sterke eksistensielle historier formidla ærleg og velskrive fungerer som traumebearbeiding både for den som skriv, og for lesarane på ein måte det ofte er vanskeleg å få til i daglegdags samtale. Det er tekstar det er umogeleg å ikkje bli gripen av, og sjølv om historiene verkar sterkast når dei er gode, er dette ein sjanger der den eksistensielle tyngda i innhaldet gjer at vurderingar av litterær kvalitet kjennest mindre viktig.

Den no avslutta bloggen til Linnéa Myhre var også eit forum for bearbeiding av tankar rundt sjukdom og psykiske problem. At sjukdommen var anoreksi og depresjon samstundes som ho framstod pen og sminka på bileta, gav henne ein appell som spelte opp mot uheldige kvinneideal, men det tar ikkje vekk det akutte, eksistensielle alvoret. At ho i den situasjonen enda som sexsymbol, representerer for meg likevel eit sterkt «ubehag i kulturen». Men ved å la henne arbeide bloggtekstane om til roman gav Tiden forlag Myhre sjansen til å etablere seg som kunstnar snarare enn som fotomodell, og representerer difor i denne samanhengen ei motvekt mot den useriøse delen av pressa. Tilfellet Myhre viser likevel kor komplisert samspelet mellom viktig tematikk, litterær kvalitet og kommersiell appell kan vere, og det er vanskeleg å seie korleis vurderingar på eitt av felta har påverka dei andre.

DEN GODE TANKEN
Sosiale medium har gjort det sosiale spelet meir komplisert, og korleis ein taklar den nye arenaen, kan få konsekvensar for kor godt ein klarar seg både i bokbransjen og elles. Så sjølv om det er gamalt nytt at bokheimen ikkje blir innreidd berre ved hjelp av litterær smak, men også resirkulerer langt breiare – og til tider problematiske – oppfatningar av kva som har kulturell verdi, er det alltid på sin plass å problematisere om kvaliteten er høgast der merksemda er størst.
Det brutale faktum at sosial status er avgjerande for korleis livet vårt artar seg frå fødsel til gravferd, og dermed også i sosiale medium og bokbransjen, får litteraturkritikken ikkje gjort mykje med. Men eit lite bidrag kan vere å halde fokus på tekstlege kvalitetar utan å tradere gamle førestillingar om kor og korleis den viktige litteraturen blir til. For det mykje omtala demokratiske potensialet i sosiale medium er reelt; det betyr noko at alle no har høve til å nå ut med si historie og sine synspunkt.

Eg elskar papirboka av nostalgiske grunnar, men den gode tanken lever like godt på skjerm. Om bokbransjen klarer å føre det beste frå nettet inn i det litterære kretslaupet, vil det styrke både den konstruktive bruken av sosiale medium og den offentlege samtalen.

Litteratur:
Kjetil Røed, Dislike. Flamme Forlag 2014
Elaine Aron, The Undervalued Self. Little, Brown and Company 2010
Gunnar Björling, Ett blyertsstreck. Wahlström & Widstrand 1951
Linnéa Myhre, Evig søndag. Tiden 2012
Linnéa Myhre, Kjære. Tiden 2014
Jon Almaas, Slik blir du husets herre. Kunsten å holde hjemmet i orden. Kagge 2002
Marguerite Duras, Å skrive. TransFe:r 2014
Frode Grytten, Vente på treet. Kagge 2014
Jan Eggum, Kor e alle helter hen. Kolon 2014
Pål Norheim, Oppdateringer. Kolon 2014
Ludvig Holberg, Epistler. Cappelen 1981
Regine Stokke, Regines bok. En ung jentes siste ord. Gyldendal 2011
Emma Martinovic, Lever. Utøya 22.7. Portal forlag 2011