Forbrukar eller bonde, supermarknadsmakt eller raudgrøn regjering? Kven skal du skulde på for dårleg utval, kyllingar som frys i hel på veg til Norturas slaktehus, saltvatn i kyllingfileten eller at det kjem blåtungevirus til Skåne?

Er spørsmålet vanskeleg, seier du? Gratulerer, rett svar. I ein informasjonsjungel prega av mytar er fakta vanskelege å få auge på for ein vanleg forbrukar. På toget til Sverige på veg for å besøke ein gard der eg har arbeidd som veterinær, las eg Kan jordbruket fø verden? av leiaren for Landbrukets utgreiingskontor, Christian Anton Smedshaug. Den svenske garden har to tusen storfe, mjølkerobotar i lange baner, mange store traktorar, svære areal, bruker mykje kraftfôr. Konvensjonell industri, tenker du. Du tar feil. Denne garden er økologisk. Smak på det: to tusen storfe og økologisk. Det er kyr så langt auget rekk og endå lenger. Som professor Michael Carolan ved Colorado State University påpeiker i The Sociology of Food and Agriculture, har økologisk landbruk tatt opp i seg ei rekke trekk frå konvensjonelt landbruk og ført til ei konvensjonalisering av det økologiske landbruket. Økologisk industri er eit omgrep å lære seg. Det er ingenting ved økomerket som seier at produktet kjem frå eit system, ein produksjonsmåte, som ikkje er energiintensiv, storskala, eller som tar høgd for sosial urettferd, eksempelvis sosial dumping av arbeidskraft i framstillinga av kraftfôr.

Medan snittet for konvensjonelle bruk i 2007 var på 112 000 liter mjølkekvote, låg økobøndene på 122 000 liter. Økobøndene driv i større skala enn dei konvensjonelle. Og mitt svenske eksempel er ikkje irrelevant for norsk debatt. Reglane for økologisk produksjon er, med svært små skilnader, like i Noreg og Sverige.

Foto: Yngvar Johnsen

Fæl dyrevelferd på ein slik stor gard, tenker du kanskje. Nei, du tar feil igjen. God dyrevelferd heng ikkje saman med liten skala, slik mange ønskjer at du skal tru. (Eg snakkar her om mjølkeproduksjon i ein nordisk kontekst.) Skala er eit ord utan innhald, men det er eit av dei mest brukte orda i norsk landbruksdebatt. Småskala, storskala. Det er på tide å knuse nokre mytar. Det er nett det tidlegare landbruksforskar Svenn Arne Lie og journalist Espen Løkeland-Stai har gjort i boka En nasjon av kjøtthuer. Det er ein takknemleg og lettlest pageturner for den som ønskjer belegg for påstandane sine. Boka er no ute i fjerde opplag sidan ho vart sleppt i januar.

Slår eit slag for kunstgjødsel
Medan Lie og Løkeland-Stai knuser mytar, stiller Smedshaug spørsmålet «Kan jordbruk fø verden?» utan å svare på det. Heller enn å ta stilling kjem han med ei rekke vage og upresise påstandar. Mykje tal, overflatisk oppramsing av fagstoff, byksing mellom tema og mangel på diskusjon gjer boka tørr og lite leseverdig. Kven er målgruppa? tenkte eg og sende mail til forlaget. Studentar ved fagretningar som landbruksstudiar og utviklingsstudiar, var svaret. Konklusjonen er klar: Her trengst betre lærebøker.

Kjeldetilvisingane er mangelfulle eller fråverande, og temaet vert behandla så overflatisk og upresist at det er vanskeleg å vite om det som står der, stemmer. Orda effektivitet, industri og kunstgjødsel er blant Smedshaugs favorittord, men så er også førsteutgåva sponsa av Yara og Bondelaget, og Smedshaug er aktiv både i Bondelaget og i Senterpartiet.

Boka er så lite oppdatert at ho kunne vore gitt ut for ti år sidan. Gris og fjørfe treng liten plass, skriv Smedshaug og gjer seg til talsmann for gårsdagens syn på matproduksjon. Dette er ikkje fakta, det er synsing utan fagleg støtte og minner meir om Fjørfelagets argumentasjon for å auke tettleiken av kyllingar per kvadratmeter, enn noko som bør stå i ei seriøs lærebok.

Smedshaug skriv at det største potensialet for nydyrking finst i Brasil, men nemner ikkje at størstedelen av dei tilsette i soyabransjen arbeider under forhold som brasilianske styresmakter omtaler som slavehald. For å få vite dette må vi lese Carolans bok, eller Lie og Løkeland-Stai. Kanskje er dette utelate fordi norsk fjørfeproduksjon er avhengig av soyaimport for å fôre opp slaktekylling og kalkun? Smedstad slår trass alt eit slag for norsk landbruks feilfridom. Ordet regnskog er ikkje nemnt. Orda globalisering eller global er så å seie utelatne. Ein diskuterer internasjonal handel, men utelèt eit av dei viktigaste hindera som finst i dag for import av kjøt frå MUL-land (minst utvikla land): smittsame sjukdomar som munn og klauvsjuke. Dette vart også utelate av Kaare M. Bilden i boka Mat er makt (mai 2011). Få kjenner til at dette er eit av dei viktigaste internasjonale handelshindera våre. Det er vanskeleg å få grep om kor store konsekvensar slike utbrot får, både samfunnsøkonomisk og for menneske og dyr. Eg hadde sjølv lite innsikt i korleis dette praktisk arta seg før eg i fjor som veterinær iført masker og verneutstyr vandra inn mellom dei stinkande kadavera i Sveriges største miltbrannsutbrot sidan andre verdskrig. På verdsbasis drep miltbrann eit ukjent tal menneske kvart år.

The genesis of Bonsmara
Den grøne revolusjonen vert knapt sett i samanheng med sjølvmord og gjeldstyngd blant indiske småbønder i Smedshaugs bok. Skal ein få nyansar, oppdaterte tal og interessante refleksjonar, må ein bla opp i Carolan. Den grøne revolusjonen har gjort lite eller ingenting for å skaffe inntekter til fattige bønder, påpeiker han.

Også Carolans bok er mynta på studentar, men på eit heilt anna fagleg aktualitetsnivå. Carolans bok er ein enkel pageturner og god lesning for den som kan litt, ingenting eller masse. Her finst stoff for alle som tar oss ut av den norske landbruksbobla. Diskusjonar, oppdaterte praktiske eksempel, tal og bakgrunnsmateriale gjer det lett å anbefale denne boka som eit betre alternativ som lærebok enn Kan landbruk fø verden?. Der Smedshaugs bok viser fram dei snevre kompetanserammene i norsk landbruksdebatt, viser Carolan enkelt veg i eit mylder av konfliktar i internasjonal matproduksjon.

Som veterinær kunne det vore freistande å ønskje at bøker av denne typen i større grad tok opp i seg problemstillingar knytte til matproduksjon frå levande dyr, i og med at det globale kjøtforbruket er sterkt stigande og det er spådd at smittsame sjukdomar vil gjere levetida vår stadig kortare i framtida. Dette feltet vert behandla overflatisk i alle dei tre nemnde bøkene.

Ein snakkar om problemet med at planteartar døyr ut i eit matvaretryggleiksperspektiv, men nemner ikkje at det same problemet også gjeld artar av husdyr. Som Carolan trekker fram: ”Developing countries are technology poor, but gene rich. Developed countries are technology rich, but gene poor.” Sagt med andre ord: Intensifisering reduserer mangfaldet av artar og gjer oss meir sårbare ved klimaendringar. Det er heller ikkje berre berre å flytte ei norsk ku tilpassa nordisk klima til Afrika. Det tar årevis å avle fram nye rasar som tåler det afrikanske klima. Likevel deler ein ut amerikanske Holstein-kyr til fattige indiske bønder. Dette kallast for grøn revolusjon. Det er berre eitt problem: Holstein-kyr overlever ikkje på Deccan-platået. På same tid vert bøndene nekta lån for å kjøpe kyr av lokalt tilpassa rasar. «The genesis of Bonsmara», eller «Skapinga av Bonsmara», er historia om korleis ein tok kyr frå Europa til Afrika, og korleis ein vrengde hovudet for å forstå kvifor desse dyra ikkje treivst, før ein til slutt skjønte at kyrne rett og slett ikkje var skapte for eit liv i Afrika, men for eit europeisk økosystem. Bonsmara er i dag Sør-Afrikas viktigaste kjøttferase. Ein selekterte på dyr og greidde til slutt skape ein rase som takla eit tøft afrikansk klima og samtidig var høgproduktiv.

Skala aleine er ikkje dekkande for beskrivinga av industrielt landbruk, skriv Carolan. Ordet er meir tilslørande enn oppklarande. Eg tilføyer: Ein snakkar ofte om ulempene ved industri i stor skala, men nemner ikkje at industri og skala er så forskjellig frå land til land at det vanskeleg lèt seg samanlikne. Det er ikkje slik at dyr i store buskapar vert pressa hardare på produksjonsfronten enn dei i små. Det er heller ikkje slik at krav om profitt fører til dårlegare dyrevelferd. Det er ofte omvendt, men for å sikre etikken, trengst det eit strengt regelverk. Medan den svenske garden var underlagd eit strengt regelverk for dyrehald, medisinbruk og etikk, var det ved den amerikanske fråvær av strengt regelverk og etikk, kombinert med ufaglært bruk av store mengder antibiotika. Difor var mi oppleving av å arbeide på ein farm med 2500 kyr i USA ei ganske anna enn å arbeide på ein tilsvarande farm i Sverige. Dette er viktige nyansar i ein internasjonal debatt om matproduksjon, etikk og berekraft. Nyansar som er vanskelege å få auge på, og som sjeldan blir trekte fram, utanom når ein skal forklare norsk lytefridom. Også norsk lytefridom er ein myte. Det er for eksempel ikkje det fantastiske landbruket vårt som gjer at vi ikkje har virussjukdomen blåtunge i Noreg. Årsaka er at det er for langt for smitteberande mygg å flyge hit frå kontinentet. Vi har klimatiske og geografiske gratisfordelar. Det er ikkje elendig regelverk som spreier tuberkulose blant kyr i Storbritannia. Det er grevling.

Carolan peiker på at globaliseringa gir nye roller til både forbrukarar, bønder og matdistributørar. Dyrevelferd og personleg helse har begynt å spele ei nøkkelrolle i konsument- og produksjonsrelaterte avgjersler. Livsstilen til forbrukarane påverkar kva supermarknaden sel. Alt dette er utelate frå Smedshaugs bok. Det er heller ikkje eit tema i Lie og Løkeland-Stais, og difor heller ikkje eit kritikkpunkt. Deira fokus er utelukkande retorikk og mytar rundt norsk matproduksjon.

Ordet «skala» tåkelegg landbruksdebatten
Regelverk er viktig, og det gjer skala vanskeleg å samanlikne på tvers av land. Medan farmen i USA lovleg kunne nytte hormonsprøyter på kyrne kvar tiande dag og lét sjuke dyr ligge som levande lik før ein tippa dei, med pallegaffel, inn i slaktebilen, ville dette vore forbode både i Noreg og i Sverige. Men medan Noreg skryter av matproduksjon i verdstoppen, helst heilt på topp, gjer Sverige det same og med god grunn. Medan norske mjølkekyr framleis kan stå inne året rundt, har svenske bønder krav om to til fire månaders utegang for kyr. Dette faktum var nytt for mange norske bønder, og det provoserte meg til å dra det fram på ein bloggpost hos Nationen, fordi det rokkar ved historia om norsk dyrevelferd som best i verda. Det er eit lite eksempel, men fortel litt om kor lite kjennskap ein har til korleis matproduksjon går føre seg utanfor eiga låvedør. Likevel slår ein på bongotrommene og kallar seg best i verda og peiker på at Skåne brått fekk blåtunge. Ja, men Skåne er langt sør. Myggen kjem seg dit. Det har ingenting med lågare svensk kvalitet og landbruk i stor skala å gjere. Det handlar om flygekapasiteten til mygg.

Medan vi her i Noreg framleis snakkar om at småskala er best, er dette noko ein har slutta med i Sverige. På eit kurs for veterinærar i Jönköping sa ein svensk ekspert på mjølkeproduksjon (eg kan ikkje oppgi namn på kollegaer, gardar og bønder eg har jobba med, på grunn av teieplikta som veterinær) at kvaliteten på dyrehaldet vert heva når deltidsbønder går over til å bli fulltidsbønder, og når liten skala blir større. Det same seier norske kollegaer i felten. Likevel kjem argumentet sjeldan eller aldri opp i offentleg debatt. Her snakkar ein om at mange dyr på éin plass gir auka fare for spreiing av smittsame sjukdomar, og trur at landbruk i liten skala er årsaka til at vi ikkje har salmonella.

Smedshaug hegnar om prisregulering på landbrukseigedomar, elles vil ein få prisar så høge at ikkje kven som helst kan kjøpe seg ein gard. Det ein gløymer å tenke på, er at når prisane vert haldne kunstig låge, vert det mindre attraktivt å selje ein gard. Han blir verande i slekta som feriebustad. Noreg held seg nemleg framleis med den gamle odelsretten. Dermed får ein saker av typen: ungt ektepar vart nekta å kjøpe gard fordi dei baud ein halv million over takst slik at kjøpesummen enda på 2,75 millionar (Gloppen 2011). Odelsretten har ingenting i norsk landbruk år 2012 å gjere. Det er ikkje lenger slik at naboen kjem og høgg hovudet av deg, stel garden og drep syskena dine når far din døyr.

Sjå på utlandet, seier ein og peikar på skyhøge prisar på landbrukseigedomar i Sverige, der prisane er frie. Men ser vi på prisen per dekar, er han som i Noreg. Ein gløymer å ta høgd for at ein svensk gard gjerne er ti gonger større enn ein norsk. Ja, og på dette nivået ligg norsk landbruksdebatt. Då er det glimrande med aktørar som Svenn Arne Lie. Lie er i ferd med å erstatte mytane med openberre fakta. Openberre for dei som kjenner næringane, godt skjulte for dei som lyttar til Senterpartiet.

Billig mat – til kva pris?
Det er vanskeleg å debattere landbruk fordi debatten er prega av ei rekke mytar, sa Lie på den store landbruksdebatten på Ås 28. april. Ein beslaglegg stadig meir areal i utlandet for å produsere mat i Noreg. Sagt med andre ord: Vi importerer kraftfôr produsert ved bruk av sosial dumping i andre land. Det har blitt billigare å fôre kyrne med kraftfôr enn med gras. På same tid er vi kritiske til at Kina kjøper opp og leiger areal for matproduksjon i Afrika. Smedshaug framstiller auken i kinesisk landbruksproduksjon ukritisk som ei suksesshistorie, og ein må lese Carolan for å få vite at oppkjøp og leige av areal i Afrika ikkje alltid er uproblematisk. Leige av land, eller landgrabbing, krev ikkje samtykke frå lokale stammar og bebuarar. Dei vert jaga derifrå. Nyansane er ribba frå teksten.

Høg sjølvforsyningsgrad er, ifølgje landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp), det som gir legitimitet til norsk landbruk, men medan Brekk påstår sjølvforsyningsgraden går opp, går han i realiteten ned, ifølgje Lie og Løkeland-Stai. Vi produserer stadig mindre korn på norske areal og vert stadig meir avhengige av import av soya frå Brasil. Denne soyaen er i all hovudsak genmodifisert soya framstilt av Monsanto. Då eg gjorde feltarbeid som veterinærstudent i Andhra Pradesh i India, døydde dyr som beita på Monstantos BT-bomull. BT er forkortinga for Bacillus thuringiensis, ein jordbakterie. Gen frå denne bakterien blir blant anna putta inn i kornslag og bomull og forklart som naturleg fordi «bakterien kjem frå jord, og det gjer korn også».

Både Lie og Løkeland-Stai og Carolan peiker på at det er ein grunn til at mat blir billig: låg kvalitet, sosial dumping. I Noreg er det snart berre polakkar som aksepterer arbeid i landbruket, USA nyttar immigrantarbeidskraft frå Mexico og Mellom-Amerika. Då eg som veterinærstudent var i USA, budde meksikanarane i trailerar utanfor fjøsdøra, arbeidde nær på seksten timar i døgnet og hadde sjeldan fri. Dei fleste kom på falskt visum, var smugla inn i landet og snakka ikkje engelsk sjølv etter fleire år i USA. I USA fører også subsidiar til at bøndene kan kjøpe soya og korn til prisar lågare enn produksjonskostnadene ved å framstille vekstane. Det er eit landbruk på ville etiske vegar. Men billig mat blir det. Til kva pris?

Norsk sjølvforsyningsgrad er no under førti prosent og sterkt dalande, medan Smedshaug i si bok, påstår, som partifellen Brekk, at sjølvforsyningsgraden ligg på femti. Han reknar inn importert kraftfôr som ein del av norsk sjølvforsyning, akkurat slik Brekk ønskjer seg. Dette seier litt om presisjonsnivået i boka. Men ho dansar pent etter pipa til nestoren i norsk landbrukspolitikk, den pensjonerte byråkraten Per Harald Grue. Grue påstår at Lie kjem med løgn og feilinformasjon. Den same Grue seier at landbruket ikkje er ei politisk styrt næring, samtidig som han åtvarar mot Høgre og Framstegspartiet i regjering. Logikken er ikkje lett å få tak på. Nyansar finst ikkje. Det er eit stort problem. Difor er Carolans bok så glitrande. Den fangar nyansane via eksempel og sakleg diskusjon. Det er sjeldan kost.

Senterpartiet er det einaste partiet på Stortinget som ikkje har vilja høyre på Lies innspel. Det fortel oss noko. For den interesserte og ambisiøse lesaren er Kjøtthue-boka og The Sociology of Food and Agriculture sikre innertiarar. Smedshaugs bok gir eg ikkje mange kyllinglåra for.