Samtalane i krokane. Ikkje om Dag Solstads siste bok er ein roman eller ikkje (svaret er nei), eller om lyrikken får eit oppsving med sosiale medium (svaret er njaa), eller om ein eigentleg er litt redd statssekretær Knut Olav Åmås, sjølv om bransjen kjenner han (svaret er ja). Samtalane i krokane handlar om kva bokhandlarkjede som går ned først i 2014. Er ikkje det ein sunn bransje, kanskje? Hæ?

Raude kinn, rosa tal og alt anna enn litteratur

Jakta på #Den nye innvandrarromanen* (1986–) blei jakta på #den nye Hel ved* (2011–), som igjen blei #den nye Per Sandberg-boka* (2013), og her står vi ved inngangen til eit nytt år med alle korta kasta, og det er treårsjubileum for at norske e-bøker ikkje funkar som dei skal.

La oss knause oss opp frå jammerdalen.

Det er enno mykje fint i norsk bokbransje. Innkjøpsordninga, fastprisen, forfattarane, illustratørane, solidariteten, biblioteka, dei bokhandlarane som driv med bøker, og at det enno er tverrpolitisk korrekt å verne det norske språket. Vi treng proteksjonismen som ostetollen treng betre motstandarar, og eg ser ikkje dei heilt store endringane sige inn over oss frå politisk hald. Endringane er det teknologien som seg av. Vil Norge vere med?

#Alt har sin parodi, det vil seia sitt komiske element, fordi alt blir fødd på ny og fornya gjennom døden*

Kjartan Fløgstad i Loven vest for Pecos

Øvinga #Boklov med utan tilløp* kom for seint i gang fordi Anniken Huitfeldt ikkje hadde backing i eige parti. Da Hadia Tajik fekk boklov-ja i velkomstgåve, blei tida for snau. Ei høgreregjering hadde neppe reversert ei boklov som var sett i gang, men no nyttar dei sjansen. Klart det. Eg har til og med lese Knut Olav Åmås seie noko i Klassekampen om #fastpris i ei eller anna form* og legge ansvaret på bokbransjen sjølv. Implisitt sa han at om ein ikkje kjem med eit godt framlegg, blir det, bøøøøø!, fripris.

Som kulturredaktør i Aftenposten kritiserte han forlagsbransjen for å ha lobba for godt, for å ha diktert boklova. No ber han oss om å diktere ein ny avtale og vår eiga framtid, utan rammer eller politiske signal. Vi må fikse alt med EU. Etter Åmås si bok er vel Alt som før, for å seie det med meister Askildsen.

Ein bransje på etterskot er redd for alt nytt. Nasjonalbiblioteket sleit lenge med å få alle forlaga til å levere bøker til det flotte prosjektet bokhylla.no. Bøkene ligg ute, men er nær uleselege xerox. Slik blei det. Bøkene skal knapt lesast online, men ein kan søke og slå opp i dei.

Kvaliteten må ikkje bli for god. Dette kan vere eit refreng for både 2013 og åra før. Vi må halde oss i midten, levere eit minimum og håpe det held.

Biblioteka har slite tilsvarande med norske forlag, for her kjem det ein reell konkurrent på e-bøker. La meg gå gjennom e-boka si korte historie i Norge for å vise korleis vi hamna der at storforlaga ser med redde blikk på biblioteka:

Bokskya blei lansert i april 2011, og det var tabbe nummer ein. Bokskya var ei lagringssky, er den tekniske løysinga som lesaren ikkje treng å vite noko om. Kor var nettbutikken der du kunne handle? Kor var ein butikk, eitt klikk og nettstaden med det store, breie utvalet frå dei fleste forlag? Han var ikkje der. I staden kom det 8–10 butikkar med heilt ulike løysingar, 8–10 særeigne betalingsmåtar og 8–10 innloggingar. Vi gav opp. Enno har eg ikkje fullført nedlastinga av ei einaste norsk e-bok, med unnatak av e-bokappar til ungane.

Forlagsbransjen forstod ikkje at førstebrukarane, dei som lastar ned e-bøker og får andre til å gjere det, var vane med Amazon og eitt klikk, ein butikk. I staden gjorde forlagsbransjen ein klassisk feil. I staden for å innsjå at 8–10 butikkar i ei itunes- og kindle-tid høyrest ut som 2001, trudde dei det var dårleg kjennskap som var problemet. For å bøte på byrja dei pøse ut mengder av gratisbøker for at folk skulle få prøve.

Gratis er cheap, og ein kan fort bli van med gratis. Litt kake er greitt, men når ein gaflar kake inn i kjeften på folk, blir dei matleie og kvalme.

Her meiner eg vi gav oss sjølve eit banesår, eit sjølvskot vi kjem til å bli minte om resten av historia til bransjen vår. Norske nettaviser har vore gratis sidan Internett kom. No skal dei krevje betaling. Det blir hardt å snu hovuda våre.

Da tv-bransjen blei sleppt fri, gjorde dei noko lurt. Dekodarane og tallerkenane på taket kosta ned mot ei krone. Hardware kostar ikkje noko i Taiwan og Asia. I staden lærte tv-bransjen oss å betale for innhald. Frå å få ei årleg lisensrekning frå NRK gjekk norske husstandar, utan å mukke, med på å betale opp mot 500 kroner månaden for tilgang til fleire kanalar, enda meir om du var interessert i fotball. TV-bransjen hadde lukkast.

Kvifor gjekk ikkje ein samla norsk forlagsbransje til Taiwan og sa: #Hei, vi er Norge, og vi treng 1,5 millionar lesebrett dei neste to åra. Spesifikasjonane er følgjande (blablabla), og vi skal selje bretta for 99 kroner eller gi dei bort*?

Forlaga ville tatt inn tapet på å selje innhald dyrare. Dei kunne skryte av ein suksess, nemleg å få større delar av befolkninga over på e-bøker og sleppe å dra på seg vreide frå tre kulturministrar. Anniken Huitfeldt gjekk ut i eit intervju i Dagbladet romjula 2011 og sa at e-bøker var noko plunder. Ein kunne kanskje tru at Huitfeldt hadde vanskeleg for det teknologiske, men det var i sanning ei åtvaring. Hadia Tajik følgde opp og åtvara bokbransjen under den første Bokdagen våren 2013, som elles var eit bra arrangement. E-bøker måtte ein få skikk på. Statssekretær Knut Olav Åmås gjentok åtvaringa i desember 2013 med ein samla bransje i salen. Likevel fortset forleggarforeininga sin sterke mann Kristenn Einarsson å skjønnmåle situasjonen. Han har knapt tatt inn over seg nokon av brukaropplevingane.

Vi må innsjå at e-bøker er prissensitive. Som Elizabeth Sellevold i ebok.no sa på Kulturdepartementets møte, opplever ein ikkje verdien på ei fil sameleis som prisen på ei fysisk bok. At det er 25 prosent moms på e-bøker, er eitt moment, men det er ein drope i austavind, for å seie det med meister Olav H. Hauge, mot forsømmingane bransjen sjølv har stått for. Å ta bort momsen på e-bøker gjer ikkje den norske e-bokløysinga betre. Brukaruvennlegheita består, og i mellomtida mistar vi generasjonar av lesarar til engelsk.

Det som i staden skjer, og dette kan ende opp med å bli den nye regjeringa sitt bumerke på litteraturpolitikken, er at alle bøker i staden får flat moms. La oss seie at han blir åtte prosent på både e-bøker og p-bøker, lik kulturmomsen. Det var dette Hadia Tajik blei grilla for før ho gjekk av i september, og det er ein lågare, lik mediemoms kulturminister Thorhild Widvey har sagt at ho vil få fart på i 2014.

#Eg gir ikkje opp å finne ei som er bibliotekar. Hennar tunge stempel over mitt spinkle lånekort*

@Heimflyttar på Twitter

Folkebiblioteka fekk Brages heiderspris i fjor. Prisen var sjølvsagd og tidlaus, og ein treng ikkje lese noko politisk inn i det, for juryen var uhilda, men neppe upåverka av debatten rundt biblioteka. Høgre er eit skikkeleg parti og kjem til å behalde folkebibliotekmodellen, uansett kva veljaren deira, den sjølvutnemnde kulturideologen Kristian Meisingset frå Minerva, eller einskilde Frp-toppar meiner om brukarbetaling på biblioteka.

E-utlån kjem. Fleire fylke er i gang, men typisk nok for bokbransjen har dei ikkje blitt samde om ei løysing. Nei, biblioteka har tre løysingar, tre forskjellige måtar å låne e-bøker på, og det er grunn til å åtvare. Dette har vi sett før når det gjeld e-bøker på norsk.

Biblioteka bør helst ikkje snuble i e-trådane, for med uviljen mot utvikling av forlagsbransjen har dei fått ansvaret for å lukkast med e-lesing i Norge, anten dei ville det eller ikkje.

#Det var spådd frå gammal tid at Øyværet skulle gå under*

Olav Duun i Mennesket og maktene

Eg arbeider i forlagsbransjen i Oslo sentrum, og i forlagsbransjen byter vi bøker, handlar med 40 prosent rabatt på kontantutsalet hos Norli i Universitetsgata, vi går på Tronsmo for å kjenne korleis vi ønskjer at alle boksjapper var, eller så kindlar vi utanlandske bøker. Vi er ikkje representative for den vanlege bokkjøpar.

Eg bur sør i Oslo med tre senterbokhandlar i nærleiken, ein Norli, ein ARK og ein NotaBene. Eg har tre ungar, og det er bursdagar kvar veke, ganske mange av dei kjem overraskande på laurdag formiddag. Da drar vi på bokhandelen i senteret, og medan ungane studerer nye viskelêr, Justin Bieber-effektar, spel og fargerike ballar, brukar eg sjekke ut bøkene, som anten er ute på torg eller inst i kroken. I Sverige er 29 prosent av omsetninga i bokhandel frå andre varer enn bøker, og talet aukar. Talet er aukande òg i Norge. Slike laurdags formiddagar tar eg meg i å tenke: #Dei vil jo fan ikkje, dei vil jo ikkje lukkast på anna enn botnlinja!*

Eg er sikker på at det enno er brennande hjarte og kunnskapsrike folk i bokhandelen ein onsdag klokka 10.30, men laurdagane er det ho svenske jenta med tyggis i kjeften, ho som eigentleg ville vere ekstrahjelp på Hennes & Mauritz, og som synest litteratur og påfølgjande innpakking av bøker er noko herk.

Bokhandlarforeininga kallar desse for lokale kulturhus. Det har dei vore, men deira tid er snart over. Årsaka er ikkje berre nettkjøp. Ei undersøking før jul viser at 62 prosent liker å kjøpe bøkene i fysisk bokhandel. Talet kunne vore høgare, men desse små kulturhusa har gradvis svikta kjerneoppgåva si. Samfunnet er det heller ikkje noko gale med. Vi må huge at vi har hatt ein utdanningseksplosjon dei siste 20 åra. På same tid har sortimentet, breidda og djupna i bokhandelen gått ned. Vi såg nøyaktig det same skje med Dagbladet.

#Jeg tok gjedda under gjellene, bikka den over ripa og dro den inn på bredden. Den smakka med kjeften og slapp fra seg en hvesende lyd*

Jonny Halberg, Flommen

Så kven ryk først?

Eg trur ei kjede får enorme problem i 2014, og det kan godt bli Norli Libris denne gongen — igjen. Innan eit par år har vi færre. Kanskje kjedetanken er god på kjedekontoret, men det kjem nok ein motreaksjon. Dei litteraturinteresserte flyttar inn på nettet, og viskelêr- og gåvetrengande er i fysisk butikk.

Kvifor er det ingen av kjedene som prøver å bygge noko litterært i eit land med svært høg lesnad, høg inntekt og svært mykje fritid per capita? Kvifor kjøper dei ikkje Tronsmo og det særs sterke truverdet deira og lagar tre–fire Tronsmo-ar i dei store byane? Akkurat som Bokskya treng ikkje bokkjeda vere synleg for lesaren.

For oss i forlag er kjedemakta eit utruleg trongt nålauge, og sjølv om vi drar på med både Farris og wienerbrød, sit kjedekontoras innkjøparar som statuar på møteromma når vi kjem med powerpointen over neste sesong, om vi er store nok til å få kome, sjølvsagt.

Bokhandelen er for tida det svake leddet i den blomsterkransen bokbransjen ein gong var, og eg er redd for at vi slepp alt som er oss kjært, at Amazon berre kan ta det dei vil, fordi vi ikkje ville nok og trudde oss trygge.

#Denne svære kvelven

over steinharde søyler

blanke stålpiper

svarte klutar

ingen gråtekoner*

Anne Karin Fonneland, Marmormjølk

Prinsipp og praksis (det høyrest ut som tittelen på ein Frobenius-roman) går sjeldan hand i hand. Ja visst skal det vere konkurranse, og la oss leike varehandel, men sanninga er at boka ikkje er produsert som ei vare. Ho blir ikkje ei vare før ho kjem ut i bokhandelen.

Mi meining er at det aller meste konkurransetilsynet seier om bøker og bokbransjen, ikkje er bra for litteraturen, forfattaren eller lesaren, berre for varehandelen.

Der ute overgår dei kvarandre i å stable høgast av årets fem på topp — og i å vere grådige. Samstundes med at dei fnys på fest og snakkar drit om Amazon, som skal ha 30 prosent av kaka (cut er blitt eit norsk ord, køtt, seier dei blå bokfolka og veks nokre centimeter), skal dei ha det like billeg sjølve. At kravet om rabatt frå kjedene nokre gonger stig til feberhøge 60–70 prosent, er éin ting. Denne forbaska marknadsstøtta er ein annan. Eg spurde Nils Sund i Norli på årsmøtet i Forfatterforeningen om marknadsstøtte. Nils Sund sa at dette hadde han ikkje høyrt om. Han trudde kanskje at vi ikkje visste? Det sat fleire forlagsfolk i salen, dei heldt hardt i stolane for ikkje sprette opp og lét dampen sive ut ved kaffibordet etterpå.

Marknadsstøtta er bokhandelen sin usynlege pistol mot forlagets tinning. Om det var noko tak i konkurransetilsynet, hadde dei gått laus på marknadsstøtta. Vi kjenner ordninga frå daglegvarebutikkane, men dei sel såpe. Vi sel norsk språk, nasjonal identitet og nokre gonger kunstverk bundne saman av ord og tankar.

Kvar ny bokavtale bør ha eit rabatt-tak eller grådigheitsmøne som regulerer korleis bokhandelen kan krevje gigantrabattar, men det kjem nok ikkje med denne regjeringa.

For det er slik både konkurransetilsynet og regjeringa vil ha det. Den såkalla frie konkurransen gjer alle kjeder like grådige og gjer at bokbransjen etter kvart må og vil vende seg bort frå dei, såframt ein ikkje eig.

Eldorado er eit friskt konsept, men eg tvilar på at det går spesielt bra. Forlaga kan sjølve setje pris og kjøpe hylleplass, men prosjektet blei eitt år forseinka fordi dei største forlaga ikkje ville vere med, og ein oppstart utan dei ville gitt Eldorado eit evig B-stempel i panna. Smarte gründerar har sørgd for å kjøpe bygarden, og det kan like gjerne bli Byggmakker, H&M eller Kiwi der om bokhandelen ikkje går.

#Her bli’ det liv

rai-rai*

DDE

Avansen til bokhandelen kjenner ingen øvre grenser, men kan hende ulmar det på grensa mot ei glo i underskogen. Dei frie bokhandlarane klarar ikkje krysse føtene og gå nok i takt til å utgjere ein maktbase og er leie for at rabattane deira ikkje er like høge som dei kjedekontora forhandlar fram. Men nokon er meir lei av kjedemakta enn andre. På eit innspelsmøte om litteraturpolitikken i Kulturdepartementet i peparkakemånaden gjekk Håkon Harket i Press på talarstolen og sa at det ikkje kjem på tale med ein bokavtale utan at avansetaket er på plass. I så fall må ein byrje sjå på forfattarane sine vilkår.

Håkon Harket har forstått noko som friprisfanatikarane ikkje har forstått. Ein må gå på det svakaste leddet for å bryte kjeda. Ved å truge forfattarane og deira forloving med forlaga har han ein veg inn, men det er ikkje fripris Harket ønskjer seg. Det gjer heller ikkje Gert Nygårdshaug, som starta eporten.no, og som ligg i strid med forlaget sitt, Cappelen Damm. Nygårshaug var lei av å ikkje selje e-bøker, så han bad om lov til å selje siste e-boka si parallelt frå eigen nettstad. Forlaget sa ja. Der forlaget selde 17 bøker, fekk Nygårdshaug ut over 800 e-bøker ved å kutte prisen kraftig, og han fekk 86 prosent av inntektene sjølv. Så omarbeidde han alle romanane sine ved å legge inn nokre bilete, eit forord, kalla det eit nytt verk og køyrde laus på eporten.no.

I haust heldt han eit møte på Hotel Opera for inviterte forfattarkollegaer, og interessa var upåklageleg, men alle som sat rundt møtebordet, veit at ved å opne for dette opnar ein samstundes for å sprengje både den kollektive forståinga og Den Norske Forfatterforening.

Alliansen forfattar-forlag er enno sterk. Det veit aktørane utanfrå som vil tene pengar, men dei forheld seg ikkje alltid til det. Han som ville starte eit bokspotify i 2013, er eitt døme. Teknologien er på plass, men han får ikkje bøker fordi det siste bokbransjen vil, er å ende opp som musikkbransjen. Skal vi ned, skal vi gjere det på ein måte ingen har gjort det på før. Ikkje ved å selje oss billeg, men ved å oversjå kva ny teknologi gir av moglegheiter. Nei vent, det er vel ikkje spesielt originalt, det heller?

Teknologivegrarar blir berre kuriøse og søte etter nokre år. Ofte kan vi peike på ein aller annan isolert tulling og seie han der var mot knappetelefon, han var mot mobil, han var mot Internett (i alle fall på fargeskjerm). Når det gjeld bokteknologi, kan ein enno ikkje peike ut tullingen. Det er ein nær #samla bransje* som vegrar seg og held igjen, og det er ille å ikkje førebu seg på ei anna framtid. Kanskje det er #samla bransje* som blir peika ut som idioten om nokre år. Eg er redd for det.

 

#Fra det blikkstille

brådypet

skal bunnsteinene

stige opp

gjennom speilbildet ditt:

I dag

er det prekambrium*

Tor Ulven, Forsvinningspunkt

Papirboka kjem til å leve lenger enn papiravisa. Å opne ei bok er å ha ein avtale med seg sjølv om kvalitetstid, ønskt tid, etterlengta tid, og få forsvinne inn i ei fantasiverd. Men å gjere e-boka vanskeleg tilgjengeleg er å kutte av alle greinene på treet som gir cellulose til papirbøkene. Det verste er at denne typen sisyfosarbeid kan sjå ut til å bli påskjøna av ei ny regjering som vegrar seg for å gå inn i dei verkelege problemstillingane vi som skriv, gir ut og bidrar i fantasifabrikken, slit med dagleg. Strukturane blir sementerte, for det er ikkje prinsippa om armlengdes avstand eller å ikkje setje for mykje risiko på ein gammal hest som styrer dei fire store i bokbransjen, Geir Mork, Mads Nygaard og Tom Harald Jenssen. Alt er greitt så lenge Kristenn Einarsson er medgjerleg. Dei eig, styrer, treffer kvarandre, held Hegnar ute og har gode dagar med utsikt til både pensjon og kanskje ei byste i inngangspartiet så lenge det dreier seg om berre rosa tal på botnlinja og alt anna enn litteratur.

Det var det bokbransjen 2013 var i offentlegheita: omtrent alt anna enn litteratur.