Alle veit det. Ein skal ikkje la seg forføre av kjeldene. Men det skjer nok oftare enn ein skulle tru. Her er mi historie.

For ganske mange år sidan, då eg studerte historie, var eg på ei førelesing der professor Knut Kjeldstadli kom med råd for korleis ein kunne skrive ei god masteroppgåve. Eit beit meg særleg merke i eitt av råda, og det var at ein ikkje skulle la seg forføre av kjeldene. Her var det iallfall eit feilskjer eg skulle klare å styre klar av, tenkte eg. Oppgåva mi handla nemleg om historiesynet til ein tysk høgreradikal organisasjon.

For ein journalist er den same problemstillinga alltid til stades. Mange intervjuobjekt er sympatiske. Problemet er sjeldan at ein blir forført i heilt konkret forstand, men at ein blir så fascinert, så blenda av den historia kjelda fortel, at ein ikkje lagar si eiga fortolking. Kontrakten med kjelda går føre kontrakten ein har med publikum. Same problem kan sjølvsagt oppstå som følgje av åndeleg latskap, men det er ei anna sak.

HISTORIA TIL EIN DØD MANN

Eg var og er klar over alt dette. Men så skjedde det likevel. Og den kjelda eg fall for, var ein død mann. Eg møtte han berre svart på kvitt, som tekst. Namnet hans var Wolfgang Leonhard. Så kven var han? Og korleis klarte eg å bli så fascinert?

Auga mine vart opna opp for han i små glimt. Eg hadde permisjon med ein baby som ikkje sov om natta, og skulle drive research til ei bok om Berlin. Eg skifta bleier, drakk kaffi og duppa av over bøkene. Og der, i røyken, ruinane og kaoset som herja i den tyske hovudstaden etter krigsnederlaget i 1945, dukka Wolfgang Leonhard opp blant dei sovjetiske uniformene.

Det var eit infernalsk syn. Brannar, ruinar, svoltne menneske i fillete klede som surra rundt. Soldatar som ikkje såg ut til å fatte kva som skjedde. Syngande, jublande, fulle sovjetiske soldatar. Grupper av kvinner som deltok i oppryddingsarbeid under oppsyn av sovjetiske soldatar. Folk stod i lange køar framfor pumper og venta tolmodig på eit bøtte vatn.

Slik skildra Wolfgang Leonhard sjølv stemninga i Berlin 2. mai 1945, den dagen byen kapitulerte. Orda er mykje siterte. Eg kan ikkje hugse første gongen eg las desse setningane, men første gongen eg beit meg merke i namnet hans, var då eg las boka Fausts Metropolis – A History of Berlin av historikaren Alexandra Richie. Sidan dukka namnet opp igjen og igjen som kjelde til interessante analysar og snurrige anekdotar frå den inste maktkrinsen i den sovjetiske sektoren av Berlin i 1945. Leonhard var sjølv ein del av alt dette heilt fram til han i 1949 hoppa av. Si eiga historie, og historia om den verda han kom frå, har han fortalt i boka Die Revolution entässt Ihre Kinder. Den vart gitt ut i Vest-Tyskland i 1953 og kom i engelsk omsetting to år seinare med tittelen Child of the Revolution. Boka vart folkelesnad både i Vest-Tyskland og i Storbritannia og USA.

Leonhard vart ein av dei første forfattarane som forklarte Sovjetunionen frå innsida til eit vestleg publikum slik at dei forstod. Tida han skildrar, er Hitlers og Stalins tid. Skildringane hans av åra då Tyskland var delt i okkupasjonssoner, før Vest-Tyskland og DDR, er unike. Stanford-historikaren Norman Naimark omtaler boka som den uoffisielle historia til det sovjetisk okkuperte Tyskland.

DEN GODE FORTELJAREN

Så kva er det med denne Wolfgang Leonhard som gjer han så tiltalande?

Svaret er, som det jo ofte er, at det verken er det han er, eller det han gjer, men måten han gjer det på. Det Wolfgang Leonhard gjer så usedvanleg godt, er å skrive. Å lese Leonhard frå 1953 er som å høyre ei klar, venleg røyst som seier: Høyr no her, venen min, eg skal fortelje deg akkurat korleis det var. Han skriv med stor kunnskap, han er både analytisk, humoristisk og har ein giftig snert. Og den historia han fortel, er nesten umogleg å fortelje.

Han vart fødd i Wien i 1921. Mora, Susanne Leonhard, var forfattar og hadde diverse posisjonar i det tyske kommunistpartiet. Stefar hans, Mieczysław Broński, var ein polskfødd sovjetisk diplomat, som sidan vart professor i økonomi ved det kommunistiske vitskapsakademiet i Moskva. Leonhard voks opp i Berlin. I 1936 rømte han med mora frå Hitler-Tyskland til Sovjetunionen. Dei kom til Moskva akkurat i det byen vart treft av det som i ettertid har fått namnet Den store terroren. Susanne var ein av dei første som vart arrestert. Ho vart send til Gulag-leiren Workuta, ein av dei største i sitt slag. Kort tid etter vart Leonhards stefar, Broński, avretta.

Leonhard var 15, budde på barneheim og var elev ved den tyskspråklege Karl Liebknecht-skolen i Moskva. Medelevane var stort sett barn av prominente tyske og austerrikske kommunistar. Ein etter ein vart foreldra arresterte, skotne eller sende i fangeleirer. Dei var tiltalte for KRTAkontrarevolusjonær trotskistisk aktivitet. Etter kvart vart også medelevar arresterte av den sovjetiske tryggingstenesta NKVD.

SETT MED BARNEAUGE

I George Orwells dystopiske klassikar 1984 er nytale, fordreiing av språket, ein reiskap for det autoritære regimet. Slagord som krig er fred, frihet er trelldom tømmer orda for meining. Når ein ikkje lenger har eit språk, kan ein heller ikkje skildre den verkelegheita ein ser. Orwell var kommunist, før utviklinga i Sovjetunionen fekk han til å slutte å vere det.

Leonhards skildringar av terroren i Moskva på 1930-talet får tankane til å gå til Orwells litterterære univers. Leonhard refererer overskriftene frå partiorganet Pravda som med blokkbokstaver fremjar krav som «Spionar, lakeiar for fascismen og landssvikarar – skyt dei», og «Spionar og sabotørar – skyt dei». Terroren ramma hardt, men den ramma ikkje blindt. Alle Stalin førestilte seg at kunne kome til å utfordre hans eigen maktposisjon, vart ramma. Men sjølve skuldingane var gjerne tilfeldige, i den forstand at samanhengen mellom det folk vart tiltalte for, og det som var sant, gjerne var tilfeldig. I mange tilfelle fanst det ingen samanheng i det heile, skuldingane var som tatt ut av lause lufta.

Det som fascinerte meg mest, var Leonhards skildring av kva han sjølv tenkte. Han var eit barn, utan tilgang til annan informasjon enn Pravda og partifellane. Han fortel om samtaler mellom klassekameratane. Dei kviskra saman når dei gjekk to og to langs breidda av Moskva-elva i seine kveldstimar. Dei klarte liksom ikkje heilt å tru at alle som forsvann, kunne vere skuldige – kunne det verkeleg vere så mange som ville øydelegge? Kanskje det var med dei som forsvann, som med eple som ligg på lager, om eitt var markete, så måtte ein fjerne alle rundt slik at ikkje heile lageret vart infisert? Eller kunne det som skjedde, vere del av ei større plan, ein som var så komplisert at berre dei øvste laga i partiet kunne fatte den? For det som skjedde, måtte jo på ein eller annan måte vere rett, eit steg på vegen til å gjere sosialismen verkeleg?

Mange som opplevde denne tida, levde ikkje lenge nok til å kunne fortelje om det. Mange av dei som har skrive om det, endar opp med generelle, etterpåkloke betraktningar. DDRs myteomspunne spionsjef, Markus Wolf, voks opp i same Moskva-miljø som Leonhard. Han skriv særs godt, men i sin eigen sjølvbiografi maktar han berre å kome med formuleringar som «vi såg at det fylte foreldra våre med frykt» og «vi spurde oss ikkje om kvifor det skjedde». Leonhards forteljing tar lesaren med heilt inn i frykta og fram til dei spørsmåla som vart stilte i Moskva rundt 1936.

MED FLY FRÅ MOSKVA

Wolfgang Leonhards veg frå å vere barn av ein dømt KRTA-forbrytar til høgaste nivå av partiet i Aust-Berlin var lang og krunglete. Den gjekk via dei ugjestmilde steppene i Kazakhstan, Kominterns hemmelege skole ved Ufa-elva i den fjerne sovjetrepublikken Basjkortostan og lokala til Radio Moskva. Men den 30. april 1945 , tidleg om morgonen, gjekk Vladimir Leonhard inn på eit fly til Berlin. Med på dette flyet var også Walter Ulbricht, han som vart DDRs første diktator.

Ulbricht er ikkje kjent for å vere ein særleg velformulert mann. Men eitt sitat blir han hugsa for: «Det må sjå demokratisk ut, men vi må ha full kontroll.»  Då eg byrja lese Leonhard, forstod eg at dette sjølvsagt ikkje er noko Ulbricht sjølv skreiv. Kanskje han aldri sa det eingong. Kjelda til sitatet er Wolfgang Leonhard. Det er slik Leonhard hugsa noko Ulbricht sa på eit seint kveldsmøte våren 1945, då han skreiv memoarane sine sju år seinare.

Det som fekk Wolfgang Leonhard til å hoppe av den rørsla han hadde vore ein del av i heile sitt liv, var at han innsåg at ingenting nokon gong ville endre seg. Handlingsrommet for partifolk i Berlin var ikkje mykje større enn det hadde vore i Moskva. Det fanst éi lære, den kom frå Moskva. Alt anna var vranglære. Vegen frå vranglære til fangeleir var lengre enn i Moskva på 1930-talet. Men i den sovjetisk okkuperte delen av Tyskland var den aldri særleg lang.

MED MAGESMERTER

Noko Leonhard skildrar svært godt, er kor vanskeleg det er å tenkje det ein manglar begrep om. For ein vestleg lesar er det opplagt at det Leonhard sakna, var demokrati og ein nokolunde føreseieleg rettsstat. Men ettersom han ikkje heilt visste kva det var, klarte han heller ikkje å tenkje at det var det han sakna. Men han kjente på seg at noko var feil ein stad. Denne kjensla var så vanleg blant topp-politikarane i sovjetsona at dei hadde ein fast måte å snakke om det på. Dei kalla det «politiske magesmerter». Det femna om alt ein var djupt politisk og moralsk ueinig i, men som var vedteke på høgaste hald i partiet, og som ein difor ikkje kunne seie imot.

Det var ein propagandakrig i Berlin. Radiokanalen RIAS, som sende frå vestsektoren i Berlin, formidla USA-venlege nyhende austover. Wolfgang fortel kvifor den vestlege propagandaen ikkje fungerte på han. Han forstod den ikkje. Den var rett og slett for avvikande frå den måten han sjølv hadde lært å resonnere på. Det som faktisk nådde fram, var Arthur Koestler. Romanen Mørke midt på dagen vart send som høgtlesing på RIAS rundt 1949. Romanen fortel historia om den tidlegare sovjetiske partifunksjonæren Rubasjov som blir fengsla, tiltalt og avretta under Moskva-prosessane. Koestler var tidlegare medlem av det tyske kommunistpartiet og hadde inngåande kjennskap til både dei som vart avretta, og dei som stod for avrettingane. Leonhard lytta og klarte ikkje å sleppe det han høyrde. I dagane etter sendinga forstod han på enkelte av partifellane at også dei hadde lytta.

Så hoppa han av. Memoarane han skreiv i 1953, gjorde han til kjendis over natta. Han tok ein doktorgrad i kommunismens historie på eliteuniversitetet St. Andrews i Skottland. Sidan vart han førelesar på Yale. Han brukte livet sitt til å forstå og skildre dei to heimlanda sine, Sovjetunionen og det landet han var med på å grunnlegge – DDR.

DET SOM ER IMELLOM

Når ein les historiske skildringar om Europa i 1945, verkar utsendingane frå Moskva, anten dei er militære, frå partiet eller begge delar, brutale, omsynslause og einskaplege. Og det var jo det dei var. Hos Leonhard er det også plass til det andre, det som ikkje passar inn i den store forteljinga, men som likevel finst. Her finn ein den sovjetiske offiseren som omtaler krigserstatningsbrigadane, dei som på hardhendt vis sørgde for det Sovjetunionen meinte var ei rettferdig krigsskadeerstatning, som «fienden». Offiseren forstod godt at både det krigserstatningsbrigadane gjorde, og måten dei gjorde det på, var med på å gjere den sovjetiske okkupasjonsmakta hata. Men han kunne ikkje gjere noko med det. Alt var uansett bestemt i detalj i Moskva.

I ettertid kan eg seie at Knut Kjeldstadli hadde rett. Det fungerte dårleg å bli opphengd i kjelda sin. Faren ved å bli forført er at ein gløymer det ein eigentleg hadde sett seg føre. Wolfgang Leonhards historie er fascinerande. Men den historia han fortel, er ei anna enn den eg ville fortelje. Leonhard fortel om den generasjonen av politiske aktivistar som skapte det kommunistiske Etterkrigs-Europa. Han fortel om korleis dei vart forma av den store terroren, av krig og politisk forfølging og av undervisninga på partiets eigne skolar. Historia hans har mange overlappingar med den historia eg ville fortelje. Eg skulle skrive om Berlin, om kapitulasjonen i 1945, om starten på den kalde krigen og om Leonhard.

Fordi han skriv så god, sat eg heile tida med ei fortvilande kjensle av aldri å kunne yte rettferd til Leonhards historie. Mange av dei gode poenga hans er ein del av ein så innfløkt kontekst at det krev ei altfor lang forklaring om ein skal vidareformidle dei. Det blir som med enkelte vitsar – du må vere der for å forstå at det var morosamt.

Eg skreiv eit kapittel om Leonhard i boka Berlinhistorier – kald krig i den delte byen. Kapittelet var det første eg byrja på og det siste som vart avslutta. Eit par dagar før eg skulle levere absolutt siste versjon av manuset til forlaget, møtte eg ein av mine venlege lesehjelparar under lysekronene i bibliotekbaren på Hotel Bristol. Ho såg alvorleg på meg, rista på hovudet og sa at «nei, du kan verkeleg ikkje skrive det slik, det går ikkje». Og ho hadde jo rett. Det gjekk ikkje. Så eg skreiv det om ein gong til, for det som kanskje var tjuande gong. Neste gong satsar eg på å skrive om nokon som er ikkje er fullt så fascinerande.

Astrid Sverresdotter Dypvik (40) er journalist og forfattar.

Kjelder:

Leonhard, Wolfgang: Die Revolution Entlässt Ihre Kinder, Kipenhauer & Witsch 2014.

Leonhard, Wolfgang: Meine Geschichte der DDR. Rowohlt 2007.

Naimark, Norman: The Russians in Germany A History of the Soviet Zone of Occupation, 1945–1949. Harvard University Press 1997.

Richie, Alexandra: Fausts Metropolis – A history of Berlin. Harper Press 1999.

Wolf , Markus: Spionagechef im Geheimen Krieg, Erinnerungen. List Verlag 1997.