Soberg morten pernille blafjell walvik 2017 2

Senterpartiets sofistikerte mystikar

17.10.2017

Morten Søberg trekk dei lange linjene i sine fire essaysamlingar. Jamvel om språket er noko av det beste på samtidsnynorsk, er den tidlegare statssekretæren stort sett ukjend for den litterære hop. Fr avstand og med ei anna verktøykasse kjem laga i essaya gradvis fram frå djupna.

Det gjer òg spørsmålet om korleis ein skal få ein betre opplyst samtale kring demokratiet i realityfjernsynets tidsalder.

Laurdagskveld i øvre Galilea. Frå andre høgda høyrer eg lydane av born som syng på siste verset før svevnen tek over for nokre timar. Eg set meg i bilen og køyrer målmedvite nordover til vegs ende, landsbyen Metulla. Her er ingen fri flyt, berre stengde grenser. Lenger kjem eg ikkje. Parkerer i sidegata ved postkontoret og går inn i den lokale pizzarestauranten. Lokalet er halvtomt. Helgeturistane har pakka og reist heim. Eg har fått nokre signa timar vekke frå barnevogna i gangen. Med meg har eg Morten Søberg. Sjølv anar Søberg inkje om dette. Han er her berre i bokform. Frå omslaget ser han på meg med eit blikk det er vanskeleg å plassera. Det er ein stad i mellombrøytet mellom lurt og stivt. Refleksjonen rundt fotografiet stoggar der, menyen deisar i bordet.

Eg skummar han raskt. Tingar ein pizza og ein øl og gjer meg klar til å la verda utanfor fara. Men eg ventar på noko godt og klarar ikkje heilt å stupa inn i teksten. Tankane er framleis lokale. Dagen før la den lokale journalisten Rubi Hammerschlag ut eit bilete frå ein stad nokre hundre meter frå der eg no sit. Folk frå Hizballah ved eit stort skilt der det står: Me kjem. Eg sit på randa av ein varsla katastrofe. Ute høyrer ein smell frå hi sida. Det gjev eg katten i, medan hundane gøyr.

Fyrverkeri, enden av fastemånaden ramadan, full fest i grannelandet. Fyrst då opnar eg teksten. Det er siste bandet av dei fire essaysamlingane til Morten Søberg. Eg sit ved vegs ende og nærmar meg slutten. Eg får ølet på bordet, heller i glaset og ser dogga legga seg utanpå. Eg vert var røysta til Mark Knopfler som syng Money for Nothing, det er frå eit samlealbum, av di neste song er Brothers in Arms. Through these fields of destructions / baptisms of fire. Eit høveleg soundtrack som eg lèt fada ut før eg lukkar øyra og auga tek meg inn i ei anna verd. Her finn eg sporet som mangla på samleplata til Dire Straits: Latest tricks — Søberg sine.

 

DEI HØGE TONANE Morten Søberg vaks opp i Trondheim. I barndommen og dei tidlege tenåra stod han i hjartet av katedralen og tok dei høge tonane i Nidarosdomens gutekor. I vaksen alder talar han lågt, men dei høge tonane kjem framleis fram i tekstane. Godt landsmål kan ikkje lesast, det må kvedast. Hjå Søberg syng det gjennom fire band. Det fyrste, Senatet som aldri vart, er med sine 142 sider det lengste. Dei tre siste, Sverdrups ekko, Rapport frå Finansdepartementet og Ekofisk, Eidsvold, er litt jamnare i hopplengda og landar på 109, 108 og 114 sider. Nedslag? Ja visst. Telemark? Ja. For bakom alle orda anar ein Aasmund Olavsson Vinje. Dølen sjølv.

Truleg er Søberg eit namn som har gått dei fleste hus forbi. Sekstinimodellen er doktor i samfunnsøkonomi frå UiO, han har òg vore innom LSE i London. Under Stoltenberg II var han statssekretær i Finansdepartementet. Den politiske heimstaden er Senterpartiet. Dimed kan ein seia at skrivinga av essay er pleie av eit småbruk han driv på si. Den fyrste samlinga vart fødd ut av ein serie i Dag og Tid. Som underskrivne er Søberg ein konvertitt til landsmål. Konvertittar har alltid den nyfødde sin iver og ein hang til det språkleg konservative. Dei jagar gjennom grunntekstane: Aasen, Vinje og Garborg. Frå desse kjeldene syg dei opp orda og transformerer dei ut i ei litt meir moderne drakt til omverda i ei slags sjølvpålagd misjonsbefaling om å spreia Aasen ut til alle medborgarar. Etter såpass mange år med nynorsk er Søbergs språklege iver imponerande. Malen ligg høgt, og ekkoet frå dei tre frå det nittande hundreåret kling klårt.

Det er ikkje berre i språket at dette ekkoet frå den gong kjem fram. Hos Søberg er det historiske 1800-talet heller aldri langt unna, anten det handlar om Noreg eller verda til det angelsaksiske avkommet — Storbritannia og USA. I essaya trekker Søberg dei lange linjene. Han går empirisk til verks, les grunntekstane, spør og åtvarar mot framtidas fallgruver ankra opp i fortida. Framtida som fortid.

Korleis skal ein forstå denne mannen som svevar over vatna attom litteratanes ekkokammer? Korkje bodskapen, buskapen eller kunnskapen er noko me kan slå frå oss og lata fara. I dei fire verka ligg det alvor stua i fleire lag, som torv ved bleike myr. Hjå Søberg er det særskilt tre ting som går som ein raud tråd gjennom tauverket: Grunnlova, Stortinget og olja. Det er gjennom desse tre me må starta utlegginga, eller eksegesen.

 

SVART-KVITT Ei litt tradisjonell utlegging ville vore noko slikt: Då Søberg song i domen, var han atter ein katedral. Lyden av latinske hymner, oppetter gotiske søyler, som eit uavbrote ekko av mellomalderens ekklesia. Røyndommen til domen er ein annan, skriv Søberg. I sine ferdaminne samanliknar Vinje bygget med eit nautefjøs. Katedralen var nærast eit kapell. Det måtte børs til for å redda katedralen. Arbeidet med å vøla Nidarosdomen er ein viktig del av kapitla om dei norske sparebankane og samfunnsfunksjonen deira: pengar til gagnlege fyremaal, som det heiter i grunnteksten til eitt av døma, Snåsa Sparebank. Slike småsnuttar frå soga smetter Søberg inn overalt i sine eigne ferdaminne frå reiser rundt om i land og utland. Saman er dei med på å opplysa lesaren om dei lange linjene i landet, til vårt ganglege fyremaal. Dømet Nidarosdomen tyder òg meir enn det han seier: Alle nasjonar som vaknar opp, treng symbol. Utan ein katedral vert landet åndeleg nake. Vølinga som byrja i 1869, må sjåast saman med resten av kulturbeitet til ein nasjon i kjømda. Fjordmålarane, sogeskrivarane, målmennene - det som ligg mellom børs og katedral. For Søberg er ikkje dette poenget i dette essayet, poenget er sparebankane og deira oppbakking av lokale kunst og kulturinnslag rundt om i heile landet. Nidarosdomen som sparebankens triumf.

For min del ligg eksegesen i ei litt anna verktøykasse enn den tradisjonelt lågkyrkjeleg lutherske svarte og kvite — det står skrive og sola scriptura — skrifta åleine. Eg les Søberg som ein mystikar, ein lesnad som ut frå tradisjonen er forboden for dei under førti, og eg les han frå motpolen til Ekklesia — Synagoga. I mellomalderen stod dei båe som damer, opphavleg i Strasbourg, der Synagoga hadde bind føre auga og ikkje kunne sjå sanninga. Slik såg ein på dei hine den gong. Medan ein oppigjennom hundreåra kappa banda til den katolske verda, fyrst i Kyrkja og staten, og sidan med Kielland kappa banda til den kulturelle linken med Roma og Athen.  (Ironien med Gift er at ein ikkje forstår han utan klassisk danning.) Til slutt stod ein då att med det enkle — mystikken i svart på kvitt papir. Tilsynelatande kaldt og rasjonelt. I Synagoga er det annleis, og ho ligg totalt utanfor vår referanseverd. Her sit ein att med fire lag, tufta på akronymet PARDES, som er det hebraiske ordet for frukthage. Eit raskt blikk på ordet vil avsløra at det ikkje har semittiske røter, men er eit låneord frå det gamalpersiske pairi-daeza. Ordet har jamvel meining på landsmål, eller kanskje mest von, som paradis. Ein må med andre ord koma seg attom frukthagen og inn i paradis for å koma til botnen av dei fire laga i teksten. Skrifta åleine skrapar berre i overflata.

 

VEGEN TIL LØYNDOMMEN Likevel er det her vegen til paradis byrjar. Med det enkle, eller psjat, som det heiter på hebraisk, språket Gud openberra seg på med den andre bokstaven i alfabetet av di han sjølv var den fyrste. Svart-kvitt handlar tekstane til Søberg om Grunnlov, styresmakt, ting — i tydinga parlament, bankar, reformer, folkestyre og system. Daude menn vert henta fram frå gløymde tekstar og protokollar, som Søberg blæs støv av og les. Medan støvet fyk ut i rommet, andar han liv i gamle menn, og nokre kvinner. Det gjer han òg med dei levande: I det britiske underhuset høyrer han dåverande statsminister Gordon Brown frå arbeidarpartiet, som han jamfører med Muhammad Ali, boksaren, ikkje den egyptiske herskaren. Brown talar som ein sumarfugl til eigne rekker. Og stikk som ei bie mot dei konservative. Boksemetaforen er i dette høvet heilt rett. Det er arbeidarklassen sin idrett, ein kamp med berre nevane. Men på reisa til parlamentet i England for omtrent eit tiår sidan gløymde han nok å sjå inn i artillerilageret til The Eton Rifles. Ein får hår på brystet av rugby òg, som Paul Weller song om då Thatcher sat med makta. Brown og Labour vart knocka kort tid etter, og sidan den gong er det dei rugbyspelande konservative som har halde bustad i 10 Downing Street. I så måte står essayet om London fast i si tid, jamvel om hovudpoenget om ei friare og meir open og retorisk taleform i Stortinget òg står som ein påle.

Attende på Stortinget vert røynda nokså rakst litt meir traust, men teksten står seg. Her gjev Søberg ei skildring av janusandletet til Martin Kolberg, som bør verta ein klassikar: «Med en viss grad av beskjedenhet må jeg si det er en klok observasjon», svarar Martin og Kolberg. Den kloke observasjonen er Søberg sin, han handlar om Partiet som konstitusjonell joker i og med at det har vunne kvart val så lenge ein kan hugsa. Partiet er då alltid tunga på vektskåla i spørsmål om konstitusjonelle endringar. Svart på kvitt er Søberg den som freistar å pirka i framtida gjennom fortida, gjennom å trekka fram daude døme dugelege for demokratiet. Ein kritikar innomhus, om ein vil.

Som lutheranar kan eg lata han segla vidare med den gamle bankbåten MB Irma, som fór opp og ned langs kysten og såg sparebankane i korta. Ein kan hylla språket som klårt vatn som piplar ut or breane. Tekstar som jamvel gjer tema utanfor allfarveg, eller, i tilfellet bankbåten, utanfor den indre leia, forståelege og nære. Når det gjeld båten, gjev han sjølv nokre hint om kvifor han kjem seglande: «Soga om MB Irma kan lesast som ei tidsreise med tangeringar mellom elementa — mellom styresmaktene og bankane, mellom det nasjonale lovverket og det lokale økonomiske livet», skriv han i Rapport frå Finansdepartementet. I rapporten, som dei hine bøkene, er det ikkje berre denne utlegginga og fakta som fenger, men det som står parkert ved foten av den allegoriske fjellheimen, eller som Vinje skreiv: Det er ved Rondane.

 

MEININGSFULL TALE Ein må opp i høgda for å få utsyn. Ein må ned i materien for å få innsyn. Det andre nivået i eksegesen er remes, eller hint om målet vårt. Her ligg den litt djupare meininga i teksten. Viss me lèt økonomien vera flytande og ei usynleg hand i denne bolken, kan me få ei klårare forståing av Søbergs syn på demokratiet. For i dei fire verka ligg spørsmålet kring styreforma vår og korleis ho best skal forvaltast av dei folkevalde, og vaker. Éi setning, som kjem i starten av ein tankeflaum, er at eidsvollsmennene såg føre seg «opplyste, folkelege ordskifte om den djupe politikken». Nett i denne setninga, som kjem i hans til no siste band, ligg noko av kjernen i uroa til Søberg.

I Sverdrups ekko, den andre boka hans, les me dette: «… utan personar er Stortinget meiningslaust. Difor kjem ein ikkje utanom personar når ein skal tala meiningsfylt om Stortinget. Kva dei heiter, kven dei er, og korleis dei tenkjer og ber seg åt, formar òg den parlamentariske styreforma.» Alt frå forordet i den fyrste boka har Søberg gjeve oss innsikt i kva det handlar om: «… ein slags essayistikk: ei prøvande tilråding om korleis politikk bør utforskast og utøvast.» Diverre er desse tankane bortanfor for både dei avise og dei som jobbar for å halda seta i tinget varme. Dei tunge spørsmåla frå djupna vert døyvde ned av støyen på overflata. Søbergs uro er òg mi uro. Soga syner at demokratiet er eit skjørt vesen, som i vår globale realityverd nok har mista noko av gløden frå ideologiane sitt hundreår. Søberg skriv om dette med uro, men samstundes held han litt att. Han veit det er å storma oppover høgda med bajonetten for å ta stillinga, og at landskapet attom der er ope, farefullt og ukjent. Å få folk som «luktar fjøs», attende til tinget, og ikkje berre heildagspolitikarar, for å hindra affekt er kanskje ei av dei største utfordringane og sjølve ekkoet av Sverdrup.

På det tredje nivået vert den usynlege handa synleg. Drasj er den talmudiske utlegginga der ein peikar på ting som er liknande, eller ekko, om ein vil. Søberg gjer dette best i eit kapittel i siste boka. Her stillar han Statens petroleumsfond og Statens reservefond ved sida av kvarandre som ei åtvaring. Medan oljefondet er på alle sine lepper, er det hine meir eller mindre gløymt. I røynda døydde det i skyttargravene i Flandern under den fyrste verdskrigen, jamvel om det ikkje vart offisielt avliva før etter den andre. Døma på tapt rikdom er mange. For Søberg handlar det nok om «å få på plass konstitusjonelle bindingar som vil gjere det vanskelegare å bruka av petroleumsformuen», jamvel om det er Tor Mikkel Wara som ytrar orda. Kvifor då? Jau, ein nyttar stadig meir av oljepengane. På mange måtar er det Noregs opium til folket, og attom syng handlingsregelen, der taket til dei fire prosentane vert stadig høgare. Med det er kanskje lærdommen i utlegginga at politikarane og folket er fanga i ein Catch 22. Ingen tør å bremsa, og dansen rundt gullkalven held fram, i mangel på steintavler som stoggar han.

 

I LØYNDOMMENS EKSTASE Eg skreiv i starten at Søberg er mystikar. Me er framme ved fjerde nivå — sod, løyndom. Eg har lese desse bøkene i jakta på Søbergs trøndersod. Er det ein løyndom skjult i desse fire bøkene? Ei innsikt berre få forstår? Det kan verka slik, men fyrst må eg seia nokre ord om dei samla verka. Søberg er ein av dei beste nynorskforfattarane i samtida. Det er kanskje eitt essay som fell gjennom i kvar samling. Ein sein kveld, vogna i gangen, barnegråt, kva veit eg. Men har det noko å seia? Nei, som kjent stryk ein høgaste og lågaste stilkarakter. Dei vert ikkje teljande.

I det løynde fjerde nivået får ein det store perspektivet. Der me, i lag med Søberg, verkeleg høyrer ekkoet frå Sverdrup. Denne innsikta som ligg attom, er i røynda tufta på manglane og utfordringane i samtida. Slik som stoda er i det politiske sentrum, må ein finna attende til den folkelege og opplyste forankringa som ein gong var. For å kunna påverka att må ein nok attende til noko som ringer kjent for dei som ser dei lange linjene — eit slags reinkarnert Venstre der den tunge parlamentariske arven frå 1800-talet slår som ekko inn i samtida. Berre slik kan ein atter famna både sentrum og periferi i ein opplyst syntese. Då kan det kanskje vera von for dei midt i terrenget, og kanskje eit vern mot populisme.

Men det er eit element til her: sjølve prosaen. Når Søberg set seg ned for å skriva, går han inn i ein slags ekstase. I mystikken er det samkvemmet med guddommen som fører ein inn i den løynde verda. Hos Søberg er det meir jordisk. Han vert A.O. Vinje.

Attende i Metulla. Det har gått ei tid. Denne gongen er eg mutters åleine. Skiltet står der enno. Litt lenger sør øver israelarane på den komande krigen. Her er det likevel tyst. Eg er åleine med ein øl no. Dette er ei anna verd, men i bakhovudet er den politiske mystikaren frå Trondheim, den offentlege samtalen og ei viss uro. Ekkoet frå Søberg ved vegs ende.

Asgeir Ueland (43) er historikar og forfattar.