Dreamstime xxl 102058492
© Iben Martin. Dreamstime.com

Mysteriet Aust-Tyskland

13.11.2019

Kvifor er austtyskarane så sinte? 30 år etter at Berlinmuren fall, diskuterer Tyskland aust og vest – igjen.

I haust er det 30 år sidan den fredelege revolusjonen i DDR. Berlinmuren fall, den tyske staten i aust braut saman, og Tyskland vart gjenforeint.

I jubelbruset etter 9. november 1989 vart to slagord så ofte gjentekne at dei har blitt ståande som eit slags motto for samlinga. Det første er den tidlegare sosialdemokratiske kanslaren Willy Brandts ord om samhald, jetzt wächst zusammen was zusammen gehört, no skal det som høyrer saman, vekse saman.

Det andre handlar om blühende Landschaften, blømande landskap. Dette er orda til kristendemokraten Helmut Kohl, som var vesttysk kanslar då muren fall. Han var også arkitekten bak den tyske gjenforeininga. Kohl snakka sjølvsagt ikkje om blomane på marka. Han var ute etter å vinne eit val. Han gav eit løfte om at det det gråtriste, nedslitne austlege Tyskland skulle få ta steget inn i den vesttyske velstanden.

30 år seinare er tyske bokhandlarar fulle av bøker som fortel at det verken er blømande landskap eller samhald som set sitt preg på Tyskland 30 år etter gjenforeininga. I staden stiller dei spørsmål av typen: Kva er det som har gjort austtyskarane så rasande? Og når var det eigentleg det skar seg?

Kjempe og miniputt

Raseriet kan summerast opp med tre bokstavar. AfD. Alternative für Deutschland. Partiet vart, overraskande for mange, det tredje største i den tyske Forbundsdagen ved sist val. I den austlege delstaten Sachsen vart partiet størst ved Forbundsdagsvalet i 2017. I fire av dei fem tidlegare DDR-delstatane er AfD nest største parti i delstatsparlamentet. Partiet er høgrepopulistisk og innvandringsfiendtleg. I aust er partiet også dominert av den mest ytterleggåande fraksjonen i partiet.1

AfDs framgang er sjølvsagt ein del av ein internasjonal trend. Veksten til partiet kom i kjølvatnet av flyktningkrisa og spriket mellom kanslar Angela Merkels noko eplekjekke slagord «wir schaffen das» og dei reint praktiske vanskane med å handtere dei rundt 1,1 millionar flyktningar som kom til Tyskland i 2015. Men den handlar også om aust og vest.

Men først nokre ord om bakteppet for den nye debatten om det gjenforeinte, men likevel ikkje heilt samla Tyskland. Det bur 68,7 millionar menneske i det vestlege Tyskland og 13,9 millionar i det området som var DDR. Demografisk og økonomisk snakkar vi om ei kjempe og ein miniputt. Folk frå aust fortel, når dei blir spurde, at dei har ein sterk austtysk identitet. Denne identiteten finst, trass i at Aust-Tyskland verken er ei økonomisk, politisk eller administrativ eining. Folk i aust seier ofte også at dei kjenner seg framande i sitt eige land. Denne kjensla var utbreidd også før flyktningkrisa i 2015.

I eit essay med den urtyske tittelen «Die Aufarbeitung der Aufarbeitung» (Bearbeiding av bearbeidinga) skriv historikaren Ilko-Sascha Kowalczuk at historiefaget etter 1989 i sterk grad orienterte seg mot skuggesidene av DDR. Historikarane retta blikket mot arkiva etter tryggingstenesta Stasi, mot partiet SED og mot det politiserte rettsvesenet. Det skjedde ut frå ein slags folkepedagogisk målsetnad: Når ein forstår kor ille diktaturet var, vil ein også for alltid vere vaksinert mot autoritær tenking. Også innanfor populærvitskapleg formidling og innanfor film og teater stod dette narrativet sterkt på 1990-talet. Problemet med ei så politisert og pedagogisk formidling av den nære fortida var sjølvsagt at folk som hadde vakse opp i DDR, kjente formatet så altfor godt frå før. Men dei historiene dei hadde høyrt til då, hadde motsett forteikn.

Det skapte ein folkeleg motreaksjon  som ein kan summere opp i éi setning: «Det var ikkje alt som var feil.» Ostalgibølgja, dei noko nostalgiske skildringane av DDR-tida som dukka opp rundt år 2000, var ein folkeleg reaksjon mot historiene om brotsverk, undertrykking og motstand.

Kowalczuk skriv at historiefaget sjølvsagt har ei anna oppgåve enn å fortelje folk dei historiene dei har lyst til å høyre. Men faget har orientert seg i nye retningar. Eit standardverk er boka Die heile Welt der Diktatur av Stefan Wolle. Wolle skriv innanfor den historiefaglege retninga kvardagshistorie. Det må seiast at Wolle på ingen måte underslår kva samfunnssystem denne kvardagen var ein del av.

Historier frå to diktatur

Forfattaren Ines Geipel trekkjer lange historiske linjer i si  ferske bok Umkämpfte Zone. Geipel er ein etablert forfattar og tidlegare toppidrettsutøvar. Saman med lagkameratane frå klubben SC Motor Jena sprang ho 100 meter-stafett på ei tid som er svært nær det som er ståande verdsrekord på distansen. Det klarte dei fordi dei hadde kroppen full av anabole steroid. Dei var ein del av DDR-statens omfattande program for idrettsdoping, utan at dei visste om det sjølv. Doping i DDR var også tema for Geipels første sakprosabok, Verlorene spiele (Tapt spel). I årets bok spør ho kvar hatet i aust kjem frå.

Boka startar med at Geipel får vite at broren skal døy av kreft. Difor tar ho turen tilbake til barndomens by, Dresden. Geipel flettar saman historia om sin eigen familie med historia til dei austlege tyske delstatane.

Det er mykje dramatikk. Begge bestefedrane var i SS. Morfaren var stasjonert som okkupasjonssoldat i Riga frå 1941. Kva han gjorde der, fortalde han aldri om.

Geipel fortel om brevet morfaren, SS-mannen, skreiv nokre månader etter at dei jødiske innbyggjarane i Riga var blitt massakrerte. Der bad han om å få møblar, sengeteppe og barneutstyr frå gettoen. Etter 1945 sklei den tidlegare overtydde nasjonalsosialisten umerkeleg og ustraffa inn som borgar av den nye staten som fekk namnet DDR.

Geipels far var overtydd medlem av DDRs styringsparti SED. Han var også agent for tryggingspolitiet Stasi, av det slaget som vart send på arbeidsoppdrag i Vest-Tyskland. Han fortalde heller aldri familien om kva  han gjorde for staten. Geipel skriv at føringsoffiseren til faren vurderte Geipels far som ein person «utan grenser».

For Geipel var desse mennene både veldig nære og veldig fjerne. Ei slags gåte. Ho fortel at begge var forfølgde av diffuse kroppslege lidingar, magesmerter, ryggplager og utslett.

Geipels form er litterær, med poetiske skildringar. Enkelte setningar er små gullkorn, både presise skildringar og metaforar som summerer opp tilstanden  i Aust-Tyskland. Som denne: «På utsida vart fasaden pussa opp, på innsida kom golvet aldri på plass.» Den som har gått gjennom sentrumsgatene i byar som Potsdam, Leipzig og Weimar, forstår kva ho snakkar om. Oppussing i statleg regi har skapt noko som ein utanforståande iallfall kunne tenkje at minner om blømande bylandskap.

Gjennom å fortelje om sin eigen familie understrekar Geipel kontinuiteten mellom dei to tyske diktatura. Geipel skriv at begge var gjennomsyra av ein politisk kultur der lydnad og underkasting var sentralt, og der herskarane si makt var legitimert gjennom vald, ikkje gjennom demokratiske val. I tillegg hadde begge landa ein autoritær familiekultur der problem vart feia under teppet. Ho hevdar at ei manglande evne til å snakke ope og reflektere over seg sjølv og samfunnet ein lever i, har gitt grobotn for det politiske raseriet ein no ser i Aust-Tyskland.

Geipels vektlegging av kontinuiteten mellom dei to tyske diktatura sender tankane i retning av Hannah Arendts totalitarismeteori. Eg oppfattar det likevel slik at Geipel først og fremst er ute etter å fortelje ei psykologisk orientert generasjonshistorie.

Geipel har ei interessant drøfting av DDRs nasjonale grunnleggingsmytar. I DDRs offisielle historieverk var den andre verdskrigen framfor alt ein krig mellom fascistar og antifascistar, altså kommunistar. DDR var landet som reiste seg frå ruinane etter krigen til nazistane. Holocaust vart ikkje direkte feia under teppet, men i DDR la bøkene vekt på at ansvaret, og forbrytarane, høyrde til i Vest-Tyskland. DDR var dermed ikkje prega av dei same tankane om tysk skuld og ansvar for holocaust som har sett sitt preg på (delar av) det vestlege Tyskland.

Geipel er ikkje den første som framhevar DDRs instrumentelle bruk av krigshistoria som forklåring på at høgreekstremt tankegods ser ut til å falle i meir fruktbar jord i aust enn i vest. Desse tankane er ein sentral del av det resonnementet ho sjølv byggjer opp, og inneheld mange referansar til ny forsking på feltet. Geipel byggjer opp resonnementa sine meir nyansert enn dei er gjengitt her, men svara ho gir på kva det er som rir Aust-Tyskland, held seg innanfor den forklåringsmodellen som blir kalla «seinverknader av diktaturet».

Ser på pengar og makt

Sosiologen Wolfgang Engler og journalisten Jana Hensel har eit meir forsonleg blikk på aust i boka Wer wir sind (Kven vi er). Hensel er eit kjent namn i tysk offentlegheit etter at ho 23 år gamal debuterte med boka Zonenkinder. Den kom tidleg på 2000-talet, på den tida då ostalgibølgja slo inn over Tyskland.

I Zonenkinder fortel Hensel historia om den generasjonen som vart vaksne i ruinane av staten som forsvann. Hensel fortel om alt det som ikkje lenger var, og som ingen ville ha: den kulinariske spesialiteten Jagdwurst, ei slags panert servelatpølse, nyhendesendinga Aktuelle Kamera, organisasjonar med namn som SED, FDJ og FDGB, arbeidsplassane til foreldra. Det som forsvann, var i grunnen heile strukturen i samfunnet. Zonenkinder vekte oppsikt fordi Hensel sette ord på ei livserfaring som var grunnleggjande ulik den vesttyske. Generasjonen ho skildra, har sidan fått namnet tredje generasjon aust.

Helsel og Engler skriv at den austtyske identiteten ikkje er skapt av DDR, men av felles erfaringar etter 1989. Aust-Tyskland har opplevd eit fullstendig politisk og kulturelt systemskifte. Dei har også sett eit økonomisk samanbrot på nært hald, med massearbeidsløyse og fråflytting; 3,7 millionar menneske har flytta frå aust til vest etter at muren fall, og det har skjedd ei nesten total utskifting av samfunnseliten. I dag er austtyskarane ikkje styrte av kommunistpartiet, men, med kanslaren som eit viktig unntak, av vesttyskarar.

For Hensel og Engel blir erfaringane med eit usikkert arbeidsliv, fattigdom og marginalisering ståande som den sentrale forklåringa på AfDs framgang og islamfiendtlege organisasjonar som Pegida.2

Miljøet rundt AfD og Pegida har vore kjenneteikna av hat og mistru mot dei tradisjonelle media, gjerne omtalte som Lügenpresse, løgnpresse. Det vekker oppsikt fordi ordet vart brukt av NSDAPs folk for å diskreditere utanlandsk presse si ufordelaktige rapportering frå Nazi-Tysland. Hensel og Engler hevdar at uttrykket gir rom for den smertefulle erfaringa det er å bli mistrudd og ikkje finne att si eiga erfaring i den offentlege debatten. Hensel og Engel hevdar også at det politiske raseriet som finst i Pegida, i like stor grad er retta mot Vest-Tyskland som mot islam og innvandring.

Sosialdemokrat med konspirasjonsteoriar

Integriert doch erstmal uns! (Integrer oss først, då) er tittelen på boka til Petra Köpping. Ho er sosialdemokratisk politikar i delstaten Sachsen, men ho har større ambisjonar. Nyleg kasta ho seg inn i kampen for å bli vald som ny toppleiar i det kriseramma partiet sitt.

Delstaten Sachsen, og særlig områda rundt hovudstaden Dresden, er kjent som kjerneområdet i Dunkeldetuschland – det mørke Tyskland. Sachsen er også den mest folkerike og økonomisk mest velståande delstaten i Aust-Tyskland.

Tittelen viser til samtaler Köpping har hatt dei siste åra med folk som deltar på Pegida-demonstrasjonar, og som har protestert mot Merkels flyktningpolitikk.

Köpping skriv at ho har forsøkt å lytte. Og det ho har funne ut, er at mange av dei som protesterer, strevar med å finne sin plass i livet og i landet. Det handlar om frustrasjon over tapte moglegheiter, fattigdom, arbeidsløyse, ei kjensle av at ein som austtyskar ikkje blir anerkjent av vesttyskarane, ein kvardag som ein opplever at ikkje fungerer, og politikarar som ikkje er til hjelp. Köpping drar linjene tilbake til 1989 og skriv at den tyske gjenforeininga har skapt så mange vanskelege livserfaringar at det trengst eit tysk-tysk forsoningsarbeid.

Så, når var det eigentleg det skar seg? Heilt frå starten, er svaret til Köpping. Ho byrjar si forteljing med Treuhand, organet som vart oppretta for å reformere DDRs skakkøyrde økonomi.

For ettertida er Treuhand kjent for den raske privatiseringa av DDRs statseigedom. Köpping skriv at Treuhand var drive av ein nærsynt nyliberal ideologi som ikkje møtte motstand fordi folk i aust ikkje forstod det politiske spelet og folk i vest ikkje var interesserte.

Köpping viser til historikaren Philipp Ther,3 som skriv at det økonomiske samanbrotet i det tidlegare DDR var meir omfattande enn i noko anna tidlegare Warszawapakt-land, og at den einaste parallellen er å finne i Bosnia-Hercegovina etter Jugoslavia-krigen.

Köpping hevdar at Treuhand ber ein stor del av ansvaret for at det vart slik. Her har ho fått mykje kritikk. Den mest utbreidde forståinga av denne perioden er at DDRs næringsliv var umoderne på grunn av manglande investeringar over tid, og at innføringa av den vesttyske valutaen D-Mark i juli 1990 gjorde at eksportmarknaden forsvann.

Mykje av Treuhands arbeid er framleis ukjent for offentlegheita, noko som opnar for  spekulasjonar og konspirasjonsteoriar. Nokre av desse blir vidareformidla i Köppings bok.4

Det som likevel står fast, er at Treuhand skapte mykje vondt blod i aust. Historikaren Marcus Böick kallar Treuhand ein negativ grunnleggingsmyte for det gjenforeinte Tyskland.

Köppings analyse har mykje til felles med tankane til Engel og Hensel. Alle knyter det politiske raseriet i aust til sosioøkonomiske forhold, til kjensla av å ikkje bli respektert og til vanskar med å orientere seg i eit nytt og ukjent land.

Sytekoppar og besserwissarar

Begge bøkene har fått kritikk for å ikkje ta inn over seg at det politiske raseriet, som dei hevdar er retta mot vest og storsamfunnet, svært ofte har ei framandfiendtleg form. Det kan jo ikkje vere heilt tilfeldig at det er akkurat tanken på eit asylmottak, eller ei kvinne i hijab, som får raseriet til å fløyme over for folk i aust? Og kva andre grunnar finst det eigentleg, bortsett frå den at ein er litt rasistisk, til å demonstrere saman med nynazistar?

Både Geipel, Hensel, Engler og Köpping er austtyskarar. Alle skriv at folk i vest verken forstår eller er interesserte i aust, og at det er ein del av problemet. Dei skriv også at det er eit problem at vesttyskarar, når dei prøver å forstå aust, misforstår og feiltolkar. Så det ser ut til at det også er ei stund til sakprosaeliten veks heilt saman.

For mange vesttyskarar er det noko litt uforståeleg over den austtyske misnøya. Dei tenkjer at austtyskarane har trekt vinnarloddet. Dei har fått reisefridom og demokrati. Dei har fått velstand, landet dei var borgarar av, var jo faktisk konkurs, no har dei fått nye motorvegar og nyoppussa bysentrum. Og det er jo sant. Men misnøya og sinnet har vore der heile tida, både Hensel og Engler og Köpping skriv inngåande om dei sosioøkonomiske grunnane til at det ikkje forsvinn.

Alt tidleg på 1990-talet dukka ordet Jammerossi opp, eit ord som viser at ein høyrde klaginga, men oppfatta den som upassande. Motstykket til Jammerossien var Besserwessien, vesttyskaren som visste alt og kunne alt. Og det ser ut til at begge to, Besserwessien og Jammerossien, også lever vidare i dei førestillingane folk har om kvarandre.

For eigen del vil eg leggje til at vesttyskarane slett ikkje er heilt uinteresserte i aust. Då hadde ikkje bokhandlarane vore fulle av bøker om det austtyske sinnet.

Notar
1 Dette er den såkalla Flügel, fronta av historielæraren Björn Höcke. Bundesamt für Verfassungsschutz (BfV), som har mange overlappande oppgåver med norske PST, meiner at det finst vektige grunnar til å rekne delar av der Flügel som politiske ekstremistar.
2 Organisasjonen starta i Dresden i 2014 og er islamfiendtleg og innvandringskritisk. I Sachsen blir AfD gjerne omtalt som Pegidas parlamentariske fløy.
3 Ther,  Philipp, Die Neue Ordnung auf dem alten Kontinent – Eine Geschichte des neoliberalen Europa, Suhrkamp 2014.
4 Til dømes i artikkelen «Zwischen Dichtung und Wahrheit», publisert på Deutschlandfunk.de 22.08.2019.

Litteratur
Ines Geipel: Umkämpfte Zone. Mein Bruder, der Osten und der Hass. Klett-Cotta 2019.
Jana Hensel, Wolfgang Engler: Wer wir sind – Die Erfahrung ostdeutsch zu sein. Aufbeu Verlag, 2018.
Petra Köpping: Integriert doch erstmal uns! Eine Streitschrift für den Osten. Ch. Links Verlag 2018.

Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er historikar, journalist i Nationen og forfattar av fleire bøker om Tyskland.