Litteratur mellom ord og handling

21.02.2017

Eit etisk perspektiv på estetikken viser kor mykje det betyr kven som fortel i eit kunstverk.

 

Jakob Lothe

Etikk i litteratur og film

Pax, 2016

 

Kaja Schjerven Mollerin

I denne verden. Om Susan Sontag

Gyldendal, 2016

 

Korleis heng estetikk og etikk saman? Både litteraturprofessor Jakob Lothe og litteraturvitar og kritikar Kaja Schjerven Mollerin har skrive bøker der dette er den sentrale problemstillinga. Lothe fokuserer på tekst- og filmanalyse, Mollerins bok om Susan Sontag er vel så mykje innretta mot spørsmål som famnar breiare: Kva samfunnsrolle skal intellektuelle ha, og korleis blir vi moralske menneske? Begge bøkene er svært leseverdige og gir til saman ei solid plattform for vidare tenking og debatt om kva rolle litteratur, kunst og kritikk kan ha i dette samfunnet som no for tida ser ut til bli postmoderne for alvor.

 

EIGA OG ANDRES HISTORIE Tittelen Etikk i litteratur og film viser at Lothe er så pedagogisk at det kan vippe over i det tørre og overtydelege. Som når han til dømes slår fast at «Eget som fortel her, er forteljaren i romanen». Men når eit hovudpoeng er at estetikk i seg sjølv formidlar etiske verdiar, er det avgjerande for den vellukka formidlinga at verkanalysane er lette å følgje.

Sjølv om Lothe tidvis trekkjer inn historisk kontekst, står han i ein nykritisk tradisjon der tolking av kunstverket står i fokus. Lothe er då også narrasjonseksperten i norsk litteraturvitskap, med den mykje brukte læreboka Fiksjon og film. Narrativ teori og analyse på cv-en. Han opererer med klart definerte analyseomgrep, og spesielt skiljet mellom historisk forfattar, implisert forfattar og forteljar er sentralt: Måten forteljaren legg fram ei historie på, kan skilje seg frå dei haldningane verket som heilskap signaliserer, og vi kan ikkje vite om inntrykket vi dannar oss av forfattaren medan vi les, er representativt for den historiske forfattaren. Det er faktisk innsikter som er trua av måten bøkene ein svært upresist har samla i sekken «røyndomslitteratur», har blitt diskutert på den siste tida.

Lothe er spesielt oppteken av verk som tek utgangspunkt i krig og valdelege konfliktar. Det gjeld bøker og filmar knytte til 2. verdskrigen og holocaust, men òg andre verk han har arbeidd med i mange år: Joseph Conrads roman Mørkets hjerte, som viser «the Horror» under belgisk kolonisering av Kongo, og Francis Ford Coppolas filmadaptasjon av romanen i Apokalypse nå! Redux, der handlinga er flytta til Vietnamkrigen. Dei litterære verka frå norsk og europeisk samtidslitteratur er knytte til 1. og 2. verdskrigen (som W.G. Sebalds Austerlitz og Ingrid Storholmens Her lå Tirpitz). Dermed har han alt i utvalet signalisert at han vurderer etiske problemstillingar knytte til historisk avgjerande hendingar som viktigare enn det «privatliv og renommé»-fokuset som har prega debattane om bruk av levande modellar i samtidslitteraturen.

 

TILSLØRER

Likevel har han poeng som er relevante for aktuell debatt. Når Lothe heilt kort omtalar Karl Ove Knausgårds Min kamp, legg han vekt på at det er ein «sterk og vedvarande» etisk komponent i romanverket som heng saman med sanningskravet, at forfattaren utleverer seg sjølv meir enn andre, og at bruken av verkelege hendingar inngår i eit forsøk på å skape ein litterær identitet. På den andre sida omtalar Lothe blanding av fiksjon og fakta som etisk tvilsamt. Det blir tydelegast i omtale av Åsne Seierstads sakprosabok om 22. juli, En av oss, og av korleis ho brukar ein litterært inspirert, tilsynelatande allvitande tredjepersonsforteljar. Men her legg Lothe fram ei blanding av positive og negative vurderingar på ein måte som tilslører det eg, etter andre gjennomlesing, oppfattar som krass kritikk av det sentrale grepet i Seierstads forteljing.

Ei anna vinkling kjem fram i omtale av holocaust-litteraturen, nemleg at fiktive grep kan gjere det mogeleg for eit traumatisert menneske å fortelje om hendingar hen ikkje orkar å ta opp direkte. Det er ikkje sjølvmotseiande, men demonstrerer at det for Lothe er etisk avgjerande kven som fortel, og kva grad av eigarskap forteljaren rimelegvis kan ha til hendingane hen fortel om.

Lothe gjer ved mange høve eit poeng av at eit kunstverk ikkje skal operere med «etisk fasit», noko som dreg i retning av didaktikk og propaganda, men snarare stille «etiske spørsmål» som stimulerer til etisk refleksjon. Eg saknar ei vedkjenning av kor avgjerande kjensler er for å få i gang slik refleksjon, spesielt når Lothe refererer til filosof Martha Nussbaum utan å nemne at dette har vore eit hovudfokus i forskinga hennar. Elles viser både gjennomgangen av relevant teori og verkanalysane at diskusjonen om estetikk og etikk i praksis vil handle mykje om kva som er etisk godt. Og for Lothe er altså openheit ein grunnleggjande verdi, omsorg ein annan. Grundig akademisk arbeid som dette demonstrerer begge desse etiske kvalitetane.

 

VERD AV KUNNSKAP Mollerin har – trass sin relativt unge alder – markert seg som ein kritikar og forfattar med både interesse for og inngåande kunnskap om eit overraskande stort spekter av emne. Ho har utvikla ein karakteristisk, essayistisk stil der ho er tydeleg til stades gjennom personleg formulerte påstandar og vurderingar.

I denne verden er basert på Mollerins doktorgradsavhandling om Sontags tenking om estetikk og etikk. Hovuddelen er tre essay som kvart tek utgangspunkt i eitt verk: essayet om krigsfotografi Regarding the Pain of Others (2003), romanen The Volcano Lover. A Romance (1992) og dokumentarfilmen om Israel etter Yom Kippur-krigen i 1973, Promised Lands (1974). Men Mollerin refererer til Sontags komplette produksjon og gir stor plass til historisk kontekst.

I motsetnad til Lothes nykritiske praksis legg Mollerin stor vekt på kven den historiske forfattaren er, når ho analyserer Sontags verk, og gir dermed eit innhaldsrikt portrett av Sontag både som menneske og som tenkjar. Mollerin viser òg ei imponerande evne til å organisere og resonnere på grunnlag av store mengder fakta. Ho er på sitt beste når ho viser korleis hennar eiga tenking har utvikla seg gjennom det akademiske arbeidet. Som her, der ho plutseleg snur resonnementet rundt i omtale av Anne Leibovitz’ fotografi av den dødssjuke Sontag: «Jeg har tenkt at de er for utleverende, at de ikke beskytter Sontag nok. Men kanskje er det omvendt. Kanskje er det meg de ikke beskytter.» Slik byggjer ho opp under synspunktet at kunst kan utvikle den etisk viktige evna til sjølvgransking.

 

SPRINGANDE FORM

Fordi Mollerin ser Sontags livsverk i lys av kjennskap til den avslutta heilskapen og dermed ser kontinuitet snarare enn brot i tenkinga, har ho valt ei tematisk heller enn kronologisk organisering. Saman med den essayistiske tilnærminga har dette gitt teksten ei organisk, noko springande form som lever opp til Sontags ideal om «en form som har som mål å holde tenkningen i bevegelse». Det viser ein litterær ambisjon når Mollerin slik ikkje berre vil omtale, men også vise «en formens moral». Men det gjer teksten meir komplisert å orientere seg i enn Lothes didaktisk tydelege disposisjon.

Spesielt opplevde eg kapittelet om Regarding the Pain of Others slik. Teksten er i rask rekkefølgje innom Sontags dagbøker, Virginia Woolfs essay Three Guineas, Sontags krigserfaringar på Balkan på 90-talet, den norske Handke-debatten og resepsjonen av Sontag – og det er berre starten. Alt er relevant og interessant, men det er krevjande å halde på tråden til Sontags tenking om estetikk og etikk. Mollerin legg truleg til grunn at lesaren kjenner til det berømte essayet frå før. Ein enklare struktur med presentasjon av kvart verk før kontekstualisering og tolking ville gjort teksten meir tilgjengeleg.

 

VERE SYNLEG At ein aldri stiller heilt nøytral, men alltid har eit individuelt utgangspunkt for tolking, er noko både Lothe og Mollerin er medvitne om. Lothe presenterer seg som ein lesar som er oppteken av at kunst skal gi stemme til den svake og outsideren, men verken han eller Mollerin fortel om seg sjølve.

I Mollerins tilfelle vert det påfallande fordi ho i innleiinga tek opp spørsmålet om kvifor ein er meir oppteken av éin forfattar enn av andre. Likevel kjem ho aldri lenger i å svare for eigen del enn ei generell formulering om at «forfatterskapet […] vekker noe i en, noe som til da har vært skjult for en». Når ho sidan skriv om mogelege grunnar til at Sontag identifiserte seg med Virginia Woolf, vert det nærliggjande å spekulere i om liknande ting har vore avgjerande for Mollerin. Når ho skriv om kritikken Sontag møtte for å vere «for alvorleg» og «moralistisk», verkar det som kommentar til haldningar Mollerin sjølv kan ha møtt, spesielt ettersom ho som skribent og debattant veks stadig meir inn i ei Sontag-liknande rolle som offentleg intellektuell. Det er vel heller ikkje urimeleg å oppfatte boka som presentasjon av den tenkinga om estetikk og etikk Mollerin sjølv har utvikla gjennom arbeidet med Sontag, som må ha påverka standpunkta ho har teke i offentlege debattar. Nokre setningar om slike samanhengar mellom akademisk arbeid og eige liv ville gitt ei endå tydelegare forståingsramme.

 

TRE DIMENSJONAR

Der Lothe har valt nesten for praktisk orienterte kapitteltitlar som «Korleis rette opp att ein fatal feil?», har Mollerin brukt titlar som er så opne og generelle at dei gir lite hjelp til å orientere seg: «Et indre jeg», «Jeg er her» og «Her i denne verden». Men når boka er ferdig lesen, ser ein at titlane oppsummerer tre sentrale dimensjonar i Mollerins forståing av den etisk-estetiske praksisen Sontag rørte seg mot: 1. At individet må vite kven ho er, kva utgangspunkt ho ser og vurderer verda frå, før ho blir i stand til å setje seg sjølv til side for verkeleg å sjå det som er annleis. 2. Medvit om korleis identiteten er forma av tidsånda ein lever i, og korleis samtida både står i framhaldet av og skil seg frå fortida. 3. Kor mykje personleg erfaring med politiske realitetar betyr både for tolking av estetiske inntrykk og for korleis ein tek stilling i konkrete konfliktar.

Dette kan verke enkelt og sjølvsagt, men er det ikkje verken innanfor den ofte teoretisk orienterte moralfilosofien eller i ein litteraturvitskapleg kontekst. Mollerin argumenterer, ved å tolke Sontags verk i lys av Iris Murdochs moralfilosofi, for at estetikk frikopla frå etikk knapt er mogeleg. Også kunstnaren og tenkjaren må delta i det livet og den verda alle har sams.

 

BALANSEGANGEN Lothes og Mollerins perspektiv møtest i den etiske vekta dei begge legg på det individuelle perspektivet: kven som fortel, kven som blir fortald om, og kven som tolkar. Men det er ei krevjande øving å vere tydeleg på eigen ståstad samstundes som ein er open og balansert. Begge bøkene har parti der eg gjerne skulle sett at dei var mindre diplomatiske eller reserverte.

 

Samlesinga av Lothes og Mollerins reflekterte, men ulike skrivepraksisar har dermed gjort meg medviten om at for meg er tydelegheit ein både etisk og estetisk verdi. For det abstrakte i språket kan i verste fall tilsløre realitetane i staden for å gi innsikt. På den andre sida: å vere tydeleg krev forenkling, noko som kan underslå kompleksiteten i både identiteten og livet.

Kanskje kan ein (forenkla!) seie at problemet med samanføring av estetikk og etikk er at dei dreg i kvar si retning: estetikken mot mangfaldet, nyansane og paradokset, etikken mot verdibaserte avgjerder i konkrete situasjonar. Ein stad i midten ligg innsikta om at kvar unike situasjon krev si vurdering og sitt val; jobben er aldri gjord éin gong for alle. Men er ikkje det ei av dei varige gledene i livet? Slik blir vi meir og meir oss sjølve.

Merete Røsvik Granlund (43) er litteraturvitar og kritikar.